EU domstol: Ingen kompensasjon ved bird strikes

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Flyselskapa har sigra i ein EU domstol i ein sak om kompensasjon ved kollisjon med fulgar, sokalla bird strikes.

I forbindelse med ein rettssak i Tsjekkia har denne EU domstolen avgjort at bird strikes skal betraktast som utanfor flyselskapa sin kontroll. Det betyr at flyselskapa ikkje er forplikta å betale ut kompensasjon når passasjerar vert forsinka. Dette er ei interessant utvikling hjå domstolen, som tidlegare har teke passasjerane si side i liknande saker. Flyselskapa har lenge drive aktiv lobbyverksemd for å lempa noko på krava i EU261-reguleringa, som kostar dei svært mykje pengar.

Bird strikes

Personleg tykkjer eg at bird strikes godt kan betraktast som ekstraordinære omstendigheitar. Det er svært lite flyselskapa kan gjere for å hindra dette og ofte er skada på fly og motor omfattande og dyrt å reparere. I tillegg kan dei risikere at flyet vert sett ut av drift i lenger tid.

Ekstraordinære omstendigheitar er i følgje reguleringa ikkje berre ting som er utanfor flyselskapet sin kontroll, det skal også vere uvanleg i den daglege drifta. Tidlegare vart bird strikes klassifisert som ein «ibuande risiko ved å gjennomføre ei flyging», som igjen betyr at det ikkje er ein ekstraordinær omstendigheit. Andre ting som vert klassifisert som ekstraordinære omstendigheitar er streikar, ekstremvêr og terrorangrep, i slike tilfeller har ikkje passasjerane rett på kompensasjon. Selskapet skal likevel til ei kvar tid stille med forpleiing og assistanse. Det betyr at passasjerane skal bookast om, og om nødvendig få tilbydd måltider, forfriskingar og hotellovernattingar.

Dette artikkelen vart opphavleg skriven av The Flying Dutchboy på vår systerside, Insideflyer.nl

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *