Førstereisgut til Aten

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 30. april 2023.

  1. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,413
    Bonuspoeng:
    293
    Ja dette var sannelig også et reisemål en må besøke. Takk for inspirasjonen og reise brevet :)
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  2. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,394
    Likes mottatt:
    7,814
    Bonuspoeng:
    183
    Siden deler av reisefølge har notert spisestedet så kan jeg informere om at denne middagen ble inntatt på stedet med lite gresk i navnet, men svært god mat. Stedet het "A Little Taste of Home Resturant" :)
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Tredje dag i den greske hovudstaden
    Igjen starta dagen med ein runde rundt i byen i grasiøs joggestil. Vel, kanskje ikkje så grasiøst, men eg kom meg no rundt lenge nok til at skrotten vart godt temperert og dekt av eit glinsande lag sveitte.

    Etter frukost gjekk turen til Akropolismuseet. Her står ei rekkje av dei originale skulpturane, steinutskjeringane m.m. frå utgravingane på og rundt Akropolis. Under museet har grekarane tatt vare på dei funna som vart gjort på museumstomta. Dette er vel verdt eit besøk, sjølv om museet er svært!

    20221119_093348.jpg
    Ein rekonstruksjon av Akropolis med omeign

    20221119_091758.jpg
    Akropolis i føremiddagssol
     
    Flymunda, Calling, Earl and 5 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha vorte solid overvelda på Akropolismuseet vart turen lagt bort til Lykabettos. Dette er ei høgde som ragar rundt 300 m.o.h. På toppen ligg eit kapell tilegina Sankt Georg, ein restaurant og det går taubane opp. Det var såpass fint vêr at det freista mest å rusla opp til fots. Ein ålreit tur og ein fin utsikt. Iskremen dei serverte på restauranten på toppen var av høveleg storleik!

    20221119_115656.jpg
    På veg opp mot toppen av Lykabettos

    20221119_122340.jpg
    Klokketårnet i tilknytning til kapellet på toppen av Lykabettos

    20221119_120754.jpg
    Toppen av Lykabettos sett nesten frå amfiteateret like ved

    20221119_121949.jpg
    Utsikt frå toppen av Lykabettos

    20221119_122225.jpg
    Utsikt i retning Akropolis frå Lykabettos

    20221119_125210.jpg
    Ein bitteliten iskrem servert på Lykabettos
     
    Flymunda, Calling, EndreD and 7 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    På veg tilbake til hotellet frå Lykabettos vart turen lagt innom Krigsmuseet. Her kan ein bli kjent med korleis den greske nasjonen har kjempa frå antikken og fram til i dag. Det var eit ålreit stopp, men fleire av utstillingane var berre teksta på gresk, noko eg slit litt med å forstå.

    Etterpå gjekk turen gjennom Atens nasjonale hage. Dette er ein nokså stor park litt vest av Akropolis. Her kan ein slappa av på ein benk eller berre rusla litt rundt utan å vera omgitt av asfalt eller hus ei lita stund.

    I denne hagen ligg Zevstemplet, men det var under renovasjon. Like ved ligg Hadrians boge. Sånn sett er det ikkje berre plantar og gras her. For å koma bortåt Zevstemplet må ein betala inngangsbillett.

    20221119_163133.jpg
    Zevstemplet, Aten

    20221119_163318.jpg
    Hadrians boge, Aten
     
    Flymunda, Calling, EndreD and 7 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Utan mat og drikke dug visstnok helten ikkje, er det meg fortalt. Igjen har eg ikkje notert meg kor måltidet vart inntatt, men der får eg vel plutseleg svar, så då blir akkurat denne teksten redigert om til fordel for eit restaurantnamn. Maten som vart servert var god og igjen ein nydeleg liten dessert.

    20221119_191451.jpg
    Litt gresk pasta

    20221119_193938.jpg
    Litt gresk dessert
     
    Flymunda, Calling, EndreD and 6 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Eit par bilete frå den greske hovudstaden i kveldspryd:
    20221119_203451.jpg
    20221119_211033.jpg

    Denne dagen vart det rusla rundt 24 000 skritt.
     
    Last edited: 03. mai 2023
    Flymunda, Calling, EndreD and 6 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Fjerde dag i Aten
    Den aller siste dagen i Aten vart ein kort ein. Flyet gjekk i 1300-tida, så det var eigentleg ikkje tid til så mykje anna enn å pakka kofferten og ta t-banen ut til flyplassen.

    Heldigvis (?) vakna eg grytidleg og tok igjen turen ut i byen i joggetempo. Turen gjekk rundt Lykabettos, forbi Atens nasjonale hage og Panathinaïkó stádio. Det er noko med å sjå byen vakna til live medan ein sjølv er i aktivitet. Det er fint.

    20221120_082607.jpg
    Ein litt odd figur, Aten

    20221120_083532.jpg
    Panathinaïkó Stádio

    20221120_084251.jpg

    Hadrians boge og Akropolis i bakgrunnen

    Etter frukost, tannpuss og koffertpakking var det berre å ta farvel med Aten og Akropolis og venda nasen nordover og heimover. Det er ingen tvil om at vêret viste seg frå si beste side med sol kvar dag, så det var ikkje å forakta. I tillegg var temperaturen på rundt 20 grader, noko som var litt mildare enn det Aust-Finnmark stilte opp med på same tid.

    Sjølv i løpet av denne dagen vart det 23 000 skritt.
     
    Last edited: 03. mai 2023
    Flymunda, Calling, EndreD and 6 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Og med dette avsluttar eg dette vetle reisebrevskribleriet frå den greske hovudstaden. Det var etter mi meining slett ikkje dumt å bruka eit par dagar her.

    Til slutt eit par bilete frå aller siste kvelden der Lykabettos og folkemengda som vil fotografera Akropolis er motiva. Takk for oppoverretta tommeltottar, kommentarar og meir til!

    20221119_165239.jpg
    Aten og Lykabettos

    20221119_165219.jpg
    Akropolis er eit populært fotomotiv
     
    Flymunda, Calling, Earl and 6 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Heilt til slutt ein brannfakkel frå Atens grafittimiljø:
    20221119_202151.jpg
     
    Flymunda, Calling, Earl and 4 others like this.
  11. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,477
    Likes mottatt:
    62,745
    Bonuspoeng:
    293
    Det var bra, for det så ut som at det trengte litt mer enn et strøk maling. :p

    Takk for nok et herlig reisebrev!
     
    Kristian and ArthurDent like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Dette er éin av to turar som skjedde i november 2022. Sidan då har eg knapt vore utanfor bustadskommunen, og i alle fall ikkje utanlands. Det er berre produksjonen av reisebrevet som har vore litt forseinka....
     
    RoadKing liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Kanskje på tide med ein ny tur? Du kan vel svi av nokre EB-poeng denne gongen? Og etter Aten stikka ut på ein av dei mange greske øyene med Aegean? Det kan vera at mor ikkje umiddelbart protesterer... Hm, mogleg eg drøymer meg bort her no og tenkjer på kva eg sjølv kanskje gjerne skulle ha gjort – om tida hadde strekt til...!
     
    Flymunda and Eddie47 like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,895
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for følgjet og alskens!

    Det er mogleg dei må leggja litt grunning òg, ja!
     
    holmen liker dette
  15. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,394
    Likes mottatt:
    7,814
    Bonuspoeng:
    183
    Middagen denne kvelden ble innatt på Thes Greek Creative Cuisine :)
     
  16. jan_busch

    jan_busch Nytt Medlem

    Innlegg:
    8
    Likes mottatt:
    2
    Bonuspoeng:
    3
    Jeg var i Athen for to år siden. Jeg forventet ikke noe godt av byen, men nå er det et av de vakreste stedene jeg noensinne har vært. Jeg vil tilbake dit igjen. Kanskje det er på tide å planlegge en tur til Athen igjen.
     

    Attached Files:

    Earl and Kristian like this.

Del denne siden