God morgon frå Aust-Finn... Nei, frå hovudstaden, faktisk!
Ein brillefin flytur sørover med SK4473 i går med humør- og omsorgsfullt mannskap. Person med valdsam flyskrekk fekk god ivaretaking. Spedbarn vart dulla litt ekstra med. Og då ein eller annan hadde mista ein 50-lapp ved inngangen vart vi på første benk spurt: Det er kanskje ikkje greitt å seia 'lapp' her oppe? I tillegg var tralleserveringa raus og det var ikkje nei å spora. Når både kapteinen og kabinsjefen på toppen av det heile begge var trønderar så var alt perfekt, nesten som å reisa i LH F, vil eg tørra å påstå!
Ha ein fin-fin fredag, gode medforumistar!
Last edited: 27. jan 2023