Fyrstereis på fyrsteklasse - Ein sunnfjording til Sambandsstatane

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 19. okt 2023.

  1. awt

    awt Senior Medlem

    Innlegg:
    789
    Likes mottatt:
    1,923
    Bonuspoeng:
    93
    Kanskje dumt spørsmål, men er det slutt på pyjamas hos LH? Eller er det kun på nattflyvninger?
     
  2. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Neidå, vi fekk utdelt. Den ligg uopna i kofferten.
     
    awt liker dette
  3. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Då er eg attende på hotellrommet ein liten tur. Etter frukost kjøpte eg meg ein stor sambandsstatianar («americano» som dei lokale seier) og planla å nyte den på den lokale kaffistova Starbucks. Det siste ledige bordet vart teke av nokre godt vaksne amerikanarar, so då bar det ut i gatene og i Boston’s austlandsveir.

    Heldigvis er det berre lett austlandsveir, so det går greit å vase rundt ute litt, men det var godt å komme inn og få tørke.

    IMG_4078.jpeg

    Etter turbussen blir det nok ein tur til ymse butikkar. Enkelte (små) folk heime har forventningar om gåver.
     
    kjeeli, EndreD, veeegard and 24 others like this.
  4. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Her er forresten gakkgakken frå FCT.

    IMG_4081.jpeg
     
    kjeeli, runese, veeegard and 27 others like this.
  5. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Fin busstur rundt omkring i Boston. Byen er igrunn ikkje so stor. Fekk sett mykje på ein time med busstur og flinke Cindy frå CityView Trolley Tours.

    Etter bussturen gjekk eg til Union Oyster House og ein vanvittig god lobster roll med ein framifrå Samuel Adams Colonial Ale som ein visst nok berre får her. Dette skal, i følge turguiden, vere den eldste sjømatrestauranten i Sambandsstatane. Dei hevdar sjølv dei er den eldste restauranten uansett kategori. Definitivt verdt eit besøk, sjølv om det var dyrt. Med tips vart det vel 63 USD for lobster roll og øl.

    IMG_4109.jpeg
    IMG_4110.jpeg
     
    Lnbre, kjeeli, Gullars and 25 others like this.
  6. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    I nabobygget held det som skal vere USAs eldste pub det gåande. Det skal dei har gjort sidan 1795 og storkarane frå revolusjonstida skal alle ha fått seg noko godt i glaset der.

    Etter ei øl vart det ein liten handlerunde. Litt leikar og kle til ungane og medisinar på CVS. Madammen har sendt melding om at ho ynskjer seg ei haustkåpe, men har fått til svar at det tørr eg ikkje å prøve meg på.

    Det er kraftig austlandsveir her no. Det må ein vel rekne med på eit austland. So då har eg fått meg ein stol ved baren på Bostonia med litt godt i glaset.

    IMG_4112.jpeg
     
    Gullars, EndreD, veeegard and 25 others like this.
  7. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Godt øl her i Boston. Det gjeld å smake på dei lokale godsakene. Om ein times tid går eg nok til hotellet og finn kofferten min og set kursen for flyplassen. Kofferten vert sjekka inn denne gongen, og ein liten bag eg har kjøpt for tenestegjere som handbagasje.

    På flyplassen har Lufthansa og United (club) lounge. Neppe nokon høydare nokon av dei.

    Eg lyt vel og finne eit kvart til madammen å ta med heim. Ho sende forslag om ei kåpe, men det skjer ikkje. Ho er av den kresne sorten, so då må eg fort avskrive fleire tusen i tap. Eit kvart frå Sephora får duge.
     
    runese, EndreD, veeegard and 17 others like this.
  8. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Er det forresten nokon som veit om LH har soverom i F-loungane på MUC? Eg skal vere der i knappe 5t i morgon.
     
    Jonkebassen, Calling and Kvalvaag like this.
  9. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    To unge amerikanske kvinner har slått seg ned ved sidan av meg i baren. Dei snakkar høglydt om samliv og (tidlegare?) partnerar. Det amerikanske uttrykket for samleie har blitt sagt ein god del gongar. Jaujau
     
    Finkster, EndreD, veeegard and 14 others like this.
  10. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Ei av damene, som er yngre enn meg, snakkar om at ungane er tennåringar. No kjenner eg meg gammal….
     
    Calling, Earl, Sonictravel and 5 others like this.
  11. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,685
    Likes mottatt:
    872,249
    Bonuspoeng:
    293
    Godt du ikke skjønner amerikansk, du vet du har ikke godt av å høre slikt ..
     
    EndreD, veeegard, sutenai and 11 others like this.
  12. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Då sit eg i hotellobbyen og skal snart gå og ta tunnellbana til flyplassen. Det er ein stopp like utanfor hotellet. Då eg skulle hente kofferten var det ein voksen kar som betalte 511 USD for ei natt på hotellet her. Sjølv slapp eg unda med knappe 3,7k norske for ei natt.
     
    EndreD, Calling, OyvindN and 9 others like this.
  13. Kvalvaag

    Kvalvaag Senior Medlem

    Innlegg:
    736
    Likes mottatt:
    6,018
    Bonuspoeng:
    163
    Den ute på satellitten har ihvertfall skilt til soverom :) Men eg har ikkje sjekka inn dørene :rolleyes:
     
    Sunnfjordingen liker dette
  14. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Då er eg på plass i fysteklassedelen av LH loungen. Det var litt av ein opplevelse å komme hit. Ei særdeles myndig dame på 65-70 år fulgte meg heile vegen. Vi valsa rett forbi køen i sikkerheitskontrollen, tok til venstre og gjekk forbi nokre gates og trykte på heisknappen. Då vi kom inn i heisen heldt ho eit slags adgangskort inn til ein kortlesar inne i heisen og trykte på rett etasjeknapp. Sjølv om det var rikelig mes plass inne i heisen drog ho eit småfrekt «bye bye», samstundes som ho vinka til dei utanfor då heisdøra lukka seg. Ei myndig dame med «sass» i.

    No er det champagne og treretters middag i loungen.

    IMG_4121.jpeg
     
    kjeeli, runese, funkenstein and 30 others like this.
  15. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    På BOS er det forresten eit eige lite avlukke for F-passasjerar. Her sit eg, saman med til saman seks andre. To av dei er kjenningar av ein annan forumist. Dei var med same fly som meg over.

    Her server LH ein solid meny.

    IMG_4126.jpeg

    Sjølv valgte eg hommarsuppe, andekonfetti og pekanpai. Eg er i full sving med andrkonfettien. Alt til no er supert!
     
    runese, EndreD, SInn and 22 others like this.
  16. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Solid ølutval her. Her har dei både Sam Adams Octoberfest og ein IPA. Langt betre enn skvipet dei serverer om bord og på FRA.

    IMG_4132.jpeg
     
    veeegard, Calling, OyvindN and 16 others like this.
  17. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Både SAS, LH-appen og ein elektronisk EDB-post frå LH at flyet er forseinka, og boarding skal no skje klokka 1600 den 23. oktober. Flyet er rett nok ankomme flyplassen. Jaja. Eg skal klare meg eg i denne loungen i to dagar. Vi blir tatt godt vare på.
     
    veeegard, Calling, OyvindN and 14 others like this.
  18. Nordlands

    Nordlands EBD

    Innlegg:
    855
    Likes mottatt:
    2,696
    Bonuspoeng:
    93
    IT-feil forhåpentligvis? Ser flyplassens og LH nettside sier 20:40 og FR24 sier 21:00, om jeg har forstått riktig at det er LH425 du skal med.
     
  19. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Du har rett. Det var litt EDB-tull, men no ser det ut til å vere ordna opp i. Det begynner å fylle seg opp ute i den vanlige loungen. Her inne i First er det stille og rolig. Skal bli godt å komme seg om bord.
     
    veeegard, Calling, OyvindN and 7 others like this.
  20. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,576
    Likes mottatt:
    24,395
    Bonuspoeng:
    183
    Hotellet: Harborside Inn
    Eg vart nesten månenedotten då eg sjekka hotellprisane onsdag, men fann til slutt eit rom under 4k. Eg betalte knappe 3,7k for ei natt. Bestiller ein i god tid får ein rom her for under 2k pr natt.

    Harborside Inn rett ved metrostoppet Aquarium og er soleis superenkelt å komme seg til frå flyplassen. Det ligg og veldig sentralt plassert, langs Freedom Trail like ved havna.

    Sjølve hotellet var jamnt over bra. Brukbar størrelse på rommet, god seng, godt reinhald, digert fjernsyn som eg ikkje nytta (men eg trur det var fargefjernsyn) og ein enorm spegel. Det var ikkje noko frukost inkludert, men det var råd å kjøpe enkel frukost. Etter eit kjapt blikk på menyen valgte eg som nemnt før i reisebrevet å ete frukost ein annan stad.

    Alt i alt er eg veldig godt fornøgd med hotellet. Sjølv om hotellet ligg veldig sentralt var det billigare enn so og seie alle andre, og eg har lite å utsetje ut over dårlig frukosttilbod og eit tidvis bråkete ventilasjonsanlegg. Skal eg til Boston i framtida vil Harborside Inn definitivt ligge godt an når eg skal velje hotell.

    IMG_4136.jpeg
     
    kjeeli, funkenstein, EndreD and 20 others like this.

Del denne siden