Ein kjernefamilie og ein østerskniv, reiser under jorda for å minnast eit tidlegare liv

Tråd i 'Reisebrev' startet av ValdresBjarne, 09. des 2018.

  1. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt InsideFlyer Skribent

    Innlegg:
    2,178
    Likes mottatt:
    4,200
    Bonuspoeng:
    113
    Treng ny slikkepott!

    Også tilpasser eg mappa etter kvar eg skal. Østerskiv er viktig down under!
     
    Kristian, drsyk and democomputer like this.
  2. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt InsideFlyer Skribent

    Innlegg:
    2,178
    Likes mottatt:
    4,200
    Bonuspoeng:
    113
    Lite dramatikk på OSL og til FRA, sett bort frå at bagasjen blir sendt uten pri-tag, då dama ikkje fekk med seg at me var EBG eller reiste biz. Utstyrsbytte på LH, så flytta frå rad 1 til 8 frå ein 321 til ein 320.
    Noko fikkel å finne shuttle til hotellet, men når me fant frem så såg hotellet ut som det var bra. Diverre har enten Hyatt eller Expedia knøla til bestillings, og både på utsjekk og innsjekk bruker me tid på nett det samme og mister verdifull frukost tid på FRA. Kun ein frukost på Air Canada:(
    IMG_20181213_095853.jpg IMG_20181213_095903.jpg IMG_20181213_095926.jpg IMG_20181213_095959.jpg i IMG_20181213_100015.jpg

    Men elles smiler solen. Fogelen har landa
    IMG_20181213_094141.jpg
    Og no er det berre å vente til dei har gjort klar andre etasjen for ankomsten.
    Meir info kjem når me har langs i Australia grunna att me er opptekne med å nyte equipment, catering, crew, jetlag og champis!
     
    jgroneng, DanH, Are and 23 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,121
    Likes mottatt:
    12,303
    Bonuspoeng:
    113
    Me ser fram til fleire opplysningar om livet i dei eleverte klassar. Nyt turen! Herleg å følgja med så langt :)
     
  4. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt InsideFlyer Skribent

    Innlegg:
    2,178
    Likes mottatt:
    4,200
    Bonuspoeng:
    113
    Våre born er herved øydelagt for all framtid. Me kan aldri overhovud ta dei med inn på eit fly uten å tenke på våre fyrste flygninger i Singapore Airlines betre klasser, og må kan nok aldri fly på vanlig economy på eit lengre strekk. Om dette klassifiserast som barnemisshanldling, det er eg usikker på, men eg trur om eg tok dei med ut på ein 12 timers så ville dei ha syntes det.
    For å toppe det opp, så gjekk med ned i 1 etasje på A380en i pysjen vår, og brøyta oss gjennom ein kø, men 11 åringen vart litt stressa av kaoset og støyen der nede, så me gjekk opp og strekte litt på beina.

    Men nok om intro, no er det på tide å ta turen inn i A380 rad 96 til SIN og seinare på A350 9V-SMP til MEL!

    Etter å ha kost oss i ein stille og rolig Air Canada Lounge, så tenkte me at me skulle avslutte i Senator Loungen, men her var loungen travel og full, og me fekk ikkje den roen som me hadde forventa, og gjekk etterkvart mot A380.

    Ungene var gira, og klare for nye eventyr, og skimtar fogelen som nærmar seg meter for meter. Me klarte ikkje halde dei att, og dei fekk kvart sitt boardingpass og viste dei skulle sitte bakerst.

    O, du store min tid, skal me inn på denne?
    mighty bird, FRA.jpg
    A380 er stor på nært hald!
    a380 boarding.jpg

    Å komme mot eit Singaporefly, og ta det siste steget inn i flyet, mens ein viser sitt businessclassboardingpass(som me såklart hadde oppgradert til på FRA) til Singaporeverten, kan få det til å krible i kroppen, og når ein tek steget videre forbi galley og kjem ut i businesskabinen, så har det ikkje helt gått opp for ein at du skal faktisk få lov å dele 12 timer med flyet, kabinen og mannskapet. Flyet var spottless, hadde god aroma og hadde lett julepynting. Sjølv om dekoren er frå 2006, så synes eg at den har eit klassisk preg, og den såg betre ut i verklegheita en på bilete.


    business kabin, bare del.jpg Det var nokre seter ledige(men bortimot fullt), og dei fleste var i vår del av kabinen. I vår A380 så var det overheads på sidene og på midten, men den bakerste var delvis fylt med andre ting, så me måtte flytte over noko litt lenger fram, men No Worries som ein seier her nede!

    Me hadde heile seterad 96, som blir ein slags liten minikabin og bulkhead heilt bakerst.
    setet 2.jpg Her var det ein krakk foran heile vegen, og du hadde stor fleksibilitet!
    non bulkhead sete.jpg Non-bulkhead har berre eit lite innsmett. Fekk aldri tid til å teste det, då me hadde 4 non bulkheadseter, men det såg ut som om folk klarte fint å sove her også.

    aminetys.jpg
    Litt amenitys var det også, men ikkje så mykje!

    Mannskapet var godt til stades og hjelpte oss der dei kunne hjelpe, og me fann oss fort til rette. Flyet var bortimot fullt, og me merka at det var nok å gjere før avreise, uten at det var eit problem. Me kosa oss på seterad 96, som eg må seie var eit fantastisk val. Me merka litt trafikk forbi, men det var ikkje meir en på rad 1 eller 2 på 737 til SAS, og det sto aldri kø forbi. Nokre har klaga på at det er for kaldt her, men for vår eigen del, så var dette ein av fordelane, og det er litt kaldare her en foran i kabinen, grunna to dører rett ved, men eg fekk eit ekstra pledd for mine 193, og då fekk eg dekka meg til.
    Før avreise, så hadde me hatt eit svare strev for å få ting til å gå ihop på jobben for ein så lang tur, men formen var fin for min eigen del før avreise. Fruen hadde ein litt tøff start, men me fekk reparert litt. Eg tok meg eit glass med Cremant(de Loire) i senator loungen, og etter det så slo kroppen seg litt vrang, og eg sleit litt med å få matlysta i gang på turen. Då vart det diverre berre eit halvt glass champagne, før det gjekk mest i vatn med bobler, frukt og juice på reisten av turen, men skal du velge å vera skral på ein flytur, så trur eg at me valgte rette klasse og selskap å gjere det på. Eg kan berre tenke på korleis det hadde vore å sitte i bussklasse med formen min, men det vart heldigvis berre med tanken,

    Men litt matlyst hadde me, og min 11 åring kosa seg nok for oss alle, og fekk testa det meste av kva A380 hadde å by på!
    kamskjell.jpg Me fekk fyrst ein apetittvekkar, som var satay, og alle satte stor pris på denne, sjølv om mannskapet hadde sine betenkeligheiter med å servere dette til 6 åringen! Han åt det opp, og såg langt etter meir.
    Så kom forretten, som var kamskjell. No er vel eg over gjennomsnittet bevandra med mat, og kamskjell har eg dykka etter og ete etter avslutta dykk, og kan vera vanskeleg å få 100% nøgd, men dette kunne dei spart seg. Det var ein såkalla mousse av aprikos og gresskar, og dette var meir ein fast stappe, og alt for mykje. Kamskjella var litt seige, og føltes gamle, men eg åt opp maten min, sett bort frå stappa.

    middag.jpg Hovudretten var då noko betre, og det var gode biter med kylling, særs god saus, men litt tørr ris. Eg hadde lyst på biff, men magen var ikkje heilt einig. Fruen og frøken var veldig nøgde. Eg fekk ein perrier ved siden av, som var magen sitt val

    Junior hadde valgt heimafrå
    yummy.jpg
    No er dette litt under måltidet, men dette gjekk ned på høgkant, og han var særs nøgd. Vanligvis ville me valgt inflight måltidet, men her var det ting som han kunne ha reagert på, og han er ein litt sta 6 åring, og då kunne han ha slått seg litt vrang. Men dette måltidet var han nøgd med, og når han fekk kvitlauksbrød, så vart det heilt topp. (Caprisunen vart ikkje rørt, då det gjekk i cola, boblevatn og juice)

    Kaker og dessert tok eg ikkje bilete av, då eg avslutta måltidet, og fann fram senga!

    Frøkna fekk testa ut det meste på flyet, og ho bestilte det meste ho kunne finne på menyen, og testa varm sjokolade og nattmat under. Imponert over at 11åringen fikser alt på engelsk uten at far må hjelpe til

