Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Avixlo

    Avixlo Veteran

    Innlegg:
    1,757
    Likes mottatt:
    8,426
    Bonuspoeng:
    183
    Fantastisk reisebrev! Virkelig fantastisk må jeg si. Her har man noe å se opp til når man skriver egne reisebrev ;) Takk for at vi får bli med på reisen, når jeg engang i 'nær' framtid skal besøke Australia skal jeg bruke inspirasjon herfra
     
    Hanen liker dette
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Roadtrip Melbourne – Sydney – del II – «Kriminelt nusseleg»
    Etter ein ålreit frukost på motellet gjekk turen vidare. Det skulle både bli bading og koalajakt før dagen var omme. Dagens køyrerute vart omtrent slik:
    20190125_223721-02.jpg
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Første stopp tok vi Yarram. Kvifor vi stoppa her, er meg litt uklårt, men reisefølgjet insisterte. I alle høve vart det kake på det lokale bakeriet. Deretter gjekk turen til den 150 km lange strandpromenaden Ninety mile beach. Stranda kan du oppsøke frå fleire stader, vi parkerte bilen ved Seaspray livredningsklubb og slappa av i ålreite omgjevnader.

    20190126_123237.jpg

    20190126_123244.jpg
    Ninety mile beach, Seaspray

    Vel framme i Bairnsdale lurte vi litt på kva vi skulle gjere, men etter å ha rådført oss med tøtta i motellskranken vart planen lagt: Lakes Entrance neste dag, koalajakt med fotografiapparat same kveld.
     
    SAJblue, jgroneng, drsyk and 7 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    20190126_173008.jpg

    Turen gjekk til ferjeleiet i Paynesville knappe 20 minutt unna motellet. Ferjeturen tar to–tre minutt og er gratis for fotgjengarar. Deretter starta ei vandring som skulle få oss til å framstå som høge på pæra. Kvifor? Vi gjekk med nasen vendt rett oppover. Ikkje for å sleika sol, men for å få auga på nokre sløve pelsdottar. I starten såg vi ingen, men vips dukka dei opp – som perler på ei snor!

    20190126_180400.jpg

    20190126_183111.jpg
    Snakk om livskoalaitet!

    Runden rundt på Raymond island i koalariket er ikkje lang, kanskje tre kilometer, men vips hadde vi slått i hel to timar der. Vi tok ferja tilbake til Paynesville og tusla bort til den serveringsstaden som låg cirka fire meter unna. Her serverte dei nydeleg mat i trivelege omgjevnadar. Deretter tok vi kvelden etter det som hadde vore ein fin dag.
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: Mitchell on Main Motel & Apartments, Bairnsdale
    850 kr for éi natt. Frukost inkludert. Ålreit storleik på romma. Motellstil, men det ligg i namnet.

    20190126_161818.jpg

    20190126_161832.jpg
     
    Kvalvaag, watchaddicted, KRS and 9 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det :) Eg trur det blir kjedeleg å lese reisebrev dersom alle er like i formatet. Ja til mangfald – og i reisebrevjungelen :)
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Kjekt å høyre at du koser deg :) Dette reisebrevet er ikkje heilt ferdig enno, så hald på hatten enn så lenge :)
     
    drsyk liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eit lite nasjonaldagsintermesso – «Kriminelt vanskeleg»
    Dagen vi nyss hadde lagt bak oss var den australske nasjonaldagen, 26. januar. Fleire samla seg til grilling, andre åt god mat i lag på restaurant medan atter andre slo seg laus med høg musikk og ein solid dose alkohol. Samstundes presenterte den australske kringkastingsselskapet ABC ein del innslag frå ulike delar av landet der fokus var eit litt anna enn det vi såg på våre kantar denne dagen.

    Australia Day markerer dagen då dei elleve fartøya som utgjorde «Den første flåten» kom til området der vi i dag finn Sydney, i 1788. Om bord var det 548 menn og 188 kvinner, kriminelle som London ville kvitte seg med. Desse var i hovudsak (men slett ikkje utelukkande) småforbrytarar:
    TV-innslaga på ABC gjorde det tydeleg for meg at den australske nasjonaldagen, Australia Day, kan vere vanskeleg å markere og kanskje ikkje er så samlande som ein nasjonaldag bør vere:
    I alle tilfelle var eg gjennom heile dagen usikker på om eg skulle helse «Gratulerer med nasjonaldagen» til dei eg møtte på min veg. Eg prøvde meg eit par gongar og fekk «Takk» til svar, men eg valde å for det meste å unngå heile problematikken.
     
    SAJblue, watchaddicted, KRS and 11 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Roadtrip Melbourne – Sydney – del III – «Kriminelt hektisk»
    Dagen starta med ein køyretur frå Bairnsdale til Lakes Entrance. På dette tidspunktet byrja vi å bli lei av at vegen var innhylla i skog, skog og atter skog – tett inntil vegen. Vi hadde jo eit håp om å ha litt utsikt og slikt. Både gårdagen og denne dagen var vi omgitt av digre tre.

    20190126_183111-02.jpg

    Første stopp vart i Lakes Entrace. Her tusla vi bortover ein sandete sti til der kor Lake Victoria møter Tasmanhavet. Her er du dømd til å få sand i skoa. Returen tok vi langsmed Ninety mile beach. Her får ein trimma lårmuskulaturen litt då sanda er ganske laus.

    20190127_101832.jpg
    Byen Lakes Entance

    20190127_105923.jpg
    Selar der ferskvatn møter saltvatn

    20190127_112731.jpg
    Ninety mile beach ved Lakes Entrance

    Vi gjorde ein stopp på Cape Conran utan at vi eigentleg forstår kvifor. Håpet var å kome oss ut av skogen, men sjølv om vegen gjekk berre nokre hundre meter frå strandlina, køyrde vi i tjukk skog. Her måtte ein trø ut av bilen og finne seg ein sti til stranda for å få sjå havet.
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dagens høgdepunkt fann vi ikkje langt unna Gipsy Point. Her startar ein 1,5 km lang sti som tar deg opp gjennom skogen og opp til Genoa Peak. Litt av ein opptur – bokstavleg talt:
    20190127_173323.jpg

    20190127_173444.jpg

    Som ein kan sjå av bileta, var dette ein grå dag, men det var uendeleg godt å kome seg opp for å sjå noko anna enn trestammar og trekroner – sett frå undersida.
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dagens gastronomiske høgdepunkt snubla vi over i Mallacoota, ein bittelita feriebygd. Heile dagen hadde vi hatt nokså låg puls og gjort alt i rolege omgjevnader. Den asiatiske serveringsstaden i Mallacoota vart ein valdsam kontrast. Her var tempoet rett og slett infernalsk og trykket av svoltne kundar var uventa stort, det var kø ut døra. Og korleis var maten? Vel, den mongolske biffen var rett og slett nydeleg!

    20190127_204051.jpg

    Overnatting: Mallacoota’s Shady Gully Caravan Park
    400 kr for éi natt (to snuter i éi hytte). Ingen frukost. Enkel standard, nesten litt som ei campingvogn eller -bil. Det gjekk heilt greitt. Ingen bilete herifrå, faktisk. Orsak!
     
    SAJblue, Eddie47, paron and 7 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Roadtrip Melbourne – Sydney – del IV – «Kriminelle hopp»
    Påfølgjande dag gjekk turen ut av Victoria og inn i New South Wales. Den største skilnaden var at etter kvart opna landskapet rundt vegen seg. Frå å ha køyrd inni skogen omtrent heile vegen frå Melbourne (ei sanning med modifikasjonar), kunne vi no sjå litt rundt oss.

    20190128_111315-01.jpg

    Første stopp tok vi ved Bournda-lagunen. Her er det ein ålreit ruslesti gjennom skogen og over stranda ved lagunen. Dersom det har regna mykje, er nok denne turen ikkje spesielt ideell, men for vår del var det tørt og fint. Landskapet er heller ikkje ueffent:
    20190128_111315.jpg

    20190128_120533.jpg

    20190128_120528.jpg

    20190128_121851.jpg
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Når du køyrer mellom Melbourne og Sydney, hugs følgjande: Det er tidvis svært dårleg radiodekning på FM. AM sender ein del snodige saker og lydkvaliteten er så som så. Tidvis hadde vi berre éin kanal på FM, der sendte dei jazz og reggae om kvarandre. Det kan vere lurt med personleg EDB-utstyr for å få litt musikk i bilen – eller å rote fram ein slik god, gamaldags compact disc.

    Vårt neste stopp vart ein liten by som heiter Tilba Tilba. Her held ABC Cheese Factory til, men vi gjekk for iskrem. Så lenge det er varmare enn tjue blå, er det heilt innanfor med iskrem. Basta! Kanskje neste IF-kongress skal finne stad her:
    20190128_151722.jpg
    Bullshit corner, Tilba Tilba

    20190128_145748.jpg

    20190128_152049.jpg
    Litt av gatebiletet i Tilba Tilba
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha rusla litt rundt i Tilba Tilba, vendte vi oss mot solguden og køyrde til ei strand som heiter Pebbly Beach. Vi hadde absolutt ingen planar om å bade, vi skulle på jakt! Om vi er hoppande gale? Nei, men desse karane og damene var det:
    20190128_171446.jpg

    Ja, det er fullt mogleg å bade på Pebbly Beach, altså:
    20190128_170920.jpg

    Du kan kome svært nær kenguruane på Pebbly Beach. Så nært at du fint kan klappe dei, men det står på infotavla ved parkeringa at ein skal unngå å fôre og røre dyra. Dersom ein kenguru lærer seg at han kan få mat hos menneske, kan han fort bli aggressiv dersom ein eller annan person ikkje gir frå seg mat. Å få to tette og ei badehette frå ein kenguruhann med lågt blodsukker betyr fort at du blir frakta vekk med blålys eller tilsvarande.
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: The Huskisson, Huskisson
    130 USD [sic] for éi natt. Ingen frukost. Ok storleik og eigentleg ingenting å utsetje på rommet etter at eg kverka ein edderkopp som verka svolten. Dør ut til stor veranda (som ein delar med andre rom).

    20190128_211006.jpg

    20190128_211024.jpg
     
    watchaddicted, Eddie47, paron and 6 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Roadtrip Melbourne – Sydney – del V – «Kriminelt bra morgonbad»
    Så vakna vi til femte og siste dag av køyreturen mellom Melbourne og Sydney.

    20190128_211024-02.jpg

    Etter frukost i Huskisson gjekk turen til Hyams beach, 15 minutt unna, for eit bad. Og for ei strand! Eg ser i etterkant at eg ikkje tok så mange bilete, men det var rett og slett brillefint der. Sidan stranda ligg inni ei bukt, så er det ingen livsfarlege understraumar her. Ein kan rett og slett kose seg med eit bad på ei kritkvit strand:
    20190129_094858.jpg

    Kvelden i førevegen hadde det kome inn eit tips frå sidelinja (les: frå meg) om at Kengurudalen kunne vere eit fint stopp. Reisefølgjet protesterte ikkje vilt og i siste liten vart reiseruta skipla og frå stranda gjekk turen litt inn i landet til Kangaroo Valley. Der var det varmt! Og fint! Vi skulle hatt meir tid. I tillegg hadde det vore spennande å kome seg ti Upper Kangaroo Valley. Her er det fleire turstiar og slikt.

    20190129_123137.jpg
    Ein liten flik av Kangaroo Valley, New South Wales

    Denne spontane avstikkaren til Kengurudalen tok litt tid, så vi fresa innom Berry for ein betre lønsj. Matsjappa på kjøpesenteret der hadde brillefin mat, faktisk.


    Vidare gjekk turen til Kiama. Her finst det eit blåsehòl. Då er vi i geologiverda:
    Kiama Blowhole ligg idyllisk til og er eit fint stopp, men det er mogleg at forholda ikkje var optimale for at blåsehòlet skulle gi assosiasjonar til ein geysir, for vi såg ingenting til det. Eg følte meg såpass snytt at eg ikkje ein gong tok bilete av grotteopninga.

    Blåsehòlet ligg på ein odde. Her er det fullt av åtvaringar om at ein ikkje må finne på å gå utanfor den oppmerka stien og at alt er livsfarleg og slikt. Her tok eg ansvar og sa: «Vi skal til tuppen av odden, koste kva det koste vil!»
    20190129_145742.jpg
    Odden der Kiama blåsehòl ligg

    Som sagt, så gjort. Vi tassa til det ytste punktet på odden og konstaterte at Tasmanhavet er stort:
    20190129_151738.jpg

    No var vi kome dit at vi oppdaga at vi omtrent hadde berre tida og vegen fram til Avis-kontoret der vi skulle levere doningen vår innan kl. 1700 i Sydney. I utgangspunktet hadde vi god tid frå Kiama, men litt vegarbeid her og der, litt tett trafikk og ei bittelita feilnavigering gjorde at vi kom fram berre 10 minutt før stengetid.
     
  17. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Bukker og neier for at årets påskekrim 2019, har vedvarende preg av ypperste klasse :)
     
    Kristian liker dette
  18. Yeager

    Yeager Medlem

    Innlegg:
    55
    Likes mottatt:
    54
    Bonuspoeng:
    18
    Takk for at du deler denne fantastiske trip-reporten! Har sittet og lest et par kvelder nå, og gleder meg til fortsettelsen. Australia er virkelig på min ønskeliste - håper å få til en tur dit i framtiden. Vokste opp med historier om Sydney og Bondi beach fra faren min som hadde bodd der en tid i ungdommen.
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Sjølv takk for at du heng med! :)

    Eg kan vel love at mitt skriveri ikkje overgår din fars forteljingar, så du må nok berre ta turen til Australia for å gjere deg dine eigne erfaringar. Vel, neste punkt i resebrevet er nettopp Sydney og Bondi beach :)
     
    Last edited: 28. april 2019
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    No innser eg at denne påskekrimmen varer litt lenger enn det den tradisjonelle påskefeiringa varer, men vi (rojalt fleirtal) satsar på å vere ferdige innan St. Hans (eg sa ikkje kva for årstal).
     
    SAJblue and Sekon like this.

Del denne siden