Reisebrev: Amundsen-genet fører to karar til Argentina

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. mars 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    To forventningsfulle karar på tur
    - Kva kan gå gale?

    Dag 1: 15/2-18 – første akt: Fram med nødknappen

    Kl. 1700 hadde vi avreise med SAS frå Værnes til Gardermoen. På TRD var bollebua så full, at alt eg fekk snuska til meg var litt juice og ei kanelsnurre. Utanfor var det heldigvis sitjeplassar i fleng!

    Billettane var bestilt direkte frå Lufthansa, så i mitt naive sinn trudde eg at eg hadde fått plass i Plus-kabinen all den tid eg hadde Y-klasse på billetten. Litt overraska vart eg då eg sjekka ombordstigningskortet og såg at eg hadde fått 11E – og M-klasse. Heldigvis er rad 11 nødutgang med ekstra beinplass. Turen frå Værnes til Gardermoen vart ein rein transportetappe, her illustrert med innflyginga til TRD nokre dagar før vår avreise til Argentina:
    0001.jpg

    Vi kom til Gardermoen i rute, kl. 1755. Lufthansa skulle få den store æra å fly oss vidare kl. 1855. Aller først tok vi turen innom gullbua på Gardermoen. Her måtte den særs trivelege draken manuelt leggje inn Eurobonus-nummeret mitt for at eg i det store og heile skulle få tilgang til det aller heilagaste. At EB var registrert på billettutskrifta mi, var tydelegvis ikkje nok.

    Omtrent idét vi hadde funne oss sitjeplass inne i gullbua kom Lufthansa med ei skjebnesvanger opplysning. La meg her informere herskapet om den opphavelege flyruta vår:
    - 1700 Værnes – Gardermoen 1755 – SAS
    - 1855 Gardermoen – Frankfurt 2105 Frankfurt – Lufthansa
    - 2215 Frankfurt – Ezeiza Buenos Aires 0800 +1 – Lufthansa

    Så tilbake til det skjebnesvangre: Lufthansa kunne opplyse oss om at flyet til Frankfurt ikkje kom til å gå kl. 1855, men kl. 1945, noko som effektiv reduserte ventetida vår på FRA ned til småfrekke 35 minutt.

    Medan vi åt oss mette i gullbua på Gardermoen, kom Lufthansa med informasjon om ytterlegare forseinking, no til 2005. Alle som kjenner Frankfurt lufthamn bittelitt, veit at 10 minutt frå landing til avgang ut av Schengen er i knappaste laget. Det var på tide å trykkje på den store raude knappen, spesielt då Lufthansa leverte nok ei forseinkingsmelding, no til 201:
    0002.jpg

    Eg tok mot til meg og tusla bort til SAS-draken. Ho forstod problemet, men ho fortalde at sidan Lufthansa har sagt opp billettavtalen med SAS, har SK no berre ansvar for innsjekk og bagasjeutlevering på vegner av Lufthansa. Billettendring måtte vi fikse direkte med LH. Eg prøvde å telefonere til tyskarane, men der fekk eg ordre om å ta kontakt med bakkepersonalet.

    Vel, omsider kom flyet som skulle ta oss til Frankfurt, ein splitter ny A320-200, registreringsnummer D-AINE. Sidan eg er ganske fornøgd med businessproduktet til Lufthansa, hadde eg punga ut 800 kroner for ei oppgradering. Kanskje er det litt i overkant, men opphaveleg billett i Y-klasse ville gitt 1 250 EB-poeng, men oppgradert til C fekk eg 2 000 poeng. Dessutan er det færre sjukdommar framom gardina. God mat serverte dei òg:
    0003.jpg
     
    Avixlo, SAJblue, Are and 17 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 1: 15/2-18 – andre akt: Tastaturhamringsmaraton
    Håpet om å nå flyet frå Frankfurt til Buenos Aires vart vel i realiteten spylt vekk av avisingsmaskina på Gardermoen. Då vi landa på FRA hadde vi i teorien 20 minutt før flyet til EZE skulle ta av, men med buss frå flyet til terminalen vart håpet grundig partert. Heldigvis hadde sørvisen om bord frå OSL til FRA vore veldig god og eg fekk fleire påfyll av sprudlevatn (nei, ikkje Farris) utan å ha bedt om det.

