Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit intermesso frå Sydneys tidlege historie – «Kriminelt tørst»
    Vi, kongens sendemenn, som var ute i oppdrag på vegner av Harald Rex for å sjå om Australia utgjer ein trussel mot norske interesser i Antarktis, hadde lese seg oss opp på Sydneys historie og no frykta vi det verste.

    Kva om vi skulle hamne på Pinchgut Island, skjeret utanfor Sydney der vanskelege fangar vart lenka fast og halvvegs svelta i hel? Eller kva om vi skulle få smake Norfolk Dumpling – australsk slang for 100 piskeslag? Eller kva om vi sjølv skulle danse Newgate Hornpipe – rørslene til eit menneske som blir hengt?

    Cut yer name across me backbone
    Stretch me skin across a drum
    Iron me up to Pinchgut Island
    From today til Kingdom come!
    I will eat your Norfolk Dumpling
    Like a juicy Spanish Plum
    Even dance the Newgate Hornpipe
    If you only give me rum.


    No var vi på veg inn til Australias største by der rom i si tid hadde vore ein maktfaktor av dimensjonar. Det verka heilt feil å nynne på The Andrew Sisters’ store hit frå 1945 «Rum and Coca Cola», men eg greidde ikkje å la vere…:
     
    watchaddicted, Eddie47, KRS and 7 others like this.
  2. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Syns det er utrolige interessant at du krydrer meg historiske fakta her og der :)
     
    Kristian liker dette
  3. paron

    paron Senior Medlem

    Innlegg:
    519
    Likes mottatt:
    2,676
    Bonuspoeng:
    93
    Dette reisebrevet er jo bare "kriminelt bra";)
     
    Avixlo, Kristian and RoadKing like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det! Eg brukar å ha med deg litt litteratur på reisa om landet eller området som eg gjestar, spesielt på slike lange turar. Slik sett er desse 'historiske dryppa' for meg ein del av reisa. Difor får dei ein plass i dette etter kvart altfor omfattande reisebrevet :)
     
    Avixlo and Finnks like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tre netter i Sydney – «Kriminelt god sushi»
    «Alle» har vel vore i Australsambandets største by? Mystisk nok er ikkje dette hovudstaden. Då ein i 1901 fann ut at landet trengte ein hovudstad, meinte ein at grunna den intense rivaliseringa mellom Melbourne og Sydney, ville det vere eit sjansespel å velje ein av desse. I staden etablerte styresmaktene ein ny by, Canberra. Vel, vi skulle sjå Sydney.

    Overnatting: Park Regis City Centre, Sydney
    425 USD [sic] for tre netter. Ingen frukost. Greitt rom eit stykke opp i etasjane. Sentralt. Mystisk nok ingen bilete herifrå, men eg overlevde. Standard storleik på rommet, ingenting å klage på.

    Storbyrusling i Sydney
    Min favorittmetode for å utforske ein by er å gå. Det blir tilbakelagt ganske store avstandar til fots og dersom eg hadde budd fast i byen, ville eg nok ha brukt kollektivtrafikk, men det er fint å rusle rundt, sjå på folk, fe og bygningar.

    Første kvelden ramla vi over ein brillefin sushiplass, Rio S. Her åt eg meg så mett at eg omtrent bokstavleg talt rulla tilbake til hotellet. Maten var rett og slett himmelsk. Det førte til at frukosten neste dag vart litt av det enklare slaget, men ikkje desto mindre velsmakande.

    20190129_195848.jpg

    20190130_085733.jpg
    Middag på Rio S og frukost på ein fortausrestaurant. Brillefint!
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ein gløtt i loggboka avdekkjer følgjande førsteinntrykk av Sydney:
    Som alle forstår er eg kjempeglad i asfaltjungelen… Vel, det var ikkje så gale som kommentaren over skulle gi inntrykk av. Vi starta dagen på Powerhouse museum. Her er det mykje rart og sidan reisefølgjet har realfagsutdanning, så fekk vi brukt ein del tid. Dette er svære saker og ein stakkars trønder kan fort gå seg vill.

    20190130_110831.jpg
    Snasen doning på dampmaskinavdelinga på Powerhouse museum

    20190130_103920.jpg
    Opplysningar frå 30/1-19 på Powerhouse museum, Sydney
     
    watchaddicted, Eddie47, drsyk and 4 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vi tusla etterpå bort til Australias nasjonale maritime museum. Her er dei faste utstillingane innandørs gratis, men skal du inn på dei fire–fem fartøya som ligg der på utstilling, så må du bla opp ein god del australske dollars. Vi var vel mest klare for iskrem og lønsj, så då vart det sånn.

    Reisefølgjet var på dette tidspunktet klar for ein ettermiddagsdupps, så han vart sendt i seng medan eg tassa bortom ein katedral via jomfru Maria: St. Mary’s cathedral:
    20190130_154315.jpg

    20190130_153651.jpg

    Utan at eg spesielt sterkt truande (truande til så mangt, men ikkje alt), så øver store katedralar ei form for tiltrekkingskraft på meg. Heime er eg jo glad i Nidarosdomen, eit fantastisk byggverk som eg ikkje kan gå forbi utan å berre svippe innom.

    Det vart òg tid til ein snartur innom Australian museum utan at dei hadde noko her som vi ikkje hadde sett i Melbourne eller Brisbane. Så for min del vart det berre ein snarvisitt.
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vel, reisefølgjet vakna etter kvart og så vart det middag og etterpå fann vi ut at vi sjølvsagt måtte ta nokre bilete av det byggverket som absolutt alle saman over heile verda forbind med Sydney. Det var den danske arkitekten Jørn Utzon som teikna operahuset, men han har aldri sett det ferdige byggverket med sine eigne augo:
    Etter at Utzon var pressa ut, ble interiøret utforma på billigaste vis, salar og sceneparti vart redusert til å tole berre enkle produksjonar:
    Likevel er operahuset i Sydney eit samlingspunkt der folk drikk øl, turistane knipsar bilete over ei låg sko og er skildra som «eit perfekt mål for heidenske pilgrimsreiser». Vel, vi knipsa bilete vi òg, ingen tvil!

    20190130_190537.jpg
    I dagslys er ikkje operahuset i Sydney så veldig yndig…

    20190130_210910.jpg
    Det er kanskje i kveldsmørket med lyssetjing av operahuset ser finast ut

    20190129_211127.jpg
    Sydney by night
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tre netter i Sydney – «Strando(d)rama»
    20190131_075550.jpg
    Meteorolygen lovte ein varm dag i Sydney

    Då neste dag var i gang, drylte eg på med ein solid dose solkrem med faktor 50. Dagen skulle brukast på å gå frå strand til strand, frå bad til bad, frå is til is. Det var med andre ord duka for klassikaren Coogee Beach – Bondi Beach, ein tur på drygt fem kilometer.

    20190131_075550-02.jpg
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Turen var brillefin! Vi lar bileta tale for seg ei lita stund framover.

    20190131_104404.jpg
    Coogee beach

    20190131_114336.jpg
    Litt av utsikten ikkje langt unna Coogee beach

    20190131_115145.jpg
    Gordons bay

    20190131_121631.jpg
    Clovelly beach

    20190131_123423.jpg
    Utsikt frå ikkje langt unna Bronte beach

    20190131_141854.jpg
    Bronte beach

    20190131_143406.jpg
    Tamarama beach

    20190131_145748.jpg
    Bondi beach

    20190131_163538.jpg
    Bondi beach

    Det var ein varm dag, rundt 35–40 grader og sol frå nesten skyfri himmel. Vi hadde med oss rikeleg med vatn og kjøpte ein del undervegs. Hadde vi ikkje gjort det, hadde vi vel fort vorte dehydrert. Om humoren vår ikkje er tørr nok frå før, liksom…

    Vi hadde litt trøbbel med å få kjøpt bussbillett tilbake til Sydney. Ekspressbussane krev førehandskjøpt billett. Vi hadde kjøpt einvegsbillett til Coogee beach og tenkte at det var mogleg heim frå Bondi beach. Så lett var det ikkje. Vi enda opp med å ta ein buss som stoppa mange plassar, men vi var vel inne i byen i løpet av 45 minutt likevel.
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vi unna oss ein ny runde sushi til middag. Igjen åt vi oss stappmette på Rio S:
    20190131_195118.jpg
    Delar av vårt siste måltid i Sydney
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit lite intermesso: Det er framleis påske!
    Dersom det finst folk som lurer på korleis eg kan halde fram med ein påskekrim så lenge etter påske som no. Vel, i vårt naboland er det faktisk 1. påskedag i dag! Så dei skal feire påske ei veke til ende. Så det så!!
     
    watchaddicted, Eddie47, drsyk and 4 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    QF790 frå SYD til ASP – «Kriminelt lite utriveleg»
    Vår tid i Sydney var kome til vegs ende. No venta Sentral-Australia.

