Norwegian Rewards vann to Freddies på årets viktigaste utdeling

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Norwegian sitt lojalitetsprogram, Norwegian Rewards, har vunne to internasjonale prisar ved den nylege Freddie Awards-utdelinga.

Dei to prisane er «Flybransjens beste lojalitetsprogram i Europa/Afrika» og «Beste kredittkort for lojalitetsprogram i Europa/Afrika». Freddie Awards er veldig prestisjefylt og vart avhalde i USA rett før helga.

Brede Huser, sjef for Norwegian Rewards seier følgjande:

– Det er fantastisk at passasjerer verden over har kåret Norwegian Reward til flybransjens beste lojalitetsprogram i Europa og Afrika, og at våre kundefordeler som tilbys gjennom Bank Norwegians kredittkort vant i sin kategori. Freddie Awards er en viktig internasjonal bransjekåring og vi ser på dette som en bekreftelse på at Norwegian Reward er et godt tilbud til alle, uavhengig av hvor mye man reiser. Vi vil fortsette å utvikle nye produkter og tjenester som skal komme våre lojale passasjerer til gode.

Freddie Awards er den mest prestisjefulle kåringa av lojalitetsprogram i reisebransjen. I 2016 vant Norwegian Rewards «Beste nykommar». Lojalitetsprogrammet kom også på andreplass i kategorien «Årets beste lojalitetsprogram – Europa og Afrika».

Historia om Freddie Awards

Det var Randy Petersen, som i 1988 stifta Freddie Awards. Det skulle vere ein pris som dei frekventerte reisande gav til mellom anna flyselskapa, utifrå kven som gav best service til sine reisande og kven som gav mest valuta for pengane.

Freddie Awards-namnet kjem frå Sir Freddie Laker, som var ein britisk luftfartsenteprenør og stiftar av Laker Airways.

Randy Petersen stifta også papirmagasinet InsideFlyer og det er nettopp derifrå at det noverande InsideFlyer har sitt opphav. No består InsideFlyer av sju forskjellege nettsider, seks av desse i Europa.

Norwegian Reward

Norwegian Reward har 5.5 millionar medlemmar. Kvar gong ein bestiller ei reise med Norwegian, eller nyttar tenestar frå Norwegian Rewards sine partnarar opptenar du CashPoints. Desse kan nyttast til å betale for flybillettar. Programmet har ein klar fordel, her kan du nytte desse poenga til å betale for alle flybillettar, dette er til skilnad frå andre flyselskap som berre slepp nokon få billettar til kvar avgang.

Viss du nyttar kredittkort frå Bank Norwegian kan du i tillegg tene CashPoints på alt du handlar. Med Norwegian Reward får du også ein rekke andre fordelar og rabattar, dette kan gjelde både leigebil, hotell og andre tenestar. Lojalitetsprogrammet er gratis.

Du kan leise meir om Norwegian Reward her.

Du kan lese meir om Freddie Awards her, inkludert alle årets vinnarar.

Denne artikkelen vart først publisert av Henrik Olsen på vår danske systerside, Insideflyer.dk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *