Sjelden moglegheit for statusmatch i British Airways Executive Club

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Den 28. oktober melder airberlin seg ut av One World, i den forbindelse tilbyr British Airways statusmatch for topbonusmedlemmar.

Som følge av airberlin sin konkurs vert no selskapet sitt bonusprogram topbonus meldt ut av One World-alliansen. Det medfører at statuskundar ikkje lenger kan nyte fordelane sine når dei flyg med andre selskap i One World.

British Airways vil no vere med på å sikre at airberlin sine kundar skal halde seg lojale til One World-alliansen. Dei tilbyr difor å gje topbonuskundar tilsvarande status i British Airways Executive Club.

For å be om statusmatch må du sende ein mail til [email protected]ba.com med ditt medlemsnummer i British Airways Executive Club samtidig som du legg ved bevis for din status i topbonus. Dette må du gjere innan 30. november 2017.

Den einaste utfordringa ved denne kampanjen er at du må ha ei tysk adresse. Du må difor finne ein måte få å registrert din Executive Club-konto i Tyskland. Kanskje har du vener eller familie som har ei adresse i Tyskland? Då kan du kanskje få nytte denne til å motta eit brev. Bonuskortet ditt vert sendt til denne adressa, so det er ein fordel om det er ei reell adresse.

Få 4.500 Avios

Dersom du ikkje allereie er medlem av Executive Club kan du få med 4.500 Avios når du matchar statusen din. Dersom du opprettar ein konto via denne linken vil du få bonusen. Fristen for dette tilbodet er også 30. november 2017.

Det er ikkje ofte vi ser at British Airways tilbyr statusmatch. Har du difor moglegheita og du vil ha nytte av statusen, då anbefalar vi deg å slå til no.

På forumet vårt finn du ein tråd der du kan få gode tips og moglegheit til å diskutere British Airways sitt bonusprogram.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Peter Krogh Frausing for vår systerside Insideflyer.dk.

Kommentar

    • JohanB2 sier

      Samme her – får berre opp at post ikkje kan leverast då systemet ikkje finn ABtierbonus på ba.com
      Kan der mangle noko i adressen som er oppgitt??

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *