40% SuperTrumf på poteter og grønsaker hjå Spar

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Denne helga gjev Spar 40% Trumf på poteter, salatar og grønsaker. Tilbodet gjeld torsdag 20. april til laurdag 22. april.

Spar har denne helga eit SuperTrumf-tilbod. Denne gongen er ikkje frukt og smoothie med på tilbodet, men du har likevel sjansen til å skaffe deg ein god bunke med Trumf-poeng. Du finn kampanjen her.

Du kan finne din næraste Spar-butikk her.

Eurobonus

Som vi veit kan Trumf-poeng konverterast til Eurobonuspoeng med ein fordelaktig kurs. Du får 13,89 Eurobonus-poeng per Trumf-poeng. Frå ei tid til ei anna er det også kampanjar som gjer at du kan få 300 Eurobonus-poeng ekstra per 500 Trumf-poeng. Du finn alt du treng å vite om Trumf i vår guide.

Det har nyleg kome fram at SAS har auka prisen for oppgraderingar med Eurobonuspoeng. Om dette er ein del av ei større devaluering er noko vi endå ikkje veit.

Uansett, dersom du manglar nokre poeng for dine neste bonustur kan vi anbefale deg å leggje grønsakshandlinga til ein Spar-butikk denne helga.

Tips

Hugs at alle butikkar i Norgesgruppen aksepterar betaling med American Express, her kan du både hanke inn nokre ekstra Eurobonuspoeng og jobbe deg fram mot årets Companion Ticket. For meir informasjon om Companion Ticket kan vi vise til denne tråden på forumet vårt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *