Reisebrev: Æ ska farsken ta mæ på ferie! – Ei uventa reise dit og tilbake... (Island)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 09. juli 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 9: Frå bartebyen til kvenbyen
    - Del II: Sørover til Helsinki (av alle ting)

    Vel framme på Langnes oppdaga eg at neste avgang går frå teltet, som har det feilaktig forskjønnande namnet 'Terminal C'. Her er alt så mellombels at det berre står klappstolar på eit sementgolv.

    20220724_110137.jpg
    Utanfor 'Terminal C' på TOS

    20220724_110655.jpg
    Det 'grøne hjørnet' på 'Terminal C'

    20220724_111459.jpg
    Klappstolane i teltet på TOS
     
    Last edited: 24. juli 2022
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Finnairs rute AY946 er operert av Widerøe. Ombordstigning skjer etter nummerert prioritering etter Finnairs prosedyrer. Likevel er det noko merkeleg kjent med skroget ute på stripa på Langnes:
    20220724_111702.jpg

    Joda, det er same fly som flaug Widerøes rute WF1961 frå Værnes til Langnes. Og ombord er det same blide flyvertinne. Ho flira godt då eg sa at ho var heldig som fekk litt pause frå meg og ikkje minst at ho no fekk meg litt lenger unna, no på 3C. Til Helsinki skal eg altså fly Finnair operert av Widerøe... Det hjelp ikkje med EBD her!

    Screenshot_20220724-105043_Flightradar24.jpg
    Tekniske data om flyet for del 1 og del 2 av turen heimover

    Kapteinen lovar å fly frå Tromsø til Helsingfors på rundt to timar. Det gir forhåpentlegvis tid til å lesa og kanskje blunda litt.

    På førehand var det ikkje mogleg å førehandsbestilla mat slik ein kan på flygingar operert av Finnair sjølv eller Norra. Berre seteval var mogleg via Finnairs nettsider der eg gjorde bestillinga.

    Det er litt rart å høyra Widerøes kabinsjef seia 'Varmt velkomen ombord til denne Finnair- og OneWorld-flyginga til Helsinki'. Det er noko som skurrar for ein som stort sett flyg Widerøe innanriks!
     
    Last edited: 24. juli 2022
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Før avgang driv kapteinen med lasting av bagasje i smutthòl og hulrom framme i kabinen. No er vel ti kolli lurt inn i skapa der framme. Flyvertinna spurde på spøk: Jobbar du her, eller? Kapteinen var hakket meir tungpusta enn bagasjesjefen etter lempinga, så det er kanskje godt å vera tilbake i førarsetet no.

    20220724_113453.jpg Kaptein stablar bagasje, kabinsjef dirigerer
     
    pgaa, Calling, Sonictravel and 11 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Finnair forkledd som Widerøe er vel ikkje noko å skriva heim om, men dei tilbyr businessørvis til dressmafiaen. Kabinsjef var effektiv, moderleg og profesjonell -- på same tid. Eg, som sat i apeklasse, merka at det å tømma tralla kostar flesk! Det irriterer meg at dei nye betalingsterminalane hos Widerøe ikkje tar Amex...

    Vel framme på Vantaa (HEL) vart det buss inn til terminalbygget. Sidan dette er første gong på gud veit kor mange år at eg har flyging vidare innanriks i Finland, så spurde eg i transittsørvisen om bagasjen min blir sendt til korrekt destitnasjon utan min påverknad (som ikkje (alltid) skjer automagisk i Noreg), Finnair lova meg at dette skulle gå knirkefritt!

    Så, kva gjer pleibarane på ein flyplass utan loungetilgang? Tida går sakte utan tilgang til fôr! I staden myser eg på folk og fly medan Finnair viser fram 'alt dei har' utanfor her. Det er få andre flyselskapslogoar å sjå!

    20220724_152848.jpg
    Vantaa (HEL), Finnairistan
     
    Last edited: 24. juli 2022
    pgaa, Calling, Sonictravel and 13 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 9: Frå bartebyen til kvenbyen
    - Del III: Nordover til Rovaniemi (faktisk)

    Utan tilgang på lounge (eg er statuslaus i OneWorld og flyg bak i bussen) gjekk eg rett til utgang 34 her på HEL. Her vart eg ståande å lytta på samtalar (diverre på finsk dei fleste) og sjå meg litt rundt. Heldigvis tilbyr Finnair, operert av Norra, ein småfrekk Embraer på den komande flyginga:
    Screenshot_20220724-154738_Flightradar24.jpg
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Widerøe på Værnes greidde ikkje å printa ut kva for ombordstigningsgruppe eg høyrer til. Så no har eg funne mitt sete 6D som er 2 cm framom gardina. Eg kan ikkje hugsa at eg bestilte dressmafiaklasse hos Finnair... Har dei gløymt å flytta gardina? Vil eg få dressmafiasørvis? Herregud, no er eg spent!

    20220724_161012.jpg
    Bilete av rad 3 hos Finnair på Embraer E190
     
    pgaa, Calling, Sonictravel and 10 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Til denne flyginga har eg førehandsbestilt eit smørbrød eller baguett av noko slag. Eg er svolten og kunne ha tømt tralla for alt på menyen:
    20220724_162442.jpg

    Annonsering i dag på finsk, svensk og engelsk. Tonefallet er kliss likt, så her må ein følgja litt med! Ombordstigning er ferdig. No nordover i ukjent (?) klasse!
     
  8. Yeager

    Yeager Medlem

    Innlegg:
    56
    Likes mottatt:
    55
    Bonuspoeng:
    18
    Takk for super trip report! Har vært i Akureiri og på tur til Myvatn på dagsbesøk (cruise) for mange år siden, kjempefint område som jeg gjerne vil tilbake til!
     
    Kristian liker dette
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Så viste det seg at eg berre er urutinert når det kjem til kva Finnair tilbyr sine passasjerar. Innanriks i Finland er det nemleg berre éin sørvisklasse! Fy, så egalitært! Kunnskapsløyse og ei gardin greidde altså å gi meg falske forhåpningar... Livet er hardt!

    Vel-vel. Då kabin- og trallesjefen kom til mitt sete vanka det servering av mitt førehandsbestilte smørbrød som smakte nydeleg. Her var det full kontroll, ikkje noko behov for å koma med påminningar. I tillegg vart det både vatn og blåbærsaft -- gratis.

    Finnairs blåbærsaft. Signaturdrikken. Eg greier ikkje heilt å fri meg for at smaken er litt teknisk? Er eg sær? Hm, eg smakar meg gjennom glaset. Joda, førsteinntrykket er godt, men det er eit eller anna her. Kanskje er det smaken av masseproduksjon eg kjenner? Elles i livet har eg berre drikke saft som er heimelaga. Dit opp når ikkje Finnairs signaturdrikk.

    20220724_170811.jpg
    Servering på veg til RVN

    Vi var seint ute frå Vantaa (HEL), sjåføren gassa ikkje på nedover stripa før drygt kl. 1640, som er 20 minutt etter rutetid. No var det litt køståing ute på stripa der, men flyet landa òg på RVN (Rovaniemi) tilsvarande forseinka. Sånt skjer.

    No gjenstår tre spenningsmoment:
    - 1) Kjem bagasjen min?
    - 2) Har eg fått parkeringsbot?
    - 3) Kjem eg meg tilbake til Noreg?
     
    pgaa, Calling, Sonictravel and 10 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Bagasjeutleveringa gjekk kjapt som fy. Eg unngjekk bot. Sola skin! Livet smiler. Det kunne ha vore verre!

    20220724_175311.jpg
    RVN i sol

    Screenshot_20220724-175103_Opera.jpg Dagens flyrute i kart
     
    pgaa, Calling, Sonictravel and 11 others like this.
  11. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,215
    Likes mottatt:
    884,019
    Bonuspoeng:
    293
    Kjør pent hjem … !
     
    Kristian liker dette
  12. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,519
    Likes mottatt:
    8,740
    Bonuspoeng:
    183
    Godt å se hjemreisen har gått smertefritt så langt, og at Finnair leverer. Etter denne rundreisen så blir det kanskje nok Tier points til litt status neste gang du skal fly OW ;)

    Kjør pent nordover:) Alltid en fordel om man kan unngå å ta med seg reinsbiffen med grillen på bilen ;)
     
    Kristian liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 10: Frå bartebyen til kvenbyen
    - Del IV: 600 km langs ein landeveg

    Finsk radio byr på mykje rart. YLEs ungdomskanal Xtra gav flat pedal med sitt KPOP show den første timen nordover.

    Deretter skifta eg over til Radio Nova der eg trur temaet var bussex (!!!) i fleire minutt, ekstremt mykje fnising frå programleiarane, eg anar ikkje kva eg lytta til.

    Plutseleg kom eg til ei vegstrekning så brei som ei flystripe nord av Sodankylä:
    20220724_191344.jpg
     
    Last edited: 17. sept 2022
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Det er nok ikkje mange som har køyrt nærmare 1 200 km for å koma seg på ferie under SAS-streiken. Eg er tydelegvis gal nok til å la det gå (køyra?) så langt, men tur vart det!

    Plutseleg kjem det oppdateringar i reisebrevet her med dagsetappane på Island med kart, litt om overnattingane og kanskje eit par kommentarar om feilskjer og slikt undervegs. Det får bli på sikt.

    20220724_234845.jpg
    Samelandsbrua over Tanaelva ved Utsjok

    20220725_004450.jpg
    Varangerfjorden sett frå Vestre Jakobselv/Kariel
     
    pgaa, Calling, Sonictravel and 15 others like this.
  15. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,440
    Likes mottatt:
    18,374
    Bonuspoeng:
    183
    Planlegging og forventninger er halve gleden ved å reise. Her ble sikkert planleggingen minst fordoblet, i tillegg økte du lesergleden mange omdreininger, så vi må vel alle være bare glade. For oss som har vært nordpå en gang eller to er avstand en utvidet mulighet, ikke et hinder!
    Takk for at du reiser, og skriver:)
     
    Last edited: 25. juli 2022
    Stuttfeiten, Kristian and Maggie like this.
  16. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,923
    Likes mottatt:
    35,094
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig :)
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for at du vart med på tur :) Det varmar eit gamal hjarta!
     
    RoadKing liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Det å kasta seg om i siste liten og vraka SAS til fordel for å fly Finnair frå Rovaniemi sat litt inne. Hadde eg skjønt éin dag tidlegare at streiken i SAS kom til å vara, så kunne eg ha bestilt billettar frå Ivalo, som berre er 300 km unna, men det var nok mange nordmenn som plutseleg såg til Finland i dei dagane der!

    Takk for at du og eks-forloveden vart med på tur :)
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Det vart ikkje all verda av poeng, gitt, diverre...
     
    Earl liker dette
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,866
    Likes mottatt:
    41,170
    Bonuspoeng:
    293
    Bonusinntjening med Finnair i British Airways' bonusprogram:
    – Rovaniemi–Helsinki (økonomi N-klasse): 10 tier points, 250 avios
    – Helsinki–Keflavik (økonomi N-klasse): 10 tier points, 762 avios
    – Tromsø–Helsinki (økonomi K-klasse): 10 tier points, 335 avios
    – Helsinki–Rovaniemi (økonomi K-klasse): 10 tier points, 250 avios
     
    Earl liker dette

Del denne siden