Around the World in 20 Days (SK J, CX J, MH J, QR J, D7 J)

Tråd i 'Reisebrev' startet av sexten, 18. mai 2017.

  1. sexten

    sexten Senior Medlem

    Innlegg:
    581
    Likes mottatt:
    733
    Bonuspoeng:
    93
    I dei fleste land eg ferdast så pleier eg å kjøpa eit lokalt SIM-kort, men hittil på reisa har eg berre hatt korte stop-overs. I Hong Kong var det gratis nett på flyplassen, som i tillegg hadde super dekning. Så det var ingen problem å stå utanfor og bruka Uber. I tillegg har Uber forbedra "flyplass-henting" betraktelig sida sist eg brukte det, så det står rimelig detaljert kvar du skal stå når du bestiller flyplasshenting med Uber.

    I tillegg finnes det svært mange "free wi-fi zone" områder i Hong Kong, så det er sjeldan eit problem å ordne :) I Hong Kong spesielt var Uber heilt fantastisk, då du ikkje måtte slita med å forklara ein kinesisk sjåfør i ein sliten Toyota Crown kvar du skulle men heller fekk ein Toyota Vellfire (Uber Black var i mange tilfeller nesten lika billig som Uber X) utan diskusjon om kvar du skulle.
     
    RoadKing, Eddie47 and watchaddicted like this.
  2. TomF66

    TomF66 Senior Medlem

    Innlegg:
    1,269
    Likes mottatt:
    1,249
    Bonuspoeng:
    113
    Det ville vært modig gjort å presentere denne reiseruten på landsmøtet til Miljøpartiet De Grønne :)
     
  3. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,759
    Likes mottatt:
    21,957
    Bonuspoeng:
    293
    En av de tingene jeg liker best med Hong Kong er at mange av hotellene tilbyr en gratis smartphone du kan bruke som wifi hotspot.
     
  4. sexten

    sexten Senior Medlem

    Innlegg:
    581
    Likes mottatt:
    733
    Bonuspoeng:
    93
    Jepp. Mitt hotell hadde den same ordninga, men i og med at eg berre skulle være der 1 natt så hadde det nok ikkje vore så populært om eg tok den med ;)

    Eg fekk nok ikkje framheva det godt nok i innlegget mitt, men Hong Kong var ein by som absolutt ga meirsmak. Fantastisk infrastruktur, "ting på stell", enorme shoppe-muligheter og mykje ting å sjå. Nesten som ein litt meir strukturert utgåve av Bangkok.

    Neste gong eg er innom Hong Kong vert det nok for meir enn 1 natt, og kunne fort vore ein fin "gutte/jentetur"-destinasjon.
     
  5. watchaddicted

    watchaddicted Reisende fant

    Innlegg:
    1,945
    Likes mottatt:
    3,902
    Bonuspoeng:
    113
    Kongerapport hittil, gleder meg til mer!! :)

    Må si meg helt enig i din beskrivelse av Hong Kong. Det er definitivt en av mine storbyfavoritter. Var der i fjor og det ga såpass mersmak at vi kjører nyttår der nå i år:):cool:

    God tur videre sexten!:)
     
  6. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    Strålende rapport så langt @sexten :):) Ser fram til å følge deg videre :D:D:D
     
  7. sexten

    sexten Senior Medlem

    Innlegg:
    581
    Likes mottatt:
    733
    Bonuspoeng:
    93
    KUL-DOH QR853 B788 Qatar Business
    DOH Al Safwa Lounge
    DOH-CAI QR1303 A333 Qatar "First"
    Concorde El Salam Hotel


    Eg tusla i veg mot Doha-gaten, og det var tid for Qatar-fyking igjen, eit selskap eg etter kvart har betre kjennskap til enn SAS.

