Takkar! Har i fleire omgangar sett ut for å sleppa inn pandioten, fånyttes, sjølvsagt. Det er ei tid for alt.
Ja, og då det oppstod eit stoffskifteproblem, så var det best å la pelsdotten få servert kongemat til alle måltid og så ta farvel. Tomt blir det nok, men det verste av snørr og tårer er tørka bort.
Takkar. Pelsdotten likte stille stunder
Takk! Det var eigentleg ein varsla slutt, så både loungeinnehavar og rettmessige eigar visste kva veg dette gjekk.
Absolutt, det var sjølvsagt irriterande når kreket skulle ut på tusmørkejakt klokka 03, men lyden av eit lite propellfly i armkroken var no eit teikn på eit godt katteliv.
Takkar! Absolutt. Mykje personlegdom, òg. Sjølv om eg eigentleg er ein hundeperson, men når ein pelsdott meiner at du er bra, så greier ikkje eg å unngå å bli sjarmert i senk (les: tvinna rundt litlefingeren).
Last edited: 02. mai 2022