Så var det klart for å flytte frå Camp2 til Camp3 Denne dagen så starta det med nydeleg vær, igjen skulle me opp motorsykkelbakken. Det var nydeleg vær, me var omtrent aleine denne dagen. Her er «Squirel Hill» partiet som var litt utfordrande når pulkane lever sitt eget liv i det skrå terrenget. Det er så magisk å vere over skyene, vel vitande om at der nede så er det kanskje dårleg vær. Rett før me skal gå rundt Windy Corner På veg opp mot Windy Corner, ingen bilde frå sjølve plassen sidan me må bevege oss fort p.g.a risiko for steinsprang. Her har me også på hjelmane. Endå eit bilde viser Squirel Hill Når me kom til Camp3 så kom det skikkeleg uvær, så det vart å få opp campen så fort som mogleg. Vertfall før sola gjekk ned 20:30, det er nemleg ekstrem temperatur forskjell etter at sola har gått ned. Me måtte måke ganske masse snø for å få opp vårt telt, heilt klart ein merkar det godt første gong ein flyttar opp i denne høgda Så utpå kvelden etter sola hadde gått ned så roa vinden seg, det vart eit fantastisk lys. Mount Foraker
For et fantastisk reisebrev! Tusen takk for at dere tar oss med på turen og at dere har tatt så mye bilder! Har hatt trackeren oppe i en fane og sjekket den sporadisk - vet ikke hvor mye dere har vært opp og ned/frem og tilbake, men det virker som det har vært veldig mye sikk-sakk opp og ned? Har selv en eller annen spirituell tiltrekkelse til K2 og føler en primalsk trang til å klatre det etter å ha sett omtremt alt som måtte være av POV-videoer og dokumentarer (inkludert alle årlige updates i video- og skriftform fra Alan Arnette), men for en som kun har besteget Glittertind må nok det bli i neste liv. Igjen, tusen takk for at du deler, dette er helt superspennende å følge med på selv i ettertid - håper og regner med at dere koste dere masse!
Neste morgon vakna me til eit nydeleg vær Me hadde nok ein litt meir værutsatt teltplass, men nok den med finast utsikt! Teltet vårt var heilt framme på campen. Heilt greit å lukke opp teltet til slik utsikt, denne dagen skulle me bare ende ned igjen til rundt Windy Corner for å hente «cashen» Oversiktskartet viser Camp3, samt lokasjon av Windy Corner. Sko til tørking, samt solcellepanel alltid til lading. På veg ned for å hente «cashen» Eit ana team på veg opp litt seinare på dagen Mount Hunter, utruleg vakkert fjell Ser dykk klatrerane på bildet? 2bilder av Camp3 tatt frå litt oppi bakken. Teltet vårt nesten nederst til høgre i bildet.
Det er mykje opp/ned fram å tilbake. Dette både for å akklimatisere (venne kroppen til den stadig tynnare lufta) samt for å dele vekta på fleire turar opp fjellet. Mat for 20-24dagar veg tross alt litt. Samt med forbrenning på rundt 3500-4000kaloriar om dagen på dei dagane med lenger etapper blir det litt. Heilt enig med deg at K2 er eit heilt fantastisk flott å inspirerande fjell, «tryggare» har det også blitt med bedre værmeldingar samt at fleire klatrar fjellet slik at faste tau er av betre kvalitet. Eg syns forøvrig ikkje at du skal tenke at det får bli i neste liv, har du verkeleg lyst så meiner eg at ein kan trene seg opp fysisk/mentalt/teknisk ila ein 4-5års periode. Der ein trenar å bygger erfaring med korleis kroppen tåler høgda, samt ikkje minst det tekniske. Utfordringa er sjølvsagt at ekspedisjonar kostar $ så det vil kanskje gjere at det tar litt lenger tid å komme dit. Glittertind frå Leirvassbu er no det eg vil kalle ein god dagstur i den Norske fjellheimen Det er mange som klatrar store fjell som bur i veldig flate land/område. Me hadde forøvrig ein heilt fantastisk tur Ein får så mykje meir også på ein slik ekspedisjon, det å vere fråkobla verden. Ingen kan google noko i ein diskusjon, så ein får mange av dei gode gamle samtalene.
Haha, jepp trur me får det! Syns hugse du snakka om å klatre Khan Tengri i Kazakhstan eller var det andre fjell i området?
Denne reisa var heilt utruleg, utruleg at me i det heile fekk det til. (Takk til IF + Diabetesforbundet for hjelp med NIE) Jepp Everest er nok på bucket lista, men tar eit fjell om gongen. Den størst drømmen dog er nok Antarktis med Mt Vinson, Mt Sidley, Dronning Mauds Land med Jøkulkyrkja (Noregs høgaste) samt ein førstebestigning om mogleg i Dronning Mauds Land…. Men dette krever nok sponsor hjelp Så me har tankar om samtaler med legemiddelfirma sidan madammen har type1 diabetes + eg har kronisk astma.
Det skal sies at jeg er veldig seig og kan gjøre mye uten å tape mye energireserve, men en halv lårmuskel etter påkjørsel og et svakt kne etter en tåtupp-mot-magen-feilbøy setter nok en effektiv stopper for denne gang - men setter veldig pris på motivasjonen, det hadde vært en helt utrolig følelse å stå på toppen etter å ha vært gjennom pyramiden og flaskehalsen, kun slått av å komme trygt ned i BC Madammen har også nedsatt veto etter å ha sett risikoen for en 2-3km kontinuerlig kolbøtte nedover, så får heller vinne i lotto og bli med til arktis og ta det derfra Gleder meg til fortsettelsen av brevet!!
