Haha virker som om dere fikk litt adrenalin selv om dere ikke hoppet i strikk. Var det bussturen til båten som var verst eller var båtturen som fikk adreanlinpumpen til å slå mest? Ellers så høres det ut som om du så ut som Jeremy Clarkson når han testet Ariel Atom på den båtturen
Ja, det eneste negative med NZ som jeg kan komme på er vel egentlig avstanden dit, men dét er ikke rare minuset Bussturen var absolutt verst. Det var jo en lang rekke drapsforsøk! Båtturen var som en rotur på et stille fjellvann i forhold selv om trynet vrengte seg, som hos herr Clarkson
Episode 13: "Nakent bedrag" – Ein dag i Milford Sound Planen for dag nr. 13 var å køyre frå Te Anau til Milford Sound, ein avstand på omtrent 12 mil – éin veg. Milford Sound ligg slik til at det går berre éin veg hit. Dette er både namnet på ein liten tettstad og på ei fjordarm som strekk seg eit stykke inn i landet frå Tasmanhavet. På veg dit skulle vi stoppe og ta ein liten topptur og elles gløtte på det som vart presentert som sjåverdig i reisehandboka vår (les: brosjyren henta på det lokale turistkontoret). Heilt ut av det blå, og her kunne eg ha snakka om himmelen, hamna vi i vår første (og siste) trafikkork denne dagen. Vegen til Milford Sound var heilt ok Ei lita elv vi kryssa på vår bilveg Det er i motbakke det går oppover Vegen til Milford Sound er asfaltert og godt merka med tanke på attraksjonar. No er dei fleste 'attraksjonane' langs denne vegen ikkje spesielt imponerande for ein nordmann. Det er eit fossefall her, eit fjell der og ein skog der. Litt av poenget med denne turen å få litt sol på skrotten og slik sett innfridde Milford Sound, trass i at dette skal vere det området i NZ der det kjem mest nedbør per år. Nedbørsmengda i Bergen blir visstnok som ei teskei samanlikna med kva som kjem her, men vi hadde +20 grader og sol, så vi var veldig fornøgde. Dagens første mål var Key Summit. Vi parkerte bilen på rolege 518. moh og tassa av garde langs ein godt tillaga sti. Fjelltoppen ligg på fin-fine 918 moh.. Turen opp tok oss knappe to timar og utsikten derifrå var heilt grei. På toppen kom vi i prat med ei britisk tøtte litt oppi åra og hadde ein triveleg prat om by og bygd, EU, innvandring, språk og historie. Med fare for å generalisere, vil eg påstå at kvinner som er på åleinetur er litt spesielle. Ok, dette er ikkje mine ord, men mor mi har sagt det og då må det vere sant. Ho som vi møtte, var nok litt spesiell, men det var triveleg. Kanskje er eg litt spesiell sjølv. Like barn leiker best, pleier fatter'n å seie. Utsikten frå Key Summit, 918 moh. Fjellapa i meg var ganske godt fornøgd I det våte element Heldigvis hadde vi starta såpass tidleg på dagen at vi unngjekk den verste varmen. I to-tida lukta kvikksølvet på 25-talet. På dette tidspunktet låg eg og duppa i sjøen i Milford Sound. Fy flate, det var digg! For den nervøse lesaren kan eg allereie no roe gemytta med å røpe at badebileta ikkje gjekk gjennom sensuren. Milford Sound Sensuren er heilt feilfri... Sjølve tettstaden Milford Sound er litt slitsam. Her er det mykje folk samla på ein liten stad, mattilbodet er i beste fall stusseleg og nemnde eg at det ofte er mange menneske her? Staden er perfekt for fjordcruise og slike ting. Det er òg fleire turstiar i området. Med andre ord: Dersom du har med matpakke og bestiller båtturen via Internett, slepp du unna dei verste folkemengdene. Den observante lesaren har kanskje fått med seg ein viss 'sosial angst'. Når ein bur i Finnmark blir det etter kvart ei vanesak å køyre 35 mil utan å møte meir enn 15–20 bilar – sjølv i påskeheimfarta. Ku i tunnellen På tur tilbake frå Milford Sound i retning Te Anau hamna vi plutseleg i ei supermegalang kø. Køa i fasttrack på Gardermoen blir som ein fjert på gassplaneten Jupiter til samanlikning. Idyllen rår Idyllen slår sprekkar, men ikkje fjellet Ingen grunn for UP å rykke ut i dag Det viste seg at tunnellen, utan omkøyring, var stengt. Bussen til ein eller annan nisse hadde brote saman og måtte trekkjast ut av fjellholet. Treng eg å nemne at det berre var eitt felt gjennom tunnellen? Heldigvis var det godt vêr og etter ein runde med solkrem, var vi klare til venting. Ganske fort oppstod den typen fellesskapsskjensle som gjerne dukkar opp blant folk med felles skjebne. God stemning. Ein times tid seinare var vegen rydda og vi kunne køyre vidare. Eit kveldsmøte For å dra mest mogleg nytte ut av dagen vart det ein kveldstur til Mariansjøen. Dette er eit vatn som ligg inneklemt mellom fjelltoppar på godt over 2 000 moh. Sjølve vatnet ligg eit godt stykke lenger ned, men det er ei god stigning frå parkeringsplassen. For ein nordmann er ikkje dette ein veldig eksotisk plass, men eg synst det er fint å vere ute, så kvifor ikkje. Heilt ille var det no ikkje, den saka er sikker. Ingen av bileta frå Mariansjøen vart heilt perfekte, sola gjorde himmelen for lys Turen opp til Mariansjøen tok omtrent to timar og det var ganske fint å gå opp, vel verdt turen, spør du meg. Pussig nok sov eg veldig godt natt til neste dag. Neste episode: Åtaket. Opprørsk stemning. – For å oppfylle danskkvota, vil neste episode bli presentert på sidemål. – For ev. klagarar: Ta deg eit stev!
Episode 14: "Vingespent" – Fra Te Anau til Dunedin (29 mil) Ny dag, nye muligheter. Vi skulle nå bevege oss til turens siste reisemål, Dunedin, en kjøretur på 29 mil. På veien til NZs eldste by, ble vi plutselig veldig heite og hoppa i havet. Et lite bad i Stillehavet er ikke å forakte Selo(d)rama Før vi rullet inn i Dunedin, tok vi turen ut på Otago-halvøya som ligger like ved byen. Der er det både fugl og fisk. På Otago-halvøya ligger det et albatrossenter, et fuglefjell, en pingvin- og en selkoloni. Siden jeg er i overkant glad i dyr, fikk jeg lurt kameraten min med utover på denne turen som skulle vise seg å bli mer farefull enn noen av oss hadde trodd. Vi ble rett og slett ofre for oppviglersk virksomhet. Selfie Selfie Den karen, eller frøkna, som er avbildet over skulle sette en støkk i oss begge. Selopptatte som vi er, tenkte vi å gå så nært som mulig, selsagt. En selsom opplevelse ventet oss for plutselig fant Selfie ut at vi var dumme og selekterte oss som sitt neste selbedrag. Hvorfor bedrag? Jo, for først poserte dyret vakkert og pent, men i neste øyeblikk freste selskinnet mot oss med et intenst hat i blikket. Vi fryktet selmord, men greide selsagt å selvakuere området. Om ikke annet var det en selden ting for oss å være byttet i en seljakt. Noe senere hadde vi kommet oss på trygg avstand og tok andre ting i nærmere øyesyn. Det mest imponerende var å se en fullvoksen albatross sveve noen meter over hodene våre. Fuglen med verdens største vingespenn er ingen smågutt, akkurat. Pingvinkolonien fikk vi også sett på, men der var det bare noen unger hjemme i noen små huler i bakken. Disse valgte vi å la være i fred. Alt i alt er Otago-halvøya et spennende turistmål for den dyre- og fugleinteresserte. Etter å ha tasset rundt på Otago et par timer, vendte vi nesen inn mot Dunedin for å finne hotellet vårt. Byen er selsagt (hihi, jeg kunne ikke dy meg) full av bakkestartskryss. Til slutt fant vi heldigvis fram og leverte japaneren vår tilbake til Avis. Kvelden brukte vi til å tusle rundt omkring i byen og slikt. Mer om det i neste episode. Luffen i været! For den nyfikne: I Dunedin overnatta vi på Law Courts Hotel, et sted med trivelig betjening, ok frokost og helt greie rom. Prisen var heller ikke så verst, rundt 500 kroner per snute per rom. Neste episode: Hvor er jeg kommet nu, her er så underlig! Et forvirrende møte.
