Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,231
    Likes mottatt:
    22,420
    Bonuspoeng:
    183
    Dette ser veldig bra ut. Det spørst om ikkje denne karen og lyt ha seg ein tur til Australia ved høve. Både Brisbane og Melbourne freistar veldig.
     
    Kristian liker dette
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tre netter i Melbourne – del 2: «Kriminelt gloheitt»
    Vi (rojalt fleirtal) ber om orsaking for den lange utgreiinga om situasjonen for aboriginane i Australia. Det skal seiast at eg nok har leita fram noko av det mørkaste på det feltet. Nokre fleire tankar kring dette, kjem eg tilbake til seinare.


    Ikkje akkurat onkel Toms hytte
    Etter Melbourne museum gjekk turen til noko som vart ein sterk, nærmast ironisk kontrast til det vi nyss hadde sett på «First Peoples»-utstillinga: James Cooks hytte. Denne ligg idyllisk til i ein av store parkane i Melbourne. Vi var no på tassetur og tenkte no at vi kunne sjå innom.

    20190123_141757.jpg
    Cook’s cottage, Melbourne
     
    Kalsnes, Kvalvaag, drsyk and 10 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Botanikk og krigsminnesmerke
    At Melbourne er ein fin by, det er det ingen tvil om. Vi gjorde denne dagen berre bruk av apostlanes hestar og sjølv om byen ikkje akkurat er på storleik med eit fiskevær i Aust-Finnmark, så trasking ein brillefin måte å kome seg rundt på.

    Etter å ha slappa av på ein benk rett ved inngangen til ei lita tennisturnering, Melbourne Open, der vi fekk høyre fin musikk frå ein konsert rett i nærleiken, kryssa vi elva og trampa rett inn i den brillefine Royal botanical garden. Etter solnedgang arrangert utandørskino her.

    20190123_191902.jpg
    Den botaniske hagen i Melbourne

    På veg tilbake mot sentrum av Melbourne kom vi nærmast ved eit slumpetreff over eit mektig krigsminnesmerke, Shrine of Remembrance. Vi kom dit etter stengetid, men det var likevel heilt ålreit å berre sjå minnesmerket som opphaveleg vart bygd for å heidra menn og kvinner frå Victoria som tok del i første verdskrigen.

    20190123_195646.jpg
    Krigsminnesmerket Shrine of Remembrance, Melbourne

    20190123_210503.jpg
    Den store jarnbanestasjonsbygninga, Flinders street station, i Melbourne
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Kriminell varme
    Vi vurderte ei stund å berre ha to netter i Melbourne for å få tid til anna moro i Australia, men i ettertid er eg glad for at vi hadde to heile dagar i Victorias delstatshovudstad. Rett nok skulle dag nummer to bli i overkant varm.

    20190123_231430.jpg
    Meteorolygen lovte kriminelt høg temperatur
     
    drsyk, Flymunda, Earl and 6 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Kriminell innvandring?
    Ikkje langt unna jarnbanestasjonen Flinders street station ligg Immigration museum. I all hovudsak tar dette muséet føre seg innvandringa til Australsambandet dei siste 200 år. Mykje av muséet er via det som innvandrarar har tatt med seg frå heimlandet, men delar av utstillinga har eit kritisk blikk på immigrasjonen til landet og politikken på dette feltet:
    20190124_103346.jpg

    Australia har sidan andre verdskrigen tatt i mot meir enn seks millionar innvandrarar og flyktningar. Landet tar gjerne i mot flyktningar når FN har gitt dei flyktningestatus. Asylsøkjarar som prøver å kome seg til landet på eiga hand, derimot, blir gjerne nokså røft behandla og ofte vist til mottakssenter som ligg svært avsides til – om dei i det heile får kome til landet:
    20190124_103418.jpg
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Paradokset mellom ønsket om innvandrarar og motviljen mot asylsøkjarar kom spesielt til syne i 2001. Immigrasjonsmuséet vier litt merksemd til eit norsk lasteskip i denne samanhengen. Her går vi litt i djupna via andre oppslagsverk:

    Ein har i Australia eit delt syn på denne hendinga i 2001:
    Alt er ikkje kolsvart: Australia er blant landa i verda som tar i mot flest flyktningar, landet ligg på tredjeplass etter USA og Canada. Generelt sett kan ein seie at i Europa blir innvandringspolitikken stramma inn, medan det blir stadig enklare å få opphalds- og arbeidsløyve i Australia.

    20190124_132317.jpg
    Ved elvebreidda i Melbourne

    Spør du meg var Immigration museum vel verdt besøket.
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Flukta frå varmen
    Meteorolygen laug ikkje. Då vi var ferdig med Immigrasjonsmuséet slo varmen i mot oss på gata. Termometeret var kome godt over 30-talet og frå nesten skyfri himmel steikte sola. Det førde til at vi rusla bort til Australian Centre for the Moving Image. Her var det mykje spennande å sjå!

    Vidare skulle vi på ny ta turen vår til nye høgder, no til Eureka Skydeck… Ja, blir humoren betre no, då veit eg nesten ikkje kvar dette vil ende, men for å roe lattermuskulaturen litt ser no på utsikten:
    20190124_144605.jpg

    20190124_144527.jpg
    Melbourne sett frå Eureka Skydeck
     
    Kalsnes, drsyk, Flymunda and 11 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Utflukt til St. Kilda
    Etter at vi hadde sett byen frå fugleperspektiv, hadde skuggetemperaturen kome over +35 grader. Vi innsåg at det einaste riktige no var å ta turen ut til havet. Det mest naturlege då er St. Kilda. Dette er vel ein slags forstad eller noko i den dur der det er rom for mellom anna ein dukkert. Det bur òg ein flokk pingvinar her ute. Dei er for det meste heime på seinkvelden rett før solnedgang.

    Frå Flinders street station hoppar du berre på trikken, turen tar rundt 35–40 minutt. Kjøp tur/retur-billett på automaten. Vi fann ingen stad for å kjøpe billett i St. Kilda, så vi vart det som kallast gratispassasjerar då vi tok trikken tilbake til sentrum.

    20190124_174234.jpg

    20190124_174241.jpg

    20190124_200927.jpg
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Melbourne er ein veldig fin by. Her er det mykje å ta seg til og det er flust av gode matplassar. Vi brukte Google til å finne matplassar og brukte her rankingsystemet der fem stjerner er det beste. Bilete og slikt var til god hjelp. På dette viset var vi sjeldan langt unna god mat.

    Då vi kom tilbake frå St. Kilda kunne meteorolygen melda at neste dag skulle bli endå varmare enn den vi nyss hadde vore gjennom:
    20190124_230954.jpg
     
    Kalsnes, Kvalvaag, drsyk and 9 others like this.
  10. tfo

    tfo Aktivt Medlem

    Innlegg:
    323
    Likes mottatt:
    1,212
    Bonuspoeng:
    93
    Sitter her og nå og vurderer en kipp tur innom Australia på vei hjem fra NZ i januar. Når man først er i "nabolaget" så stikker man innom. Basert på ditt reisebrev rangerer Melbourne høyt. Har ofte noen "rare målsetninger " med turene mine og trenger ikke så veldig gode grunner for å dra. Nå gjelder det å overbevise reisefølget. Takk for at du tar deg tid til å skrive
     
    Flymunda and Kristian like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Forumets egen australiakjenner @ValdresBjarne (én av flere) lister Melbourne som sin favorittby (i mulig skarp konkurranse med Adelaide), om jeg har forstått summen av diverse poster riktig. Lykke til med overbevisningsprosessen!
     
    Flymunda liker dette
  12. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,737
    Likes mottatt:
    21,935
    Bonuspoeng:
    293
    Suverent reisebrev som vanlig. Har kost meg glugg de siste dagene, på bekostning av rapport fra min egen tur. Nå er det mulig det blir planlegging av ny Australiatur istedet. Takk for at du deler!
     
    Kristian liker dette
  13. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Vi var også mest fornøyd med Melbourne oppholdet på vår Australia tur, støtter anbefalingen varmt!
     
    Flymunda and Kristian like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Veldig sant. Libanon og Jordan har vel òg tatt i mot mange flyktningar etter at alt gjekk til helvete i Syria.

    Mi kjelde tok utgangspunkt i ei liste på 24 land. Vestlege I-land om eg ikkje tar feil. Snevert talgrunnlag, så du kjem med ei viktig korrigering.
     
  15. jgroneng

    jgroneng Fastboende

    Innlegg:
    5,217
    Likes mottatt:
    17,293
    Bonuspoeng:
    293
    Det du referer til er de som har fått såkalt flyktningestatus av FN, og ikke flyktninger generelt. Og der er USA de som tar i mot flest. (men tallet er mikroskopisk relatert til antall flyktninger generelt)
     
    Kristian liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Roadtrip Melbourne – Sydney – del I – «Kriminelt langdrygt»
    Etter å ha kost oss i Melbourne, kom ein dag som for min del vart ein kalddusj. Ironisk nok var det altså godt over +40 grader denne dagen… Vel, etter ein brillefin frukost på ei lokal sjappe rundt hjørnet, tassa vi av garde bortover til leigebilkontoret.

    Slik såg den planlagde reiseruta ut (Melbourne øvst til venstre i kartet):
    20190125_172254-02.jpg

    Kalddusjen spruta oss rett i trynet på eit trongt og ganske varmt Avis-kontor. Ifølgje bestillinga, skulle vi hente ut bilen kl. 1700 dagen før. Her hadde reisefølgjet rett og slett blingsa. Vi var altså rundt 15 timar for seint ute då vi kom til Avis kl. 0900, var vi altså 15 timar for seint ute…

    Skulle dette vere noko problem? Ja, Avis hadde tydelegvis leigd ut bilen vår til nokre andre. Det skal seiast at dette var ein fredag, dagen før Australias nasjonaldag. Altså ei utfartshelg. Vel, skrankepersonalet hamra laus på tastaturet, bad oss sjekke andre leigebilselskap, hamra endå meir på EDB-utstyret og til slutt, to timar seinare, hadde vi – på mirakuløst vis – ein bil.

    Planen var å vere på vegen litt over klokka ni. I staden var vi ikkje i gang med dagen før nærmare halv tolv. Det betydde at dagen vart litt amputert. Då vi i tillegg, grunna dårleg førehandssjekk, oppdaga at pingvinane på Philips Island berre er aktive opp mot solnedgang, så må eg innrømme at eg nok synst at dagen vart litt stusseleg.
     
    watchaddicted, Kalsnes, Earl and 10 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vel, la oss ikkje fokusere på det negative. Det var fleire lyspunkt gjennom dagen. Det første møtte vi allereie på Philips Island der vi stoppa for ein sein lønsj i bygda Cowes. Her er det eit dansk par som driv ei sjappe og her var det god stemning. Vi bestilte og slarva med innehavarane på norsk og dei svarte på dansk. Brillefin mat! Sjå etter dei nordiske flagga.

    Etter lønsj gjekk turen til området der pingvinane held til, Penguin parade. Her er det gratis inngang fram til litt utpå ettermiddagen. Vi fekk her vite at vi var fleire timar for tidleg ute, men vi tusla no likevel ut i området. Her er det bygd opp reirkasser for pingvinane og det var så vidt mogleg å sjå eit par ungar som låg heilt stille inne i kassene sine. Vel, eg møtte denne karen i suvenirbutikken:
    20190125_223714.jpg
    Folkens, sei «Hei!» til Olav!

    20190125_150402.jpg
    Penguin parade, Philips island

    Vår plan var eigentleg å bruke litt tid i Wilson Promontory nasjonalpark. Sidan vi kom oss seint av garde frå Melbourne, vart tida der litt amputert, men vi fekk med oss Squeaky Beach og Tidal River. Begge plassane er nydelege. Vi skulle gjerne ha meir tid her, men litt er betre enn ingenting:
    20190125_194425.jpg
    Squeaky Beach, Wilson Promontory nasjonalpark
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: Prom Country Lodge, Foster
    950 kr for éi natt. Grei frukost og middag som kjøpast utanom overnattingsprisen. Eg fekk eit gigarom med seks–sju sengeplassar. Litt valdsamt. Elles er Foster ein nokså roleg plass. For vår del var dette den plassen som låg nærmast Wilson Promontory – og hadde ledig kapasitet.

    20190125_172254.jpg
     
    watchaddicted, jgroneng, Earl and 9 others like this.
  19. veeegard

    veeegard Veteran

    Innlegg:
    1,725
    Likes mottatt:
    9,287
    Bonuspoeng:
    183
    Herlig reisebrev! Må snart komme meg down under :)
     
  20. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    For et utrolig reisebrev... blir målløs og inspirert, du er en artig og vittig skribent, her kan man ikke skumlese nei...gleder meg allerede til neste reise brev! Kunne nesten lest påskekrim`n på nytt om ikke andre stod på vent:)
     
    Hanen liker dette

Del denne siden