    Det var ved boarding her eg traff min første vaskeekte DYKWIA (Do You Know Who I Am?). Som vanleg vert folk i rullestol boarda rett i forkant av first/business, og me vart ståande i gangbrua eit par minutt. Det var tydeligvis noko ikkje ein amerikanar som stod lengre bak fant seg i. Han bana seg forbi resten av køen, velta nesten ei lita asiatisk jenta som var langt inne i Pokèmon-verda og skjelte ut flyvertinnene i døra som berre ein amerikanar kan «Are you fucking kidding me? I’ve been waiting at this fucking gate for half an hour now, and now we have to wait here as well?» før han brøyta seg ombord flyet. Han skal være svært glad for at det ikkje var eit amerikansk flyselskap.

    Den ondskapsfulle delen av hjernen min tenkte det hadde vore fint om han på eit tidspunkt måtte bruke rullestol sjølv, om enn for eit par dagar.

    Episode 2 av «the american guy» kjem i Doha.

    Vel ombord flyet tok det ikkje mange sekundene før me eg vart tilbudt min pre-departure drink, just how I like it. Valet falt på «rosè champagne», som alltid med Qatar. Dei har skifta merke sida sist, og dette var fnisevatn som falt i god smak i min halvraffinerte gane. Piper-Heidsieck vert nok kjøpt inn til min private vinkjellar (I wish) ved første anledning.

    I og med at eg ville spara IFE-filmane til Qatar til min laptop-lause flight til Philadelphia valgte eg å ta eit kjapt måltid før eit forsøk på litt søvn. Kyllingwrapen (kan ikkje samanliknast med den gamle SAS Plus-wrapen) passa perfekt, og smakte utsøkt.

    Eit lite måltid, men det smakte utsøkt.

    Fram til frukost vart flighten gjennomført i djup søvn, med diverse avbrudd av sedvanlig turbulens over det indiske hav.

    Til frukost gjekk eg for corn flakes og «waffles». No fekk eg riktignok aldri corn flakesen min, sida dei var tom, så den vart erstatta av litt enkelt brødmat, muffins og croissantar. Heilt kurant.

    Vel framme i Doha så var det som vanleg bussgate. Eg trur 9/10 gonger eg kjem/reiser med Dreamliner så er det bussgate.

    Det er for så vidt heilt ok, sida business class får sin eigen buss. Det kjennes alltid flott å være adskilt frå almuen.

    Ved «transfer security screening» slo vår amerikanske ven til igjen. Som alltid er det eit tilsynelatande kaos med folk som skal gjennom denne kontrollen, og det kan ved fyste augekast sjå ut som at fast-tracken er smekkfull (noko den sjeldan er). Amerikanaren utbasunerte igjen «Are you fucking kidding me? Do you call this a priority lane?» før den utskremte framadarbeidaren fekk lurt han inn heile EIN posisjon lengre fram enn resten. Securityen var forøvrig gjennomført på 3 minutt.

    Sida flighten min til Kairo er ein «First Class»-billett hadde eg tilgang til den sagnomsuste Al Safwa-loungen.

    Denne vart kjapt oppsøkt, og eg fann meg ein krok for meg sjølv. Eg orsakar at eg gløymte å ta bileter denne gongen, men eg har vore der før og eg synes framleis det er ei av dei mest oppskrytte loungane i verda.

    Stolane er ikkje veldig komfortable, menyen er «underwhelming» og barkartet er redusert. I tillegg mislike eg regelen om at du MÅ sitja i restaurant-området å eta. Alle spa-tjenester kostar ekstra. Loungen er jo for all del gedigen (på størrelse med international-delen på Flesland) og flott designa, men det hjelp lite når det ikkje vert utnytta.

    For all del, ein flott lounge og ein har det ikkje akkurat vondt der, men i forhold til alt «skrytet» er det i alle fall for meg ein skuffelse. Eg trives nesten like godt i Al Mourjan-loungen, sjølv om dei har endå mindre ubehagelige stolar der.

    Eg har fleire besøk upcoming i Al Safwa-loungen, så skal prøve å få knipsa nokre bilete då :)

    Ved Kairo-gaten måtte eg gjennom ein ny sikkerhetskontroll (eg trudde det berre var på flightar til USA dei hadde det?), og straks etter det var det boarding. Flighten bestod, ikkje uventa, av meg og resten passasjerar frå diverse arabiske land.

