Reisebrev: Æ ska farsken ta mæ på ferie! – Ei uventa reise dit og tilbake... (Island)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 09. juli 2022.

  1. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,184
    Likes mottatt:
    869,721
    Bonuspoeng:
    293
    Du skal ikke se bort i fra at jeg har reist med det flyet noen ganger. SAS Commuter ble brukt på lavfrekvente ruter i Nord-Europa fra CPH bla til Wroclaw. Den ruten fløy jeg minst en gang i uken i en periode da SAS Commuter var aktiv .. 1988-2004
     
    Kristian liker dette
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 5: Buss til og kø på veg til og på Keflavik (KEF)
    Etter ein roleg rusletur frå Reykjavik innanriksflyplass til bussterminalen pågår det no ein telefonkøsamtale til Icelandair for å høyra om dei kan fiksa siste del av heimreisa mi. Det blir spennande. Etter 36 minutt i kø er eg no nummer ni i køa... Men eg har setebeltet på og snart køyrer bussen til Keflavik internasjonale lufthamn!
     
    Last edited: 17. juli 2022
    Flymunda, Earl, Insomnia4u and 5 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Bussturen var effektiv. Så var òg samtalen med Icelandair, etter ein solid time i kø, men der fann dei ingen ledige sete til meg. Så no står eg i businessinnsjekken (med god avstand til bermen) til Icelandair her på Keflavik.

    Business, ja! Uventa nok gjekk nemleg oppgraderingsbodet mitt gjennom! Så denne reisa har fått seg nok eit krumspring. Minstebod var på 1 500 kroner, eg slo til med 1 750 kr. Det er garantert ikkje verdt det, men då SAS gjekk til streik, så tenkte eg: Nei, farsken ta! Æ ska fly stanjdsmæssig!

    20220717_131551.jpg

    Kvifor eg står i innsjekkinga? Hit vart eg sendt fordi køinnkasterska meinte at bagasjelappen min var gammal... Eg tenkte ikkje noko over det, men reisefølgjet oppdaga at vi har fått merka bagasjen heilt til Gardermoen...

    Ja-ja, det er godt å stå i kø med dressmafiafiffen!
     
    pgaa, Stuttfeiten, Earl and 6 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 6: Resultatet av køståing og eit lite loungebesøk på KEF
    Vel framme ved businesskranken på Keflavik spurte eg om det fanst noko alternativ flyrute for meg. Opphaveleg hadde eg altså SAS frå Gardermoen til Værnes. Når SAS streikar, er gode flybillettar svinedyre.

    SAS greidde ikkje å finna meg ny flybillett etter at flyet mitt vart streikekansellert, så etter at Icelandair per telefon ikkje makta å finna meg ein ny billett, måtte eg prøva i skranken på flyplassen.

    Businesskrankedama måtte høyra med sjefen sin, billetteringssentert per telefon og springa litt att og fram, men etter rundt ti minutt fekk eg spørsmål om eg ville fly Widerøe neste dag, pysjamasflyging.

    Helvetti, tenkte eg! Ja, tusen takk, sa eg! Og bokstavleg talt eit halvt sekund etter mitt ja, som vart til eit islandsk per telefon frå skrankedama til billetteringsdama, så tikka det inn ei endring i SAS-appen og vips var Widerøe ein del av denne reisa som allereie har vore full av uventa krumspring.

    upload_2022-7-17_16-35-14.png
    Frå Island til Trøndelag

    Det betydde at eg måtte fiksa meg overnatting på Gardermoen og avbestilla billetten til nattoget eg hadde i bakhand nordover. Eg vil heller sova i ei seng enn å sitja på ein 'pinnestol' gjennom heile natta. Det blir nok eit lite refusjonskrav til SAS for det hotellet, men den tid, den sorg!
     
    pgaa, Stuttfeiten, kjeeli and 10 others like this.
  5. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,625
    Likes mottatt:
    24,745
    Bonuspoeng:
    183
    Beklager avsporing av et supert reisebrev, men hvor kan man finne denne type data?
     
    Eddie47 and Kristian like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Finnes det en eneste tråd på Insideflyer som ikke har ei avsporing? o_O:D
     
    Last edited: 17. juli 2022
  7. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,759
    Likes mottatt:
    21,957
    Bonuspoeng:
    293
    Stort sett vil et googlesøk av regnr gi deg jetphotos.com eller airfleets.net som resultat. Der finner du ofte en god oversikt over hvor flyene har vært. Opplever ofte at kabinkonfigurasjonen på airfleets ikke alltid stemmer.

    Ellers nydelig reisebrev, noterer så blekket spruter før høstens islandstur, forhåpentligvis.
     
    Sonictravel, Eddie47 and Kristian like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Icelandairs Saga premium lounge på Keflavik er ganske så ålreit. No når eg sit her er det nokså lite folk. Lokalet i seg sjølv er luftig med mange ulike sitjegrupper. Du kan sitja på 'pinnestol' (les: barkrakk) ved vindauga og sjå ut på flystripa eller landskapet. Du kan sitja ved små bord nært matfatet. Du kan sitja i djupe lenestolar. Eller du kan sitja i meir private, små 'avlukke'.

    Når det gjeld fôringsstasjonen er eg særs nøgd. Det er variert mat. Både frisk salat, kyllingvengjer, flatbrød med røyka lam, røykalaks, eggerøre, vegetarkjøtbollar (eller kva no slikt heiter), ostefat, ting eg ikkje hugsar i farta og dessert. I tillegg kjem det drikkevarer av ulik art.

    Kort sagt: Samanlikna med SAS Gold lounge på Gardermoen vil eg påstå at Icelandair Saga premium lounge er eit hakk eller sju opp. Det er nesten ei kjensle av litt luksus, mest fordi det er så godt med plass (stort lokale). Dette er i alle fall mitt inntrykk etter dette besøket som for min del er mitt første, men forhåpentlegvis ikkje mitt siste!

    20220717_144429.jpg

    20220717_142825.jpg

    20220717_150855.jpg
     

    Attached Files:

    pgaa, Calling, Stuttfeiten and 10 others like this.
  9. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,184
    Likes mottatt:
    869,721
    Bonuspoeng:
    293
    Kristian and Sonictravel like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takkar for det! Forhåpentlegvis slepp du å køyra bil til Rovaniemi for å fly Finnair til Island :D Og som nemnd tidlegare: Eg har ein plan om å leggja inn lenker, kart og eit par ord om køyrestandard samt overnattingane våre. Det kjem når eg har fått ro i sjela – altså etter at eg er heime i gamlelandet igjen ein eller annan gong :)
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 7: Førstereis med Icelandair C-klasse
    Etter å ha rana loungen og tømt tollfrisjappa for sjokolade, snuska eg meg gjennom prioriteringskøa for å få plass på FI324 som skal til Gardermoen (blant vener av Donald Duck kjent som Galemoen).

    Her på Keflavik er køsystemet like ubrukeleg som før: ein står i kø langsmed veggen i ein gang. I alle fall på A11 som vart brukt i dag. I tillegg må alle dei som skal i passkøa for reiser vestover stå i kø langsmed den andre veggen. I midten må alle dei som skal til og frå alle andre plassar skvisa seg fram.

    Vel, nok om livet som pleibarane må leva. Her på 1A er det roleg stemning inne ved vindauget. Det luktar fisk utanfrå, så det er nok sorten av slikt i lasterommet. Bermen går forbi og seier at 'her framme var det sanneleg fine plassar'. Og ja, her sit ein helvettis gott!

    20220717_163612.jpg
    Sete 1A på B737 MAX 9 hos Icelandair

    20220717_163636.jpg
    Det er plass til eit hav av knyttnever

    Screenshot_20220717-163916_Flightradar24.jpg
    Dagens rakkar i lufta

    20220717_161948.jpg
    Ingen tvil om kven som bur på KEF
     
    Last edited: 17. juli 2022
    pgaa, Calling, Sonictravel and 11 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Så fort det vart sagt 'Boarding completed' vart det klårt at 1C kom til å stå ledig denne flyturen. Ergo vart det godt med livsrom (dersom det er lov å seia?) her på 1A. Det gjer opplevinga i C hakket betre.

    Her på denne Boeing 737 MAX-9 er setekonfigurasjonen 2+2. Businesseta er breie og romlege. I tillegg er det innimellom godt med ei pute i ryggen. Icelandair har jamvel eit underhaldningssystem som er omtrent like innhaldsrikt som SAS i C på interkontinentale reiser. Det er ikkje verst på ei skarve tre timar lang flyging i Europa! Fjernkontrollen krev bittelitt finesse og tilvenjing, men eg trur eg fekk taket på det til slutt.

    Før flyet var i lufta hadde Icelandair delt ut ei flaske vatn og lyttelurar til oss her i dressmafiaklassen. Alt med eit smil, men òg effektivt, truleg grunna kort taxetid.

    20220717_165744.jpg

    Vel oppe i lufta vart det delt ut drikkemeny og krydra kavring av noko slag. Dette var godt og like etterpå kom både appelsinbrus og sjampanje til sete 1A. Alt med eit smil, som jo hos nesten alle kabintilsette sit laust (om eg skal lita på eigne erfaringar).

    20220717_171346.jpg

    20220717_172342.jpg

    C-produktet som Icelandair tilbydde i dag vil eg påstå er uventa bra. Kan hende har eg reist for mykje med SAS og for lite med Finnair, Lufthansa og British Airways... Det er synd at Icelandair ikkje er medlem i nokon av alliansane (fortrinnsvis *A eller 1W), for kva skal eg med Saga-bonus?
     
    Last edited: 30. april 2023
    pgaa, Calling, Sonictravel and 9 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    20220717_172839.jpg
    Vatnajökull

    Idét vi passerte Vatnajökull på venstre hand starta serveringa. Icelandair køyrer same type servering i C-klasse som British Airways: Brett blir bore fram til kvar passasjer enkeltvis. Det er inga tralle og slikt, nei. Og ein kan be om alt -- når det høver passasjeren, ikkje tralleføraren. Og det er gardin bak til almuen. Gardin!

    20220717_174932.jpg

    Måltidet Icelandair baud på var ein kaldrett med mørt kjøt og søtpotetstuing, varmt rundstykke og smør, samt bernaisesaus og skyr med blåbær. Om det var etande? Ja! Var det mettande? Ja! Hadde eg meska meg i loungen like før? Ja...!

    Etter å ha sett ein halvannan episode av den islandske komiserien 'Venjulegt fólk' konka eg totalt ut og sov meg gjennom nesten resten av flyginga, så medforumistane bør nok ta seg ein tur for grundigare tilbakemelding på Icelandairs Saga-klasse.

    Om det var verdt 1 750 kr i oppdatering? Tja, kanskje ikkje i kroner og øre, men det var svært komfortabelt både med lounge og å sitja på første rad hos Icelandair.

    20220717_175111.jpg
     
    Last edited: 30. april 2023
    pgaa, Calling, Sonictravel and 10 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 8: Gjensyn med WFs 300-maskin
    Etter ei god, men kort natt på Gardermoens flyplasshotell, var eg tilbake på tur. Brüssel airlines med sine grøne økonomiskilt forvirra meg, men eg fann Widerøe-skranken til slutt. Her fekk eg nytt ombordstigningskort slik at eg kunne gå forbi bermen. Der var det lang kø, så her sparte eg nokre minutt.

    Sidan loungen var stengt gjekk eg rett til utgangen og etter kort tid var eg på plass ved nødutgangen på WF0070 som i dag blir flyge av ein Dash8-300, Widerøes nest største propellfly. Denne varianten har eg ikkje flyge på uventa lenge (kanskje minst 10 år sidan).

    20220718_061817.jpg

    Screenshot_20220717-221445_Flightradar24.jpg

    No ventar nokre dagars pause i bart- og skinnvestfylket før dei neste etappane på overraskande vis bringer meg tilbake til det austfinnmarkske. Takk for følgjet så langt og på gjenskrift!
     
    pgaa, Calling, Sonictravel and 16 others like this.
  15. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,184
    Likes mottatt:
    869,721
    Bonuspoeng:
    293
    Nok en gang … !
    En fantastisk reiseskildring, takk @Kristian
     
    Kristian and Grooo like this.
  16. Maggie

    Maggie Veteran

    Innlegg:
    4,259
    Likes mottatt:
    22,038
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for et meget flott reisebrev med utrolige fine bilder! Island står på to do listen.
     
    Kristian and Grooo like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for oppoverretta tommeltottar så langt! :)
     
    Eddie47 liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Sjølv takk for følgjet! Ja, Island er eit kjekt reisemål :)
     
    Maggie liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 9: Frå bartebyen til kvenbyen
    - Del I: Nordover til Nordens Paris

    Ein er ikkje heime før ein er heilt heime. Etter ei vekes tid på hytta, så vart det tid for heimtur. Etter å ha vorte streikeramma, så måtte eg tenkja kreativt. Resultatet av denne tankeprosessen skal eg prøva skriva litt om her.

    20220724_080903.jpg
    Værnes

    Tidleg ein sundag morgon var eg på plass på Værnes (TRD). Innsjekk hos Widerøe var fort unnagjort og det var lite kø i kontrollen. Det er ålreit når alt slikt går smertefritt.

    20220724_090115.jpg
    WF Dash8 Q400

    Første strekning i dag er med Widerøe til Tromsø, direkte. Etter ombordstigning fekk eg spørsmål om å flytta frå 4D til rad 1. Herleg å få tripla beinplassen og ikkje minst få tosetaren for meg sjølv. Tusen takk, Widerøe!

    20220724_090824.jpg
    Sete 1A, 'tronesete'
     
    Last edited: 24. juli 2022
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Langnes (TOS) er framleis Nord-Noregs største busshaldeplass. Nei, eg meiner ikkje alle Widerøes småfly som gjerne blir omtalt som 'lokalbussen' langs mjølkerutene på kysten av Finnmark, men det faktum at flyplassen er under ombygging og at det difor er bussfrakt rundt omkring og overalt her.

    20220724_105458.jpg
    DY inn frå OSL
     
    Sonictravel, Earl, Upsaker and 3 others like this.

Del denne siden