Ny månad - ny afrikatur!

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 22. nov 2024.

  1. Preference

    Preference EBG

    Innlegg:
    736
    Likes mottatt:
    890
    Bonuspoeng:
    93
    Har du kjøp denne forsikringen som visstnok er blitt obligatorisk?

     
  2. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Ja.
     
    Preference liker dette
  3. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Då er eg på plass i Pride loungen på NBO. Ved ca gate 19-20. rikelig med godt i glaset på vegen. Tidleg opp i dag og, so det skal nok bli godt å få slappa av litt nokre dagar.
     
    haifinn, Avixlo, Eddie47 and 3 others like this.
  4. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    God ettermiddag frå Savoy Seychelles på Beau Vallon. Her går det i fint lite. Utover flytande føde (av typen Vøvv Klikkå eller korleis i h****** ein stavar det) etter ein solid frukost. Snart skal eg på stranda og dyppe skrotten. Om Seychellene ikkje har tillate kvalfangst blir det nok fort fleire oppdateringar framover.

    Dei fyrste dagane har gått med til avslapping og dagdriving. Mykje som heime med andre ord, men omgjevnadane er nok hakket over det Naustedalen har å tilby i november.

    IMG_2197.jpeg I går vart det sjølvgrilla sjømat og prosecco til middag etter ein dag med dagdriving ved bassenget. Kelneren stilte med råvarer og grill. Fyrsteinntrykket av Seychellene er at det er utruleg vakkert. Prisnivået er ca på USA-nivå, men det er heldigvis porsjonsstorleikane og. I dag blir det nok sushimiddag på naboresorten.

    I morgon skal eg på båttur til La Digue og Pralin (eller korleis ein no stavar det). Det vert nok kjekt. Får sjå om båtmateriellet er på størrelse med det ein finn i flåten til Norges fremste fergerederi.

    No er ei flaske Moet Rosé opna. Resten blir nok konsumert seinare. Væskebalanse og frukost er viktig på tur.
     
    Last edited: 27. nov 2024
  5. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Eg kan elles melde om at dei har paraply ved inngangen til suita.

    IMG_2198.jpeg

    Eg lurer lutt på kvifor. Beau Vallon ligg jo på vestkysten, so det er mykje godt veir her. Kan det vere slik at det er vestkystane som er «regnkystane» sør for ekvator, medan austlandet har betre? Omvendt av Norge med andre ord?
     
    kjeeli, Skarven, Sonictravel and 13 others like this.
  6. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,490
    Likes mottatt:
    34,181
    Bonuspoeng:
    293
    Er du på den turen alene, eller har du frua med? Hvis du ikke har henne med, så ligger du nok tynt an om hun leser dette og sliter hjemme i frost og snøføyk med ungeskrik og hverdag :D
     
    holmen liker dette
  7. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    18,237
    Likes mottatt:
    67,150
    Bonuspoeng:
    293
    :D:D:D:D:D

    En god latter forlenger livet, sier dem! :p
     
    kongenamundsen liker dette
  8. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Egotripp. Spørst kva ho heime seier om ho er på IF. Eg visst ikkje at det var so fint her. Alternativet var å vere vekke like lenge, men berre få 3 dagar på destinasjon (2 i MEL, 1 i TPE). Resten på flyplassar med evt. vitjingar til byane eg ville fått ukristleg lange layovera på (AMS, BNE, CGK og igjen TPE). Det har vore ein forferdelig travel haust, so eg ville heller prioritere avslapping enn å fly mest mogleg ymse av flyprodukt.

    Eg fekk «dessverre» ei suite til ein ukristleg låg pris. Omlag 2k pr natt. Ser at «vanlige» rom no ligg på det mangedobble.

    Madammen har heldigvis farta mykje med både systra og venninene i haust og eg har styrt mykje i heimen, men det er jo ikkje huset sin bonusnisse si skuld at dei vil til Oslo (systra) og Skottland (venninene). Jaja.
     
  9. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Ny oppdatering frå Seychellene. I går var eg på tur til Praslin og La Digue med eit turselskap. Kjekk tur som begynte grytidleg, men resulterte i mange fine vitjingar til fleire vakre strender, mellom anna Anse Lazio på Praslin.

    Dagen i dag går nok med ved og i bassenget på resorten. Eg skal gjere minst mogleg, men sov meg dessverre forbi frukosten.

    IMG_2285.jpeg
     
  10. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Forferdelig varmt i dag, men heldigvis kom det litt austlandsveir i 2-tida slik at det vart levelige forhold. Det kan bli i overkant mykje vestlandsveir, sjølv for ein garva sunnfjording.

    Det vart burger og øl til sein lunch i dag.

    IMG_2290.jpeg
     
    kjeeli, Skarven, Sonictravel and 10 others like this.
  11. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    God kveld frå Kampala! Den siste dagen på Seychellene gjekk med til dagdriving, slaraffenliv på stranda og pakking. Flyet vidare til NBO gjekk litt over 3 på natta, og vidare til EBB der eg var litt etter 0900.

    Etter ein tur gjennom Kampala sin berykta trafikk er eg no på hotellet, ha fått sove litt og skal snart ete middag.
     
    kjeeli, Skarven, Flymunda and 9 others like this.
  12. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Då eg er på plass i restauranten. Det er monaleg meir lokalmat på Samvirkelaget i Naustdal enn det er i menyen her. Eg tinga meg svinekottelettar med «chilipotetstappe» og djionsennepssaus. Og ikkje minst ei flaske Nile Special. Eg har ikkje ete sidan loungen på NBO og er ganske so svolten.
     
    Skarven, Flymunda, Kristian and 4 others like this.
  13. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Svinekottelettane, som eg trur var nakkekottelettar, var nok dei beste eg har smakt. Får håpe madammen ikkje er inne her og les…

    Restauranten er forresten ein lokal variant av Tyholttårnet i Trondheim, men maten var godt over Egon-nivå. Restauranten heiter 7 Hills Restaurant og har utsikt til fleire av dei sju bakketoppane/fjella som held regnet langt vekke frå Kampala.

    IMG_2349.jpeg
    IMG_2350.jpeg
     
  14. did1did

    did1did EBD

    Innlegg:
    30
    Likes mottatt:
    22
    Bonuspoeng:
    8
    Kult reisebrev! Noen anbefalinger om restauranter i nærheten av Savoy?:)
     
  15. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Tja. Den indiske var brukandes på geit i alle fall. Frukosten på hotellet var og bra. Elles var maten jamnt over ok, men prisane ukristlege.
     
    Kristian liker dette
  16. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Då er underskrivne på plass på ekspressbåten i retning Florø (frå Bergen). Eg hadde tenkt å fly, men kom ca 13 min for seint til innsjekken etter at KLM var for seine ut frå AMS. Risikofull booking, men 5k poeng skal eg klare å tape utan å grine mange tårene.
     
    Kristian, Earl, RoadKing and 6 others like this.
  17. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Dagen etter restaurantvitjinga på 7 Hills Restaurant var det opp og vente på ein sjåfør som skulle gje meg ein kjempetur. Saman med nokre andre (som var lokale) sette vi kursen for byen Jinja lenger aust i Uganda. Jinja er vidgjeten som byen der Nilen renn ut av Victoriasjøen.

    Trafikken i Kampala var fæl, og det same var vegane. Då vi var komne ut gjekk ting mykje betre. Vi stogga på ein bensinstasjon for fylling (sjåføren) og tømming (underskrivne). Her hadde dei eit større utval av drikkevarer enn det er på Beststasjonen i Naustdal.

    IMG_2504.jpeg

    Og eg kunne få livets fyrste bensinstasjonøl. Eg gjekk for ein lokal stout. Skysskaren omtala forresten koppholdaren i automobilen sin som «bottle holder».

    IMG_2505.jpeg

    Etter kvart som vi kom austover i landet begynte det som venta å regne noko infernalsk. Grunnleggande metrologiske lover gjeld òg i Afrika.

    IMG_2506.jpeg

    Etter ankomst Jinja var skysskaren/guiden innom til saman tre hotell/restaurantar før han fann ein plass dei hadde buffett. Det vart rikeleg med god mat.

    IMG_2507.jpeg

    Spesielt godt var moste matoke-bananer med peanøtsaus.

    Etter matøkta var det ut og vase og sjå på Nilen frå hotellhagen. Då ringte Skyss (Vestland Fylkeskommune sitt kollektivselskap) og kunne meddele at vi skal drive fylkesvegfergene i Sogn og Fjordane i nye 15 år, fram til november 2042. Då vart det endå betre stemning!

    IMG_2508.jpeg

    IMG_2509.jpeg
    Etter litt sjåing vart det skyss vidare nærare utløpet, ut av automobilen og ned til elva. Her var det på med redningsvest. Eg fekk ein merka med «12kg +». Eg veg jo meir enn 12kg, so den hadde nok sikkert fungert fint om uhellet hadde vore ute. Vidare bar det ut i ein balje eg vil tru turselskapet har kjøpt av arbeidsgjevaren til @Kvalvaag (les: Norled).

    IMG_2510.jpeg

    Etter ei omvisning i elvemunninga vart det retur til land og til skysskaren sin automobil. Her gjekk turen vestover igjen, men langs ein annan veg. Mellom anna gjennom byen «Nazigo». Jaujau.

    Litt etter Nazigo mørkna det, og då tok skysskaren/guiden oss med ut av bilen og inn på eit marked der det vart grilla kylling og bananer.

    IMG_2511.jpeg IMG_2512.jpeg

    Kyllingen kunne nok vore litt betre steikt, men bananene var veldig gode. Det var ikkje noko meir alvorleg enn 3-4 ekstra vitjingar på toalettet.

