Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Nær 3,7 millionar passasjerar nytta Avinors lufthamner i november i år. Dette er ein auke på 19 prosent samanlikna med november fjor. Talet på reisande er 11 prosent lågare enn i november 2019, som var det siste ordinære året før pandemien starta.
Ser vi på tala så langt i år samanlikna med 2021, er talet på passasjerar dobla. Men om ein samanliknar med 2019 (januar til og med november) ligg talet framleis 18 prosent bak 2019-nivå.
Flyrørsler
Det var 59 921 flyrørsler i november i år, 2000 fleire enn i november i fjor, og ein auke på 3 prosent. Om ein samanliknar med november 2019, er det nedgang på 9 prosent.
Framleis påverka av pandemien
Det er nok fleire ting som spelar inn. Innbyggjarar i heile Europa uroar seg for privatøkonomien, grunna ein sterk auke i levekostnader som reduserer talet på reiser. Fleire verksemder praktiserer også i større grad enn før pandemien digitale møte for samhandling. Dette trur vi er viktige faktorar som gjer at passasjertala framleis ikkje er på nivå med 2019. Effektar av krigen i Ukraina og pandemien har påverka folk og bedrifter sine reisevanar. Utsikta for vinteren synes tøff for store delar av luftfarten.
Gaute Skallerud Riise, direktør trafikkutvikling i Avinor.
Fleire til utlandet
Framleis er reiser til utlandet den største drivaren for den samla auka av reisande. I november reiste 1 243 745 passasjerar (+51 prosent) mellom Avinors lufthamner og utlandet. I november i 2021 reiste825 832. Talet er framleis 19 prosent lågare enn i november 2019.
Innanlands
2 402 879 reiste innanlands i november i år. Det er 7 prosent fleire enn i 2021, men 7 prosent færre enn i same månad i 2019.
Oslo lufthamn
I november var auken på Oslo lufthamn på 24 prosent samanlikna med november i fjor. Innanlandstrafikken auka med 9 prosent og utanlands var auken 44 prosent. Men samanlikna med november 2019 er passasjertala framleis 15 prosent lågare.
Vi er glade for at flytrafikken nærmar seg normalnivå. Hovudflyplassen i landet er inngangsporten for turistar til Noreg, og porten ut i verda for både nordmenn og norsk næringsliv. Avinor bidrar til at flytrafikken avviklast sikkert, stabilt og effektivt både for passasjerane og flyselskapa.
Stine Ramstad Westby, lufthamndirektør på Oslo lufthamn.
I Avinor-nettverket er det slik at dei lønsame lufthamnene subsidierer dei ulønsame. Oslo lufthamn sitt bidrag til å oppretthalde flyplassar i heile Noreg er avgjerande.
Foto: Avinor / PR
Legg igjen en kommentar