Eg er i den heldige situasjonen at eg har i løpet av året ansvaret for fleire turer og bookinger. Men eg har jo aldri sett at eg burde ha maksa ut dette for å fly langt og flott...Og har istaden brukt remembercard for å makse ut kickback der. No er eg derimot på betre tanker og eg har fått med Amex platinum EB og MC EB premium, men er litt usikker på strategi. Eg har ikkje fått Amex plat kortet, og er ganske sikker på at eg ikkje klarer CT krav i 2017, men det går fint i 2018. Nok bakgrunn, no problemet. Eg skal booke 5-8 hotellrom for tilsette, og er litt usikker på strategi. Skal eg berre bruke MC premium no i oktober, og booke via expedia for å få viatrumf, eller er det andre geniale løysinger eg ikkje har tenkt på? Eg vurderer å vente med betaling for å få det på amexen, men trur eg då ikkje får viatrumf? Har de gode bonusråd?
Så lenge hotellet aksepterar AmEx på nett er det ikkje problem å få trumf via viatrumf ved betaling med AmEx. Edit: Såg ikkje at det var snakk om Expedia. Du kan booke med MC om du ikkje har mottatt AmEx kortet, og velge "betal på hotellet". Om du betalar med eit anna kort enn det du brukte til reservasjon skal det ikkje påvirke opptening av trumf. Trur eg.
Ok, så viatrumfen registrerer kun bookinga og betalinga kan skje på hotellet. Eg veit at det var problematisk for rememberreward. Men dette vil då vera den beste løysinga for å makse ut poeng samt å få ein god pris. Er mi eigen bedrift, så eg betaler sjølv
Når eg har brukt Expedia har eg fått valg mellom å "betal nå" eller "betal på hotellet" når eg har booka rom som kan avbestillast. Så ber dei om kredittkort som garanti. Ved betaling på hotellet kan ein vel velge å betale kontant for den del? Eg er usikker på korleis leads frå viatrumf blir spora, men mellom Expedia og hotellet er det vel med reservasjonsnr.? Det blir mykje "trur eg" her, så det sikraste ved ei stor booking er kanskje å ta mine utsagn med ei klype salt og sjekke med Expedia. Om eg tek feil så er det kjedelig om du taper ein drøss med Trumf pga meg...
Jeg har booket 9 rom via hotels og de ble betale hver for seg på steder ved utsjekk. Ingen problem, fikk trumf og reward nights som jeg skulle