Avslutning og litt oppsumering
Loungen på IST er gedigen, og folksom. Det er to like lounger, ein kun for dei som flyg Biz og ein for alle andre. Klarer ikkje heilt å sjå forskjellen, men junior vil no legge alle turer om IST kun for å køyre bilbane
Heimreisa vart organisert på trass, då TK ikkje ville godkjenne nokon endringer sjølv om dei hadde endra flightene slik at me hadde flight til Oslo dagen før me kom til IST frå DPS
Så det vart "biz" med Lot til Warzawa og 10 timer der før bolaget om ARN for Oslo. Litt av ei mjølkerute
View attachment 113075
Lot BIZ er eit heilt greit produkt, det var skikkeleg bestikk, glass og kopp, men litt polsk-inspirert internasjonal mat. Det var ok. Sørvisen var også litt i polsk standard, dvs det du trengte, og det var heilt ok!
Warzawa viste seg med ein fantastisk uber-sjåfør, og flott haustvær. Må komme attende hit! Kom oss ned i sentrum og tok med ungene inn i Warzawa-ghettoen og den konstante øydelegginga gjennom andre verdskrig!
View attachment 113077
View attachment 113076
View attachment 113078
Oppsumert:
Turkish er eit veldig bra selskap, men mykje gammeldags hardware på A330 og 77W, og litt rar løysing på dei nye 789-flya, litt trangt. Men leverer eit godt produkt, og sjølv med mine 194 cm og 100 kg så var eg komfortabel, og eg likte veldig godt (faktisk) 77W, sjølv om ein føler ein ligg litt på display. Men 2-3-2 er ikkje bra nok slik det er no, og veldig lite privat. Trur eg er litt påvirka av at eg sov veldig godt her.
Vil velge dei på nytt, men eg vil alltid foretrekke EVA, SQ og faktisk SAS i biz, også så klart ANA som eg ikkje har prøvd
Bali:
Ny tur er booka, då ungene har hatt sin beste ferie nokon gong. Det er billig, særs hyggeleg og triveleg folk, god mat og flott natur. Eg vil nok helst slippe å bu i Denpasar området eller langt sør på øya, og neste gong vert det nokre dager i Ubud for å sjå meir av den ekte kulturen, og ikkje minst lang tid nord på øya, også inkludert Amed!
Men no, til ei turistmaskin i Florida!
Vis alt...