Rykte: USA ventast å offentleggjere forbod mot elektronikk på alle fly frå Europa til USA innan kort tid

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

For to månadar sia kom USA med nyheita om eit veldig restriktivt forbod mot elektronikk på stort sett alle flygingar mellom Midtausten og USA. No seier rykta at dette også kjem til å gjelde for alle flygingar frå Europa til USA.

Per i dag gjeld forbodet mot elektronikk større enn ein mobiltelefon på flygingar frå Amman, Abu Dhabi, Kairo, Casablanca, Dubai, Doha, Istanbul, Jeddah, Kuwait city og Riyadh. Har du med deg eit nettbrett eller ei datamaskin må denne sjekkast inn og dermed oppbevarast i lasterommet.

I første omgong var meldinga at dette berre ville vere eit midlertidig forbod som gjeld fram til oktober.

No seier rykta at USA vil setje i verk eit tilsvarande forbod på alle flygingar frå Europa til USA. Det er den godt informerte bloggaren Alex Macheras (@AlexInAir), som la ut ein tweet om dette.

Dette er endå ikkje bekrefta, men ryktet seier at det skal tre i kraft innan nokre veker.

Vil påverke reiseopplevingane

Dersom dette ryktet er sant vil dei heilt sikkert påverke reiseopplevinga til mange. Særleg grunna det faktum at fleire flyselskap har investert i WiFi, der du til dømes kan streame Netflix. Denne opplevinga vil ikkje bli den same, dersom du må nytte telefonen din. Eit anna aspekt er at til dømes American Airlines har fjerna underhaldningssystemet på nokon av sine Boeing 757, og det er lag til rette for at dei reisande i staden kunne bruke sine eigne einingar.

Spørsmåla er foreløpig mange. Vil alle dei amerikanske selskapa også verte råka, eller gjeld dette berre for dei europeiske? Vil du framleis kunne nytte nettbrettet ditt på Air Canada? Det vert spennande å sjå kva dette endar med.

Kva trur du om dette? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum.

Denne artikkelen var først publisert av Henrik Olsen på vår systerside, Insideflyer.dk

Kommentar

  1. Rune sier

    Problemstillingen som melder seg er at reiseforsikring ikke dekker tap av dyre gjenstander i innsjekket bagasje. Det er ingen hemmelighet at dyre gjenstander som f.eks. PC, nettbrett og elektronikk er populære produkter som lett blir stjålet av utro tjenere som jobber med innsjekket bagasje.
    Hva betyr dette for forretningsreisende og private kunder som heretter må ta en større risiko ved å sjekke inn disse gjenstandene i kofferten?

  2. Martin sier

    Jeg synes at dersom USA innfører forbud mot all elektronikk større enn mobil fra Europa så bør Europa innføre tilsvarende forbud for alle fly fra USA til Europa. Disse sikkerhetstiltakene har gått helt bananas etter min mening.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *