Med Air Canada til Seattle

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 23. des 2016.

  1. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Turen heim frå Toronto gjekk med Dreamliner før Lufthansa tok oss det siste strekket frå FRA til OSL.

    Setekonfigurasjonen på Dreamlineren skuffa ikkje, private og gode seter. Vi valde seta inn mot midten, 2D og 2G. Kameraten min i 2D var litt meir uheldig enn meg, i sete 1D sat det ei dame med ein skrikande ungen og beteninga på den sida var ikkje særleg serviceinnstilt. På mi side var servicen upåklageleg. Maten var betydeleg dårlegare på veg tilbake enn på veg over, det har kanskje noko med at det var "express service", alt vart servert på ein gong. Konseptet med å blir fort ferdige med middagen er noko eg støttar, men maten var skuffande. Eg valde forøvrig kylling, valga var kylling eller torsk.

    2017-01-02 22.34.18.jpg 2017-01-02 22.36.32.jpg
    På kvelden fekk vi også utdelt eit skjema der vi kunne krysse av på kva vi ville ha til frukost. Eg kryssa av på brød, omelett og frukt. Frukosten var heilt kurant.
    2017-01-03 03.36.33.jpg
    Eg har vore veldig misfornøgd med underhaldningssystemet til Air Canada, på A330 og E190 var utvalet veldig dårleg og systemet veldig treigt. På Dreamlineren var systemet mykje raskare, men utvalet var omtrent like dårleg. På veg over såg eg to nye filmar, på veg tilbake hadde eg sett dei filmane eg ville sjå, valde difor å sjå Sound of Music, ein festleg film som eg har sansen for. 2017-01-02 21.13.58.jpg


    Nokon har klaga på at det føles litt trangt der ein skal ha føta i liggjande posisjon, eg ser heilt klart problemstillinga, men eg tykte ikkje det var eit veldig stort problem.

    2017-01-03 11.08.31.jpg 2017-01-03 11.09.12.jpg 2017-01-03 11.09.39.jpg 2017-01-03 11.09.28.jpg

    Eg vil beklage den gjennomgåande begrensa kvaliteten på alle bilete. I løpet av turen har eg for alvor skjøna at telefonen er klar for utbytting. Dette har også gjort at det har blitt eit begrensa antal bilete av kabinane, då eg føler at det er litt flaut å måtte stå i midtgangen 30 sekund for kvart bilete, medan telefonen prøvar å fokusere.

    På Lufthansa A321 vart vi plasserte i sete 6A og 6C. Vi vart ein halvtime forsinka ut frå Frankfurt og landa på Gardermoen litt etter oppsett tid. Medan vi venta på avgang kom kabinpersonalen rundt og serverte sjokolade, det var kjekt. Ellers lite å rapportere frå denne turen, maten var heilt kurant. God mousse til dessert. 2017-01-03 14.09.33.jpg

    Etter landing på Gardermoen var eg innom noko slekt for ein kjapp middag før eg sette kursen over fjellet heimover. Vegvesenet hadde varsla at det kunne bli innført kolonne på kort varsel, dette slapp vi heldigvis unna.

    No har eg igjen tilgong på datamaskiner, vil difor kome tilbake med litt fleire detaljar frå utreise og nokon generelle betrakningar av produktet til Air Canada.
     
    FFlyer, geddi, Eddie47 and 10 others like this.
  2. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,319
    Likes mottatt:
    12,286
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for en fin rapport :)
     
    afirm liker dette
  3. lMartin

    lMartin Jeg var ung og trengte poengene! InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,975
    Likes mottatt:
    6,293
    Bonuspoeng:
    183
    Fantastisk rapport @afirm! Jeg skal ha min første tur med AC og 787-8 senere i år. Kan du gi noen tips på setevalg når man er to som reiser sammen? Er det i det hele tatt mulig å kommunisere over den skilleveggen(som tilsynelatende ikke kan justeres) mellom D og G, eller er det bedre å gå for A/D eller G/K?
     
    afirm liker dette
  4. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Eg vil meine at D og G er betre enn A/D og G/K. Vi kommuniserte greit over skilleveggen, men vi er begge over 1.85. Problemet med A/D og G/K er at begge seta vil peike feil veg, slik at kommunikasjon vert vanskeleg.

    Det er litt synd med skilleveggen som ikkje kan senkast, men eg trur likevel D/G er det beste alternativet.
     
    lMartin liker dette
  5. tmolvik

    tmolvik Aktivt Medlem

    Innlegg:
    333
    Likes mottatt:
    247
    Bonuspoeng:
    43
    Hvordan fungerte immigrasjonen når du reiste via Canada. Må du igjennom immigrasjon både i Canada og USA eller er det en form for informasjonsutveksling der som gjør at man kun gjør det i USA. Hvordan er eventuelt køene i Canada sammenlignet med USA?
     
  6. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Vi gjekk igjennom immigration på flyplassen i Canada. Gav frå oss noko informasjon, vart sitjande i eit venterom i ca 10 min før vi kunne gå vidare. Ganske smertefri prosess, var lite folk der når vi var der. Kan sikkert vere meir hektisk på andre tider av døgnet.