Forstår jo hvorfor du valgte bokmål (danskmål) til denne posten, hehe... Ble litt misunnelig på det med albatrossene! Fantastiske fugler. Men jeg lurer litt da, er damer som reiser alene på tur mer spesielle enn menn som gjør det samme?? Jeg reiser ofte alene, men føler meg jo ganske normal ellers ( det kan selvfølgelig være et selbedrag...) Men ellers, igjen takk for herlig rapport!
Hehe, det er nok neppe et selvbedrag og det er sikkert ikke forskjell mellom karer og damer som reiser aleine. Folk som påstår at de kjenner meg, mener at jeg er litt snurrig skrudd sammen. Tenke seg til! Vi er vel alle litt pussige på hver vår måte. Min generalisering over var mest ment å skulle slå tilbake på meg selv i påfølgende setning
WOW.....bare WOW.... !!!!! Fantastisk rapport -godt skrevet og glimrende bilder. Her skal det planlegges tur....som blir gjennomført, men om en 4-6 år....
For en fantastisk rapport! Du skriver så godt og levende og.. nei, jeg er rett og slett imponert! Ellers VELDIG gøy med bilder og beskrivelser av stedene jeg selv likte så godt da vi virra rundt med bobil på NZ for snart ti (!) år siden.. På den tiden var det forøvrig steinovnspizza som gjaldt i Q-town
Føyer meg inn i rekken av hyllester. Var på utveksling i CHC i 2009 og savner landet fryktelig når jeg leser. Var aldri på nordøya, så der har jeg en unnskyldning til å dra tilbake. Hyll!
Tusen takk Forhåpentlegvis blir det nærmare 4–6 timar (enn år) til du set kursen mot NZ! Tusen takk, blir heilt varm om hjarterota her. Steinomspizza, faktisk. Du får ta turen tilbake for å sjekke ut fergburgeren. Kanskje ei litt tynn unnskulding for å reise langt, men du får jo med deg mange andre opplevingar i same slengen Tusen takk! Spørsmålet er kva unnskulding det er som held deg heime (sånn bortsett frå kvardagspliktene)
Episode 15: "Når enden er god" – Siste dag i NZ Den årvakne lesaren stussar kanskje no på kvifor eg har kome til episode 15, når eg i starten lovte 14 episodar. Vel, det er kanskje det aller største mysteriet i denne påskekrimmen. At løysinga kan ha noko med litt svak planlegging frå forfattaren si side, er noko som ikkje vil bli kommentert. Til saka: Dunedin er NZs eldste by ser veldig britisk ut, reint arkitekturmessig. Slik sett var det litt merkeleg å komme hit. Kvelden på dag 14 gjekk med til eit heftig inntak av middagsmat og litt vandring på måfå rundt om kring i byen. Nokre bilete frå Dunedin Vi hadde totalt eitt døgn i Dunedin. Etter å ha levert den kvite japanaren vart det mentalt sett vanskeleg å gløyme at turen snart var slutt og at arbeid og snøstormar venta rundt neste sving, men vi tassa no litt rundt i byen og slappa av. Jarnbanestasjonen i Dunedin ser ut som importvare frå Storbritannia Vel tilbake på hotellrommet innsåg eg at her var ei heftig ompakking nødvendig så etter kort tid låg skitne klede, innkjøpte ting, gåver og dingsebomsar strødd rundt overalt. Heldigvis var rommet ganske romsleg. Det blir jo gjerne slik at ein kjøper eit par 'småting' når ein er ute på tur. Neste morgon heldt ompakkinga fram