Brussels Airlines: Weekendtur til Belgia inkludert fly, uavgrensa tog og to aktivitetar for kr 1359

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Brussels Airlines har for tida eit veldig spennande tilbod. Du får fly, uavgrensa med togreiser og to aktivitetar for berre € 149.

 

Tilbodet gjeld frå Oslo og du vil fly inn til Brussel. Derifrå kan du reise kor du vil i heile Belgia. Dei kallar dette eit Hi Belgium Pass og du kan velje deg aktivitetar i to forskjellege byar. Byane du kan velje mellom er Brussel, Antwerpen, Brugge, Ghent, Leuven, Liege og Mechelen.

Skjermbilete frå kampanjesida

Aktivitetar

Om du vel Brussel som ein av byane dine vil du få gratis inngang til ei rekke museum. I tillegg får du gratis ølsmaking på Sip this beer, som er ein unik bar midt i hjartet av byen.

Også i Antwerpen får du gratis inngang på ei rekke landemerke og her kan dei også by på ølsmaking hjå Do konicnck city brewery.

I Liege kan dei også by på gratis inngang ved fleire landemerke og du får moglegheit til å leige ein sykkel eller ein scooter (ikkje motorisert) gratis i ein halv dag.

Du kan sjekke ut alle aktivitetstilboda på Brussels Airlines sine nettsider.

Sjølv om tilbodet om gratis aktivitetar berre gjeld for sju byar har du moglegheit til å besøke dei andre byane i Belgia gratis med tog. Kanskje du vil ta ein tur til Charleroi eller Mons?

Om du vil slå til på dette tilbodet kan du bestille turen din her.

Underteikna tykkjer dette er eit veldig interessant tilbod, her får du moglegheit til å utforske Belgia til ein veldig god pris. Du kan velje mellom helger frå starten av juni til slutten av september. Har du ei ledig helg i sommar eller tidleg på hausten, kvifor ikkje slå til?

Skjermbilete frå kampanjesida

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *