Ny dag, nye moglegheter. Me spurte i dag i resepsjonen om tips til brunch. Fekk eit par tips men me enda på denne sjappa i West Hollywood. https://www.breakfastbysaltscure.com/ Bestemte oss for å gå sjølv om det jo var eit stykke, hadde gløymt kor varmt det er i LA når det nærmar seg midt på dagen. Men etter ca 45min kom me fram. Det er jo innteresant å gå rundt her, det er mykje å sjå på både av bygningar å ikkje minst folk. Ein blir trist av å sjå dei ekstreme forskjellane, det har nok blitt eindel meir fattige under covid 19. Ein fin ting med Hollywood /LA er det stort sett er fortaug overalt, så det faktisk går å ta beina fatt. At ein ikkje må ta bilen over alt slik som andre plassar i USA. Brunchen på Salt's Cure svara absolutt til forventningane. Nydeleg frukt, med litt krem. Jorbæra sjølvsagt ikkje like gode som Norske men alikavel ein god rett. Pannekakene HEILT FANTASTISKE! Ser ikkje slik ut, men fytti katta dei var gode. Akkuratt som resepsjonisten på hotellet sa. Speilegga heilt vanleg, dei hadde diverre ikkje posjerte egg som er underteikna sin favoritt. Dette var "Molalsses cured, Picnic Ham" sikkert sabla usant, men steike kor godt det var. Dei glutenfrie pannekakene var visst også knallgode Dei hadde sjølvagt også ferskpressa appelsinjuice! Mette å gode rusla me tilbake, litt ana rute denne gongen slik at me fekk sett litt andre ting på vegen. Det var ein tur innom for å kjøpe med øl/vin samt litt gåver. Dette var siste dagen vår i LA. Kveldens middag kjem i neste post.
Haha prøvde heldigvis ikkje det. Men det kunne nok vore typisk meg å få lyst å klatre på bokstavane for å få tatt bilde. Godt ein holdt seg unna.
Så kom kvelden, me hadde bestilt bord på Kali dette var jo siste kvelden på ferien vår så kjekt å prøve noko spennande https://kalirestaurant.com/ Restauranten har også fått ei stjerne av dekk mannen av merke Michelin. Ein er jo alltid litt spent før eit slikt måltid. Me gjekk for AlaCarte menyen, der hadde dei First, Seconds, Så kunne ein velge kjøtt. Fekk beskjed om at me 3 av desse rettane så kom det til å bli mykje mat. Er det ikkje rart då når menyen seier First, Seconds, så "Meat From the Vault" Vel me blei enige om dele "Seconds" Starta forsiktig med ein øl, kjekt med ny øl til appen Så var det tid for "First" Eg hadde valgt Cavatelli Pasta, dette var då altså Gnochi, med litt creme fresh, sitron. Samt så la eg til Austalsk vinter trøffel. Kunne nok ønska litt fersk parmesan, samt kanskje litt trøffel olje. Det var perfekt al dente, men totalt kanskje bittelitt tamt. Vertfall i forhold til kva ein kunne forvente her. Madammen gjekk for "Acid Trip Tomatoes" Det såg jo ut som eit kunstverk, men kunne konstantere at det såg betre ut enn det smakte. Var litt tamt i smaken. Til neste rett så dela Sonoma County Duck Breast, dette var ein veldig god rett. Polenaen var også veldig god, dette blei me enige om å lage heime også. Me skjønte jo etterkvart kva dei meina med at me kom til å bli mette når neste kjøttrettane kom. Eg hadde Dry Aged Ribeye, madammen Dry Aged New York Steak. Altså kjøttet var kjempebra, men ikkje det beste eg har smakt. Men absolutt i øvre sjiktet. "Soppstuinga" derimot, den var for salt. Ikkje kva eg ville forventa her, no brukar me veldig lite salt i matlaginga heime generelt. Men det var på den salte sida. Potetene som følgte med derimot, det kunne dei. Dei var ovnsbakt til perfeksjon. Vel, me var jo stappmette. Men sa du dessert? Vel, ja me fekk vel prøve då Butterscotch Panna Cotta, denne var HEILT FANTASTISK for meg kveldens høgdepunkt. Til info så er eg meir middag enn dessert menneske. Madammen hadde Meringue Gelato, denne var også meget god. Så dessert det kunne dei. Litt av kveldens vinar Konklusjon, til ein pris til ca 4500-5000,- NOK inkludert tips, så syns ikkje me at dei levde opp til stjerna som Michelin mannen hadde gitt dei. Me har ete på fleire plassar som har fått 1 stjerne av han, som var betre enn dette. Så sjølv om me var aldri så mette å fornøgde, så var dei litt tamme forettane samt at tilbehøret til kjøttet var for salt trekte ned totalen av måltidet. Me rusla dei 20-25minuttane tilbake til hotellet for å pakke litt før me la oss. Neste morgon var det relativt tidleg opp før bolaget skulle ta oss heim. Litt skuffa vart eg når eg sjekka SAS appen å sag at det hadde vore equipment change, no var det A330 å ikkje A350 som skulle ta oss heim
Det var tid for heimreise, klok av skade så reiste me til flyplassen med god margin. Me hadde forhold oss til informasjon her på forumet, samt sjekka alt via SAS appen + sidene til Norske myndigetar så me stolte på at me ikkje trengte test. Reiste kun med det Norske/Europeiske covid sertifikatet på telefonane. Det frista lite å betale 150-200$ per person for PCR test. Me hadd jau leigebil, så måtte først levere denne deretter ta shuttlebuss til terminalen. Når me så kom til leigebil leveringa, så såg dei at me hadde masse bagasje. Totalt 6kolli. Fekk beskjed om me bare kunne sette oss inn i bilen, så skulle dei kjøre oss bort. Makan til service Det var Garth som kjørte oss, som Garth Brooks kunne han nevne. Triveleg kar som me hadde ei god samtale med på den relativt korte turen til terminalen. Heldigvis hadde eg litt $ igjen så fekk gitt han litt tips. Takk til Garth $ Avis for god service. Fekk tak i traller, på LAX skal dei ha 7$ per tralle Det er søren meg ran! Fant kjapt SK sin innsjekk, her var det ikkje mykje kø. Her blei det spørsmål om test eller vaksinesertifkat, visste sertifikatet madammen trykte feil så visste det Norske, eg visste EU begge blei akseptert. Så var det vidare gjennom security, ingen fast track men heller ingen folk. Gjennom på få minutt. Neste stopp var etter planen lounge, men neida her var stort sett alt stengt. Det var ein lounge som ein hadde tilgang til med Priority Pass som skulle opne klokka 11. Det hjelper lite når flyet reiser før. Vel me måtte likevel ha oss frukost, igjen så var det mykje stengt. Tydeleg at det er veldig lite internasjonale reisande. Me fekk oss no litt frukost likevel, så veldig godt smakte det ikkje men. Me tenkte jau at god tid på flyplassen ikkje var så farleg, sjølv om ting skulle gå smooth. Som sagt var alt stengt, også Amex loungen. KAL Lounge som ein kjem inn med Priority Pass skulle opne klokka 11. Samt så kunne ein vandra over til annan terminal til Alaska lounge. Men det var eit stykke å gå, samt så er ein ikkje sikra plass.
Så var det tid for boarding på SK932. Ein var fortsatt litt skuffa over at det var A330 som stod på utsida, ikkje A350. Men det fekk no gå. Boarding var ganske strengt regime med å boarde bak i flyet før ein boarda framover, ingen prioritet for business eller status. Men det gjekk no ganske rask å komme ombord. Ombord blei me ønskt velkommen med navn som diamant medlemmar Det var hyggeleg. Madammen blei infomert om at hennes gluten&laktose frie måltid var OK, å ville bli servert. Dette er nytt frå SK, at dei no har gluten&laktosefritt, å ikkje dei 2 som enkelte måltid. Men i forhold til UA så kan ein vertfall bestille spesialmåltid. Sete som vanlig hos SK. Det "vanlige" amentiy kitet frå Filipa K. Takk for denne gong USA. Etter me hadde kome i lufta, så var et utdeling av snack & drikke. Gjekk for bobler + Ringi. Spurte etter Mikeller, men det hadde dei ikkje starta med enda desverre. Boblene var Gosset Grande Reserve NV. Nesten alt kabin personalet snakkar engelsk til meg. Det virkar som det er lite skandinaverar ombord i desse tider. Til maten sa valgte eg denne raude, dei går rundt med tralla så du får sjå alt dei har å tilby. I forhold til United der ein bare får servert noko i plastglass. Valgte så and til middag, alt blir servert på eit brett. Det virkar som at det var pluss måltid, men smakte vertfall bra. Madammen fekk kyllingsalat, samt kylling med quinoa og squash. Dette var faktisk ganske imponerande som gluten & lakosefritt måltid. Bra SAS! Etter middag serverte dei heldigvis den gode konfekten Samt kaffi, her blei ein spurt om ein ville ha noko attåt kaffi'n så tok litt Baileys. Ordentlig hyggeleg service hos SK denne dagen.