og siste gløtt på byen vart gjennomført. Flyet vårt hadde avgang kl. 16:00, så vi hadde eigentleg god tid. Den nyfikne kan lese om flyturen vår her: – https://insideflyer.no/forums/threads/reisebrev-på-økonomiklasse-til-new-zealand-via-singapore.4994/ For vår del var det lite anna å gjere enn å vinke farvel til Stillehavet og NZ for denne gong. Stillehavets bølgjer slår innover strendene sør for Dunedin Eit slags etterord Korleis oppsummere alt dette kort? Vi gjer eit forsøk: For ein nordmann er kanskje ikkje all naturen supereksotisk, men nett som for Noreg er naturen ei salsvare i NZ. Dei har god grunn til å reklamere for naturen. Turistnæringa er vel generelt godt utvikla med eit rikt tilbod av aktivitetar og organiserte turar (frå nokre timar og over fleire dagar). Vi lærte at vi nok kunne ha brukt nokre kroner ekstra her og der på overnattingane, men slik er det no innimellom. Den beste overnattingstypen etter mi meining er gardsovernatting, såkalla 'farm stay'. Vi var i alle fall veldig heldige med vertskapet. Avstandane i NZ er ikkje så store på kartet, men det kan bli hektisk om du prøver å gape over for mykje på kort tid. Vi hadde to veker, vi burde nok ha hatt ei veke eller to til. Det hadde vel berre resultert i at vi hadde prøvd å sjå meir, så det spørs om det hadde vorte like hektisk. Prisane er heilt ok, du reiser ikkje hit og håpar på søraustasiatiske prisar, men generelt sett er ting litt billegare enn i Noreg, kanskje 5–15 % billegare. Å køyre i NZ er veldig enkelt. Vegane er godt skilta, det er relativt lite trafikk og køyrestilen er ikkje langt unna her heime. Utfordringa er venstrekøyringa, men vi synst dette gjekk heilt greitt etter eit par timar bak rattet. Folk er utruleg trivelege og har ei avslappa tilnærming til livet. Dei er hjelpsame og vi følte oss aldri utrygge nokon stad. Kort sagt: Ein vakker dag skal eg tilbake til New Zealand! Sauar er alrighte dyr Heimen til Bilbo Lommelun i Hobsyssel, NZ Tusen takk for at du orka å lese alt dette, takk for følget!
Veldig bra! Vært veldig gøy å lese alle 15 episodene! Håper det kommer flere reisebrev fra andre turer i fremtiden!
Ble ikke ferdig med rapporten før i dag. Wow for en fantastisk flott og velskrevet rapport Synes virkelig at du skal skrive flere rapporter. NZ virker som et fantastisk land, som har utrolig mye forskjellig å by på. En tur dit i framtiden er ingen umulighet. Takk for turen
Tusen takk for ein flott føljetong, har kosa meg med alle episodane. Du har brukt mykje tid på å dele turen med oss, det set eg stor pris på. Har notert i svarteboka at eg skuldar deg ei øl.
Er på ferie og har akkurat fullført reisebrevet ditt. Gratulerer med et strålende reisebrev. Du har tydeligvis nedlagt MYE tid og arbeid her...takk for at du deler.
Tusen takk Kven veit? Eg er svak for krav frå folket Tusen takk! Det tek si tid å bla gjennom alle dei bokstavane, så at du greidde det så fort er no ganske imponerande, spør du meg Så bra at du likte det. Tusen takk Tusen takk! Brukte vel lengst tid på å leggje ut alt her på forumet