Eit slags reisebrev frå Svalbard

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 04. okt 2016.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Hausttur til det spitsbergenske
    Sidan eg er ein samvitsfull borgar av den norske stat ser eg det som mi fordømde plikt å sjekke tilstanden i norske koloniar og andre stader der fedrelandet har interesser. Slik kunne eg forsvare ein helgetur til London, vårtur til Seattle og sommarferie til Island. Eg kallar det inspeksjonsrundar. No i haust hadde turen kome til Svalbard.

    20160905_114605.jpg
    Frå Svalbard er det eit stykke til det aller meste

    20160905_114848.jpg
    Det er 1 000 km frå Oslo til Tromsø, då er du over halvvegs til Longyearbyen

    Litt om inspeksjonsobjektet
    Øygruppa Svalbard ligg i Barentshavet på mellom 76 ̊ og 81 ̊ nord. Til samanlikning ligg Nordkapp på 71 ̊ nord og Oslo på lusne 60 ̊ nord. Som lesaren ser av bileta over, ligg Tromsø sånn omtrent halvvegs mellom Oslo og Longyearbyen, men det er lengst til Oslo frå Tromsø.

    Svalbard er rundt 10 000 kvadratkilometer større enn Finnmark rundt 60 000 kvadratkilometer. Eventuelle misoppfatningar av storleiken til Svalbard må vi skulda Det kongelege norske meteorologiske institutt for: Vêrkartet lyg!

    I Versailles prøvde diverse stormaktar i 1920 å bli einige om nokre småproblem dei hadde krangla litt om i perioden 1914–1918. Litt slu diplomatisk kløkt frå norsk side, delvis frå Store norske Spitsbergen kulkompanis side, sikra norsk kontroll over øygruppa og i 1925 trådde Svalbardtraktaten i kraft, òg omtalt som «grunnloven» til øygruppa.

    Heilt norsk er no likevel ikkje Svalbard. Alle norske lovar må spesifikt uttrykkje at dei gjeld på Svalbard og når ein i offisielle oversiktar opplyser om totalarealet til Noreg er det sjeldant at dette inkluderer arealet til denne arktiske øygruppa.

    Av desse grunnar er ein sju dagar lang inspeksjon heilt på sin plass!

    20160829_154741.jpg
    Stemningsbilete frå Langnes, TOS

    20160905_184530.jpg
    Eit lite stemningsbilete frå bollekantina på Langnes

    Dag 1: Med Bolaget til det høge nord
    For min del hadde eg tidenes mest krunglete flytur på veg til LYR: Først med Widerøe frå Aust-Finnmark til TOS, deretter SAS sørover til OSL og så same selskap nordover til LYR. Heldigvis gjekk reisa føre seg i Pluss og på OSL vart det ein tur innom gullstova, så det var ein ok start på ferien…kremt…inspeksjonen!

    map.gif
    Flyruta til Svalbard

    Både Norwegian og SAS flyg til Longyear/LYR. Førstnemnde har per no berre direktefly frå/til Gardermoen/OSL, medan sistnemnde har ein del direktefly i den lyse årstida og loffar elles for det meste innom Langnes/TOS begge vegar. Frå Gardermoen er flytida på tre timar. Frå Langnes er flytida på halvannan time.

    20160830_004727.jpg
    Stemningsbilete frå Longyear, LYR. Litt groggy fotograf grunna landing 00:30
     
    Last edited: 04. okt 2016
    KRS, FFlyer, mhsalv and 19 others like this.
  2. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD (Lifetime Gold), Strawberry Platinum Lifetime

    Innlegg:
    1,232
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    113
    Spennende.. :)
     
    Kristian liker dette
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 2: Del 1: Preliminær inspeksjon av Longyearbyen
    Som den sjølvoppofrande inspeksjonsgruppa vi er, hadde vi takka ja til å prøve ulike typar overnatting. Første natta testa vi korleis fiffen lever. Vidare skulle vi prøve overnatting av meir rustikk art før vi til slutt hadde nokre netter i lag med bermen.

    Tidleg ein tysdag vakna vi på det alle dei lokale kallar SAS-hotellet, men som ifølgje rekninga eg fekk heiter Radison eit eller anna. Sengene var gode og frukosten var litt over snittet ok. Mette vart vi – og vel så det. Inspeksjonskommitéen kviterte ut eit «Godkjent»-stempel med eit smil.

    20160830_084624.jpg
    Utsikten frå hotellrommet på Radison blue polar Spitsbergen hotell 1/2

    Som den observante lesar kan sjå på bileta frå hotellrommet var det litt grått på morgonkvisten på denne dag 2, men det betra seg kraftig og allereie til lønsj var sola framme. Vi tok oss tid til å skaffe oss eit slags førsteinntrykket av tilstanden i Longyearbyen.

    20160830_084636.jpg
    Utsikten frå hotellrommet på Radison blue polar Spitsbergen hotell 2/2

    Inspeksjonsgruppa noterte seg at ingen av vegane i Longyearbyen har namn. Dei er i staden nummererte. Dette gav inspektørane ei kjensle av å vere på Manhattan, New York. Vi har lese oss til at byen tidlegare kjent som Ny-Amsterdam er ein flott stad, så alle parallellar dit blir sjølvsagt rekna med på den positive sida.

    20160830_122928.jpg
    Torget i Longyearbyen

    Vi var òg ein snartur innom lokalbutikken, ev. daglegvareforretninga (bestemt form eintal), kjend som Svalbardbutikken. Denne er per i dag drifta av Coop. Her inne får du tak i det meste av det du treng til å drifte ein husstand.

    Butikken er samlokalisert med Nordpolet, Vinmonopolets litt meir prisvenlege arktiske ven. Her vart vi slått i bakken av prisnivået og innsåg at alle langvarige opphald der inne kunne føre alvorlege alkoholskader. Difor tok vi turen ut i meieriavdelinga. Det var ei minst like sjokkarta oppleving. Mjølk til 30 kroner literen!

    20160830_122718.jpg
    Det kostar å vere kalv på Svalbard…

    Som fleire kanskje har fått med seg gjekk det vinteren 2016 eit snøras som tok ei heil husrekkje av dei karakteristiske spisshusa i Longyearbyen. Som fleire av dei lokale som vi snakka med sa, var det berre flaks at ikkje fleire enn éin person omkom. Raset gjekk nemleg midt på dagen då nesten ingen var heime. Sidan raset gjekk heilt lydlaust tok det litt tid før folk fekk med seg kva som hadde hendt. Ingen av dei vi snakka med ønskte å tenkje på kva som kunne ha vorte konsekvensane av dette raset dersom det hadde gått på natta med mange sovande personar i husa som vart tekne.

    20160830_125503.jpg
    Typiske spisshus i Longyearbyen

    20160830_122935.jpg
    Parkeringsplass med utsyn i Longyearbyen
     
    Last edited: 04. okt 2016
    FFlyer, AndersWE, Fridtjof and 11 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 2: Del 2: Ut i naturen med lokale svalbardianarar
    Til lønsj skulle vi møte dei to personane som vi leggje til rette for ein vellukka inspeksjon dei neste tre dagane. Det var med andre ord på tide å finne fram den store inspeksjonsblokka og på høg tid å fukte stempla. Turen gjekk til Fruene, ein travel kafé midt i sentrum der du finn dei lokale i god miks med dei langvegsfarande.

    I lag med to representantar frå skulle vi få sjansen til å inspisere nærområdet rundt Longyearbyen dei neste tre dagane. Kartet under frå Norsk polarinstitutt i Tromsø, lett modifisert av inspeksjonskommitéen, viser omtrentleg reiserute.

    Kart.png
    Indre del av Isfjorden med Sassenfjorden og Billefjorden

    På kafé Fruene møtte inspektørane to lokale heltar: Kristin og Steve. Ho har vekse opp på Svalbard, han kom dit som femtenåring. Dei to har utruleg mykje kunnskap om lokalsamfunnet, historia og vi opplevde dei som trivelege folk. Dei har mange jarn i elden med pøbbdrift, restaurantdrift, ekspedisjonsskip og turopplegg. Meir om dette kan lesaren finne ut om på nettsida til Svalbard Explorer: http://www.svalbardexplorer.no/ Inspektørane gleda seg som ungar til julekvelden!

    Dag 2: Del 3: Inspeksjonsområde 1: Kapp Wijk
    Dei første som busette seg på Svalbard dreiv med fangst og jakt. I dag er det ikkje mange igjen, men på Kapp Wiijk bur det ein kar, Harald, som har drive med nett dette i over førti år. Han er no den mannen med flest overvintringar nokosinne på Svalbard. Det er jo ein prestasjon i seg sjølv. At han alle desse åra har budd åleine ute på fangststasjonen sin tyder på at karen trivst i eige selskap.

    20160830_155602.jpg
    Kapp Wiijk – gamlehuset

    Når ein ikkje er vand til å bli nedrent av gjestar treng ein eit insentiv til å møte folk, så vi lurte med oss ei flaske god konjakk som skulle fungere som fredspipe i fall det skulle bli nødvendig. Etter omtrent halvannan time i båt med marsjfart på 20 knop var vi framme.

    20160830_155537.jpg
    Kapp Wijk – nyhuset

    Med konjakkflaska i handa banka vi på døra, men der var det ingen som svarte. Det skulle seinare vise seg at mannen sov djupt då vi var der og hadde ikkje høyrt oss. Vi var såpass gåvmilde at vi tok ikkje konjakken med oss på vår ferd vidare. Inspektørane kunne i alle høve slå fast at naturen er vakker. «Godkjent».

    20160830_164013.jpg
    Kapp Wijk med Kongressfjellet (603 m.o.h.) i bakgrunnen

    Anekdote 1 – Ei lita avsporing
    For nokre år tilbake var det eit par sjeler som bestemte seg for å gå på ski for å besøkje fangstmannen på Kapp Wijk. Etter to dagar med snøstorm og slit kom dei fram og banka på døra til fangsmannen. Døra vart opna og replikken som falt gav hakeslepp på dei to som hadde gått langt og lengre enn langt på ski:
    Det passar litt dårleg med besøk no, eg driv og flår ein rev.
    Med døra parkert i trynet var det ingenting anna å gjere for dei to stakkarane enn å trø den lange vegen på ski heim igjen.
     
    Henrik, milehigh, AndersWE and 12 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 3: Del 1: Inspeksjonsbasen: Skansebukta
    Som base for rustikk overnatting og gransking av nærområda utanfor Longyearbyen hadde dei to glade inspektørane sett seg ut ei enkel hytte ved innløpet til Billefjorden, inst i Isfjorden. Her skulle vi bu i to netter. Aller først tok vi nærområdet i nærmare augesyn.

    20160831_185108.jpg
    Hytteliv i Skansebukta med fjellet Skansen i bakgrunnen

    20160831_221703.jpg
    Hytta er av type rustikk, ei såkalla «Svalbardhytte»

    Ved ein inkurie gløymde inspeksjonskommitéen å ta bilete av interiøret i hytta. Det vil difor bli nødvendig med ein ny inspeksjon på eit seinare tidspunkt. Det vi var skjønt einige om var at eksteriøret ikkje kunne ha vore betre.

    20160831_185116.jpg
    Rustikke Skansebukta

    20160901_092754.jpg
    Skansebukta, ved innløpet til Billefjorden inst i Isfjorden. Her låg det i for rundt hundre år sidan ei kalkgruve

    Ekspedisjonsleiar Steve er utdanna kokk og trylla fram nydeleg mat, både frukost og middag, men som uhilda inspektørar har vi ikkje vurdert maten vi fekk. Dette har absolutt ikkje påverka inspeksjonsresultatet eller innstillinga til inspektørane. Til middag på dag 1 fekk vi utsøkt finnbiff laga på ein måte vi aldri hadde smakt før. På dag to var det indrefilét med diverse attåt som smakte himmelsk. Til frukost på dag 2 og dag 3 vanka det egg servert etter personleg preferanse krydra på meisterleg vis og servert i lag med bacon. Vi rettar ein stor takk til Steve, men understreker nok ein gong at dette absolutt ikkje har nokon innverknad på korleis inspektørane arbeidde.

    #internt notat (må slettast før publisering): Ta med kokk på alle framtidige inspeksjonar.

    20160901_090557.jpg
    Isfjorden sett frå Skansebukta med inspeksjonsfartøyet i forgrunnen

    Anekdote 2 – Ei lita avsporing
    I hytteboka for Skansebukta kan du lese ei kort oppføring frå eit par år tilbake i tid, her «gjengitt fritt efter hukommelsen»: Det ble en fin tur til Skansebukta. Sannelig kom ikke sysselmannen på besøk også.

    Den fulle historia var at nokre medlemmar frå eit av dei lokale musikkbanda i Longyearbyen var på hyttetur til Skansebukta. Utover kvelden hadde dei avlevert ein del skot. Ein turoperatør som var i nærleiken såg seg tydelegvis lei på skytinga, så han kontakta sysselmannens kontor. Så fort dei skyteglade trubadurane fekk nyss om dette, rigga dei seg til i fjæra med slagverk og kontrabass og spelte ein lokal slager «Sysselmannen kommer» medan dei filma det heile. I bakgrunnen ser vi sysselmannshelikopteret:


    20160901_090610.jpg
    Høgskulefjellet (666 m.o.h.) og Skansebukta

    Inspektørane er skjønt einige med denne påstanden framsett av lokale innbyggjarar: «Når du er på Svalbard må du få lov til å teste våpenet ditt av og til utan at sysselmannen skal bry seg med det».

    Det høyrer med til historia at då Bare Egil heldt konsert i Longyearbyen i februar 2016 hadde han plukka fram songen «Sysselmannen kommer» til full allsong frå alle i salen, inkludert fleire representantar frå nemnde styresmakt. Det har ikkje lukkast inspektørane å finne teksten til songen, men vi går utifrå at lovens lange arm ikkje oppnår heiderleg omtale her. Det same gjeld vel songen «Ingen må pare seg med Sysselmannen» som vart framført på same konsert.
     
    KRS, FFlyer, milehigh and 16 others like this.
  6. Outback_Oggy

    Outback_Oggy You'll Never Walk (or Fly) Alone

    Innlegg:
    468
    Likes mottatt:
    1,749
    Bonuspoeng:
    93
    Spennende lesning! Har ikke vært på Svalbard siden tidlig på 80-tallet da jeg hadde sommerjobb på en fraktebåt som min far var skipper på - fraktet kull fra Svalbard til fastlandet. Utrolig fascinerende! Har alltid hatt lyst å dra tilbake.

    22ebd6d2abd24a7595492bbf8e188075.jpg

    5e859464e6af4f14bf0df745b9d2a294.jpg

    Ellers ser jeg frem til rapporter fra Bouvetøya og andre spennende destinasjoner... :)
     
    Last edited: 04. okt 2016
    Kristian and Baldrick like this.
  7. tommy777

    tommy777 Founder

    Innlegg:
    4,749
    Likes mottatt:
    6,448
    Bonuspoeng:
    183
    Herlig. Svalbard behind the scenes. Sånn setter man pris på!
     
    Kristian liker dette
  8. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,685
    Likes mottatt:
    10,234
    Bonuspoeng:
    293
    ha-ha-ha, knallgod underholdning @Kristian! Nesten så jeg får lyst tilbake dit selv en tur. Keep it coming!
     
    Kristian liker dette
  9. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Suverent bra! Svalbardtur står for døra om nokon månadar. Ser fram til å plukke opp nokon tips her, sjølv om eg reknar med at temperaturen vert ein ganske annan når eg får teke turen opp.

    Ser fram til resten!
     
    Kristian liker dette
  10. Outback_Oggy

    Outback_Oggy You'll Never Walk (or Fly) Alone

    Innlegg:
    468
    Likes mottatt:
    1,749
    Bonuspoeng:
    93
    Minner meg om noe jeg hadde tenkt å foreslå: Hva med en tråd med topp 3 reisetips og hva man burde oppleve der? Er ikke sikker på om Svalbard ville havne på min topp 3 liste, men kanskje på topp 5... :)
     
    Kristian liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 3: Del 2: Inspeksjonsområde 2: Fredheim
    Etter ein lang frukost var det på tide å sjekke ut det området som fangsmann Hilmar Nøis regjerte over i tidrommet 1920–1960 (omtrentleg). Med unnatak av fangsmann Harald på Kap Wijk er her Nøis mannen som har flest overvintringar på Svalbard. Han blir jamvel kalla «Kongen av Sassen». Her bygde han det som den dag i dag er den flottaste fangsstasjonen på Svalbard: Villa Fredheim.

    20160831_135447.jpg
    Utsikt frå Fredheim utover Sassenfjorden

    Seniorinspektørens far og juniorinspektørens morfar var nevø av Hilmar Nøis. Nemnde far/morfar hadde òg eit par overvintringar på Fredheim. No må ikkje lesaren tru at dette har lagt føringar for ruta som inspektørane har vald seg ut. Det vil i så fall vere ei direkte misoppfatning.

    20160831_162350-kopi.jpg
    Inspektørane utanfor hovudhuset på fangststasjonen Fredheim

    Hilmar Nøis’ onkel, Daniel, bygde den første fangsstasjonen ved breidda av Sassenfjorden allereie i 1911. Nevøen Hilmar starta opp som fangsmann på Svalbard allereie i 1909. Han heldt det gåande til 1963.

    20160831_140518.jpg
    Gamlehytta på Fredheim frå 1911

    Juniorinspektørens morfar, seniorinspektørens far, kom til Svalbard og Fredheim i 1934 i ein alder av 23 år. Om sin tid på Svalbard sa han: «Ved sidan av å stifte familie og få ungar, var tida på Svalbard den beste i mitt liv». Det vart fleire år på den arktiske øygruppa, både som fangstmann, men òg som gruvearbeidar.

    20160831_160823.jpg
    Villa Fredheim og gamlehytta ved Sassenfjorden

    20160831_160855.jpg
    Hovudhuset på Fredheim frå 1924 og der Sassendalen blir til Sassenfjorden

    20160831_153619.jpg
    Sassendalen, eit godt jakt- og fangstområde

    Som slektningar av Hilmar Nøis hadde vi krav til å kome inn på Fredheim. Sysselmannen bestemte seg for å vere vanskelege. Etter mykje om og men fekk vi likevel snuska til oss nøkkelen, men berre med lovnad om å aldri seie til ei levande sjel at vi fekk nøkkelen.

    20160831_141958.jpg
    Interiøret i Fredheim (#må slettast før publisering) 1/2

    20160831_141945.jpg
    Interiøret i Fredheim (#må slettast før publisering) 2/2

    Inspektørane kunne nøgd konstatere at tilstanden på Fredheim er god. Faktisk vart husmassen flytta rundt 200 meter lenger inn på land for å unngå at jorderosjonen aukar, dette som følgje av at permafrosten stadig trekkjer seg tilbake etter kvart som klimaet blir varmare. Heilt uhilda gir vi stempelet «Godkjent» for inspeksjonsområde 2.

    Anekdote 3 – eit lite sidesprang
    Ein gong for mange år sidan hadde det kome nokre russarar frå Pyramiden til fangstmann Harald på Kapp Wijk. Det hadde vorte drikking og god stemning. Humøret var såpass godt at då ein annan kar kom sjøvegen til Kapp Wijk utpå kvelden vart det bestemt at her skulle det helsast med velkomstsalutt.

    Ein liten saluttkanon vart funne fram og det første skotet vart fyrt av garde. Problemet var berre at hurragutane på land ikkje såg nedslaget. Difor vart det sendt av garde ein ny salutt. Ei heller dette nedslaget vart observert visuelt frå saluttlaget.

    Eit tredje skot vart fyrt av. No såg kanonlauget at båten det skaut velkomstsaluttar for dreidde av og snudde. Den glade kanonmajor heiv seg om bord i sin eigen båt og ifølgje legenda skal han på eit tidspunkt ha prøvd å hoppe frå sin eigen båt over til den salutterte båten. På dette tidspunktet vart genseren og alle dei andre kleda til kanonlaugsjefen blaute.

    Og kvifor gjorde gjesten vendereis? Jo, saluttskota gjekk rett i skroget på den nye båten hans. Han var vel redd for å bli skote i senk av dei småfulle kanonoperatørane på land.

    20160831_172505.jpg
    Det majestetiske Templet (635 m.o.h.) ved innløpet til Tempelfjorden og Bjonahamna ved Fredheim
     
    milehigh, Shanker, AndersWE and 9 others like this.
  12. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,907
    Likes mottatt:
    12,903
    Bonuspoeng:
    183
    Kjempeflott! Jeg hadde booket en rimelig tur til Svalbard tidligere i år, men på grunn av tidsklemma som alle pensjonister lever under måtte den kanselleres. Nå ser jeg at neste år skal vi planlegge litt bedre.
     
    Kristian liker dette
  13. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Veldig spennende og morsomt så langt :)
    Ser fram til å lese mer om Svalbard. Vedig gøy med anekdotene og historiene fra den litt mer "ville vesten" siden av Svalbard :D
     
    Kristian liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Det vil eg tru! Takk for tilbakemelding og bilete. Andre arktiske destinasjonar skal bli inspisert så fort teamet får tid ;)

    Så bra! Eg følte at ein var litt meir enn ein simpel turist på denne turen :)

    Tusen takk :) Ta med vener eller familien, det blir sikkert bra :)

    Tusen takk og god tur! Vindtett jakke og ullklede er alt du treng :D

    Topp 5 er jo ganske høgt oppe når heile verda ligg for våre føtter :)

    Takk! Forhåpentlegvis byr sjansen seg på ny. Vi planla turen sånn omtrent seks månader fram i tid. Vi hadde litt problem med å finne overnatting, men det var fordi det kom 200 rørleggarar den siste helga vi var der...

    Takk så mykje! :) Meir kjem plutseleg :)
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 4: Del 1: Inspeksjonsområde 3: Nordenskiölds land
    Inspektørane var heile tida litt smånervøse for at ein skrubbsvolten isbjørn skulle finne på at trønderkjøt høver menyen. Overalt hadde vi jaktrifla og ein kraftig pistol tilgjengeleg. No skal det seiast at det ikkje er noko påbod om å gå med våpen utanfor busetjinga i Longyearbyen, men det er veldig dumt å ikkje ha med seg ein skytar.

    Kart.png
    Indre del av Isfjorden med Sassenfjorden og Billefjorden

    Etter ein betre frukost på denne tredje feltdagen, fjerde dag på Svalbard, gjekk inspeksjonsturen først til Nordenskiöldbreen. Dette er, etter kva vi kom fram til utan å ha sjekka fakta, den største isbreen i Europa.

    20160901_123233.jpg
    Nordenskiöldbreen i all sin prakt sett frå Adolfbukta

    No var ikkje inspektørane veldig hyppe på nærkontakt med kvitbjørnen, men på Svalbard er det ein god del bjørn som er ute og luftar seg. Her er det ingen bandtvang. Vi fekk sjå éin isbjørn i løpet av heile inspeksjonsveka. Denne oppførde seg som ein katt framom ein glovarm peis: Han spelte død. Då vi kauka litt til skinnfellen, løfta vesenet på skolten, kika sløvt rundt seg før kvileposisjon vart innteke på ny.

    20160901_125304.jpg
    Nedi fjæresteinane på dette biletet ligg det ein isbjørn, men det er vel nesten umogleg å sjå

    Dag 4: Del 2: Inspeksjonsområde 3: Pyramiden
    Heilt utan ekstase etter bjørnesynet gjekk turen til Pyramiden for nok ein uhilda del av inspeksjonen. I 1927 kjøpte det russiske gruveselskapet Trest Arktikugol’ rettane til gruvedrift frå Svenska stenkolsaktiebolaget Spetsbergen.

    20160901_123325.jpg
    Utsikten frå Nordenskiöldbreen i retning Pyramiden

    I perioden etter andre verdskrigen og fram til Sovjetunionens fall vart Pyramiden brukt som eit utstillingsvindauge for å vise verda kor bra kommunismen er. Utover på 1990-talet byrja gruva å gå tom for kol og den russiske staten byrja å gå tom for pengar. I 1998 vart byen vedteke fråflytta.

    20160901_132414.jpg
    Innsiglinga til Pyramiden, her er det gamle kraftverket, på ein flott haustdag

    20160901_132420.jpg
    På ein dag som dette blir sjølv skrot ganske greitt å sjå på

    I dag er det starta opp forsiktig turisme i Pyramiden. Somme av arbeidarane i Pyramiden blir sendt dit frå den russiske busetjinga i Barentsburg, andre kjem frå Fastlands-Russland. Det er tre personar som overvintrar i Pyramiden og rundt femten–tjue personar der på somrane.

    20160901_133327.jpg
    Fjellet som byen Pyramiden har fått namnet sitt etter. 1 000 rublar i bot om du ikkje gjettar kva fjellet heiter

    20160901_133351.jpg
    På veg frå kaia opp mot Pyramiden sentrum

    20160901_133718.jpg
    Pyramiden ligg i naturskjønne omgjevnader

    Vi rusla rundt i byen og fann ut at her har det både vore veksthus for grønsaksdyrking, fjøs for storfe og alt anna som trengst til eit samfunn. Det var skule for borna, idrettshall, kulturhus og meir til. Det inspektørane merka var at i motsetning til andre stader på Svalbard vaks det gras i Pyramiden. Dette fordi russarane tok med seg gjødsel frå Ukraina og strødde utover området til byen. Det såg unekteleg fint ut.

    20160901_135514.jpg
    Pyramiden sentrum

    20160901_135458.jpg
    Verdas nordlegaste Lenin-statue. Verdas nest nordlegaste Lenin-statue står i Barentsburg

    20160901_135629.jpg
    Idrettsplassen i Pyramiden er bygd til ære for romfarar Jurij Gagarin

    Når vi først var i Pyramiden og det var lønsjtid, meinte inspektørane at det passa perfekt å inspisere dei lokale fasilitetane. Dette vart gjort på hotellet. Her var det eit fjernsyn som pumpa ut russisk popmusikk av tvilsam kvalitet, ein liten armada tilsette og elles tilbod om typisk russisk mat som soljanka (kjøtsuppe), pel’meni (pasta fylt med kjøt) og diverse anna.

    20160901_143639.jpg
    Pyramiden hotell, ryddig, reint og pent. God mat har dei òg

    Vi fekk vite at Pyramiden ikkje er isbjørnsikker sone. Faktisk hadde det kome ein isbjørn inn på hotellet no sist vinter. Han vart skoten i det rommet som er på biletet over.

    20160901_140236.jpg
    Litt meir av Pyramiden sentrum

    Pyramiden ligg slik til at det ikkje er telefondekning der. I gode gamle dagar var det berre éi telefonlinje inn til byen i det store og heile: Det var til gruvedirektørens kontor. No kan det tenkjast at KGB-kontoret i byen hadde sambandsutstyr som berre dei visste om, men i dag er kommunikasjonen til omverda i beste fall litt omstendeleg.

    For å bestille hotellrom i Pyramiden må du ta kontakt med anten Trest Arktikugol’ Barentsburg eller representantane i Longyearbyen. Her blir bestillinga teke i mot på vanleg vis, men for å vidareformidle dette til Pyramiden skjer telefonkontakten til avtalte tidspunkt frå den einaste staden i byen der ei lita signalstripe med Telenor-dekning ramlar inn.

    20160901_162336.jpg
    Telefonen står ved den einaste staden med mobildekning i Pyramiden

    Å stå med telefonen utandørs i vindstille og plussgrader er no éin ting, men å gjere det same i tjue minus og tilløp til storm må no vere ei glede med modifikasjonar.

    20160901_162029.jpg
    Vaktbikkja (aka KGB/FSB etter budsjettkutt) i Pyramiden

    Etter nokre rolege timar i Pyramiden var det på tide å kome seg tilbake til sivilisasjonen. Båtturen tok omtrent to timar med gjennomsnittsfart på rundt 20 knop. Avstandane på Svalbard er med andre ord ganske større, i alle fall vart inspektørlauget overraska over distansane.
     
    FFlyer, Edvard, Henrik and 11 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takk! Eg har full forståelse for at UNIS-søknad er levert. Forhåpentlegvis kjem du inn :)

    Og det er eit artig poeng det med avstanden til Oslo vs til Longyearbyen frå Tromsø :)
     
  17. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,679
    Likes mottatt:
    32,538
    Bonuspoeng:
    293
    Kristian liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 5: Inspeksjon av Longyearbyen
    Etter den rustikke overnattinga i Skansebukta hadde turen no kome til folkevarianten, Gjestehus 102. Her var standarden enkel, men prisen var på berre det halve av kva SAS-hotellet kravde. Samanlikna med hotell og hytte med personleg kokk var standarden på gjestehuset enkel. Likevel var det mogleg å ete seg mett til frukost.

    20160902_110255.jpg
    Frå Nybyen ned til Longyearbyen sentrum

    Gjestehus 102 ligg i Nybyen, den eldste [sic] bydelen i Longyearbyen. Herifrå ned til sentrum er det omtrent 20–30 minutt å gå. Det er med andre ord den overnattingsstaden som er minst sentral av alle. Inspektørane kom fort fram til at det kan vere verdt å spytte i litt meir for å få ei betre overnatting, men 500 kroner natta var det vi synst høvde å betale.

    Det skal ikkje stikkast under stol at begge inspektørane stadig vekk kasta nervøse blikk rundt seg då dei rusla mellom Nybyen og Longyearbyen sentrum. Strekninga verka litt aude, men ifølgje kart og lokale råd var òg Nybyen innanfor den isbjørnsikre sona. Det tviler inspektørane på at isbjørnane veit.

    20160902_113011.jpg
    Svalbard kyrkje, Longyearbyen

    20160902_145939.jpg
    Beverly hills, Longyearbyen

    Longyearbyen er perfekt for måfånavigering. Vi slumpa innom…kremt…inspiserte Svalbard museum som absolutt er vel verdt eit besøk. Her får ein lære litt om historia til øygruppa og eit lite innblikk i korleis livet er for folk i dag. Muséet vart kåra til Europas beste i 2008. Vi synst at eit «Godkjent»-stempel nesten var overflødig.

    20160830_130201.jpg
    Utsikten over Longyearbyen og Adventfjorden frå Beverly hills

    Med byen som utgangspunkt fekk vi oss òg ein tur opp på eitt av dei mange fjella som ligg tett inntil byen. Her hadde vi med oss våpenkyndige folk då dette var mest tilrådeleg.

    I 2006 kom ei ung kvinne til byen med kveldsflyet for å besøkje vener. Neste morgon var ho ute på fjelltur i lag med ei veninne på eit fjell der dei lokale meinte det var greitt å gå utan våpen. Mindre enn 24 timar etter at ho landa på Svalbard vart denne jenta drepen av ein isbjørn.

    Dette skjedde på det fjellet vi gjekk opp på. Difor ville vi ha med oss folk som kan våpen.

    Trass i det tragiske bakteppet var turen kjempefin og på toppen møtte vi på tre reinsdyr. Det er no ein gong slik at mykje av livet på 78 ̊ nord blir forma av naturkreftene, så òg kva folk hugsar. Sidan vêret og naturen kan vere brutale her, er det mange historier av det triste slaget.

    20160903_114433.jpg
    Svalbardrein på fjelltur

    20160903_114441.jpg
    Utsyn mot andre fjell ved Longyearbyen

    20160903_113823.jpg
    Utsikt utover Adventfjorden

    Når det er sagt er det på sin plass å nemne at vi møtte berre positive menneske. Dei fleste var sørvisinnstilte og gjekk ikkje av vegen for å yte det vetle ekstra. Då juniorinspektøren nest siste dagen gløymde att skjerfet sitt i ein bil, dukka det opp på overnattingsstaden same kveld. Folk hjelper kvarandre og stiller opp for kvarandre, det er no i alle fall det inntrykket inspektørane sit att med.

    Det er forresten mange stader å ete i Longyearbyen og prisen er stort sett grei. Vi valde ved fleire høve Kroa, både fordi ho ligg sentralt til, men òg fordi maten var svært god. I frykt for refs frå skattestyresmaktene har inspeksjonsnotata om matplassane på mystisk vis forsvunne. Her er det heilt umogleg å seie kva som har skjedd.

    20160903_124235.jpg
    Bilete av fjellet sett frå bakkenivå. I fjellsida ser du taubanen for frakt av kol

    20160902_183517.jpg
    Ein av dei andre taubanane (ingen er i drift lenger), her krydra med nokre snøfnugg
     
    AndersWE, afirm, Eddie47 and 6 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk :)
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 6: Inspeksjon av hundekøyringskunnskapane til dei lokale
    Hundehaldet på Svalbard er stort. Mange selskap tilbyr hundekøyring til amatørar. Som pliktoppfyllande inspektørar tok vi på oss det tunge oppdraget med å kvalitetssjekke denne aktiviteten. Vi valde ein brite frå Oxford tilsett hos Svalbard villmarkssenter som vår lokale kjentmann.

    Etter å ha sela på dei krakilske hundane gjekk turen oppover Adventsdalen til Gruve 6. Undervegs vart det gjort obligatoriske stopp slik at hundane ikkje skulle gå til…øh…hundane.

    20160903_194055.jpg
    Juniorinspektør gir klårsignal

    Som den observante lesar kan sjå av biletet, har juniorinspektøren fått delt ut ein refleksvest. Ifølgje vår kjentmann frå Oxford var dette for å sjå forskjell på meg og hundane.

    20160903_194234.jpg
    Ein fin dag for hundekøyring

    Sidan det var plussgrader denne dagen sleit bikkjene med varmgang. Dei måtte stadig få tilført kjølevæske, men dette gav inspektørane sjansen til å sjå nærmare etter den generelle helsetilstanden til dyra. Både når det gjeld sjølve dyrehelsa og køyringa kunne vi ikkje gjere anna enn å setje «Godkjent»-stempelet.

    No skal det seiast at den typen hundehald som blir drive i samband med hundekøyring er framand for folk flest. Det er utruleg mange dyr i lag og heile kan lett opplevinga bli litt valdsam for sarte sjeler. Likevel var det ei oppleving som det var artig å inspisere.

    Dag 7: Ein avsluttande inspeksjon av Longyearbyen
    Sidan dette var ein sundag valde vi å gi oss sjølve ein halv dag fri. Denne brukte vi til ein organisert fottur i Bolterdalen, ein sidedal til Adventdalen. Her hadde vi med oss ein ung franskmann tilsett ved Svalbard Husky. Han fungerte i det store og heile som børseberar (ikkje bøsseberar, nei), men han var no ein triveleg og humørfylt kar. Sidan dette var ein privattur er det sjølvsagt ikkje på sin plass å la dette inngå som ein del av inspeksjonen.

    #internnotat: Hugs å få kvitteringa for privatturen til å framstå som ein del av inspeksjonen!

    Her følgjer nokre bilete frå Longyearbyen på denne nydelege sundagen.

    20160904_115502.jpg
    Utsikten frå Sverdrupbyen (brent ned av tyskarane) mot sentrum

    20160904_120216.jpg
    Koltaubanen frå gruve 4 eller 2 i retning taubanesentralen 1/2

    20160904_120225.jpg
    Koltaubanen frå gruve 4 eller 2 i retning taubanesentralen 2/2

    20160904_124929.jpg
    Sola strålte over torget i Longyearbyen 1/2

    20160904_124950.jpg
    Sola strålte over torget i Longyearbyen 2/2

    Vårt inntrykk av Longyearbyen er at byen er roleg og fin. Som turist er ikkje byen kjempespennande etter å ha rusla rundt her ein halvannan dag. Då har du nemleg sett heile byen. Det er nok difor mange melder seg på organiserte turar som går føre seg utanfor busetjinga. Her er det eit vell av tilbod.

    No skal det seiast at mengda restaurantar er svært stort sett i forhold til kor mange fastbuande det er her. Longyearbyen har omtrent 2 000 innbyggjarar. Blant desse er 40 nasjonalitetar representert. Dersom ein får kontakt med nokre av dei lokale, er sjansen god for å få ei skikkeleg triveleg stund. Ikkje for det, som tilreisande kjem ein vel neppe til å mistrivst på 78 ̊ nord.

    20160902_150803.jpg
    Det skal ikkje berre vere enkelt å få utført banktenester på Svalbard

    20160904_125832.jpg
    Softis på Svalbard er ikkje feil
     
    milehigh, AndersWE, Upsaker and 5 others like this.

Del denne siden