    Då vi var attende i Kampala var det igjen trafikkork. Denne gongen skuldast det visst at presidenten skulle heim frå kontoret, og når han skal på vift stenger dei like godt alle vegane han skal køyre på.

    Det var dårleg med AC i bilen, og det var rikeleg med eksoslukt. Då gjekk det i det minste å småfise litt i bilen utan at nokon merka noko. Det var i alle fall ikkje noko klaging. På noko språk eg forstår.

    Dagen var ei fantastisk oppleving som eg kjem til å hugse lenge. Eg var den einaste mzunguen (kvite) mannen eg såg den dagen. Eg ovserverte ei kvit dame som jogga i Jinja, men elles var det lite kvitt å observere.
     
    Last edited: 04. des 2024
    Kristian, mathiasfe, Earl and 14 others like this.
  18. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Dagen etter var avreisedag. Etter ein lang frukost og litt rolig avslapping var det ut og trakke litt i den ikkje veldig friske lufta. Eg fann meg ein butikk som selde suvernirar og ein plass som selde kinesisk nuddelsuppe med biff og koreander. Veldig godt. Enormt stor porsjon.

    IMG_2529.jpeg

    Tilbake på hotellet vart pikkpakket pakka ned og eg fekk meg skyss mot flyplassen. Kaotisk trafikk denne dagen og, men eg kom meg i alle fall fram før Kenya Airways stengte innsjekkinga. Deretter bar det til loungen. Mi fjerde vitjing i Karibuni-loungen på EBB på under to månader. Eg blir ikkje overraska om det finst nerdar her inne som har fleire vitjingar på kortare tid…

    IMG_2526.jpeg

    Serveringa i denne loungen er heilt ok. Mykje butterdeigsbaserte og friterte (vårrullar, samosa) saker, men og mykje god frukt og eit godt utval av ugandisk øl. Pluss for at dei heile tida syner Premier League-fotball. Kake har dei òg! Det er ein felles lounge for alle flyselskapa som flyr ut frå EBB.

    Deretter barndet vidare til NBO i ein E190. Som vanlig veldig god servering. Champagne og varm snack (tre valmoglegheiter) på ein flight med 55min flytid er innanfor. Eg gjekk for champagne og ein snack beståande av ein kjøtbolle, tre vårrullar, frukt og nøter.

    Vel framme på NBO var det laaaang kø gjennom sikkerheitskontrollen som alle transferpassasjerar må gjennom. Skilta med «Sky Priority» og «Business class» er berre til pynt når det er mykje folk.

    Etter sikkerheitskontrollen gjekk eg til Pride-loungen ved ca gate 20.

    IMG_2513.jpeg

    Etter å ha hatt seks layovers på NBO er eg ikkje i tvil om at dette er den beste loungen på flyplassen. Rett etter sikkerheitskontrollen er det skilta til «Simba lounge», men denne er like godt å unngå.

    Pride Lounge har mellom anna eigne kokkar som lagar shawarma, pasta og omelettar, alt etter når på dagen ein er innom. Bemanna bar og eit heilt ok utval av mat og drikke elles. Trur det var 4-5 kenyanske øl.

    Då det nærma seg boarding var det berre å ta heisen ned to etasjar og setje seg til å vente. Heldigvis fungerte prioritert boarding.

    IMG_2514.jpeg
     
    Last edited: 05. des 2024
    Kristian, mathiasfe, Earl and 11 others like this.
  19. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Vel ombord var det berre å finne plassen min i sete 4A. Businesskabinen i 787’en er delt i to, med tre rader i framre kabin og to rader i bakre. Eg sat på fremste rad i bakre kabin. Vi var ein mann på kvar rad, og begge sat heilt til venstre.

    IMG_2515.jpeg

    Då tok eg like godt puta til skyberten i nabosetet. Putene til Kenya Airways er forferdelig tynne, so det gjer seg med ein ekstra. Eg sovna fort etter avgang og vakna litt før frukost. Eg smakte ikkje på nattsnacken, men her er menyen:

    IMG_2516.jpeg IMG_2517.jpeg IMG_2518.jpeg
     
  20. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,836
    Likes mottatt:
    26,397
    Bonuspoeng:
    183
    Etter at vi landa på CDG gjekk det ein god time å komme seg til loungen, sjølv med fast track i alt av køar. Ryktet er nok dessverre fortent.

    Frukostserveringa i loungen til Air France i terminal 2F var heilt ok. Franske bakevarer er ikkje noko eg er veldig begeistra for, men osten og skinka var veldig god. Pluss for at dei hadde ein NEIPA i ølkjøleskapet, som eg ikkje fekk tida å smake på. Eg håpar serveringa tek seg opp utover dagen.

    Pluss for gode (og mange) dusjar.

    IMG_2519.jpeg
     
    Last edited: 04. des 2024
    Kristian, mathiasfe, Earl and 10 others like this.

Del denne siden