    Eg har aldri prøvd A330-setene til Qatar, så this was a first for me. Designet var eigentleg ganske flott, og skjermane var gedigne (både større og bedre enn på A350/A380/B787). Beinplassen var meir enn tilfredsstillande, men det viste seg etter kvart når eg la ned setet for ein kvil at bredden på setet i skulderpartiet var elendig. Hvis du er litt breiskuldra (du treng ikkje være bole-breiskuldra ein gong) så er det praktisk umogleg å liggje på rygg. Heldigvis var dette berre ein 3 timars flight, på lengre flightar kjenner eg at eg kunne vorte irritert.

    Ein liten elegant touch var når dei delte ut menyar, så vart alle tilbudt mat-menyen medan eg i tillegg fekk spørsmål om «wine list».

    Ein skulle kanskje tru det var fordi eg såg lett alkoholisert ut, men det har nok heller sin begrunnelse i teologien.

    Til frukost, som var det einaste måltidet på denne flighten, gjekk eg for «waffles».

    «Vaflene» såg mykje betre ut på menyen (og for så vidt biletet) enn det smakte. Tørre, tamme og eigentleg svært uinspirerande.

    Skivebom, Qatar.

    Før eg kunne gå i immigrasjonen måtte eg kjøpe meg eit «entry fee sertifikat», som etterkvart skulle limas inn i passet mitt. Litt merkelig at eg måtte kjøpe dette i ei «bank-skranke» og at dei ikkje akseptert egyptiske pund, kun amerikanske dollar. Heldigvis hadde eg ein del Trump-pengar i sekken, og saken var biff.

    I immigrasjonskøen så gjekk det ein «security officer» rundt og passa på, og eg såg jo etter kvart kvifor det var behov for han. For kvar gong han snudde ryggen til, så var det nokon som sneik seg under eit bånd og lengre fram i køen. Dette skjedde også rett foran meg, men ein egypar(?) rett foran meg fann seg overhodet ikkje i det. Min arabisk er svært begrensa, men eg har ein mistanke om at det ikkje var veldig fine ord som vart utveksla. Etter kvart fanga krangelen offiseren si merksemd og det såg ut som den korpulente (og ekstremt hissige) offiseren skulle slå syndarane rett ned. Dei fekk klar beskjed om å komma seg ut av køen, dei fekk ikkje lov til å stilla seg bakerst eingong. Om dette betyr at dei må leva resten av livet på flyplassterminalen alà The Terminal veit eg ikkje.

    Etter eit par ekstremt aggressive slag med stempelet i passet mitt var eg omsider inne i Egypt. Hotellet mitt er berre 10 minutt frå flyplassen, så eg hadde i utgangspunktet tenkt å hyra meg ein Uber, men etter at eg fekk forhandla meg fram til ein kurant pris (75.-) og mangel på WiFi vart eg geleida ut på parkeringsplassen. Det var tydeligvis tid for bøn, så eg måtte fint venta eit par minutt før sjåføren kunne ta meg imot. Om det faktisk VAR tida for bøn eller om han berre måtte be til høgare makter før han geleida «the white devil» gjennom trafikken veit eg ikkje, men turen gjekk fint. Eg har opplevd ganske sprø trafikk opp gjennom årene, men trafikken i Kairo trur eg tar fystepremien. Dei kvite linjene som skal skilja filene er tydeligvis berre «for show», for på ein 3-feltsveg var det heilt naturleg med 5 eller 6 bilar i bredden og hornet vart brukt som blinklys.

    Etter innsjekk og ein sylfrekk bøn om «late checkout» var eg på plass på rommet. Fint rom, solid in-room-dining meny, greit bad og bra internett. Det er diverre stort sett det eg har å fortelje om hotellet då eg straks etter ankomst gjekk inn i ein komatøs tilstand og sovna strakt ut på den deilige egyptiske senga.