Peak Lenin i Kirgisisk Pamir. Satser på å arrangere en IF-tur dit etterhvert. Garanterer ikke alle over 7000 meter men alle får pers
Neste dag så skulle me igjen «cashe» mat/utstyr opp på ryggen på fjellet nesten på høgde med HighCamp. Me skulle no opp «Headwall» til ca 5000meters høgde. Først opp ein bakke som blir kalla «Bunny Hill» denne er ca 30grader bratt, så flatar det litt ut før det igjen blir bratt. På det brattaste ca 50grader, før dette klipper ein seg inn i faste tau. Det ligg forøvrig ein video frå toppen av ryggen her: https://drive.google.com/file/d/1YAxyITgnrZC_ku5NxMXLn-L22ZNW0Vqr/view?usp=drivesdk Me skulle no altså opp til ryggen på fjellet, litt til venstre for HighCamp. Bunny Hill + Headwall, der du ser ein bresprekk rett i nærheten av der ein går ut av skyggen startar dei faste tauga. Her er me framme ved dei faste tauga, me er innbudne sammen samt me sikrar kvar og ein av oss med isøksene. Camp3 Nydeleg utsikt På veg opp «Headwall» dette var morosamt! På toppen av ryggen, det var litt blåstrig! Utsikten her oppe var bare (Sjekk ut videoen) Så å sei nede igjen ved Camp3 Fortsatt folk i bakken bak oss. På veg ned igjen dei faste taua brukte med ein teknikk som heiter «armwrap» litt ekkel teknikk men veldig effektiv.
Så no måtte me bare vente på vær til å nå toppen, me visste at me måtte vente vertfall 2-3dagar sidan eit stormsystem var på veg inn. Når desse dagane nærma seg så var det 1 dag med godt vær før endå eit stormsystem kom inn.... Me må ha ca 3dagar me godt vær over 5000meter for å nå toppen. Camp3 -> High Camp -> Toppen -> Sove i High Camp før ein går ned igjen. Tida blei brukt til å spele kort, samt gode samtaler i "mat teltet" eg har mykje energi så tida blei også brukt til å bygge ein do ca 3-4meter ned. Det gjorde jau do besøk litt meir triveleg når det storma ute. Endå ein snømann blei også bygd. Me gjekk også opp/ned "Bunny Hill" nokre gonger bare for å holde seg i bevegelse. Værmeldingane kom etterkvart, det kom til å bli 1dag med bra vær før endå eit stormsystem kom inn i fjellet. Så me skjønna etterkvart at sjansen for å nå toppen blei tynn, me hadde lagt opp for 7-8 ekstra dagar med mat for å vente på eit værvindauge til å flytte til High Camp. Utanom det så hadde me lagt igjen 4dagar med mat opp mot High Camp 0 2dagar med mat nede i Base Camp. Det hadde snødd mykje + mykje vind, så skredfaren var stor. Eg har stor respekt for skred, så støtta 100% at det ikkje var verdt risikoen å gå for toppen. Me måtte alikevel hente "Cashen" vår (Mat/Snack/Utstyr) før me kunne komme oss ut av fjellet, det var også begrensa med værdagar for BaseCamp for å fly ut. Det var bestemt at 2 av guidane + meg skulle gå opp "Headwall" til ryggen av fjellet for å hente dette. Me satte i veg, men når me nærma oss toppen av den første 30grader bakken høyrde me eit brak. Eit snølag som kollapsa, førstemann datt bare ned i snøen. Dette er eit stort raudt flagg, me alle 3 var enige om at dette ikkje var forsvarleg i det heile. Avgjeringa om å ikkje gå mot toppen også vart bekrefta, risikoen var altfor høg. Me måtte få på plass ei avtale med Nasjonalparken for å etterlate "søppel" på fjellet, jaja ein får tilbake neste år å hente tinga Me var ein tur ut til the "Edge of the World" her kunne ein med klarvær sjå store delar av vegen me hadde gått opp fjellet. Kort er alltid kjekt å ha med på tur Dagen etter dette bildet var tatt så var det snø opp til over kne, samt me dei ustabile laga. Her ser ein nytt værsystem som bygde seg opp Endå eit bilete frå "Edge of the World" Her bles det frisk frå toppen. Inngangen til doen Hylle på doen til dopapir, håndsprit, samt tissetut for damene. Gråvær, glimta akkuratt opp litt frå Whiteout Meir bilde frå doen Gjengen i mat teltet.
Så då var den kjipe avgjeringa eit faktum, det blei ikkje nokon sjans for oss til å nå toppen av dette majestetiske fjellet. Men utan tvil den korrekte avgjeringa. Det var rett å slett altfor farleg, området er også øde som gjer at ein må ta kloke bestemmelsar. Men for ein tur me hadde hatt så langt uansett, så no måtte me komme oss til BaseCamp. Planen var å gå frå Camp3 til Camp2 eller Camp1, sove nokre timar så flytte oss til BaseCamp. To be continued....
Så altså det var jo skredfare rett over oss, hadde me kommet oss til HighCamp så hadde me ikkje visst korleis forholda var ved "AutoBahn" som er skredutsatt. Samt at me hadde bevegd oss sakte p.g.a me måtte tråkke sti. Det var 3team igjen på fjellet, alle 3team var enige om å avslutte toppførsøket til å me eit team som hadde mat for 3dagar meir enn oss. Det var rett å slett for dårlige meldingar. Slik er det nokon gonger, ein må alltid prøve å tenke at turen er målet, toppen er ein bonus. (Ikkje like lett alltid) Bilde nedanfor viser litt betre oversikt over fjellet enn det eg har delt tidligare.
Merket at jeg ble skikkelig lei meg på deres vegne da jeg skjønte at dere måtte snu. Men, det er iallfall ikke oppe der man skal være vågal og dumdristig.