Åleinetur til Bukarest (eller Bucuresti? eller Bucharest? eller Bucureşti?)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 08. nov 2025.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Åleinetur til Romanias hovudstad
    20251108_075412.jpg

    Dette blir ein førstereistur på fleire vis:
    — Første gong i Romania
    — Første gong i KLM C
    — Første gong utan særlege førebuingar

    Har du tips til kva ein kan gjera i Bukarest og kvar dei har god mat, så sleng gjerne inn eit ord eller to i denne tråden. Eg oppdaterer med det eg ramlar over undervegs.
     
    kjeeli, Sonictravel, geddi and 18 others like this.
  2. KRS

    KRS Senior Medlem

    Innlegg:
    837
    Likes mottatt:
    4,979
    Bonuspoeng:
    93
    God tur!

    Caru' cu bere er ofte anbefalt til turister (og andre besøkende) - var skeptisk på forhånd men vi hadde et bra måltid der, med musikk og dans til underholdning.

    Anbefalter også The Great Hill for vin og mat - men her kan det være lurt å ta kontakt på forhånd for å sikre seg plass.

    Hop Hooligans har taproom for ølinteresserte.

    (alle tips fra 2023)
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Gardermoen til Schiphol
    Det er ikkje første gongen eg er SAS' utanlandslounge på Gardermoen etter at gullbua og dressmafiaplatten vart slått saman, men det er vel første gongen eg har forsynt meg frå matfatet i den delen av loungen. Dette vart òg første skikkelege måltid sidan tysdag morgon etter spysjuke og farrang:
    20251108_081930.jpg

    Sjølvsagt er eg spent på korleis dette går, men enn så lenge ser alt bra ut.

    Det som ikkje gjekk så bra i dag tidleg var at eg stilte meg i feil kø for å få ombordstigningskort. Først ville ikkje automaten gi meg papirlapp (eg liker papirlapp), så stilte eg meg i SAS-køa før eg innsåg at eg skulle jo reisa med KLM... Heldigvis innsåg eg tabben og kunne (litt skamfull) tuska meg bort i riktig kø. Det ordna seg!

    Etterpå kunne eg nyta maten medan eg såg ned på tigerstaden og samstundes hadde eit halvt auga på flystripa:
    20251108_082016.jpg
     
    Last edited: 12. nov 2025
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    I loungen møtte eg kjentfolk og slarva bort ein del av ventetida, såpass mykje at då eg kom for å stiga ombord var det allereie opna for at Gud og Kvarmansen kunne gå inn i flyet, altså alle grupper, eg var vel blant dei ti siste inn. Her fann eg sete 1D!

    20251108_085843.jpg

    Screenshot_20251108_091638_Flightradar24.jpg
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ombordstiging fekk vi som reiser i eleverte klassar delt ut — hald deg fast! — ei flaske vatn. Det er jo koseleg:
    20251108_090440.jpg

    Elles tykkjer eg om at nakkestøtta er justerbar i høgde og på sidene, og desse held hovudet fint på plass:
    20251108_090156.jpg
     
  6. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    19,238
    Likes mottatt:
    75,292
    Bonuspoeng:
    293
    God tur!
    Skal til samme by i mai, så her regner jeg med at jeg kan plukke opp noen tips! :)
    (Har ingen tips å komme med, dessverre)
     
    obay and Kristian like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251108_092357.jpg

    No er demo unnagjort og kapteinen har lovt oss ei flytid på 1:35 til Schiphol, så då kan vi vinka adjø til Gardermoen. Neste stopp er utlandet! Tru kva KLM tilbyr på vegen dit?
     
    Sonictravel, Earl, pgaa and 10 others like this.
  8. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,176
    Likes mottatt:
    883,757
    Bonuspoeng:
    293
    Et godt valg!
     
    Kristian and McBuljo like this.
  9. Calling

    Calling Senior Medlem

    Innlegg:
    1,359
    Likes mottatt:
    13,635
    Bonuspoeng:
    183
    Dersom været ikke er det beste (egentlig uansett) burde du besøke
    Macca - Vilacrosse Passage og ta en drink. Parlamentet er selvfølgelig noe du også må se med egne øyne.
     
    EndreD and Kristian like this.
  10. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,432
    Likes mottatt:
    18,298
    Bonuspoeng:
    183
    Vi, eks-forloveden og undertegnede, ønsker god tur. Alltid kjekt å lese dine reisebrev, og denne gangen rakk vi tom starten!
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251108_102540.jpg

    På første benk hos KLM er det god plass, det var ingen grunn til å ta knyttnevetesten, i alle fall. Det er sånn som eg tykkjer om!