    No har eg booka meg guida pyramide-tur osv. til mitt neste Kairo-opphold, så det vert forhåpentligvis litt meir interessant enn dette.
    [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG] [​IMG]
     
    Edin, alexfins, Are and 21 others like this.
  8. Thomas123

    Thomas123 Senior Medlem

    Innlegg:
    556
    Likes mottatt:
    466
    Bonuspoeng:
    63
    Knall i padden!
     
    Stuttfeiten liker dette
  9. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Ja, det kjenner eg også. Ein får litt svai i knea av å lese dette!

    Fantastisk lesestoff @sexten! Takk skal du ha så langt!
     
  10. snartur

    snartur Medlem

    Innlegg:
    215
    Likes mottatt:
    527
    Bonuspoeng:
    93
    Dette var moro. Fortsatt god tur!
     
  11. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,186
    Likes mottatt:
    869,726
    Bonuspoeng:
    293
    Har sagt det før ...det er utrolig at noen kan finne på å legge ut på en galskapreise som dette.

    Hva får folk til å finne på noe sånt?

    Dette er fantastisk, reisen, beskrivelsen og bildene ... ALT!
    Skulle ønske det var meg!

    Motvinden i heimen blir formidabel de gangene jeg har vært innom ideen ....
     
    Are and RoadKing like this.
  12. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,508
    Likes mottatt:
    5,541
    Bonuspoeng:
    183
    Helt fenomenalt :)
     
  13. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,759
    Likes mottatt:
    21,957
    Bonuspoeng:
    293
    Veldig gøy å følge med og så skriver du morsomt. Er det en ting jeg skulle ønske meg så var det at bildene var blandet inn der de hørte hjemme i teksten :)
     
    Darkcho and sexten like this.
  14. sexten

    sexten Senior Medlem

    Innlegg:
    581
    Likes mottatt:
    733
    Bonuspoeng:
    93
    Ja, I know. Planen var eigentleg å ha klikkbare bilder og, så dei ikkje tok så inn i hampen mykje plass, men det fekk eg ikkje til(?).

    Og med tanke på at bileta tar så mykje plass, så vert det veldig oppstykka med litt tekst her og litt der og så eit par store bilder.
    Men eg har prøvd å leggja dei i kronologisk rekkefølge iallfall :)
     
    DanH, Stuttfeiten and Upsaker like this.
  15. sexten

    sexten Senior Medlem

    Innlegg:
    581
    Likes mottatt:
    733
    Bonuspoeng:
    93
    Berre ein kjapp oppdatering. Resten av rapporten kjem etter kvart, den er ikkje gløymt. Men på grunn av diverse omstendigheter (som vert forklart i rapporten) vart skrivinga noko utsatt :)
     
    helged and Travellingalf like this.
  16. Herlov

    Herlov Poengsanker InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    2,066
    Likes mottatt:
    5,991
    Bonuspoeng:
    183
    Klarte du å komme deg hjem før blokaden av Qatar kom i gang? Du hadde jo noen turer til/fra Kairo ...
     
    alexfins liker dette
  17. sexten

    sexten Senior Medlem

    Innlegg:
    581
    Likes mottatt:
    733
    Bonuspoeng:
    93
    Ja, eg kom meg ut med aller siste(!) QR-flight frå Kairo, med matforgiftning innabords... Eg skal som sagt prøva å få fullført reisebrevet så snart eg får anledning (men litt mangel på bilder på slutten). Slutten av turen vart litt spesiell på grunn av blokkaden, matforgiftning og sjukdom i nær familie (som er grunnen til at eg ikkje har hatt anledning til å fullføre reisebrevet endå).
     
    DanH, Markal, Herlov and 2 others like this.
  18. Herlov

    Herlov Poengsanker InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    2,066
    Likes mottatt:
    5,991
    Bonuspoeng:
    183
    Godt å høre at reisen etter omstendighetene gikk høvelig bra for deg!
     

Del denne siden