IMartin reiser ikkje til Lisboa via NY

Tråd i 'Reisebrev' startet av Stuttfeiten, 06. juni 2019.

  1. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Så nærmar det seg slutten. Vi har tatt bakken på OSL 30 minutt før tida, og straks er det havregraut og striskjorte igjen.

    Men, å reise med TAP er slett ikkje noko tapsprosjekt. God service, god vin, god mat, og sannsynlegvis verdas vakraste flyvertinne gjorde også siste etappe til ein fin reiseopplevelse.

    TAP Premium Lounge i Lisboa er heilt ok. No var det peise, smekk fullt der i dag, men Ørnøye spotta eit ledig bord. Vi fikk oss derfor ein trivelig time ved vindauget og utsikt til alle TAP-A330 på apron som vart borda eller tømt med bussar. Vi fekk også buss inn til til gate ved ankomst i går. Bussen vart for anledninga køyrt av veslebroren til Sebastian Loeb, men ingen passasjerar vart skada. (Ryanair har forresten ein eigen bussflåte på LIS, det er mulig at sjåføren vår til vanleg køyrer for dei.)

    I alle fall; ost, skinke og rødvin til andrefrokost og Hendrick's til skotsk frokost i loungen. God stemning og veldig hyggelig bartender som kunne jobben sin.

    Gate vart annonsert 55 min før avgang, 15 min før boarding, og vi fekk bru til flyet. Avgang på tid, ingen pre-departure drink, men eg har aldri følgd så nøye med på sikkerhetsbriefinga som i dag. Det fins mykje vakker kunst, men av og til kjem naturen opp med kunstverk som menneskehender aldri vil kunne kopiere. I think I'm in love.

    Maten som vart servert var, til forrett: røykt skinke med posjert pære og trøffel-eggeplomer, hovudrett: svineterrin med søtpoteter og portvin, spinattortellini med kylling og carbonarasaus, og så marsipankake utan krem og marsipan men med ananas til dessert.

    Så: snipp, snapp! Då er tida ute, og ein må konkludere.
    Er det verdt å bruke 10 000 trønderdollar på ein flytur med TAP for å få 23 timar i lufta med 200% opptjening til Eurobonus? Ja, absolutt! Løp og kjøp :)

    (Poenga på utreise var på plass dagen etter, 16 timar etter landing. <- @sas)
     
  2. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,188
    Likes mottatt:
    869,731
    Bonuspoeng:
    293
    Skal du gifte deg med denne også?
     
    drsyk, Liza, anders82 and 4 others like this.
  3. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Å ja, gjerne! :) Ho søla ein boks tonic på jakka mi, eg tek det som eit teikn på at mitt nærvær hadde ei viss påvirking på ho. Tippar eg har bra sjans.
     
    Travellingalf, Blaa, drsyk and 12 others like this.
  4. ccurrahee

    ccurrahee Helt hekta

    Innlegg:
    9,657
    Likes mottatt:
    34,857
    Bonuspoeng:
    293
    Gi oss et hint på hvilken TAP flight vielsen skal stå, så vi får booket en bryllupsfestMR:p
     

Del denne siden