Ahh, nynorsk, elskar det! Tusen takk for framifrå svar!
1: Economy er heilt ok,har korkje sagt eller tenkt at eg vil ha Plus eller Biz
2: Awardfares.com, ja. Orsak for den. Eg er fleksibel på reisetid, heile Q1 2024 er ok, men såvidt eg kan sjå er det berre høve til å lage alert på ein og ein dag? Er det rett, eller er det det som er skilnaden på Gold og Diamond?
Er klar over at bonussamling er eit maraton og ikkje ein sprint. Men sjølv om eg vil unngå påska 2024, så er eitt år fram i tid framleis aktuelt. Så eg trudde ikkje endeleg at eg var for seint ute. Er også klar over at 120 000 poeng ikkje er mykje. Men tykkjer samstundes det er for mykje til å berre la dei gå ut...
Reiseplanane for 2023 er tinga og betalt og fleire feriedagar har me ikkje, så poenga må liksom uansett brukast i 2024 (hvis me ikkje skal nytta dei i Eurobonus Shop).
Men har alle flyselskap som flyg til Tokyo same "policy" som gjer at one way kostar 80% av t/r? Er det vanleg på long haul? Har liksom aldri vore ei problemstilling for meg før...
Vis alt...