    20190201_062956.jpg
    «Good morning, Australia» sin faste meteorolyg kunne love varme
     
    watchaddicted, Earl, jgroneng and 6 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vi troppa opp på Sydney internasjonale lufthamn rundt klokka halv ni. Det er sjølvsagt i tidlegaste laget med tanke på flyavgang klokka ti, men vi tenkte som så at vi tar frukosten på flyplassen.

    Qantas har sin eigen terminal på SYD, nett som på BNE. Med andre ord slepp ein å snuble i skrotnissane som flaksar av garde med andre selskap. Vi var statuslaus berm i apeklasse denne dagen:
    20190201_081750.jpg

    20190201_090628.jpg
    Qantas er, mystisk nok, sterkt til stades på SYD
     
    Last edited: 29. april 2019
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Flymoro på SYD
    Når ein er statuslaus berm på ein flyplass, kjem ein over ting som ein loungetulling neppe ville ha fått med seg. Heilt tilfeldig fann vi Qantas-muséet, Qantas heritage collection, på SYD. Her var det fleire artige saker.

    20190201_091438.jpg
    Out of a great past, a greater future

    20190201_090854.jpg
    Berbar moropinne

    20190201_092031.jpg
    Ein av fleire flymodellar på Qantas heritage collection, SYD
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Sjølve flyginga frå SYD til ASP
    Vel, flymuseum eller ei. Vi hadde eit fly vil skulle nå, QF790, ein Boeing 737-800. Frå Sydney til Alice Springs er flytida på tre timar og ti minutt. Avgang var 10:10, flyet landa 11:50. Lesaroppgåve: Kva er tidsskilnaden mellom Sydney og Alice Springs?

    20190201_111202.jpg
    Grei servering mellom SYD og ASP (litt liten matbit, men heilt ok i E)

    20190201_112950.jpg
    Qantas med partnarar har eit heilt greitt rutenett
     
    watchaddicted, veeegard, Earl and 8 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Igjen var det duka for ei særs triveleg flyging. Den eine flyvertinna fekk med seg at vi var frå Noreg og kom bortom i eins ærend for å jabbe litt skit om dette og hint. Ho lurte sjølvsagt på kva vi skulle osv. I tillegg hadde ho ein arving som hadde studert i Noreg og ho hadde sjølvsagt vore på besøk og var full av lovord om den vetle fjellrøysa vår her i nord. Å ha slike genuint trivelege folk som flyvertar og flyvertinner må vere gull for Qantas!

    20190201_122728.jpg

    20190201_130604.jpg
    På veg til Alice Springs, utsikt frå QF790
     
    Last edited: 30. april 2019
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    [​IMG]
    Flyruta frå Sydney til Alice Springs
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Til no hadde reisa gått gjennom det nokså frodige kystlandskapet. Først i området rundt Brisbane og seinare frå Melbourne til Sydney.

    Allereie ved innflyginga såg vi var på veg til ein heilt annan del av Australia. Landskapet var goldare på mange vis, men slett ikkje fritt for vegetasjon.

    Eit førsteinntrykk av kva bushen kan løyne, fekk vi allereie på ASP. Hadde det ikkje vore for skiltinga til terminalbygget, hadde eg søren meg ikkje vore sikker på kvar eg skulle gå. Vegetasjonen er tett og han skjuler fort det aller meste.

    20190201_115447.jpg
    Som det meste anna i Sentral-Australia ligg òg ASP midt i bushen…
     
    SAJblue, Upsaker, Avixlo and 6 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Next: Red centre roadtrip!
     
    Last edited: 30. april 2019

Del denne siden