Reisebrev: Æ ska farsken ta mæ på ferie! – Ei uventa reise dit og tilbake... (Island)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 09. juli 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Køyreruter (dagsetappar) i kart og nokre ord om overnatting
    No er tidlegare postar i reisebrevet oppdatert med kart over køyrerutene for kvar dag. I dei komande postane vil eg repetera dagsetappekarta, samt eg vil skriva nokre få ord om overnattingsplassane vi hadde på Island. Så får eg berre be audmjuk om orsaking for at det har tatt så lang tid før eg fekk skrive om dette...
     
    Last edited: 17. sept 2022
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dagsetappe 1+2: Frå Vadsø til Reykjavik (bil og fly)
    Planen var å ta Hurtigruten over Varangerfjorden og så fly SAS frå Høybuktmoen via Gardermoen til Keflavik. Dette var før SAS gjekk ut i streik, men reiseruta såg då nokså ordinær ut:
    upload_2022-9-17_8-4-21.png

    Då streiken i SAS vart eit faktum og såg ut til å vara ei stund, så vart gode råd dyre. Det enda med at eg fekk snuska til meg flybillettar med Finnair, men frå Rovaniemi, ein køyretur på nesten 60 mil frå den plassen der dyna mi held hus:
    upload_2022-9-17_8-3-53.png

    upload_2022-9-17_8-7-20.png

    Overnattinga på Hilton Helsinki airport hotel skal eg avstå å skildra i detalj her, men prisen kom på 220 € for éi natt og var ålreit med ei god seng og alskens. Kanskje litt dyrt, men med tanke på at dette var ei overnatting mellom to flygingar, så måtte eg berre ta til takke med det eg fekk tak i berre eit par dagar før avreise.

    Vel framme på Island vart det ein køyretur på rundt 24 mil frå Keflavik til Hvammstangi, staden der Norðurstrandarleið byrjar:
    upload_2022-9-17_8-13-44.png
     
    Calling, Sonictravel, paron and 7 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 1: Hvammstangi med omeign
    Vel framme i Hvammstangi vart det ein køyretur rundt Vatnsnes, ein runde på rundt 10 mil før vi tok kvelden.
    upload_2022-9-17_8-17-23.png

    Overnattinga skjedde på Hvammstangi hostel til 883 kr for éi natt. Dette er ein stad med nokså enkel stil, men sengene fungerte til å sova i, så då var det ok. Vi var ikkje mange timane her på hostellet, for mesteparten av tida var vi ute på vegen.

    upload_2022-9-17_8-20-57.png
     
    Calling, Sonictravel, paron and 6 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 2: Frå Hvammstang til Sauðárkrókur
    Køyreturen for andre dagsetappe på Island er skildra tidlegare i reisebrevet, så eg skal ikkje bruka korkje meir tid eller plass på det her, men eg nemner at det var ein ålreit tur på rundt 22 mil.
    upload_2022-9-17_8-30-38.png

    Overnattinga skjedde på Mikligarður gjestehus til den nette pris av 1 081 kr. Igjen var stilen enkel, men senga var god, så eg hadde ikkje noko problem med å sova. Det var såpass vindete at eg var i tvil om eg ville ha vindauga ope eller ei, men det ordna seg.

    Kan hende følte eg at prisen var litt høg, men det var vanskeleg å finna overnatting så tett på avreise, alt vart bestilt berre tre–fire–fem dagar før vi faktisk ramla inn dørene.
    upload_2022-9-17_8-32-44.png
     
    Calling, Sonictravel, paron and 6 others like this.
  5. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,664
    Likes mottatt:
    32,511
    Bonuspoeng:
    293
    Gamal du liksom :D
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 3: Frå Sauðárkrókur til Siglufjörður
    Køyreturen for tredje dagsetappe er under vist i kart og var på rundt 12 mil. Dette var kanskje den gråaste dagen vi hadde på Island, så ein fjelltur ein liten vart skrota.
    upload_2022-9-17_8-39-24.png

    Overnattinga tok vi på Siglunes gjestehus der eg punga ut 1 236 kroner for éi natt. Standarden var ikkje på nivå med prisen, men på Island er det ganske mange turistar som presser seg på i juli, så her måtte ein nesten berre ta det ein fekk.
    upload_2022-9-17_8-46-4.png
     
    Calling, Sonictravel, paron and 6 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 4: Frå Siglufjörður til Akureyri med ein sving oppom Mývatn + Norðurstrandarleið del 5: Akureyri og Mývatn
    Vi fekk føre oss at det var greitt å svippa oppom Mývatn frå Akureyri. I ettertid ser eg at vi kanskje heller burde ha brukt ein dag ekstra ved å leggja inn ei natt for overnatting ved Mývatn for å minska køyrelenga for det vart 25 mil denne dagen.
    upload_2022-9-17_8-51-34.png

    Overnattinga var på IG Akureyri. Prisen for to netter var ganske stiv, 3 067 kroner, men det var ikkje mykje ledig i Akureyri, så her følte vi at vi nesten berre måtte snuska til oss dei sengeplassane som var tilgjengelege.

    Som mange andre plassar er det her sjølvinnsjekking. Det betyr at du får tilsendt ein e-post i forkant av overnattinga med ein kode til døra (eller til ein nøkkelboks) og så låser du deg inn sjølv. På IG Akureyri står namnet ditt på ei tavle med tilhøyrande romnummer.
    upload_2022-9-17_8-53-35.png
     
    Last edited: 17. sept 2022
    Calling, Sonictravel, paron and 5 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tja, eg er for gamal til å døy rockedauden, som jo er ved fylte 27 år, så då er eg hauggamal, faktisk :eek::D:D Men vi står han av!
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 6: Frå Akureyri til Svalbarð
    All den tid vi brukte mykje tid i Húsavik grunna finvêret vart det sein kveld før vi gjekk til ro. Vi tilbakela rundt 32 mil langs landevegen, men vêret var nydeleg med sol, så det hadde lite å seia. Og nattemørket er fråverande på nordsida av Island i juli.
    upload_2022-9-17_9-5-34.png

    Overnattinga skjedde på klassisk islandsk vis: På ein skule. Vi kom fram til at denne skulen var lagt ned, men der kan vi ha tatt feil. Staden er marknadsført som Thistle gjestehus og har adresse Svalbarð. Dette må vel kunne skildrast som spartansk og mat må du stilla med sjølv. Frukosten tok vi i skulekantina, sjølvsagt. Prisen? Solide 671 kroner for éi natt.

    upload_2022-9-17_9-7-54.png
     
    Calling, Sonictravel, paron and 6 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Norðurstrandarleið del 7: Frå Svalbarð til Egilsstaðir
    Siste køyreetappe på Island denne gongen vart igjen nokså lang, vel 25 mil (kartet viser ikkje ein avstikkar vi tok på vegen). Her vil eg påstå at å køyra vegstrekninga som er marknadsført som Norðurstrandarleið på ei veke faktisk er litt knapt. To netter ekstra hadde gjort mykje for å korta ned dei to siste dagsetappane og dermed gjort det mogleg å sjå meir av landskapet og naturen i området nordaust på Island.
    upload_2022-9-17_9-14-18.png

    Det er langt mellom overnattingsplassane nordaust på Island, så her bør ein planleggja litt. Dessutan kan det spesielt sommarstid løna seg å vera tidleg ute slik at ein unngår at dagsetappane blir for lange.

    Vi skulle med fly neste morgon allereie kl. 1000, så då tenkte vi at overnatting nært flyplassen var høveleg, så då fall valet på Egilsstaðir. Det var ikkje veldi billig, men Vinland gjestehus hadde eit særs godt tilbod, men til solide 1 338 kr for éi natt. Igjen må du stilla med mat sjølv og alskens, men senga var slett ikkje ille.
    upload_2022-9-17_9-22-9.png
     
    Calling, Sonictravel, paron and 6 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for følgjet!
    Og med dette trur eg reisebrevet er endeleg og fullført. Turen langs nordsida av Island var verkeleg ei oppleving og alt i alt trur eg at vi var heldige med vêret noko som er avgjerande når ein ønskjer å utforska det som Island har å by på av natur.

    Som nemnt over er det greitt å ha in mente at overnatting ofte er av det meir spartanske slaget med mange sjølvbetjente gjestehus. Du får ein e-post ein dag eller fem før innsjekking med ein nøkkelkode eller tilsvarande og så er det berre å låsa seg inn og snorka på tildelt brisk. Prisane over overnatting er nokså høge, spesielt kanskje i juli, men det er vel ikkje overraskande.

    Vegkvaliteten er betre enn eg venta. No er eg etter kvart ganske vant med det som i Finnmark blir kalla 'barmarksvegar', altså vegar som ikkje får noko som helst stell og vedlikehald. Islandske grusvegar er mykje betre og stort sett kan du dundra av garde i nokså stor fart, i alle fall langsmed Norðurstrandarleið. Kraftig regnvêr vil sjølvsagt påverka grusvegar negativt, men vi ramla ikkje ned i eit einaste hòl.

    Kort sagt: Ein kjekk tur! :)

    20220715_160925.jpg
    GeoSea geotermiske bad ved Húsavik
     
    Calling, Sonictravel, paron and 10 others like this.
  12. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,664
    Likes mottatt:
    32,511
    Bonuspoeng:
    293
    Steike for noen priser…
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Det kostar å vera kar! Og ha in mente at vi bestilte overnattinga same veke som vi reiste. Hadde vi vore ute i god tid (type eit par månader før), så hadde vi sikkert kome billigare unna, men sånn vart det ikkje denne gongen....
     
    RoadKing liker dette
  14. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Hjertelig tusen takk skal du ha @Kristian, dette var trivelig lesestoff! Veit ikkje heilt korleis eg har klart å unngå og lese dette før, men ser av datoane at det føregjekk i ei travel tid. Men betre seint enn aldri :)
     
    Kristian and holmen like this.
  15. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,624
    Likes mottatt:
    24,745
    Bonuspoeng:
    183
    Fantastisk rapport, tusen takk for at du tar deg tid til å dele tekst og bilder! :)
     
    Kristian liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Åh, det var då så lite :) Takk for at du heldt ut gjennom alle bokstavane og bileta!
     
    Sonictravel liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Betre seint enn aldri, er det noko som heiter :) Takk for at du las!
     
  18. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,685
    Likes mottatt:
    10,234
    Bonuspoeng:
    293
    Atter ett strålende reisebrev fra den kanten @Kristian! Er det en ting jeg virkelig misunner islendingene så er det dei varme kildane og alle mulighetene det gir til badegleder året rundt.
    Tusen takk for at vi fikk være med!
     
    Kristian liker dette
  19. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,178
    Likes mottatt:
    869,702
    Bonuspoeng:
    293
    Kristian liker dette

Del denne siden