    Relativt kjapt etter at vi var luftboren kom det ein god frukostboks ut til oss. Her var det egg, brød, yoghurt og litt frukt. På smak var det godt og mengdemessig var det vel meir enn nok (eg innser no at eg burde ha tatt av lokk for å gjera maten meir synleg):
    20251108_093704.jpg
     
  12. Sykkelthor

    Sykkelthor Aktivt Medlem

    Innlegg:
    499
    Likes mottatt:
    1,228
    Bonuspoeng:
    93
    Det er en del år siden jeg var i Bucharest, men gamlebyen er mye strippebuler med innpåslitne innkastere hvis jeg husker rett. Park King Arthur er fin å rusle i hvis du liker slikt, ellers er det et svært spa-anlegg utenfor byen med et titalls ulike badstuer. Definitivt verdt et besøk hvis været er dårlig.
     
    Calling and Kristian like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Schiphol til Henri Coandă internasjonale lufthamn
    Vi landa heilt ytst på B-piren her på Schiphol, så det vart omtrent 1 800 skritt derifrå til KLM Crown Lounge der eg sit no. Loungen er, som kanskje mange veit, stor og lite soneinndelt, i alle fall som eg har sett så langt. Serveringa har eg ikkje testa, eg sparar det til returen, trur eg, fordi eg er mett. Det er mykje folk her, men eg fann meg ein sitjeplass, så eg skal fint overleva. Det hadde vore koseleg å få sett litt av flystripa, då:
    20251108_110748.jpg
     
    Last edited: 09. nov 2025
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251108_124922.jpg

    På C11 på Schiphol har dei faste rammer for ombordstiginga. Og alle som skulle inn i kø for prioritert personell vart manuelt sjekka. Sånt kan ein lika!

    Slusene skulle opna kl. 1257:
    Screenshot_20251108_122909_SAS.jpg

    Og kl. 1257 fekk vi passera inn!
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Så langt har turen gått i rute og utan problem. Mange som har vore her på forumet og lese eit og anna reisebrev frå meg vil kanskje sitera Leif Juster og påstå at det er mooooot normalt!

    Med eit smil vart eg ønska velkomen ombord og trass i eit fullt fly har eg forventningar om at 1B ved sidan av meg blir verande ledig. På Embraer-en frå Gardermoen til Schiphol hadde eg òg ledig sete ved sidan av! Så langt alt vel!

    Her er fuglen som skal ta meg til Henri Coandă internasjonale lufthamn:
    20251108_124502.jpg

    Screenshot_20251108_123018_Flightradar24.jpg
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251108_132124.jpg

    Òg på dette flyet er seta utrusta med nakkestøtte som kan justerast i høgde og formast rundt hovudskallen. Det hadde vore stas om SAS hadde desse, synst eg.

    Elles lover flykapteinen ei flytid på 2:35. Vi skal berre få unna litt papirarbeid, demo og slikt, og så er vi på veg mot Romania!
     
  17. funkenstein

    funkenstein Senior Medlem

    Innlegg:
    1,301
    Likes mottatt:
    9,519
    Bonuspoeng:
    183
    "farrang", gitt... Det er nok første gang jeg har hørt/sett det begrepet siden barndommens ferieturer til Trøndelag.
    Under forrige ukes Thailandtur var jeg jo klar over det lokale begrepet "farang", håper at det ikke er like lite positivt...
    God tur, og hils Nadia Comaneci hvis du ser henne. Jeg var svak for henne, for... nja 45 år siden...;)
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    20251108_142615.jpg

    Relativt kjapt etter at kapteinen hadde sløkt setebeltelampa kom det matlukt ut frå galley og så kom desse ganske så fine eskene ut med m.a. ein scampipasta. Eg er ingen designekspert, mildt sagt, men eg synst desse eskene er riktig så fine! Maten fall òg i smak:
    20251108_141505.jpg
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    KLM C i Europa var eit ålreit møte. Det einaste som kanskje var litt skuffande er at dei deler ut bestikk av tre, det kunne gjerne ha vore metall. Eg prøvde etter beste evne å skylla ned den skuffelsen med litt sprudlevatn:
    20251108_143125.jpg
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,861
    Likes mottatt:
    41,090
    Bonuspoeng:
    293
    Frå flyplassen valde eg å ta buss 100 til sentrum. Trafikken var tidvis tett, så det ville neppe gått mykje fortare med bil, trur eg. Turen tok rundt 40 minutt og kosta 3 rumenske lei, som vel er knappe 8 norske kroner? Billettar fekk eg på automaten ved busshaldeplassen som var rett i nærleiken av ankomstterminalen.

    Det vart litt folksamt ombord etter kvart og dette er nok ikkje transportmiddelet å velja dersom du kjem med mange og store pakkenellikar:
    20251108_173404.jpg

    Fleire dagar utan særleg matinntak gjorde sitt til at eg var litt slapp, så eg fann ut at fargefjernsyn og litt planlegging av neste dag var meir enn nok av gjermemål. Ei god natts søvn ville heller ikkje vera ueffent.
     

Del denne siden