To dagar ved Middelhavet I mai 2025, rett før SAS byrja å selja businessbillettar til businesspris, så kjøpte eg ein slik tur til plusspris. Vel, eg kjøpte fleire. Denne turen vart mest kjøpt for å få eit nytt land på lista, men kunne òg tjena som ein prelinenær inspeksjon av den franske rivieraen, Côte d’Azur.
Frå Noreg til Frankrike På veg til Gardermoen møtte eg to svært tamme og rolege rådyr. Sjølv då eg var berre fire—fem meter unna så var graset meir interessant enn tobeinte vesen. Det var koseleg å få sjå dei på så nært hald.
Mellom Gardermoen og Kastrup serverte SAS eit rugbrød med agurk på. Eg vil påstå at kombinasjonen er uvant for min gane. Det var ingen usmak på maten, men litt snurrig var det. Ostekaka til dessert var veldig god. Yoghurten gjekk ned. Det er tydeleg at full servering er litt uvant på så korte flygingar som OSL—CPH fordi sørvisen er litt hektisk. Det går seg nok til. Kveldshimmel over Kastrup
Frå CPH til NCE serverte SAS ein svært mør kjøtrett. Veldig godt på smak. Potetmosen var diverre ikkje most og her mangla det litt på smaken utan at eg kan setja heilt fingeren på kva det var. Ostefatet (om vi kan kalla to ostar og litt syltetøy for dét) var ålreit, men ikkje så godt som på turen frå AMS til OSL eit par dagar tidlegare. Samanlikna med det SAS serverte på tilsvarande ruter i plusskabinen er serveringa no løfta eit par hakk. Mengda er fin og ein blir mett. Stort sett er maten god og det er fint å få alt servert i porselen, glas og med metallbestikk, ikkje papp, plastikk og treverk. Firbeint reisefølgje til NCE
Ved Côte d’Azur (den franske rivieraen) Det går trikk svært ofte mellom flyplassen i Nice og sentrum av byen. Den trikketuren tar vel rundt eit kvarter, kan eg tenkja meg, men eg hadde ingen planar for kvelden og sidan eg reiste lett, så bestemte eg meg for å gå dei seks kilometrane inn til Nice sentrum. Mesteparten av ruta, så fort eg kom meg forbi flyplassen, gjekk langsmed strandpromenaden. Det var koseleg å høyra (og sjå) dønningane frå Middelhavet slå mot land.
Hyggelig med 4beint selskap på vei mot Gmoen, ser også ut som noen allrighte SK flights ned til Riveraen. Nyt tilværelsen i varmen
Etter frukost tusla eg bort til jarnbanestasjonen i Nice, Nice-Ville. Planen var å ta turen til Monaco, mest for å få eit nytt land kryssa av. Eg surra litt med billettautomatane som ikkje hadde trykkskjerm, men eit hjul under skjermen som du må snurra på for å navigera rundt på skjermen. 11 euro fattigare stod eg til slutt men ein tur/retur-billett Nice—Monaco. Togturen tok cirka ein halvtime. Monaco by
Etter å ha gått av toget på stasjonen Monte Carlo-Monaco rusla eg bort til Det oseanografiske museet, Musée Océanographique. Til den nette pris av 22 euro var eg inne og fekk møta krabatar frå havet:
Utsikten frå Det oseanografiske museet er fin. Sjølve museet ligg på same høgde som det royale palasset, men eg nøyde meg med å sjå på havet:
Det er lett å føla seg fattig i Monaco. Rundt deg er det fullt av raske køyredoningar, både dei med fire hjul og dei med kjøl. Det er òg eit rikt utval av moteforretningar. Eg vart for det meste gåande ute i sola, litt på måfå, eigentleg. Rally Monte Carlo, her i ein roleg versjon Den nærmaste båten føler seg kanskje ikkje heilt heime her? Det namngjetne casinoet i Monaco
Monaco by er, som Bergen, omgitt av fjell. Og det er bratt. I desse bakkane er det godt bygd ut, og meir er på veg opp, såg det ut til. Eg vart svimmel av å sjå opp og fekk høgdeskrekkvibbar av å sjå ned!
Etter rundt fem timar i Monaco tenkte eg at det var på tide å returnera til Nice. Eg fann ut at Google slett ikkje viste alle togavgangane som går mellom dei to byane. Det er mogleg at søket mitt var feil, men pytt-pytt. Ein halvtime seinare var eg tilbake i Nice. Nice-Ville jarnbanestasjon Etterpå tusla eg litt rundt i Nice:
I firetida tusla eg ned på strandpromenaden. Det er ikkje ei pen sandstrand, men ei kuppelsteinstrand. Ikkje at dét gjer så mykje, det er ganske så fint likevel, spesielt når innflyginga til NCE går ganske nært strandkanten.
Dei neste timane vart det knipsa ei solid mengde fotografi. Eg skal ikkje dela alle her, det vil vel få IF-serveren til å knela. Det var mykje folk på strandpromenaden. Somme på joggetur, andre på hundetur, somme sat på steinane og såg utover havet, andre sat på benkar og stolar som står her og der langsmed stranda. Sjølv rusla eg litt og sat litt i ro her og der. Det var ein fin ettermiddag:
Det var tett oppunder 20°C i går ettermiddag, pluss varmare i sola. På føremiddagen var det nok nærmare 12—14°C
Før avreise, etter ei god natts søvn, bestemte eg meg for å gå strandpromenaden tilbake til flyplassen. Og om eg skulle få dårleg tid, kunne eg berre hoppa på trikken. Det tok ein knapp halvannan time å rusla i fint solskin langsmed Middelhavet, så ingenting å klaga på. Emirates på veg inn frå DXB til NCE Adjø til Nice
Frå NCE via CPH til OSL Vel plassert på 1D (eg hadde flytta meg straks dersom @Eddie47 hadde vist sitt blide åsyn) oppdaga eg etter kvart at 1F òg var ledig. Så eg flytta meg dit for å sjå litt meir (og for å fotografera litt). På bakken stod SAS litt sjenert bak bygningsstrukturar og ein palme:
Så tok vi farvel med Nice og den franske rivieraen. Til gjengjeld vart det sagt hallo til serveringa. På denne flyginga fekk vi servert rugbrød med laks og litt til på. I og for seg godt, men eg hadde håpa på varmmat. Forretten fekk eg ikkje tak på kva var, men den smakte bra. Desserten, vaflene, var nok litt skuffande. På veg nordover frå Nice
Siste fly hadde avgang 1800 og ombordstiging skulle skje frå 1730, men allereie nesten 10 minutt før vart slusene opna. Det synst eg var tidleg. Heldigvis heldt SAS ope ei eiga kø for alle i ombordstigingssone 1 (og 2?) slik at eg berre kunne gå rett inn på flyet då eg kom skjødeslaust valsande rundt 1730. Vel oppe i lufta serverte SAS det eg må skildra som eit nokså skuffande "måltid". Altså, på smak var det greitt nok, men i mengde var dette nesten som i polarrullens dagar, følte eg. Vel, eg hadde fått mat på førre flyging, så det var ikkje synd på meg. Og med det var eg heime og reisebrevet har nådd sin slutt. Tusen takk for at du ville vera med på tur!