Ja, det kan nok hende du får et spørsmål eller to Virker som en flott fergetur med litt mer spennende mat ombord enn de vanlige svelene man får innaskjærs her hjemme...
Ser ut som den ble fjernet i 2012. Heldigvis. Jeg var der i 2010/2011, og føler meg plutselig gammel når jeg tenker på at det snart er seks år siden jeg flyttet ned dit på utveksling. Ellers setter jeg pris på reisebrevet, får meg til å savne plassen! https://www.nzta.govt.nz/driver-licences/getting-a-licence/road-code/give-way-rule-changes-2012/
Du er velkommen til å bli med Ser den med at fjerninga av denne regelen kan ha vore med på å auke trafikktryggleiken. Takk! Eg tar ikkje ansvar for ev. hovudlaus billettbestilling
Episode 8: "Gråt ikkje over spilt mjølk" – Frå Blenheim til Christchurch (31 mil) Då vi kom fram til overnattingsplassen vår i Blenheim, fekk vi ei lita flaske mjølk kvar. Vi takka og bukka og sendte kvarandre eit par småforundra blikk. Ikkje for det, mjølka var god, ho. Neste morgon fekk vi nok ei flaske mjølk kvar – i tillegg til frukosten der det alt kom både juice og mjølk. Tru om motellet hadde ein spesialavtale med det lokale meieriet? 'On the road again' Den observante lesaren har kanskje forstått at episodenummeret fell saman med reisedagsnummeret. Gratulerer! På morgonkvisten på dag nummer åtte i NZ skulle turen gå frå Blenheim til Christchurch, omtrent 31 mil. Det var ein ganske så fin køyretur. Vår snasne lille japanar solar seg i glansen av...eh...sola.... Nordøya er prega av subtropisk skog og relativt låge åskammar samt mykje gardsdrift. Sørøya har fleire fjell og skogen er meir europeisk. Slik sett er det lettare å finne likskapstrekk mellom Noreg og Sørøya enn mellom Noreg og Nordøya. Visse forskjellar er det likevel: Det er ikkje mange vingardane på flatbygdene på Austlandet, men på Sørøyas austkyst blir det produsert ein del vin i Malborough-distriktet. Vi fresa i retning Christchurch og såg både det eine og det andre. Ein gjeng slappsekkar som vi fann langsmed vegen Vi tok bølgjen. Tog du 'an? Christchurch Rundt lønsjtider kom vi fram til den største byen på Sørøya, Christchurch, ein by med 380 000 innbyggarar. Det første som slo oss då vi vandra rundt i byen, var alle bygningskranene som stod overalt i byen, bokstaveleg talt over alt. Eg prøvde å telje, men då eg kom til 12–15 svære kraner, måtte eg gi opp – spesielt sidan eg forsøkte å gå samtidig... Det er kanskje ikkje så rart at byen er overgrodd med kraner, då det er berre fem år sidan eit massivt jordskjelv råka byen. Her er eit nyheitsinnslag frå NZs fjernsyn frå dagen jordskjelvet slo til: Fleire stader las vi at Christchurch har kome seg etter jordskjelvet, at dette ikkje preger byen lenger, men vårt inntrykk er at byen treng meir tid. Alle byggeprosjekta over heile byen gav eit inntrykk av at han ikkje er ferdig enno. På vår vandring rundt omkring i byen såg vi fleire spor etter jordskjelvet, naturleg nok. Eit par av dei spora gjorde sterkare inntrykk enn andre. Ein av mange byggeplassar i Christchurch. Det blir garantert bra til slutt Katedralen vart restaurert etter eit jordskjelv i 2010. Allereie i 2011 skjedde dette I jordskjelvet omkom 184 personar. – Her står det éin tom stol for kvar person som ikkje kom heim meir etter skjelvet Vi synst det var litt vanskeleg å orientere seg i Christchurch, som om byen ikkje har eit definert sentrum. Alle turistdestinasjonane låg innafor gangavstand frå kvarandre, men det verka som at dei fastbuande ikkje var i dette området på kveldstid. Vi stakk i alle fall ned til ein liten kystby, Sumner, der vi fekk oss ein feiande flott middag. Elles vart det tassing omkring i Christchurch på dagen og langs stranda i Sumner på kvelden. Det var ikkje ille det, altså. Stranda i Sumner – med ei lita minigrotte! Delar av Christchurch har vorte ganske så fin Fontenen ved muséet i Christchurch I Christchurch er eitt av kjøpesentra fordelt utover fleire conteinarar På muséet i Christchurch kom vi over ein liten norsk kulturskatt. Inne på utstillinga som handla om Antarktis hang sleden til Roald Amundsen oppunder taket. Akkurat då eg oppdaga det, spelte det mindre rolle at det knapt var nemnd at Amundsen kom først fram til Sørpolen. Amundsens polslede sett frå bysten av eigaren Godt utpå kvelden fann vi kvar vår seng og sov ganske så godt. For den nyfikne: Vi overnatta på BreakFree on Cashel, omtrent midt i Christchurch. Grei pris til 600 kroner per natt og veldig god standard på rommet. Neste episode: Kriminell utsikt. Tar etterforskar Knut Gribb saka?
Ett fantastisk reisebrev @Kristian som oser av smittende reiseglede! Og du skriver knallgodt! Og veldig kjekt med reisebrev på nynorsk - det blir faktisk bare enda bedre av den grunn
Hehe, takk Prøvde meg på ein ordknapp versjon àla kriminalinspektør Foyle, men der gjekk eg vel på ein smell allereie i trådtittelen Takk skal du ha! Måtte du no endeleg ikkje ruinere deg grunna lite gjennomtenkte billettbestillingar! Kjekt å kunne glede, trass i ganske mykje tekst og kanskje altfor mange bilete
Episode 9 – "Pusten som forsvann" – Frå Christchurch via Arthur-passet til Franz Josef (38 mil) I løpet av våre to veker i NZ hadde vi tjue minutt med regn og éin kveld der temperaturen var under 20 grader. Resten av tida var det strålande sol, så òg denne morgonen. Vi skulle setje kursen vestover for å krysse eit aldri så lite fjellpass. Dagsetappen på rolege 38 mil skulle ta oss til ei lita bygd oppkalt etter isbréen tett ved, Franz Josef. Arthur-passet På veg til isen måtte vi alså kome oss frå austsida av Sørøya til vestsida. Den kvite japanaren vår tok oss leikande lett opp bakkane. Det geniale med vegane i NZ er at det med ujamne mellomrom er bygd forbikøyringsfelt. Vogntog og traktorar køyrer ikkje alltid i 100 km/t (som er den generelle fartsgrensa utanfor tettbygde strok), så det er fint å ha eit felt til forbifresing, spesielt når vegen elles er litt svingete eller det kjem trafikk i mot. Genialt, rett og slett. Fjellandskapet minte jo ein del om Noreg, men her var det over 25 grader Bilvegen gjennom Arthur-passet NZ har eit rikt tilbod av stiar for turgåing. Denne solfylte dagen måtte vi berre finne oss ein sti og som sagt, så gjort. For å få tips stoppa vi på turistinformasjonen ved butikken i Mount Arthur's village og berre nokre minutt seinare var vi klar for å leike fjellgeiter – eventuelt fjellaper (som danskane likar å kalle oss her på berget). Oppstigning til lønsj med utsikt Turen starta omtrent på 737 moh. Derifrå gjekk det oppover. Vi følgde ein sti kalt 'Scotts track' som gjekk opp til Avalanche Peak, smekre 1 833 moh. Vi hadde bestilt overnatting eit stykke unna, så vi visste at vi neppe kom til å ha tid til å gå heilt til toppen. Det ville ha vore ein 6–8-timars tur/retur. Her var det berre å frese på. Sidan turen starta i skogbeltet var iveren etter å få utsikt svært sterkt til stades, så sterkt til stades at eg av og til gløymde å puste – og når eg kom på å puste, gjekk blåsebelgen som ein gal. Til slutt fekk eg lønn for strevet med ein ganske så grei utsikt, på nøyaktig ca. 1 500 moh-ish. Toppen som vi ikkje nådde, men det hadde faktisk ikkje så mykje å seie Bergtatt av utsikten. Lønsj på 1 500 moh. i strålande solskin er aldri feil Om du lurte, det vart eit par rundar med solkrem og på kvelden var det fram med aftersun-kremen. For min del betydde det sjølvsagt at tranbudsjettet vart endå meir krympa enn kva eg hadde rekna med i utgangspunket. Faktisk, i løpet av to veker i NZ hadde vi totalt 20 minutt med regn. Resten av tida var sola der. Det var rett og slett knallbra! Etter fjellturen suste vi til destinasjonen for dagen, Franz Josef og tok ein roleg kveld. Enkel frukost i Franz Josef med eit fin-fint meieriprodukt For den nyfikne: Her overnatta vi på Franz Josef top 10 Holiday park, litt i utkanten av bygda. Overnattinga var ganske billig i små campinghytter, litt under halve tusenlappen. Neste episode: Eit iskaldt bedrag. Noko for etterforskar Harry Hole?
Episode 10 – "Full retrett" – Frå Franz Josef via Fox Glacier til Queenstown (35 mil) Godt utkvilte, om enn framleis lett døgnville grunna den store tidsforskjellen, kraup vi ut av våre respektive loppekassar og såg at dette kom til å bli nok ein solrik dag. Det var berre éin ting å gjere med det: Snurpe inn geipen og glise. Vi følte oss styggheldige. Frå bre til bre Franz Josef er altså oppkalt etter isbréen med same namn like ved bygda. Isbréen er i sin tur oppkalt etter keisaren i Austerrike-Ungarn, Franz Josef den første. Bygda har knapt 400 innbyggarar, så det var ein perfekt storleik for min del. Store byar er ofte litt slitsame. Føremiddagen brukte vi til å leite opp isbréen. Til slutt vart strabasane krona med suksess. Det er ingen tvil om at Franz Josef-isbréen har trekt seg tilbake Lønsjen tok vi i Fox Glacier, det òg ei lita bygd med knappe 400 innbyggarar. Her kunne vi både sjå NZs høgste fjell, Mount Cook (3 700 moh), og isbréen som bygda har fått namnet etter. 100 kroner i bot dersom du ikkje finn ut kva bréen heiter. Mount Cook, NZs høgste fjell Vi kasta no eit blikk på isbréen òg. Når vi først var i området, ville noko anna ha vore dumt. Fox Glacier. Tidlegare fylte bréen heile dalbotna nedover Den største ulempen med området som desse isbréane ligg i, er den tette helikoptertrafikken. For ein nordmann som er vant til at naturen er ein stad med lite menneskeskapt støy, vart helikoptera litt forstyrrande. Fleire firma tilbyr turar der ein får gå på breane eller flyg over eit større område. Vi brukte apostlanes hestar. Det fungerer heilt fint og er ganske ufarleg. Etter å ha vorte iskalde i blikket (...) justerte vi A/C-termostaten i den kvite japanaren vår og freste sørover i retning Queenstown. Vi var sikre på at det ville bli konge. På det som etter kvart føltest som riktig side av vegen For den nyfikne: I Queenstown overnatta vi på Pinewood Lodge, type ti minutts gange frå sentrum. Standarden var litt motellaktig, prisen deretter, rundt 400 fjellapedalarar per natt. Neste episode: Offer for fleire drapsforsøk. Heilt sant! – For å ikkje hindre oppstandelsen, kjem vi sterkt tilbake om eit par dagar
Åpnet denne tråden først i dag. Det ble raskt populær høytlesning for hele familien! Takk for fantastisk reisebrev!
Herlig triprapport! Takk for at du deler. Absolutt ikke for langt/for mange bilder! I likhet med flere her inne, trigger dette reiselysten noe voldsomt, her jeg sitter og kikker ut på elendig 1.påskedagsvær...
Etter som jeg leser mer og mer fra denne turen frister NZ mer og mer som reisemål... her gjelder det å holde godt på kredittkortet tror jeg så man ikke lar seg friste
Kjekt å kunne bidra med familieunderhaldning! Tusen takk Så bra, takk Gjer endeleg ikkje noko overilt, sørg for at du får bonuspoeng for den ev. hovudlause bestillinga! Tusen takk!
Episode 11 – "Døden kjem gjerne fleire gongar" – Ein dag i Queenstown I Queenstown hadde vi to netter noko som gav oss litt betre tid her enn andre stader vi var innom. Eigentleg hadde vi nok gapa over litt for mykje ved å ta både Nordøya og Sørøya på to veker, men Ole Brumm fekk bestemme, så då vart det sånn. På kvelden då vi kom og på føremiddagen tok vi oss tid til å tasse rundt i Queenstown sentrum. Ved første augekast verka byen veldig liten, men etter å ha pussa netthinna (og regnbogehinna) fekk vi sjå at storleiken var ganske grei. Det vart ikkje teke så mange (presentable) bilete i Queenstown, uvisst kvifor Skippers Valley Vi hadde altså to netter i det som blir kalla for 'adrenalinhovudstaden'. Sidan eg har godt framskriden høgdeskrekk var ikkje strikkhopp og slikt noko for meg. Likevel skulle vi hamne på kant med både det eine og det andre for resepsjonisten kom med eit tips om å dra til Skippers Valley. Innsalget: "You'll get the story about the area and fool around with som old chaps". Tja, kva kunne gå feil? Båttur med Skippers Valley company Queenstown såg dagens lys i samband med gullgravarverksemd som starta opp på midten av 1800-talet. I områda rundt blir det framleis funne litt gull, mest i turistsamanheng. I dag blir det arrangert turar inn til gullgravarområdet av fleire selskap. Sidan vi var i adrenalinhovudstaden tenkte vi at jetbåt var tingen. Det skulle bety ingen høgder – trudde eg. Etter lønsj på dag 11 vart vi henta av ein tilårskomen kar i buss. Han skulle vere sjåføren og guiden vår på vegen til båten inne i sjølve Skippers Valley. Han var rett og slett eit fyrverkeri av kunnskap og tørre vitsar. I starten lo eg meg skakk. Etter kvart skulle eg bli skakk av heilt andre grunnar. Det viste seg at turen frå Queenstown og innover til jetbåten var ei einaste lang rekkje drapsforsøk – overlagte! Sjåføren snakka heile tida, vegen vart smalare og smalare. Til slutt var vegen så smal at halve hjulet på eine sida var utafor vegen og den andre sida av bussen skrapa vi borti fjellveggen. Stupet ned var på minst ein milliard meter! Eg fekk knapt med meg kva sjåføren sa. Då han på eit tidspunkt sa "Ooops!" og svingte brått i retning stupet stoppa hjartet mitt. Naturleg nok har eg ingen bilete frå denne dødsferden... Sjåføren flirte og fjasa heile vegen – den vondskapsfulle djevelen... Båttur i bortimot 100 km/t Med beinføring like stødig som Bambi på ei veldig glatt overflate klatra eg ut av bussen. Kameraten min peikte på meg og flirte. Vel, eg var for skjelven til å sende noko anna enn eit tomt blikk tilbake. Ganske fort starta neste etappe, denne gongen med jetbåt. Elva var trang, båtføraren var gæren og farta far sjukt høg. Ved fleire høve vrengte augelokka mine seg. Heilt seriøst! Dette synst eg var heilt fantastisk. Det gjorde vi begge. Opplegget med bussturen og jetbåtturen var faktisk strålande. Prisen på rundt 600 bols var heller ikkje så ille. For dei med lite lyst til å leve var dette ei bru for strikkhopp. Skippers Valley Burger Vel tilbake i Queenstown, omtrentleg tre timar etter at vi reiste derifrå, var det på tide å ete litt. Byen er ikkje berre kjent for adrenalinkick, men òg for verdas beste hamburger. Køa var ganske lang, men skal du ha Fergburger må du stå i kø. På det meste stod det sikkert 100 personar i kø utafor. Dei hadde ein eigen fyr til å organisere køa. Om det var verdt å vente? La meg seie det slik, neste gong eg skal ha kjøttkake på brødskive, reiser eg til NZ. Det var nydeleg og vi rakk aldri å ta bilete av maten fordi vi var for opptekne med å ete. Fergburger, Queenstown Neste episode: Eit uoppdaga mysterium. Noko for monsiour Poirot?
Helt strålende påskelektyre Som andre har nevnt over: NZ hopper et par hakk opp på prioritetslisten etter dette reisebrevet! Glimrende jobbet! Hvordan var forresten stemningen i Queenstown? Var det kamp om å være hippest og mest ekstremsporty eller mer avslappet og alle-er-buddies-vibber?
Tusen takk, veldig hyggeleg å kunne bidra til litt reisefeber. Måtte feberen få utløp snarast mogleg Stemninga i Q-byen var avslappa, men litt fleire hipsterskjegg ute på gata enn elles i landet. Vi trefte i alle fall ikkje på dei som meinte at alt utanom halsbrekkande strikkhopp og fallskjermsveving er pinglete. No er vel heile NZ ganske så avslappa. Så lenge du har pilten innafor trusekanten, er det vel ingen som bryr seg – litt overdrive sagt
Episode 12: "Mord ved matbordet" – Frå Queenstown til Te Anau (17 mil) Ny dag, nye mil. I dag skulle vi til det området som på utanlandsk kallast The Fiordland. 200 kroner i bot til deg som trur at det er lite vatn der. Etter ein betre frukost i Queenstown rulla vi gode og mette bort til den vetle japanaren vår og trilla ut av 'adrenalinhovudstaden'. Kvar gong minnet streifa gårsdagens busstur hoppa hjartet mitt litt til, men visst pokker var det morosamt! Med ein kort dagsetappe på berre 17 mil var vi snart framme i Te Anau, innfallsporten til Milford Sounds og området rundt. Her er det høge fjell, djupe dalar, fjordarmer og gode turstiar, både korte og lange. Te Anau er ikkje store plassen, rundt 1 900 fastbuande, men han ligg fint til ved breidden av innsjøen med same namn. Te Anau-sjøen, i det fjerne er det så vidt mogleg å sjå tettstaden Te Anau Etter å ha tusla litt rundt i nærområdet, gjekk vi for ein middag på ein av dei betre plassane i byen. Det viste seg at plassen vi valde var så populær at det var vanskeleg å få bord, men vi var litt tidleg ute så vi fekk plass. Der vart det lokal fisk og ein herleg dessert. Det er aldri feil med is! Aldri! Ingefærøl type godt! For andre gong denne dagen vart det trilling eller vralting i staden for spretten gange. Vi klappa oss på magene våre og var einige om at maten kunne ha vore verre. For den nyfikne: Vi overnatta på Te Anau Lakeview Holiday Park & Motels i Te Anau. Utsikten frå rommet mitt var ut på ein teltplass og heile opplegget var litt sjabert, men kva kan du venta deg til godt under halve tusenlappen per natt? Kveldsstemming i Te Anau Neste episode: Drama til fjells. PS Til denne episoden måtte Poirot melde forfall, så det uoppdaga mysteriet måtte utgå. Som erstatning tilbyr forfattaren eit langt blikk etter bonuspoeng på ei fritt vald statsstøtta Widerøe-rute mot at lesaren/klagaren sjølv bestiller og gjennomfører reisa.
Riktigt bra rapport. Jag var själv i Nya Zeeland förra vintern och det var helt fantastiskt. Rekommenderar starkt Fergburger...