    Når vi kom til USA var det berre å spasere rett ut.
     
    miura and tmolvik like this.
  7. tmolvik

    tmolvik Aktivt Medlem

    Innlegg:
    333
    Likes mottatt:
    247
    Bonuspoeng:
    43
    Godt å høre. Var litt redd for å fly AC, for jeg fryktet at vi måtte igjennom hele prosessen to ganger.. Takk for kjapt svar :)
     
    afirm liker dette
  8. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,685
    Likes mottatt:
    10,234
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen @afirm! Alltid en glede å følge deg på tur!
     
    afirm liker dette
  9. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Velkommen hjem og takk for en fin tur :)
     
    afirm liker dette
  10. FFlyer

    FFlyer Senior Medlem

    Innlegg:
    620
    Likes mottatt:
    2,081
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for turen og tips til min egen tur til SEA i Februar:)
     
    afirm liker dette
  11. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Ting tek tid, men då er det endeleg på tide å greie ut litt meir frå utreisa.


    AC883
    CPH-YYZ
    A330-300
    C-GFUR

    2016-12-28 13.46.44.jpg 2016-12-28 13.47.00.jpg
    2016-12-28 13.50.57.jpg 2016-12-28 13.56.56.jpg

    Vi tok til slutt av, eit par timar etter oppsett rutetid. Forklaringa var dårleg vêr i Toronto, dette såg vi ingenting til når vi kom fram, men noko hadde det vel vore.

    Rett etter take off fekk vi servert nøtter og det var no slutt på servering av Prosecco, heretter er det Champagne som gjeld. Air Canada brukar typen Drappier Carte d’Or Brut. Eg tykte denne var grei, om den faktisk er grei får vere opp til andre å vurdere.

    2016-12-28 15.38.14.jpg

    2016-12-28 14.10.45.jpg 2016-12-28 14.10.56.jpg 2016-12-28 14.11.11.jpg 2016-12-28 14.11.25.jpg

    Eg tykte Classic Pod fungerte veldig bra, skjermen og underhaldningssystemet er definitivt utdatert, men reint komfortmessig er Air Canada bra.

    2016-12-28 14.17.35.jpg

    Maten på veg over var noko av det betre eg har fått servert på fly. Biffen var særs god, men porsjonen var i minste laget. Forretten var røykt kveite, denne var også veldig god. Etter maten fekk ein kjeks og portvin før det heile vart avslutta med is, saman med kaffe og Baileys. Biletet lyg litt då eg tok eit par smakar av isen før eg hugsa å ta bilete, men det var uansett ikkje særleg mykje is som vart servert.
    2016-12-28 16.10.12.jpg 2016-12-28 16.27.07.jpg 2016-12-28 16.55.45.jpg
    2016-12-28 17.32.18.jpg 2016-12-28 17.50.52.jpg
    Eg klarar ikkje å garantere at frukosten var god, men so vidt eg hugsar var den i alle fall heilt kurant.

    2016-12-28 20.19.13.jpg 2016-12-28 22.17.42.jpg
     
    Petter B-C, RoadKing, Upsaker and 5 others like this.
  12. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    For å konkludere rundt dei innleiande måla for turen.

    1. Eg tykte vår løysing fungerte heilt fint. Vi kunne bøye oss litt fram for å kommunisere. Det ville heller ikkje vore noko stort problem om vi sat framfor eller bak kvarandre, då vi begge er over 1.85m.
    2. Her fekk ikkje vi påverka mykje, men den lange turen i narrow body fungerte heilt fint. Seta var gode og vi var sletne, so noko søvn klarte vi også å snike oss til.
    3. Eg har i alle fall nådd målet om å auke antal nynorsk reisebrev med eit, og so får vi alle sjå fram til neste reisebrev frå Stuttfeiten og @Kristian.
    4. Stevens Pass vart eit fint anlegg, vi starta med å ta turen heilt til topps. Eg var noko ustø på snowboardet ned frå rampen, og vakta var noko bekymra for at eg skulle setje utfor ei "double diamond" løype. Etter å ha overbevist vakta om at eg faktisk har prøvd eit snowboard tidlegare i livet (sjølv om eg ved nærare ettertanke berre hadde stått to-tre gongar dei siste fem åra) sette vi utfor. Konklusjonen vert at amerikanarane likar å overdrive vanskegradene, vi kom oss i alle fall ned utan større problem. @Blaa kan nok meir om kva som ligg til grunn for merkingar i Norge, i forhold til USA.

    Til slutt vil eg leggje til at Air Canada er godt oppdatert på countrymusikk, dette veit ein vestlending frå Countryland å setje pris på.
    2016-12-28 22.59.49.jpg


    Til slutt vil eg takke for følget. Januar har foreløpig ført til at booking av turar til Okinawa, Maputo og Cape Town, sjå ikkje vekk ifrå at det dukkar opp eit nytt reisebrev frå ein av desse turane, dersom dei høgare maktene let oss få reise. Eg skal notere meg at telefonen treng utskifting før denne tid. Min førre telefon vart stolen på Zanzibar, kanskje turen til Maputo sørgar for at reiseforsikringa mi dekkar ein ny telefon.

    2016-12-28 19.39.41.jpg 2016-12-28 19.40.31.jpg
     
    FFlyer, Earl, Petter B-C and 10 others like this.
  13. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Det ser slett ikkje ut som om at det er noko stor lidelse å reise med Air Canada (med forbehold om mogeleg overdose countrymusikk) :)

    Tusen takk for fine bilder og for at du tok deg tid til å dele turen med oss!
     
    Eddie47 and afirm like this.
  14. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,664
    Likes mottatt:
    32,511
    Bonuspoeng:
    293
    Mange takk for flott rapport :)
     
    afirm liker dette

Del denne siden