    Vel framme på Frankfurt lufthamn var det berre å stille seg i ombookingskøa i lag med ein skokk andre. Då det endeleg vart vår tur til å få hjelp, var klokka 2330! Vi stilte oss i kø rundt kl. 2215…

    For å korte ned ventetida for deg som lesar, deler eg her vekeplanen som eg fann i O-fagsboka (dersom du ikkje veit kva O-fag er, spør ein vaksen!) mi frå då eg gjekk i 2A på Byåsen skole:
    0004.jpg

    Vel framme til fru Helga, eit fyrverkeri frå Brasil, viste det seg at eg hadde fått ny billett via Sao Paulo med avreise om 48 timar. Reisefølget, derimot, hadde ikkje fått noko som helst. Vel, ingen av alternativa var heilt det vi hadde håpa på, noko fyrverkeriet vårt forstod fullt og heilt.

    Deretter starta ei tastaturhamring som eg ikkje har sett maken til. Tastane skvatt veggimellom og fleire gongar var fyrverkerisjefen innom og godkjente og opna snarvegar på bakrommet. 50 minutt seinare stod vi der med to nye billettar til Argentina – på same fly allereie neste dag:
    0005.jpg

    Som den observante lesar du er, ser du at reiseruta vart bittelitt endra:
    - 1240 Frankfurt – Amsterdam 1350 – Lufthansa
    - 2055 Amsterdam – Buenos Aires 0700+1 – KLM

    Lufthansa-dama sleit verkeleg med å finne ledige billettar, men gjorde etter vårt syn ein framifrå innsats i kombinasjon med godt humør, trass i at klokka bikka midnatt. At vi med dei nye billettane berre mista eitt døgn i Buenos Aires var dermed til å leve med. Litt skuffande var det at sjansen til å teste Lufthansa premium economy rauk, men KLM i bermeklasse kan då ikkje vere så ille? Eller?
     
    Last edited: 24. mars 2018
    Avixlo, Are, DanH and 16 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    På veg sørover
    - Ei uventa reise

    Dag 2: 16/2-18 – første akt: Frå respatex til fuglekvitter
    I tillegg til å hamre ut nye flybillettar til oss, fekk vi òg påspandert drosje og hotell i Frankfurt. Då eg vakna var det som å sjå rett inn i ein produksjonshall for respatex:
    0006.jpg

    No er ikkje ein stor interiørarkitekt, ei heller ein ekspert på estetikk, men dette var grelle saker. Ikkje for det, det var Lufthansa som betalte for gildet og godt sov vi. Difor skal ein vel helst ikkje klage.
    0007.jpg

    Vel, dette skulle bli den store flyplassdagen. Lufthansa greidde ikkje å finne billett til oss på same fly til Schiphol før KL701 skulle ta oss begge til Buenos Aires utpå kvelden. Mitt fly til AMS gjekk først, ein transportetappe med LH i midtsete langt baki bussen på eit smekkfullt fly. Etter at det flyet landa like før kl. 1400, hadde eg berre nokre få timar å slå i hel fram til neste fly kl. 2055… Reisefølgjet måtte slå i hel tilsvarande tid i Frankfurt all den tid han kom til AMS rundt kl. 2000 – med KLM.

    Denne dagen skulle eg…eller måtte eg finne ut av tre viktige ting:
    - Kva gjer ein på AMS i nesten sju timar utan tilgang til dressmafiabu (aka lounge)?
    - Kva gjer ein for å få tak i mat på ein flyplass når ein er ute blant bermen?
    - Kva i alle verdas namn og rike tilbyr KLM til folk som sit langt baki bussen på interkontinentale ruter?

    Det var ein tung jobb å finne svaret på desse spørsmåla, men den byrden har eg no tatt på vegner av folket og dersom du som lesar held ut litt til, så får du svar.

    Eg har sagt det før og eg seier det igjen: Det eg kallar ‘flaffa-tavler’ er stilig:
    0008.jpg

    Så får vi sjå mellom fingrane med at det over denne ‘flaffa-tavla’ står ein påstand om at opplegget er digitalt. Tja, tavla er nok ikkje manuelt styrt, men det er eit stykke unna å vere ein skjerm.

    0009.jpg
    Litt av livet på FRA tidleg ein fredags føremiddag

    Sidan eg no sat der på Schiphol med ein KLM-billett for apeklasse og ikkje har Skyteam-status, så hadde eg ingen loungetilgang. For å seie det slik: Aspire-loungen på AMS er ikkje verdt å betale seg inn på, i alle fall ikkje utifrå mine føregåande besøk der. Heldigvis fann eg ‘fuglekvitterloungen’ som ligg rett utanfor Aspire-loungen. Det var eit roleg område og passa perfekt til å slå i hel nokre timar med korrekturlesing for ein kamerat. Utan dette gjeremålet hadde nok dagen vorte ulideleg lang. Og det var svar på første spørsmål stilt over her.

    Etter kvart mumla senterregionen av kroppen min noko om at mat hadde vore fint. Det var berre å lystre og turen gjekk til Grand Café. Etter å ha trykt i meg litt mat kom jaggu reisefølgjet òg. Det viste seg at denne staden kravde at eg tok fram eit plastkort og godtok at kontoen min vart tømt for eit beløp tilsvarande nokre tal på ein papirlapp. Dette er svar på andre spørsmål stilt over her.
     
    Last edited: 25. mars 2018
    Avixlo, SAJblue, Are and 18 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 2: 16/2-18 – andre akt: I lag med bleiebrukande franskmenn
    Så har vi kome fram til svaret på det tredje spørsmålet som eg stilte over. Cirka førti minutt før avgang ropte KLM opp eit blidt velkomen til dei med gylne [dette ordet måtte eg slå opp i ordboka for å skrive rett…] valørar på korta sine og komfortable sete. Deretter var det vår tur: Reisefølgjet vart plassert i 19K (vindauge) og eg i 51H (midtgang). Det var svært pussig å gå så langt bak. Boltreplassen innbydde ikkje akkurat til vill tango dei neste fjorten timane:
    0010.jpg

    KLM stilte med ein B777-300 på denne for meg første interkontinentale flyging sidan månadsskiftet april/mai i 2016. Dette var det som møtte meg då eg kom til tresetaren der 51H var:
    0011.jpg

    Fotografikvaliteten er litt så som så, men i kvart sete låg det ei pute, eit pledd i ein nydeleg blåfarge og ei flaske vatn. Tresetaren skulle eg kome til å dele med eit eldre fransk ektepar. Meir om froskane seinare.

    Ruta frå Amsterdam til Buenos Aires er på nesten fjorten timar. Vi tok av omtrent i rute kl. 2100 og landa ein knapp halvtime før rutetid på Ezeiza kl. 1030 norsk tid, 0630 argentinsk tid.

    Undervegs på flyturen noterte eg meg fordelar og ulemper med KLM på denne flyginga.

    Fordelar:
    o Dei var rause med alkoholfri drikke og kom mange gongar gjennom kabinen.
    o Maten var god og til middag fekk vi to alternativ der eg gjekk for kjøtbollane.
    o USB-port i seteryggen til telefonlading og tilsvarande.

    Ulemper:
    o Underhaldningssystemet er tommare enn det SAS tilbyr interkontinentalt.
    o Dei hadde ikkje sprudlevatn.
    o Krunglete å få fatt i EB-poeng.

    Som nemnd var middagen etter mitt ringe syn god. No er eg ikkje spesielt kresen. Frukosten, som var den klassiske omeletten med rundstykke og slikt var vel heller eit stykke under pari. Her er middagen før han vart pakka ut:
    0012.jpg

    Underhaldingssystemet var nokså greitt på filmar både frå nære og fjerne himmelstrok, men eg fann berre éin film som fall meg i smak: ‘Dunkirk’. Eg likar helst å sjå fjernsynsseriar, gjerne korte humorprogram som til dømes ‘Vener for livet’ og ‘Big bang theory’. Her kunne KLM by på maks to episodar av kvar serie. Sjølve biletkvaliteten var god og vi fekk slike pluggar til lyd (rett nok av nokså slett kvalitet):
    0013.jpg

    Som nemnd hadde eg to tilårskomne franskmenn ved sidan av meg. Dei sov nesten heile vegen og var ikkje ute av stolane sine. Brukte dei bleier? Eg har sterke mistankar om at dei hadde fått i seg sentralnervestimulerande saker i Amsterdam som slo dei heilt ut. Kvifor? Vel, det einaste tidspunktet herr franskmann var vaken, var då han kika på skjermen min og såg den scenen i ‘Dunkirk’ der ein franskmann blir omtalt som frosk. La meg nemne at eg såg ein teksta versjon av filmen. Herr franskmann las ‘He is a frog’ utan så mykje som å heve augebrynet. Difor mistanken. Vel, vi unner oss eit lite stemningsbilete frå nemnde film:
    0014.jpg
     
    Last edited: 25. mars 2018
    Avixlo, wilhelm, SAJblue and 30 others like this.
  5. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,508
    Likes mottatt:
    5,541
    Bonuspoeng:
    183
    Dette er helt fenomenalt :) Argentina står så absolutt på lista, dog ikke med KLM i eco. Gleder meg stort til resten av reisebrevet :)
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    De eleverte klasser er nok å foretrekke :) Og takk for rosende ord! Mer kommer nok så fort forfatteren får sving på penna (eller tastaturet som det heter i denne EDB-verdenen) :)
     
    Eddie47 and MadsVaHa like this.
  7. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,897
    Likes mottatt:
    57,522
    Bonuspoeng:
    293
    Dette er strålende lesning!
    Gleder meg til fortsettelsen.
     
    Kristian liker dette
  8. morradi

    morradi Senior Medlem

    Innlegg:
    510
    Likes mottatt:
    660
    Bonuspoeng:
    93
    Strålende rapport så langt!


    Jeg harselv fløyet KL fra EZE til AMS i eco. Fargepaletten er et pastell-helvete verdig et karibisk charter-selskap... And with the service to match...
     
    Kristian liker dette
  9. Thomas123

    Thomas123 Senior Medlem

    Innlegg:
    556
    Likes mottatt:
    466
    Bonuspoeng:
    63
    Flotte saker! Jeg har selv erfaring fra FRA-EZE i LH Eco; trange saker, men mye gratis rødvin! Det siste lærte jeg av en gammel tante som jeg møtte mens vi hastet oss mot gaten (jeg visste ikke at vi måtte ta tog fra én terminal til en annen...)
    Returen husker jeg ikke, men det gikk jo bra
     
    Kristian liker dette
  10. jvsandem

    jvsandem Veteran

    Innlegg:
    2,469
    Likes mottatt:
    7,323
    Bonuspoeng:
    183
    Fantastisk så langt, ser frem til fortsettelsen. :)
     
    Kristian liker dette
  11. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,175
    Likes mottatt:
    869,681
    Bonuspoeng:
    293
    Fantastisk beskrivelse og jeg gleder meg til fortsettelsen ..

    Synes du er for snill med KLM eco interkontinentalt, de gangene jeg har flydd langt med dem har det vært trangt og alt for mange hollendere.
    Første gangen var en MD-11 og sist gang en B777-200 i eco comfort høsten 2016 og det er fremdeles merker etter seterammen bak ...kan ikke huske om maten eller servicen var spesiell ..
     
    Kristian and Chrisbgg like this.
  12. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,664
    Likes mottatt:
    32,511
    Bonuspoeng:
    293
    En fornøyelse å lese!
     
    Kristian liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det! Det kommer mer – mye mer! :eek:

    Tusen takk! Blåfargen på KLM-pleddet var etter mitt ringe syn så fint at jeg vurderte å ta det med – helt til jeg så merkelappen KLM property og så videre. Jeg turte ikke å spørre om å få lov til å ta det med meg. :rolleyes:

    Du husker vel ikke returen fordi du omsatte den gamle tantens lærdom til praksis, kanskje? :p

    Tusen takk! Skremmende mye mer er visstnok på veg! o_O

    Tusen takk! Heng gjerne med videre :)
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Du har nok rett i jeg nok var litt snill i min dom over KLM, men da jeg ble nedgradert fra LH PE til KLM monkey så forsvant nok det meste av forvetninger til flyturen. Man veit jo at sørvisen ikke blir spesielt personlig i økonomi fordi flypersonalet har mange å ta seg av. At det er trangt, var også forventet.

    Forøvrig kan vel søvnmengden om bord si noe om hvor behagelig det var: På KLM-flyvningen sørover sov jeg i kanskje tre timer totalt. På LH-flyvningen nordover var jeg borte i nærmere sju–åtte timer (om jeg husker riktig). Sånn sett kommer KLM dårligst ut av alle økonomiklasser jeg har prøvd.

    Vanligvis har jeg fått mange flere timers høneblund, uten at dette bør brukes som selve lakmustesten på hvor komfortabel en flyvning er all den tid det er mange andre faktorer som påvirker dette med søvn.

    På denne flyvningen var det for mange franskmenn... :oops:
     
    geddi, RoadKing and Eddie47 like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Nuestra Señora Santa Maria del Buen Aire
    – To døgn i Buenos Aires

    Dag 3: Laurdag 17/2-18 – første akt: Ezeiza-massakren
    Etter nesten fjorten timar i lufta landa vi kl. 0635 (lokal tid) på Ezeiza, det som omtalast som den internasjonale flyplassen i Buenos Aires. Var det etterlengta å kome fram? Ja! Passkontrollen og tollpasseringa gjekk utan problem og vips var vi i eit nytt land. Og ja, du får stempel i passet!

    Når du landar på den internasjonale flyplassen i Buenos Aires, EZE, ver klar over at du står på ein stad ikkje langt unna der Ezeiza-massakren fann stad 20/6-1973. I 1972 vart det kjent at Juan Domingo Perón, mannen som var president etter andre verdskrigen og som var gift med Eva Perón – Evita, etter atten år i eksil i Spania skulle kome tilbake til Argentina:
    20180303_102301_eee.jpg

    I Argentina hadde det vore fleire opprørsaksjonar og høgreperonistane ynskte no å slå ned den oppslutninga som mellom anna Montoneros-rørsla [ei rørsle som har vorte kalla ei kommunistisk geriljarørsle, men som var mest i mot utanlands innverknad og dominans og mindre oppteken av klassekamp] hadde fått i breie lag av folket. Det vart opna eld mot dei frammøtte på Ezeiza frå podiet til Perón. Minst 13 menneske vart drepne og 365 såra i Ezeiza-massakren. Inga offisiell gransking har vorte gjennomført og fleire kommentatorar meiner at draps- og skadetala må ha vore mykje høgare:
    20180303_102301_ccc.jpg
    Aeropuerto internacional ministro Pistrani, Ezeiza – i fugleperspektiv
     
    Avixlo, SAJblue, Are and 12 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 3: Laurdag 17/2-18 – andre akt: Vitne til plyndring frå drosjen
    Dette var skildringa av ein drosjetur i Buenos Aires i desember 2001. Vår tur gav langt færre dramatiske inntrykk. For 750 argentinske pesos vart vi trygt levert til hotellet vårt i sentrum av byen – ein køyretur som tok rundt 45 minutt. Førsteinntrykket av byen gav òg heilt andre assosiasjonar enn det som kom fram i sitatet om den nokså dramatiske drosjeturen:

    0015.jpg
    San Martin-plassen [Plaza San Martín] i Buenos Aires sett frå bakkenivå ved Torre Monumental. Overalt i Argentina finn du stader, gater og liknande med namnet San Martín. Dei er alle oppkalla etter José Francisco de San Martín y Matorras, leiaren for frigjeringsrørsla som kjempa for sjølvstende frå Spania, noko som Argentina oppnådde i 1816
     
    Avixlo, SAJblue, Are and 11 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 3: Laurdag 17/2-18 – tredje akt: Byvandring med noko attåt
    Etter ein velfortent siesta på hotellet (meir om det seinare (hotellet, altså)) tusla vi ut for å erobre Buenos Aires. Byen er folkerik, det bur visst 15 millionar her, og det er folk av alle slag. Her skal det litt til for å skilje seg ut.

    Det var ein varm dag i den argentinske hovudstaden, +28. For oss nordbuarar var det uvant. Heldigvis fekk vi tak i både iskrem og mojito samt andre væskebalanserande næringsmidlar. Trass i den høge temperaturen, kjente vil heile tida den kjølande effekten av ein nydeleg fønvind. Byen ber ikkje namnet sitt utan grunn.

    Vi tok oss god tid til byvandring denne dagen, noko som gir rom for å forklåre korleis Argentina kunne vere ein stad der openlys plyndring skjedde rett før jul 2001. Det blir berre småglimt og så enkelt at sjølv far kan følgje med. Dette kjem i staden for bilete av to sveitte karar frå Trondheim.

    0016.jpg
    Utsikt mot San Martin-plassen [Plaza San Martín] og Torre Monumental

    På 1970-talet var det flust av militærdiktatur i Sør-Amerika. Desse stod stort sett for ein liberal økonomisk politikk, ikkje ulikt det vi såg under fru Thatcher i Storbritannia og under herr Reagan i USA. Folk som kan og veit meir enn meg, har sagt at militærdiktaturet som kom til makta i Argentina i 1976 innførde eit politisk diktatur og ein økonomisk politikk som øydela produksjonsapparatet mellom anna ved at det i svært stor grad vart opna for investeringar frå utlandet. Arbeidarløningane vart redusert og kapitalflukta spratt i vêret.

    Militærdiktaturet som styrte landet frå 1976 til 1983 auka utanlandsgjelda frå åtte milliardar amerikanske dollar til småfrekke 45 milliardar dollar. Pengane gjekk til både nytt militærutstyr og rett i lomma på diverse prominente personar i eller rundt regjeringsapparatet. I ettertid har Argentina fått pengelån frå Det internasjonale pengefondet for å betale renta på utanlandsgjelda mot at ein innanriks har gjennomført tidvis brutale budsjettkutt.

    0017.jpg

    0018.jpg
    Fram til Falklandskrigen i 1982 var namnet på Torres Monumental tårnet litt meir britiskvenleg: Torre de los Ingleses [Engelskmanntårnet]. Nemn aldri namnet Falklandsøyene i Argentina, dei heiter Islas Malvinas og på alle kart ser du at Argentina hevdar nasjonalherredøme over øygruppa

    I tillegg til det som kan skildrast som eit økonomisk vanstyre, har Argentina opplevd fleire økonomiske kriser:
    I 1989 var årsinflasjonen oppe i 15 000 %. Dette førde til plyndringstokt nett som i 2001.

    Kjære lesar, eg lovar at ikkje heile reisebrevet kjem til å bli eit forsøk på å skildre den økonomiske utviklinga i Argentina, men eg håpar at du, som meg, synst at det å lære litt om landet ein er gjest i, er kjekt. Og dessutan, det som skjer nett no er berre at to småsveitte nordmenn tuslar rundt i bygatene i Buenos Aires. Det er ikkje så spennande, så då kan vi vel sprite opp innhaldet litt:
    0022.jpg

    På 1990-talet vart ei rekkje verksemder avnasjonaliserte og privatiserte. Det gjekk så langt at folk i Buenos Aires spøkte om at snart blir lufta privatisert. Vassforsyninga vart privatisert. Det same skjedde med Argentinas ekvivalent til Statoil, YPF:
    0019.jpg
    Otis Redding song i 1968 på nydeleg vis ‘I’m sittin’ on the dock of the bay’ i og Puerto Madero i Buenos Aires er eit like nydeleg område. I dag er det fullt av serveringsstader her. Du skal kunne få stilt både tørsten og svolten her

    YPF har tent pengar, det står ikkje på det:
    Dei sosiale konsekvensane av den økonomiske politikken som vart førd i perioden 1975–2001 ser vi kanskje tydelegast i kor mange menneske som vart definert som fattige.
    – I 1975 var to millionar av totalt 22 millionar definert som fattige.
    – I 2002 var 20 millionar av totalt 37 millionar definert som fattige.
    o Altså ei auke frå omtrent 10 % til over 50 % av folketalet.

    Ja, det er mange måtar å definere fattigdom på og difor kan det eksistere ulike fattigdomstal, men vi kan trygt seie at for den jamne argentinar gjekk det berre éin veg i perioden 1975–2002.

    0020.jpg
    Brua Puente de la Mujer [Kvinnebrua], eit flott syn på Puerto Madero. Området vart tidlegare brukt som kornlager, men større og moderne båtar førde til at Puerto Nuevo [Nyhamna] vart bygd i 1925. Det er eit fint område å berre tusle rundt i, synst no eg

    0021.jpg
    Til kai ved Puerto Madero ligg skuta ‘Uruguay’. Fartøyet var i si tid det største i det argentinske sjøforsvaret. I 1903 vart skipet bygd om for å kunne gjennomføre redningsoperasjonar i antarktiske farvatn. I 1903 vart skuta brukt til å redde den ‘Den svenske antarktisekspedisjonen’ som vart leia av Otto Nordenskjöld. Han var om bord på fartøyet ‘Antartic’ der nordmannen Carl Anton Larsen var kaptein. Redningsaksjonen segla ut frå Ushuaia på Eldlandet. Dit skulle vi òg om berre nokre dagar. Snakk om opptrampa stiar! Vel, ein fin korvett er det no:
    0023.jpg

    0024.jpg
    Ein stor mann må helsast på stormannsvis! Juan Domingo Peron, president i Argentina frå 1946 til 1955. Saman med kona Eva Perón, betre kjent som Evita, styrte han landet med valdsam popularitet i arbeidardelen av befolkninga. Det er vanskeleg å påstå at Argentina var eit demokrati på denne tida og herr og fru Perón møtte sterk opposisjon frå fleire hald

    På starten av 2000-talet var det ei utbreidd meining at utanlandsgjelda svinebatt den argentinske økonomien, ei utanlandsgjeld som vart opparbeida under eit svært brutalt regime:
    0026.jpg
    0027.jpg
    Buenos Aires er sommaren [eller lokalt er det vel vinter] 2018 vertskap for junior-OL. Dette kjem tydeleg fram på Maiavenyen i sentrum av den argentinske hovudstaden. Og som den observante lesaren ser, var det godt med solskin i byen denne dagen

    Medan vi rusla rundt i byen, såg vi at fleire ser ut til å streve økonomisk. Heimlause var det mange av, det same gjeld òg tiggarar. Dei vi snakka med, delte alle eit håp om eit betre Argentina i framtida. Samstundes har nok ein stor del av argentinarane fått ein enklare kvardag og meir pengar mellom hendene dei siste ti–femten åra.
     
    Last edited: 25. mars 2018
    Avixlo, SAJblue, Are and 20 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 3: Laurdag 17/2-18 – fjerde akt: Pengelens
    Vi lar, som overskrifta seier, pengane fare og held fram byvandringa utan økonomiske bekymringar. Vi prøvde aldri verken T-banen eller bussane og synst det var fint å gå i byen.

    0028.jpg
    Hovudscenen for lyrikk i Buenos Aires, Teatro Colón, i fransk renessansestil

    0029.jpg
    Over: Rytter til hest ved hotellet vårt. Under: Ein kjempestor spegl:
    0030.jpg
     
    Last edited: 25. mars 2018
    Avixlo, Lnbre, SAJblue and 17 others like this.
  19. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Strålende skrevet så langt, både morsomt og informativt:)
    Men synes du var litt for politisk korrekt som unnlot å bruke korrekt navn på øygruppen utenfor Argentina, som alle vet og som Royal Navy slo fast i starten av 1980-tallet, så heter altså øyene Falklandsøyene og ikke noe sånne spanske greier ;)
     
    Kristian liker dette
  20. jvsandem

    jvsandem Veteran

    Innlegg:
    2,469
    Likes mottatt:
    7,323
    Bonuspoeng:
    183
    En liten historieforelsing er jo bare gull da. Bring it on. :)
     
    Kristian liker dette

Del denne siden