Reisebrev: Æ ska farsken ta mæ på ferie! – Ei uventa reise dit og tilbake... (Island)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 09. juli 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 3: Blir det fly til Island?
    Ny dag, nye nederlag! Det pleier i alle fall ein kollega å seia. Etter ein kort ruslerunde frå Hilton til flyplassen sjekka eg inn hos Finnair i økonomiklasse på direkteflyet til Keflavik. Berm på alle moglege vis, altså: statuslaus i apeklasse.

    Innsjekkinga følte eg var veldig finsk: mutt, men effektiv. No var klokka berre halv på sju ein sundag morgon, så eg var nok ingen solstråle sjølv heller.

    20220710_063007.jpg

    Som statuslaus i apeklasse måtte eg stå i køa til tryggleikskontrollen i lag med plebeiarane. Køa var lang, men med kontinuerleg framdrift. Totalt brukte eg nok rundt 20 minutt på å koma gjennom, noko som gjorde at eg ikkje tok meg tid til å kjøpa frukost. Det kom litt uventa på!

    20220710_063726.jpg
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 18 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    20220710_070104.jpg
    Stort og smått på Vantaa (HEL)


    Finnair opplyser om at balja er smekkfull og tilbyr folk å sjekka inn handbagasje gratis. Forhåpentlegvis er det plass til ryggsekken min som er godt innanfor maksimumsmåla. Ute på parkeringa står gliset og ventar på ombordstigninga -- som igjen går føre seg etter gruppeprioritet (som blir handheva utan dikkedariar).

    20220710_070312.jpg
    Mitt fly til høgre her

    Screenshot_20220710-072141_Flightradar24.jpg
     
    pgaa, kjeeli, Are and 9 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    På denne 21 år gamle A320 som Finnair i dag sender til Reykjavik ser det ut til at interiøret er ganske så nytt. Etter å ha late rumpestumpen min kvila på benkerad 15 ei lita stund no må eg seia at dette er komfortable greier. Vi får sjå kva eg synst om tre timar, men enn så lenge er eg positivt overraska med tanke på alderen på flyskroget.

    20220710_074210.jpg

    Elles er eg plassert 10 rader bak gardina (ikkje berre ei papplate som skil mellom dressmafiaklasse og apeklasse her, nei). Her på rad 15 er det fullt, men eg har 15D og kan 'koma og gå som eg vil', som er betre enn 2E hos SK(rotlaget).

    Flyet er no på veg ut på stripa og neste stopp er fofhåpentlegvis Keflavik, Island! Når eg til slutt landar på KEF er det berre 12 timar seinare enn kva dei opphavelege SAS-billettane som eg hadde. Det er eg ganske nøgd med!
     
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 17 others like this.
  4. tobeornot999

    tobeornot999 Flying high

    Innlegg:
    5,770
    Likes mottatt:
    12,348
    Bonuspoeng:
    293
    God tur videre! Herlig skildring av turen så langt!
     
    Kristian liker dette
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk!:)
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein halvtimes tid eller så kom tralla ut frå bakrommet. Eg hadde førehandsbestilt frukostpakken til knappe 10 €. Ein god bagel og ein ålreit yoghurt. I tillegg eit eple som var 'gallsurt'. Alt i alt ganske så mettande og slett ikkje så ille på smak.

    Vi som hadde førehandsbestilt mat fekk servering først. Deretter kom tralla gjennom og delte ut drikke og mat til dei som ikkje hadde ordna seg på førehand. Eg forsynte meg grovt: eitt glass vatn og eitt glass blåbærjus. Kort sagt: eg maksa trallekvota! Åh, bermelivet er til å halda ut!

    20220710_082604.jpg

    Trallesjefen var ei triveleg tøtte og det å sjå eit smil hjelper godt på humøret frå ein litt småtrøytt trønder på villspor. Cirka éin time (av totalt drygt tre) ut i flyginga vil eg påstå ar eg var godt nøgd med å vera førstereisglunt hos Finnair.

    Frukosten runda eg av med å kjøpa til ein sjokolademuffin til 3,50 €. Det er viktig med dessert til morgonmåltidet!

    Elles kan eg nemna at Finnair på dette flyet hadde små skjermar i taket som viste lokalt tid for både Helsinki og Reykjavik, kart over flyreisa og reklamesnuttar samt diverse anna som eg ikkje heilt fekk med meg kva var for noko. Internett var tilgjengeleg, men kosta pengar, så det gadd eg ikkje å prøva.

    Rundt tre kvarter før landing tilbydde trallesjefen vatn til dei av oss som var tørste, ein ålreit liten gest for oss i bermeklasse. Elles slår eg fast at setet var greitt å sitja i til siste slutt og at eg jamvel fekk snorka bort ein times tid.

    På skjermen i taket vart det forresten vist både dyreprogram, teiknefilmar av type 'Tom og Jerry', fjernsynsseriar som 'Vener for livet' og altså kart over flyruta vår samt diverse reklame. Alt utan lyd...heldigvis.

