Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Forrige veke byrja Ryanair å tilby connecting flights. Det er no mogleg å få sendt bagasjen din direkte til sluttdestinasjonen, dersom begge flygingane er utførde av Ryanair. I første omgong er dette berre mogleg for flygingar via Roma Fiumicino.
No kan altså reisande få tilgang på ein rekke destinasjonar som ikkje Ryanair flyg direkte til. Til dømes kan du fly til Catania og Palermo på Sicilia frå Brussel. Ryanair har antyda at det seinare på året vil bli mogleg med forbindelse til endå fleire destinasjonar. Det vert kanskje også mogleg å få sendt bagasje direkte med tilslutningsfly frå andre selskap.
Mogleg samarbeid mellom Ryanair og Norwegian
Ryanair er for tida også i forhandlingar med Norwegian og Aer Lingus om samarbeid på interkontinentale ruter. Direktørane for Ryanair, Michael O’Leary, og Norwegian, Bjørn Kjos, har tidlegare sagt at det kan vere aktuelt med eit samarbeid der Ryanair kan operere som feeder på langdistanserutene til Norwegian. Lufthavna i Cork vil kunne få ei viktig rolle i dette samarbeidet, då Norwegian tidlegare har annonsert at dei vil starte nye ruter frå denne lufthavna. Per idag er det berre Providence, ein by som ligg 60 km sør for Boston, som står på programmet.
Har du lest Tommy Danielsen sin fredagskommentar om den dagen da British Airways og Ryanair ble like?
Denne artikkelen vart først publisert av Roij Scholten på vår systerside, Insideflyer.nl
Legg igjen en kommentar