Snakka litt med crewet, sa eg syns det var hyggeleg å komme ombord på langreise igjen. Dei kunne opplyse om at det ofte hadde vore belegg på 30-40stk på fly til/fra USA. Men at det hadde tatt seg litt opp i det siste, spesielt på fly til Europa. Det var faktisk ganske bra belegg på dagens flight, vil tippe ca 60% belegg i biz kabinen. Nok eindel oppgradert. Det vart lagt ut masse bonus seter siste dagane før avgang. Utsikten frå doen på A330 Crewet var ofte gjennom kabinen med drikke, samt 2 rundar med snack. "Baren" som ein jo også er kjent med hos SK var også operativt. Kom ein der så fekk ein også spørsmål om ein ønska noko anna å drikke. Så servicen her var bra, faktisk som den var før covid. Men ikkje buffet servering, litt begrensa måltid å ikkje Mikeller. Men ellers rundar i kabinen som før Covid. Etterkvart var det tid for frukost, her vart det servert ganske vanleg skandinavisk frukost. Den gluten/laktosefrie frukosten var litt meir skuffande, middag var jo så bra. Straks nærma me oss CPH Alt i alt ein veldig bra flight! Kjempservice, litt begrensing i det som vart servert men crewet var altså knall bra på denne flighten. Det var veldig hyggeleg. Me var naturleg spente på kva som venta oss på CPH, det er jo litt spenning å reise i desse tider.....
Ved ankomst CPH når me nærma oss passkontrollen, så var det vakter som spurte om me var fullvaksinerte. Me hadde vaksinepass klart, men dei brydde seg lite. Dei som ikkje var fullvaksinerte blei slusa til høgre for passkontroll for test. Passkontroll som vanlig, ingen spørsmål om test. Me gjekk deretter direkte til loungen, her måtte me vise boardingkort + vaksinepass for å komme inn. Fekk dette rommet for oss sjølv i loungen Av servering i loungen så var det: Havregraut Eggerøre + diverse pålegg, brød, knekkebrød etc. Juice, Øl, Vin, Kaffe. Så faktisk så er det neste tilbake til normalen i CPH loungen. Igjen så savnar eg Mikeller! Ein må jo børste tennane også! Sidan SAS ikkje lenger serverar Mikeller så måtte ein ta ansvar sjølv!
Etter å vasa litt rundt på CPH, så gjekk me til gate. No var det siste leg til OSL. Igjen så var det boarding bakfra, alle med status/plus måtte vente. For all del denne boarding er veldig effektiv, så dette kan dei fortsette med også etter pandemien! Men kan godt sleppe inn status/plus først då sjølvsagt. Vel ombord i sete 1D Servering var no også tilbake til normalen, til å med polarrullen. Ankomst OSL: No var me igjen spente, kom tidleg av flyet heldigvis. Det var kanskje 5min kø før me blei møtt av grensepoliti, spurte om vaksinasjonstatus. Sa me var fullvaksinerte, EU delen av vaksinesertifikatet blei scanna. Dette var første gong på reisa at sertifikatet blei scanna. Fekk beskjed om å gå på grønt, her var det automatisk passkontroll, deretter innom tax-free før baggane låg klare når me kom ut frå tax-free. Leverte frå oss lappen når me gjekk ut frå bagasjeområdet. Så gjekk me ut til bilen. Frå me gjekk av flyet til me var med bilen tok det ca 45min inkludert tax-free. Alt i alt veldig effektivt.
Konklusjon heimreise frå USA i desse tider slik me opplevde det: -Sjekk av vaksinepass/test ved insjekk i USA -Spørsmål om vaksinepass ved transit CPH. -Passkontroll som normalt på CPH -Vaksinsertifikat for å komme inn i lounge på CPH. -Vaksinesertifikat scanna på OSL, INGEN spørsmål om kor me hadde reiste på når me var fullvaksinerte. -Automatisert passkontroll på OSL for oss. -Levere frå oss lappen å gå ut med bagasjen som normalt. Me følte heimreisa gjekk veldig smertefritt. Tilnærma som før covid.
Riskaker ja Om jeg leste det riktig så kom dere hele veien hjem uten testing når dere var fullvaksinert? Takker for strålende review forøvrig!
Jepp, heile vegen heim utan testing, skal love at me var spente om det faktisk var sant. Men me hadde dokumentasjon klar for å vise til ved spørsmål. Men det gjekk som sagt veldig smooth. Takk for det
Du verden så fantastisk. Takk for utførlig rapport Dette ble jo rene kinderegget med flere ferier på en gang
Velkommen hjem, og takk for et fantastisk reisebrev! Artig å se steder og utfordringer jeg nok ikke vil møte på selv. (Ser dog ikke helt bort ifra at det etterhvert vil åpne seg muligheten for utfordrende loungebesøk her&der...)
Velkommen hjem og takk for en flott tur. Har vært utrolig spennende å følge med, masse flotte bilder og virker som om dere hadde en strålende opplevelse særlig i Alaska, men også i LA