    Og her eit kart over flyruta slik ho vart til slutt:
    upload_2022-9-17_6-42-48.png
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 23 others like this.
  7. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,519
    Likes mottatt:
    8,740
    Bonuspoeng:
    183
    Godt å se reisen har gått bra og at Finnair leverer så du kommer deg på tur når SK har trøbbel med streik.
    De filmene og kart på skjermene er det normalt også på turene til fra Oslo hvis det er Airbus som brukes. Og ja ATR er tregt, brukte 2 timer i fjor fra Oslo til Helsinki. Når man er vandt til å bruke nesten halve tiden føles det som en evighet :confused::oops:

    Nyt Island :)
     
    Flymunda, Kristian and Calling like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 1: Hvammstangi med omeign
    Etter cirka 250 km på vegen frå Keflavik, med ein kort stopp på Borgarnes for matvareinnkjøp og mat på bakeriet der, var vi framme i Hvammstangi. Her skulle vi overnatta heilt ved starten av Norðurstrandarleið.

    upload_2022-9-17_6-46-28.png
    Posisjoneringskøyretur

    Nede ved sjøen ligg det Selasetur Íslands, eit museum via til sel og selfangst på Island. Dette er ikkje rare sakene og den vetle utstillinga fenga ikkje meg. Det var rett og slett litt for mykje tekst og litt få illustrasjonar som kunne gi liv til tekstplakatane.

    20220710_133110.jpg

    I etasjen over Selasetur Íslands, derimot, er det ein brillefin restaurant med flott utsikt utover fjorden, Sjávarborg. Her gjekk eg for fiskur dagsins, eit nydeleg stykke lange med søtpotetpuré, ein dæsj kruspersille m.m. Som eg sa til innehavarska: 'Dette var helvettis gott!' Til den fråsegna fekk eg trillande latter og eit breidt glis til svar.

    20220710_145236.jpg
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Earl and 17 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Etter eit nydeleg måltid gjekk turen rundt Vatnsnes. Dette er ein køyretur på cirka 100 km på ein grei grusveg. Her er eiskildståande steinformasjonar, på islandsk drangur, eit yrande fugleliv, ein liten feriekoloni for sel og restane av eit festningsverk frå 875 e. Kr. Og ute sjøen symjer kval som av og til viser seg fram.

    Ikkje noko av dette på Vatnsnes er ting som får ein nordmann til å gripa til superlativa, men det er absolutt ein fin-fin køyretur som ikkje er altfor lang. Så i dag kom vi oss i gang med første etappe på Norðurstrandarleið!

    20220710_173344.jpg
    Hvítserkur

    20220710_182657.jpg
    Borgarvirki

    upload_2022-9-17_6-50-16.png
    Køyretur rundt Vatnsnes vist i kart, cirka 100 km
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Earl and 19 others like this.
  10. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,215
    Likes mottatt:
    884,019
    Bonuspoeng:
    293
    Som vanlig @Kristian .. herlige skildringer, får lyst til å følge i dine fotspor, men mor vil ha sol og strand og da er heller ikke den blå lagunen nok …
     
    Kristian liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det, takk for det :) På reiser som husfrua ikkje vil dra på kan vel du ta med deg doktoren eller ingeniørlauget eller ein annan InsideFlyer-ven eller bruka til egotrip? Det kan jo vera at mor meiner du får for mange reisedagar (igjen?), så om det er bra for husfreden, det er ei anna sak... Livet er ikkje lett!
     
    RoadKing and Eddie47 like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 2: Frå Hvammstang til Sauðárkrókur
    Etter ein kjapp frukost gjekk turen vidare. Første stopp vart Skagaströnd for ein tur opp til Spákonefell, ein fin liten topptur på rundt sju kilometer totalt. Toppen ligg på 639 m.o.h. Vi var usikre på om vi kunne ta turen, men i løpet av den siste timen før turstart lysna det skikkeleg opp og vi bestemte oss for at dette var dagen for fjelltur.

    20220711_100959.jpg
    Spákonefell

    20220711_121537.jpg
    Utsikt frå toppen

    20220711_125337.jpg
    Utsikt frå toppen
     
    pgaa, Stuttfeiten, Earl and 13 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein fin lønsj på toppen og ein kjapp nedtur fresa vi vidare langsmed vegen som går rundt heile halvøya Skagi. Her gjorde vi eit kort stopp på Kálfhamarsvík for å sjå på fyret og ikkje minst basaltformasjonane som er her. Vi vart òg kjent med eit skikkeleg hissig ternepar som var ute etter blod. Vi kom oss heilskinna frå heile opplevinga, heldigvis.

    20220711_145114.jpg
    Fyrlykta ved Kálfhamarsvík

    20220711_145625.jpg
    Fleire basaltformasjonar ved fyret, ærfugl i sjøen
     
    Last edited: 12. juli 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Earl and 12 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Vidare gjekk turen til Sauðárkrókur med nokre fotostopp:

    20220711_141741.jpg
    Kystlinja

    20220711_153247.jpg
    Lupiner i lange banar

    20220711_160916.jpg
    Vegstandarden langs mesteparten av dagens rute
     
    pgaa, Stuttfeiten, Earl and 11 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Vel framme tok vi oss tid til middag på KK restaurant. Plukkfisken her var slett ikkje så verst. Porsjonen var passe stor slik at eg ikkje vart sånn stappande mett.

    20220711_175543.jpg
    Plokkfiskur

    På kvelden bestemte vi oss for at det hadde vore godt med eit bad og då gjekk turen til Grettislaug, ein liten halvtime med bil nord av byen. Grettislaug er eit opparbeida 'badekar' av stein med vatn frå ei varm kjelde. Like ved ligg ein liten kafé der du får kjøpt både øl og vin, om eg ikkje såg feil. Det var herleg å slappa av, prata litt med dei andre badenymfane og la blikket kvila på dei islandske fjella like ved.

    20220711_192536.jpg
    Heilt ålreit badekarsutsikt

    Då eg kubba på kvelden hadde vi køyrt bil rundt 220 km, heilt overkomeleg!

    upload_2022-9-17_6-53-31.png
    Dagens køyrerute vist i kart
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Earl and 13 others like this.
  16. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,215
    Likes mottatt:
    884,019
    Bonuspoeng:
    293
    Hvordan er det å kjøre bil utenfor allfarvei på Island?
    Vi har bare kjørt på de sentrale veiene …
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Vi køyrer ein liten Kia og det går greitt på dei vegane som inngår i ruta som er marknadsført som Norðurstrandarleið.

    Her og der er det hòl i vegen slik det kan vera på alle grusvegar, men det er oversiktleg, få krappe svingar og det er stort sett høveleg å dura av garde i fartsgrensa som er 80 km/t.

    Eit og anna 'klonk' frå småstein som eigne dekk 'sprutar' opp i understellet må ein berre rekna med, trur eg. Og frontruteforsikring kan vera smart i tilfelle møtande trafikk ikkje slakkar ned på farta.

    Kort sagt: oversiktlege vegar, lite trafikk og grei skuring. Mykje som Aust-Finnmark, eigentleg (der er det meir asfalt) :)
     
    Stuttfeiten, Earl, Flymunda and 6 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 3: Frå Sauðárkrókur til Siglufjörður
    Meteorolygane spådde gråvêr og regnskurer gjennom heile dagen. Det fekk dei sanneleg rett i. Difor tenkte vi at dette var dagen for litt innandørsaktivitet og vi fekk spadd fram ikkje mindre enn tre museum denne dagen.

    Det første museet heiter 1238, tilfeldigvis det same året som borgarkrigen på Island braut ut. Her får ein læra om korleis islendingane innbyrdes ikkje var samde om styringa av landet, korleis Snorri Sturlasson vart drepen og følgjane av borgarkrigen (isolasjon frå omverda i lange tider etterpå). Museet har òg ei viruell oppleving med VR-briller der du som museumsbesøkande er med i eitt av slaga. Det var ganske så artig og litt intens.

    20220712_105106.jpg
    Tidslinjal for den islandske borgarkrigen
     
    Last edited: 15. juli 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Earl and 10 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Deretter gjekk turen til Hòlar i Hjaltdal. Dette var det gamle bispesetet for Nord-Island og allereie pp 1100-talet vart det her oppretta ein katedralskule. I dalen er det òg rom for å gå fjellturar og ri på islandshestar. Sidan fjelltoppane gøymte seg i skoddehavet og hest er best på maten (sånn midt i mellom osten og salaten) tok vi heller ein enkel lønsj ved kyrkja og kika inn i eit klassisk islandsk torvhus før vi køyrde vidare.

    20220712_121129.jpg
    Hóladómkirkja

    20220712_123059.jpg
    Torvhus (sjå veggane)
     
    pgaa, Stuttfeiten, Flymunda and 7 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Neste stopp på vegen var Hofsós. Her ligg Vesturfararsetrið, det islandske emigrasjonssenteret. Her kan du læra meir om kvifor islendingane lemna heimlandet sitt. Ikkje ulikt Noreg var fattigdom og tronge kår hovudårsaka til emigreringa.

    Etter ei stund vart utvandringa så stor at ho vart sett på som eit problem og styresmaktene fann ut at ein måtte betra vilkåra i landet for å få bukt med det heile. Byråa som hjelpte til med emigrasjon vart nærmast stempla som landssvikarar (tabloid sagt).

    20220712_140836.jpg
    Nidkvad om Island
     
    Stuttfeiten, Earl, Flymunda and 8 others like this.

Del denne siden