Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Innehavarar av SAS Mastercard Premium vil i perioden 14. til 16. september få doble poeng på kortbruk.
For å få doble poeng må du ha registrert deg for kampanjen innan 8. september. Dersom du ikkje mottok e-posten med informasjon om registrering kan det vere verdt å sende ein forespørsel til kundeservice med spørsmål om du kan bli registrert for kampanjen likevel.
Vi har tidlegare skrive om årets største kredittkortnyheit. Dette er eit svært interessant kort som opnar store moglegheiter dersom du får nytta dei beste fordelane. Har du opptent over 200.000 poeng dei siste tolv månadane kan du fly Business for prisen av Go på alle SAS sine langdistanseruter når du betalar med poeng (gjeld berre best pris, ikkje best tilgjengelegheit). Denne fordelen vert ytterlegare forsterka ved at den kan kombinerast med SAS sine poengkampanjar. Under ein tidlegare kampanje kunne du få fly Business på alle SAS sine langdistanseruter for berre 48.000 poeng.
Kampanjen med doble poeng betyr at du får hhv 30, 40 og 50 poeng per 100 kr du omset på kortet. 30 poeng på vanleg bruk og 40 poeng på bruk i utanlandsk valuta. Handlar du på sas.no får du heile 50 ekstrapoeng per 100kr. Hugs at du også får 1000 statuspoeng kvar månad. Desse vil hjelpe deg på vegen mot sølv-, gull- eller diamantkort, men kan ikkje nyttast til å kjøpe bonusbillettar.
På forumet har vi ein stor tråd om dette kredittkortet, der kan du finne det meste som er verdt å vite.
Vilkåra for kortet finn du her, og vi vil minna om fornuftig kortbruk.
Har du fått med deg informasjonen om dei nye American Express-korta?
Vilkår for kampanjen:
Legg igjen en kommentar