    nattmat.jpg

    Fyrste flygning med Singapore Airlines i Biz og i ein A380 unnagjort, og me var særs imponert over dette.
    Eg veit at det er ein del debatt om dette setet, og eg skal komme med ein full rapport om alle setene til Singapore, (når eg får testa 2017J config)
    Men slik me opplevde dette, så var det eit særs behagelig sete når du hadde bulkhead, og det såg også stort ut som vanleg sete. Med mine 193, så er ikkje setet for langt, og eg tipper nok at senga måler rundt 195, men eg liker å ligge litt på skrå og krølle meg litt, så dette var komfortabelt. Du merker at det er samansatt, men du tilpassar deg dette kjapt. Eg er einig i at reclinen er litt begrensa, men det går ann å bygge seg opp når det er seng, men dette er vel det dårligste med dette setet.
    Når det gjeld seteval, så ville eg nok valgt rad 96 oppatt, då dette var heilt perfekt for oss med born. Me kunne lett gå mellom setene, og me hadde gjennomgang mellom rad 95 og 96. Midtsetene er ikkje kanskje av dei mest private setene, men topp når ein reiser saman.
    Ved eit så fullt fly, så kom sørvisen sist til oss, noko som er positivt og negativt, men me hadde eit sete godt plassert i forhold til å få konstant oppfølging.

    No er klokka straks 0700 i Melbourne, og det er på tide og forberede frukost, så då kjem A350 opp neste. Her hadde me fått sikra oss eit bulkhead sete, og reisten på seterad 12, men alt vert ikkje som planlagt skal ein sjå
     

    Attached Files:

    Last edited: 14. des 2018
    TigerTravel, jgroneng, DanH and 32 others like this.
  5. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt InsideFlyer Skribent

    Innlegg:
    2,178
    Likes mottatt:
    4,200
    Bonuspoeng:
    113
    Etter å ha landa på A gate, så var turen videre på B gates, og me fekk tid til å gå gjennom eit julepynta og ganske travel handlegate på Changi. Me hadde ikkje for god tid, og magene var mette etter ein fin tur med A380, og sjølv om me gjekk forbi Silverkriss loungen, så hoppa meg elegent over den. Frøkna, som er fanatisk for lounger, var faktisk einig(søvnmangelen let seg vel skinne gjennom etter 12 timer med å nyte sørvisen i a380).
    Det var nokre skritt og gå, men det var godt å få strekt litt på kroppen i vertikalen, etter å ha vore i horisontalen i ein del timer.
    Alle gater i SIN har ein ny sikkerheitskontroll, og til Australia så fekk ein ikkje ha med seg tax-free varer eller flytande gjennom, sjølv om dei kun tok ei av tre flasker med vatn frå oss. Gaten var rolig, då det kun var vårt fly som satt opp med avgang. Rundt oss var ein A380, 777-200, 330 og vår fogl, A350!
    a350.jpg
    Solbrilleflyet
    a350 og a380 lander bak.jpg
    Mens me sto å venta, så landa det to A380 på rullebanen foran oss. Og, ha, for eit fantastisk fly!

    Me hadde plukka opp eit bulkheadsete, og elles hadde me 3 seter ved siden av kvarande på rad 12. Flyet var bortimot fullt når me sjekka expertflyer, men det var stille og rolig på gaten. Me fant oss ein leikeplass, men leiken uteblei då ungene satt stille og rolige. Etter å ha vore rundt i området, så begynte boarding omsider, og me tok oss god tid og spaserte inn i flyet når andre gruppe av economy passasjerer gjekk ombord. Me gjekk rett til gate, uten kø, på biz køen, og ungene fekk kvar sine boardingpasss, og leda an. Det var kort veg inn, og me vart motteken på ein slik måte, at me følte at dette var eit heilt topp crew, noko som skulle vise seg sant.
    Ein merker at ein kjem inn på eit spesielt fly, når ein kjem inn på 1Left, og det er ein stor galley, med ein lang gang inn til cockpit. Me finn oss til rette i ein halvfull hoved businesscabin fremst i flyet. Eit fantastisk fly, med eksklusiv og elegant innredning. Har funnet ut at Singapore Airlines bisiness kabiner har ein heilt anna aroma en noko anna fly eg har floge med. Eg kan ikkje spesifisere den, men den er litt floral, og eit elegant nøytralt preg. Og det er vel kanskje nettopp det, fraværet av å sanse tidligere passasjerer som er spesielt. På A350en så kjente med dette endå tydligare.
    Crewet ombord var særdeles hyggelige, og viste tydeleg at dei likte å jobbe saman. Me såg også at cockpit var open, og me vart invitert(ok inviterte oss sjølve inn) og fekk prate med Kaptein Singh, som var ein særs hyggeleg australier. Og ein ser også her, at dette er eit heilt spesielt fly. Kaptein Singh var også veldig tydeleg på at dette var hans favoritt fly.
    Så var det på tide å sette seg ned for å forberede for avgang.
    setet mitt.jpg Setet i A350 er eit flott behagleg sete, men for ein på 193, så merker ein at dette er eit mindre sete en det på A380en, og føltes som ein nedgradering. For ein familie, så var det også litt kjedeleg at det var vanskeleg å bevege seg til kvarande på midten. Ein bør faktisk vurdere å dele midtgang mellom kvarande, om ein skal reise med familie på dette flyet, og det kan vera med endrer litt på dette til heimreisa.

    Me hadde trekt lodd om kvar me skulle sitte, og fruen fekk starte her fyrst:
    lagring under setet.jpg Bulkhead seter er fantastiske, og det ein stor forskjell på desse to på A350, så når me ved boarding complete set at midtsetene på rad 11 var ledige, så var det berre å vera frampå, og jammen meg, så fekk me ikkje tre seter i bulkhead her, og det vart ein fantastisk tur.
    nytt sete 11d.jpg
    Frøkna vart etterlatt i eit vanlig sete
    frøna i non bulk.jpg

    Før avreise, så sovna frøkna endeleg, og reisten av følge, - junior på 6, var også slacke. Det tok litt tid gjennom turbulens, og me fekk omsider snudd setet til frøkna i lufta. Og her ser ein det kjedelege med at ein må snu setet for å få fram senga. Me opplevde det samme på A380en, då junior sov ved ankomst, og me må då løfte han opp frå setet, endre senga til sete, og sette han nedatt. Og her var det samme, så me flytta ho til nabosetet, og gjorde klar senga på 20 sekund, og ho sov reisten av turen.

    Me fekk oss ein kontinental frukost, og sov reisten av turen. Det skal seiast at junior på 6, satt og leika i senga si, rundt bordet sitt i sitt bulkheadsete, og me fekk ein god ryddejobb for å finne fram alle biler og leiker som var plassert i alle holrom i setet når me skulle lande.
    Den einaste som ikkje sov, var etterkvar junior, og når eg vakna midtvegs i flyturen, så hadde han fått seg sjokolade, nøtter juice og vatn, så han hadde vist fått sørvis, mens heile den andre gjengen sov. Crewet tok dette særs bra, og ga komplementer ovenfor ham. Han er ein liten sjarmør når han vil.

    Utover dette, så brukte me tid på å sove, og junior sovna også til, og når lunsj vart servert, så var det kun eg som var vaken. Eg hadde bestilt Lobster Thermidor, men her var eg mest imponert over forretten, som var andebryst, som var ein god rett. Hummeren var ok, men eg kjem ikkje til å bestille den meir. Det blir litt lite om maten her, og litt kjedeleg del her, men dette skal fiksast på returen, då eg håper formen for å ete og drikke er mykje betre.

    Ankomst MEL gjekk smooth, og me skippa køane med fasttrack-lappen som vart delt ut, og måtte kun vente litt på eit bodyboard. Immigration gjekk på sekunder, då dei ikkje ville sjø ølet, treutskjæringane eller syltetøyet me hadde med.

    Me fekk pakka opp alt på tre traller, og fant ein stor nok taxi, og ut frå flyplassen såg me til venstre og såg ein kangaroo på fyrste forsøk. I Melbourne hadde det vore syndflod, og det var trafikk-kaos på ein fredagskveld klokka 19, og det tok litt tid å komme inn. Men etterkvar kom me oss opp i 22 etasje på Wyndham på 199 William street,
    wyndham view.jpg

    Flott leilighetshotell med to soverom til rundt 1000 kr natta og viatrumfbonus på expedia.
    Me gjekk ut i fredagsnatta, og møtte på fulle folk på vår tur til coles. Me fekk kjøpt det viktigaste
    its a farmers unio iced coffee, or nothing.jpg Og fant etterkvart ein spiseplass, som ikkje var den gyldne måke, og som var ope
    norsk vann.jpg
    God curry!

    Alt i alt ein topp tur, i det som må bli min beste flygning so far!
    No har eg floge 77W, 777-200 ER, A330, A340, 787, A380, 747-(tre variantar) og no A350. A350 er fantastisk på dei fleste måter. Det er lite støy, merker mindre til trykk og fuktigheits problem, og det rir turbulens på ein behageleg måte, sjølv om både A380 og 747 er gode her. Vil prøve å gjere mitt for å fly i andre etasje på ein 747 før dei vert fjerna hos LH, men wow, A350 var flott!

    No er det bilkjøring til Adelaide, østersopning, grilling og generelt nyte Australia som står på programmet framover. Me har fått oss 20GB for $20, så no har me med oss nett og telefon på tur, og det er kjekt og ha dualsim telefon med seg.
    Neste oppdatering kjem på Kangaroo Island!
     
  6. jtmath

    jtmath Senior Medlem

    Innlegg:
    595
    Likes mottatt:
    361
    Bonuspoeng:
    63
    Ser kjempe flott ut :) gøy og se at barna koser seg på tur. Vi skal også på tur til Australia i Mars og skal kjøre fra Brisbane til Sydney og fly til Melb etterpå. Så vilket Simcard har du valgt? må ha det som gir best dekning på veien? kjøpte du det på flyplassen? Ha en god tur videre :)
     
    ValdresBjarne liker dette
  7. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    2,844
    Likes mottatt:
    12,162
    Bonuspoeng:
    113
    Det er nok colognen frå do. 8 (?) x 100 ml cologne / 40-60 pax per flight, så set godlukta seg i både veggar og tak i kabinen. :)

    God tur vidare!
     
    DanH and ValdresBjarne like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,121
    Likes mottatt:
    12,303
    Bonuspoeng:
    113
    @ValdresBjarne Artig å lesa om ungane og kor fint dei ser ut til å ha det. No skin det vel gjennom at heller ikkje far (og mor) vansmektar. Gler meg meir og meir til eigen flytur med SQ på nyåret! :)
     
    ValdresBjarne liker dette
  9. SVG_flyer

    SVG_flyer Senior Medlem

    Innlegg:
    856
    Likes mottatt:
    642
    Bonuspoeng:
    93
    Hei, et sjapt spørsmål er det ikke lovt å ta med inn taxfree varer til Australia fra Europa?
     
  10. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt InsideFlyer Skribent

    Innlegg:
    2,178
    Likes mottatt:
    4,200
    Bonuspoeng:
    113
    Kun om det er i innsjekka bagasje eller kjøpt på siste stopp før Australia. På SIN leverer dei kjøp til gate
     
  11. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt InsideFlyer Skribent

    Innlegg:
    2,178
    Likes mottatt:
    4,200
    Bonuspoeng:
    113
    Kjøpte det som var billigst på å prate med Norge og då var Vodaphone best. Halv pris på 40 dollar, så 20 dollar for 17GB og 500min til Norge. Gratis i Australia.
    Telstra har best dekning, men dyrest.
    Alle kort må aktiveres, og enklest å få gjort hosforhandler med eit pass
     
    Sonictravel liker dette
  12. watchaddicted

    watchaddicted Reisende fant

    Innlegg:
    1,339
    Likes mottatt:
    2,363
    Bonuspoeng:
    113
    Kjekk lesning dette og flotte bilder:)
    Vi er nå i Perth og ankommer Adelaide tirsdag. Blir det julefeiring i der på dere også?
     
    ValdresBjarne liker dette
  13. Jorge

    Jorge Senior Medlem

    Innlegg:
    735
    Likes mottatt:
    719
    Bonuspoeng:
    93
    Så noen må drive lobbyvirksomhet for å få SIN til å ta inn norsk akevitt før jul da...
     
    Sunnfjordingen liker dette
  14. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    2,844
    Likes mottatt:
    12,162
    Bonuspoeng:
    113
    Dei har Jose Cuervo tequila i butikkane der. Det smakar omtrent det same. :)
     
    DanH and ValdresBjarne like this.
  15. RoadKing

    RoadKing Fastboende

    Innlegg:
    8,217
    Likes mottatt:
    10,708
    Bonuspoeng:
    113
    Helligbrøde!!! :eek:. Sammenligne nasjonaldrikken med gjæret kaktussaft!!! Fy skam seg :confused:;)
     
    Last edited: 16. des 2018
  16. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt InsideFlyer Skribent

    Innlegg:
    2,178
    Likes mottatt:
    4,200
    Bonuspoeng:
    113
    Jepp!
     
    watchaddicted liker dette
  17. SVG_flyer

    SVG_flyer Senior Medlem

    Innlegg:
    856
    Likes mottatt:
    642
    Bonuspoeng:
    93
    Hei igjen, så hvis du kjøper vin eller champagne i singapore i taxfree butikken så kan du ta det med til Australia? Det blir ikke tatt ved vekk ombordstigning?
     
  18. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt InsideFlyer Skribent

    Innlegg:
    2,178
    Likes mottatt:
    4,200
    Bonuspoeng:
    113
    Du må be dei frakte den til gate. Står klar når du går ombord
     
    SVG_flyer liker dette
  19. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    4,381
    Likes mottatt:
    16,011
    Bonuspoeng:
    113
    SLUDDER!
     
    Are, Jorge and Sunnfjordingen like this.
  20. SVG_flyer

    SVG_flyer Senior Medlem

    Innlegg:
    856
    Likes mottatt:
    642
    Bonuspoeng:
    93
    Den er god, takk for infoen
     

Del denne siden