Cathay Pacific forbetrar Premium Economy, Økonomiklasse vert trongare

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Cathay Pacific innfører nokon endringar i Premium Economy og økonomiklasse på deira Boeing 777. Detaljane har Cathay Pacific bekrefta ovanfor InsideFlyer. Avhengig av kva klasse du flyg i vil du få meir, eller nettopp mindre komfort ombord.

Cathay Pacific Premium Economy

Flyselskapet, som er heimehøyrande i Hong Kong aukar avstanden mellom seta med to tommar, frå 38 til 40. Det vert også installert beinstøtter på alle seter. Før var det berre bulkhead som hadde beinstøtte, og desse var svært populære blant dei reisande. Før hadde dei andre seta berre ei fotstøtte. Sjølv om dette høyres ut som små endringar vil det auke komforten ombord betrakteleg.

Andre fordelar med premium economy er at du har ein kabin med berre 32 seter, i 2-4-2-konfigurasjon. Du har også priority service og betre catering.

Økonomiklasse får 10 seter per rekke

OneWorld-medlemmet har hatt underskot i fleire år og for å auke innteninga har selskapet vedteke å auke tal stolar per reke i deira Boeing 777 frå 9 til 10. Dermed følgjer Cathay Pacific industristandaren. Utvidinga gjeld både for deira regionale flåte og for langdistanseflåten. Deira 3-klasses 77G, som mellom anna trafikkerar Hong Kong – Amsterdam, får dermed 28 ekstra seter. Den regionale utgåva får heile 40 ekstra seter.

Sjølv om bredda i midtgangen vert redusert vil også passasjerane merke endringane. Setebredda vert redusert med 1,3 tommar, til 17,2 tommar. Beinplassen vil framleis vere 32 tommar. Dei nye stolane vil vere tynnare med ekstra polstring. Ei anna endring er at underholdningsskjermen vert 3 tommar større. Selskapet har også annonsert at dei vil installere wifi i deira 777. Fram til no har dette berre vore tilgjengeleg på deira Airbus A350.

Reisande som allereie har planlagd tur med Cathay Pacific har ikkje noko å frykte, ombygginga skal starte i 2017 og vere ferdig i 2020.

Konklusjon

Sjølv om det er skuffande at Cathay Pacific vel kapasitet over komfort er det ikkje overraskande. Selskapet er eit av dei få selskapa som ikkje har hatt 10 seter per rekke i økonomiklasse på Boeing 777. I tillegg til europeiske selskap som KLM, har også selskap som Emirates, Etihad, Qatar og Eva Air ti seter i bredda.

Reisande får trass alt ein ny stol med større skjerm. Tynnare rygg vil også bidra til meir beinplass.

Vil du unngå å reise til Asia i ein smal stol? Då kan du vurdere Garuda Indonesia sine 777 eller ein A350 hjå Singapore Airlines eller China Airlines.

Denne artikkelen vart først publisert av The Flying Dutchboy på vår systerside, InsideFlyer.nl

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *