Med Air Canada til Seattle

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 23. des 2016.

  1. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Då er vi på plass i Toronto og ventar på at USA skal godkjenne vår ankomst. Vi er begge bønder som måtte krysse av på ja til kontakt med dyr i næraste fortid. Reknar med at det ikkje vil føre til ein veldig stor forsinkelse.

    Kan i alle fall bekrefte at vi har gjort eit solid innhogg i Champagnelageret til AirCanada. Eg tykte også at Classic Pod er ein heilt dugande konfigurasjon og er godt nøgd med turen over dammen.

    Notat: Dette innlegget er noko forsinka då eg framleis har problem med opplasting av bilete, dei dukkar opp under her, men eg får verken lagt til som thumbnail eller full image.
     

    Attached Files:

    Eddie47, tommy777, geddi and 6 others like this.
  2. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Då har vi nådd destinasjonen. Hyatt at Olive 8 i Seattle. Vi gjekk for Uber Black frå flyplassen, med Amex-kampanjen kosta ikkje turen ei krone.

    Flyturen frå Toronto var super, vi fekk servert kylling og eg sovna rett etterpå. No kjenner eg at det er tid for litt meir søvn, med avreise før kl 05 idag har vi vore på reise i over eit døgn.
     

    Attached Files:

    LineE, Eddie47, tommy777 and 7 others like this.
  3. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,870
    Likes mottatt:
    9,153
    Bonuspoeng:
    183
    Herlig! Ser ut som jeg må få til en tur med ac snart. En mr til Toronto hadde vært noe
     
    afirm liker dette
  4. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Ingen Sleepless in Seattle-tendensar her, etter ei god natts søvn er det på tide å leggje ein slagplan for dagen. Tur til Boeing Factory er i alle fall høgaktuelt og er berre ein halvtimes Ubertur vekke.

    Litt tilbake til det eg tykkjer er spennande, nytt flyselskap og ny setekonfigurasjon.

    A330 med AirCanada betyr classic pod. Det var på førehand knytt spenning til korleis dette fungerar når ein reiser to ilag. Konklusjonen blir at det fungerar heilt greit. vi er to karar på over 185 og hadde ingen problem med å prate over "veggen" som skiller seta. 4G/3K hadde nok også fungert då ein kunne prata over midtgangen. Vi valgte høgre side i flyet der det er seter på begge sider av midtgangen. Mitt inntrykk er at vi fekk service først og oftare besøk av flyvertinnene. Ein god bunke champagneglas er dog ein mogleg feilkilde her, då eg ikkje har full kontrollpå serveringa på motsatt side.

    Ang Champagne, Air Canada serverar Drappier Carte d'Or Brut. I min forrige Tripreport påsto eg at cavaen som vart servert var heilt fin. Min kunnskap og smak på vin har ikkje utvikla seg veldig på dette året og eg vil også påstå at denne var heilt fin. Ekspertane får bestemme om dette er riktig.

    Eg tykkjer at Air Canada leverar eit godt produkt, bortsett frå underhaldningssystemet. Dette er lite responsivt og har dårleg utval.
    20161228_144914.jpg

    Legg ved nokre bilete av varierande kvalitet. Det er framleis varierande om eg får lagt dei til i teksten eller ikkje. Skulle kanskje plukka med meg dataen likevel.

    Kjem plutseleg tilbake med meir.
     

    Attached Files:

    LineE, Eddie47, tommy777 and 7 others like this.
  5. geddi

    geddi Senior Medlem

    Innlegg:
    1,303
    Likes mottatt:
    3,263
    Bonuspoeng:
    113
    Når man først skulle bli sittende 2.5t og vente på avgang, så var det nok helt greit at dere satt i C-klasse vil jeg tro....champagnen fikk ben å gå på da, regner jeg med ;)
     
    afirm liker dette
  6. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Grunna dårleg planlegging var Boeing fullbooka idag. Det vert difor utsett eit par dagar. Som alternativ aktivitet har vi funne oss eit bryggeri, vi skal nok klare å slå ihel litt tid her.
    2016-12-29 11.40.29.jpg
     
    Travellingalf, LineE, Eddie47 and 6 others like this.
  7. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Definitivt fint å sitte i C, vi vart vel sitjande på flyet ein time før take off. Dessverre sparar Air Canada på Champagnen til ein er i lufta, men lite kresen som eg er tykte eg at Proseccoen var heilt grei. Det var dog ikkje snakk om påfyll, trass forsinkelse.
     
  8. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Kloke av skade har vi no skjønt at førehandsbooking er tingen. Boeing er no bestilt for morgondagen og buss inkl heiskort for Stevens Pass er bestilt på nyttårsafta. Det er meldt om særs gode snøforhold so då er det på tide å tørke støv av gamle snowboardferdigheitar.

    Dagen idag har stort sett bestått av trasking rundt i Seattle, inkludert ein tur til toppen av Space Needle. Dei solgte øl, også der.
    20161229_160706.jpg
     
    LineE, LN-FHU, RemiWM and 9 others like this.
  9. geddi

    geddi Senior Medlem

    Innlegg:
    1,303
    Likes mottatt:
    3,263
    Bonuspoeng:
    113
    Ingen påfyll....hum, det var ikke imponerende
     
  10. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Idag tok vi turen til Boeing. Det kan definitivt anbefalast til alle. Veldig imponerande å sjå korleis dei lagar flya og dyktig guide med mykje interessant kunnskap.

    Vi tok buss til Lynnwood, eg hadde lova ein kamerat å sjå etter eit sikte til ein revolver. Precise Shooter hadde tre sikter til revolver og eit av dei var akkurat det eg skulle ha. Flaks! Riktig nok ville han helst ha det i sølv, men svart får nok duge. Når eg studerte prisane angrar eg litt på at eg nyleg har investert i nytt sikte til jaktrifla mi i Norge..
    20161230_123124.jpg

    Frå Lynnwood tok vi Uber ut til Boeing, vi tenkte at vi skulle rekke ein øl eller to før vi skulle på tour. Touren vår starta 14.30, det viste seg at det ikkje fans øl og oppdrive på Boeingfabrikken og baren på Hilton rett ved sia av opna ikkje før kl 17.

    Jaja, det var uansett moro å sjå oss rundt i museet før touren. Der er også eit spotter deck på taket, det var dog ikkje noko aktivitet på rullebana so eg fekk ikkje særleg nytte av det nye kikkertsiktet.
    2016-12-30 21.19.11.jpg 2016-12-30 21.20.23.jpg 2016-12-30 21.20.52.jpg
    2016-12-30 21.18.45.jpg

    På sjølve toren er det strengt forbode med kamera. Turen må difor opplevast sjølv. Om ein ikkje har anledning til å reise til Seattle finn ein mykje interessant frå fabrikken på Youtube.

    Tilbake var eg freista til å ta taxi heile vegen, men vi fann ut at vi i forskingsøyemed skulle prøve å nytte oss av buss heile vegen tilbake. Dette tek litt tid men fungerar forsovidt greit.
    2016-12-30 21.18.13.jpg

    Bussane tek kun kontant og vi enda difor opp med å måtte runde opp beløpet kvar einaste gong, då dei ikkje vekslar. Ein kan ikkje betale via app dersom ein skal heilt opp til Boeing. Konklusjonen vert at det går an å ta buss heile vegen, alternativ er dog å anbefale. Uber fungerar knirkefritt. Bonusen får vere at dersom du lid deg gjennom bussturen får du minst to øl ekstra når du kjem tilbake til Seattle og Brave Horse Tavern. Denne puben kan anbefalast, god burger og godt utval av lokale øltypar frå Washington.

    2016-12-30 21.17.45.jpg
     
    Kristian, LineE, Petter B-C and 8 others like this.
  11. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,683
    Likes mottatt:
    32,558
    Bonuspoeng:
    293
    Supre bilder og fortelling!
     
    afirm liker dette
  12. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Tidleg start på dagen idag, bussen til Stevens Pass har no hatt avreise frå Downtown Seattle. Sia avreise var kl 06.30 vart frukosten handla på 7-eleven igår kveld.
    2016-12-31 06.43.02.jpg

    2016-12-31 06.43.33.jpg

    Om 15 minutt spelar West Ham fotballkamp. Vi får sjå kor mykje av denne kampen eg får sett på mobildata, før min økonomiske sans tek overhand.
     
  13. RescueMe

    RescueMe Kortreist bonusjeger

    Innlegg:
    753
    Likes mottatt:
    1,421
    Bonuspoeng:
    93
    Drakk du Stella i Seattle??? :eek::eek::eek:
     
    funkenstein liker dette
  14. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Det er første europeiske øl som vart drukke her borte, har stort sett halde meg til øl frå eigen stat. Utvalet var diverre noko avgrensa på 7-eleven.
     
  15. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Forøvrig ein fin dag i Stevens Pass, kan anbefalast for framtidige Seattlefararar. Einaste ankepunkt er at eg gjerne skulle hatt litt meir laussnøv, men det er kanskje vanskeleg å halde mot dei då det ofte skal vere mykje av det her.
    2016-12-31 10.38.10.jpg
     
    Kristian, LineE, geddi and 4 others like this.
  16. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Vi rakk flyet kl 08.10, avgang vart eit par timar forsinka grunna seint innkomande fly og treig deicing. Flyturen vart stort sett nytta til søvn etter gårsdagens utskeielsar.
    2017-01-01 21.19.39.jpg 2017-01-01 21.20.04.jpg


    Vi kom oss etterkvart avstad og er no på plass i Toronto. Her har vi sjekka inn i 37. etasje på Sheraton Centre Hotel. Greit rom, og lounge med noko matservering mellom kl 17 og 20.
    2017-01-01 21.17.21.jpg 2017-01-01 21.36.33.jpg

    Vi har morgondagen til å utforske Toronto før vi tek flyet heim. Ein tur til Niagara Falls er til vurdering, utfallet er foreløpig usikkert. Er det verdt å ta turen? Ser fram til å prøve Executive Pod på Air Canada sin Dreamliner i morgon.
     
    Kristian, OttoL, mathiasfe and 6 others like this.
  17. morradi

    morradi Senior Medlem

    Innlegg:
    510
    Likes mottatt:
    660
    Bonuspoeng:
    93
    Fordelen med å dra på denne tiden på året er at nesten ikke er noen andre der. Jeg var der en gang i begynnelsen av februar, ankom med første morgenfly (AC fra EZE/SCL) kl. 06.XX og tok første buss til Niagara. Gikk først på Starbucks for litt koffein, vandret deretter rolig bortover, betalte og så det som var å se. Det var én person til der. Da jeg gikk ut av anlegget kom de som skulle ta bilder mot betaling! :p De hadde ikke regnet med at noen skulle være på plass så tidlig...

    Nedsiden er at det er lav vannføring, så vanngardina er ikke så imponerende som den kan være (hva angår fossefall er Iguazú mer imponerende, spør du meg). Båtene du kan ta for å få dusjet deg søkkvåt går nok ikke, men det har du neppe lyst til heller i januar. Niagara fremsto forøvrig som en spøkelsesby, interessant på sin måte. (Konklusjon: Jeg synes det var verdt det og ville aldri i verden ha dratt dit om sommeren)

    Jeg for min del rakk da også inn til Toronto, titta litt rundt, opp i CN Tower, spiste middag, drakk godt øl og dro ut til flyplassen for siste fly med AC til LHR i ti-elleve-tida. En helt OK transfer, med andre ord.:D
     
    LineE, geddi, Petter B-C and 3 others like this.
  18. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Tusen takk for godt bidrag @morradi !
    Det vart til at vi sparar Niagara Falls til ei seinare anledning. Har no teke turen opp i CN Tower, eit imponerande byggverk. Noko begrensa utsikt grunna skyer, det er nok endå artigare å ta turen på ein skyfri dag.

    Baren opnar ikkje før kl 11, dei tydelegvis kjipe her i Ontario.

    2017-01-02 10.18.40.jpg
     
  19. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Det var vanskeleg å konkurrere med Ishockey, men dei tildelte meg ein skjerm i på baren i lobbyetasjen på Sheraton. Det vart berre ein omgang der, hadde sikra meg sein utsjekk på hotellet og såg andre omgang på hotellrommet.

    2017-01-02 16.40.12.jpg

    Om kampen er det vel ikkje so mykje å seie, sjølv på min vesle TV såg eg at det raude kortet var latterleg. At Zlatan får lov til å skore frå soleklar offsideposisjon hjelp oss heller ikkje.. Men nok klaging, dei hadde i alle fall øl.

    No set vi kursen mot flyplassen.
     
    LineE, geddi and Petter B-C like this.
  20. geddi

    geddi Senior Medlem

    Innlegg:
    1,303
    Likes mottatt:
    3,263
    Bonuspoeng:
    113
    Skandaledømming, det røde kortet er en vits. Ved scoringen står tre mann i offside, den ene av united spillerne skjermer til og med ballen for Zlatan. Som å være tilbake i Ferguson tiden.
     
    afirm liker dette

Del denne siden