easyJet lanserar rute til Norge

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

easyJet har i dag lansert ei rute frå Berlin Tegel (TXL) til Oslo lufthavn Gardermoen.

Ruta vil ha oppstart 2. august og kjem som ein konsekvens av easyJet sine utvida operasjonar på Tegel, i kjølvatnet av at dei har teke over etter airberlin. Ruta vil i følgje nettsidene til selskapet ha ein avgang kvar dag, med unnatak av søndag 5. august.

Skjermdump frå easyjet.com

Avgangane vil måndag til fredag vere kl 07.30 frå Tegel med ankomst 09.15 på Gardermoen. Laurdag vil avgang vere 07.00 med ankomst 08.45 og søndag 11.25 med ankomst 13.10. Frå Gardermoen vil avgangane måndag til fredag vere 09.50 med ankomst 11.35. Laurdag vil avgang og ankomst vere 09.20 og 11.05, søndag 13.45 og 15.30. Ein Airbus A320 vil bli nytta på ruta.

På ruta mellom Oslo og Berlin vil easyJet ta konkurransen direkte med Norwegian og SAS. Norwegian har i dag tre daglege avgangar mellom Oslo og Berlin Schönefeld (SXF) medan SAS har direkterute mellom Oslo og Tegel torsdag, fredag og søndag.

Billettprisane vil starte frå £44 for ein returbillett.

Det britiske flyselskapet har ikkje hatt ruter til og frå Norge sia dei la ned ruta frå London til Bergen.

Vi har tidlegare skrive om at easyJet gjekk inn eit samarbeid med Norwegian. Her tek dei definitivt opp konkurransen med Norwegian.

Diskuter gjerne nyheiten på forumet vårt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *