Dag tre i Roma: Nærmere deg, min Gud Som dei to føregåande dagane starta òg den tredje dagen i den italienske hovudstaden med ein joggetur. Igjen valde eg Tiber som følgjesven og det fungerte greitt. Stort sett kan ein velja om ein vil vera oppe på gateplan eller nede ved elva. Det er opp til eigne lyster. Langsmed Tiber ein tidleg morgon i Roma Ein stille morgon ved Tiber
Denne dagen var via Vatikanstaten. Nett som med Colosseum viste førehandsundersøkingar at det var tilrådeleg å skaffa billettar til Peterskyrkja i god tid. Som sagt, så gjort. Det var inngangen til Det sixstinske kapell som hadde ei tidsluke og med inngang der kl. 1400 var det god tid til å utforska resten av Vatikanet. Gata opp mot Petersplassen Framme ved Petersplassen Peterskyrkja i Vatikanstaten
Peterskyrkja er eit mektig syn, spesielt frå innsida. Sjølv ei rikt utskoren stavkyrkje blir kanskje litt tam i samanlikning. Jamvel Nidarosdomen blir bittelitt provinsiell til samanlikning. Eg gjekk rundt og gapte og måpte. For eit syn! Høgalteret i Peterskyrkja Peterskyrkja Eit mektig syn å vera inne i Peterskyrkja
I Peterskyrkja er det 550 trappetrinn som fører deg opp til kuppelen av basilikaen og her får ein ein 360 graders utsikt over Vatikanstaten og Roma. Det var vel verdt turen opp og det var ikkje veldig folksamt der, så ein fekk sett på byen i ro og mak utan mas og kjas frå store turistmengder. 'Baksida' av Peterskyrkja Petersplassen framom Peterskyrkja
I tilknytning til Peterskyrkja ligg eit svært museumskompleks. Det er gigantisk. Og her ligg òg Det sixtinske kapell med flotte takmaleri utført av Michelangelo. Her var det streng disiplin med taleforbod og fotoforbod. Sidan det var smekkfullt der inne så vart opplevinga litt øydelagt for min del, men folkemassar på ein slik plass er vel ikkje til å unngå. Petersplassen i kveldslys Engelsborgen ikkje langt frå Vatikanet, men i Roma
Roma er fint sjølv på kveldstid. Ein kan vandra rundt og ta turen innom tilfeldige kyrkjer og la seg imponera. Eller ein kan snubla over eit oldtidsområde heilt tilfeldig. Eller passera eit landemerke på veg tilbake til hotellet. Alt er kvardagsleg, men samstundes framand. Roma er ikkje heime! Roma er fint! Oldtidsområde midt i Roma Pantheon i Roma Denne dagen vart det tilbakelagt 32 000 skritt.
Fjerde dag i Roma: Litt rundt omkring Trass i litt regn i lufta, så starta denne dagen med ein joggetur. Denne gongen tok eg ein tur rundt i byen og heldt meg såleis unna Tiber. Det var ålreit det, òg. Ein regntung morgon i Roma Det vart litt lysare etter kvart på morgonen Etter morgonrunden vart det dusj og frukost før byen vart gjort utrygg!
Der gårsdagen vart via eit forsøk på å bli meir katolsk enn paven, byrja denne dagen i eit romersk tempel frå år 120 etter Kristi fødsel, Pantheon, oppført av keisar Hadrian. Eit mektig byggverk som det var ganske spesielt å gå inn i. Pantheon, Roma Pantheon, Roma
Etter Pantheon gjekk turen til Engelsborgen, som vart reist av keisar Hadrian som eit mausoleum. Rett nok vart mausoleet bygd om til ein festning i mellomalderen, men det var vel verdt eit lite besøk. Utsikten over byen var òg ålreit. Engelsborgen, Roma Peterskyrkja sett frå Engelsborgen Roma sett frå Engelsborgen Resten av dagen vart brukt til litt handling, postkortskriving og avslapping. Det vart med andre ord gått berre 30 000 skritt denne dagen. Ganske sløvt!
Med dette set eg ein strek for dette reisebrevet og takkar for oppoverretta tommeltottar og kommentarar. Roma var ein veldig fin by og eg synst det var kjekt å sjå meg rundt her. Med tid og stunder kan det vera at eg legg til ein post med plassar det vart inntatt god mat og drikke i Roma. Forum Romanum
Takk for flott reisebrev! I år er det 30 år siden jeg var i Roma sist (og først), så kanskje det er på tide med et nytt besøk snart. Byen ser vel ganske lik ut som for 30 år siden, tenker jeg.
Takk for flott reisebrev. Roma er en flott by, men som jeg dessverre har besøkt alt for sjeldent. Reisebrevet ditt er til stor inspirasjon for å gjøre noe med det. Som over gjennomsnittet matinteressert hadde det vært spennende hvis du hadde lagt ut hvor du spiste gjennom turen i Roma.
Takk for reisebrevet, hyggelig gjensyn dette fra det som var en nydelig tur i fjor høst Haha ja det er vel en underdrivelse, hvis jeg husker korrekt så var du vel svært så skeptisk, såpass mye at resten av reisefølge måtte tvinge deg igjennom en avstemning hvor det ble 2 stemmer for og din stemme mot å gå inn der Faktisk ikke selveste Cæsar i form av mannen som er mest berømt med det navnet, dette er keiser Trajan, men han tok navnet/tittelen Cæsar han også så sånn sett er det 1 cæsar i form av tittelen, men ikke selveste Cæsar
Takk for flott reisebrev, godt å se at skrivelysten er tilbake. Roma er helt aldeles fantastisk vakker, og du presenterer det veldig bra. Vi var i byen for nogle, les mange, år siden. Og i Peterskirken. Faktisk var Paven der også. Eks-forloveden, som du vet, har sunget mange latinske messer, og var hele tiden klar til å synge duett med il Papa!
Ja, for svarten, eg la ut feil bilete, ser eg, men no får keisar Trajan berre bli liggjande ute. Det skal ikkje vera lett, tydelegvis
Ønsket ble kanskje ikke kringkastet tydelig nok, noe som burde være læresetningen å ta med seg videre i livet slik at neste besøk medfører muligheten for en duett!