Reisebrev: Eit møte med Gluntan på Færøyane

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. sept 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Del 2: Viðareiði
    Vel, det er på tide å kome seg vekk frå storbyens larm og ståk! Klaksvík ligg i den regioen som kallast Norðoyggjar, ei samling øyer som består av Borðoy, Kunoy, Kalsoy, Viðoy, Svinoy og Fugloy. Vi valde å utforske det området som ikkje krev ferjetransport. Først gjekk turen til Viðareiði, heilt nord på Viðoy.

    0000000006.jpg

    Vegen er godt skilta. Merk dei to tunnellane som berre har plass til éi bil i kvar retning. Det er møteplassar kvar 100 meter og det står skilta kva for retning som har vikeplikt (sørgåande om eg ikkje hugser feil).

    Etter rundt 20 minutt var vi framme på Viðareiði, eit stadnamn eg vil tru betyr noko i retning av 'det vide eidet (landtunge med hav/vatn på vegge sider)'. Bygda er ikkje stor, men ho ligg idyllisk til. Her ligg òg kommunehuset:
    20180913_092211-kopi.jpg

    Då eg såg kommunehuset, byrja eg å tenkje på dei diverse reformene som dei seinare tid har råka gamlelandet, herunder 'regionreforma', kommunesamanslåingar og 'nærpolitireforma'. No kjem det eit lite utbrot, òg kjent som 'rant' på nynorsk:

    Kva i helvete er meininga med 'nærpolitireforma'? Ofte har eg 80–100 kilometer til nærmaste politipatrulje når Vardø og Tana har vakt. I dårleg vintervêr snakkar vi ei responstid på opp mot 90 minutt. Og så vil dei slå saman og leggje ned endå fleire politi- og lensmannskontor?

    Og kva fanden meiner dei med at Troms og Finnmark skal slå seg saman til eitt fylke? Alle forstår at ingen mister jobben ved samanslåinga, men stillingene vil forsvinne til Tromsø etter kvart som folk sluttar 'ute i distriktet'. I tillegg er det pokker så store avstandar her i Finnmark, så vi treng ikkje at dei blir større.

    Det er mange i dette landet som har langt til sjukehus. Mitt nærmaste ligg i Kirkenes, 180 kilometer unna. Fastlegen min, ute blant folk kjent som 'Doktor Død' (han er raus med reseptane) og andre på det lokale legesenteret her eg bur omtalar sjukehuset i Kirkenes som 'blodslakteriet'. Alternativt kan pasientar bli sendt til Tromsø...

    Dersom styresmaktene ønskjer sentralisering og avfolking av bygdene, så må dei for svarte svingande gå inn for det på ordentleg vis og ikkje berre kalle ting for 'styrking av distrikta' når det reelt sagt er snakk om noko heilt anna.


    Vel, omtrent denne tankerekka flaug gjennom hovudet mitt ved synet av kommunehuset på Viðareiði. Deretter vart eg glad for å sjå at ei nokså lita bygd sjå ut å ha offentlege tenester i nærleiken. Dessutan er det fint på Viðareiði:
    20180913_094145-kopi.jpg
    Malinsfjall kneiser stolt 751 m.o.h. ved Viðareiði

    Føremålet med turen til Viðareiði var å rusle oppover mot toppen av Villingadalsfjall, 844 m.o.h. Det kjem ikkje så veldig tydeleg fram av bileta, men det er ein nokså bratt fjellskrent ein rusler opp:
    20180913_102936-kopi.jpg

    Vel, etter kvart vart det tydeleg at skyane som hang nedover fjellsida ikkje kom til å lette. Dei glade inspektørane tok seg då ein velfortent kopp kakao og gløtta rundt seg.

    20180913_094203-kopi.jpg

    Vi hadde eit par regnskurer på turen, men dei var korte og ikkje spesielt intense. Likevel vart det svært ganske vanskeleg å ta bilete utan å få med ein eller to skyer...
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Del 3: Múli
    Først og fremst ber eg orsak for at eg kanskje gjekk litt utanfor rammene av det som er vanleg for eit reisebrev i førre innlegg, men det måtte ut. Trur eg... Over til den smale sti:
    20180913_121905-kopi.jpg

    Ikkje lange turen unna Viðareiði ligg bygda Múli:
    Múli er i dag fraflytta (det skjedde i 2002), men den vetle klynga med hus ser nokonlunde velstelt ut:
    20180913_121330-kopi.jpg

    No er det ikkje husklynga ein drar til Múli for å sjå. Vi køyrde innom fordi det stod i guideboka at dette var eit fint stopp. Som sagt så gjort.

    20180913_121844-kopi.jpg
    Malinsfjall frå ein ny vinkel

    Frå Múli hadde vi utsikt over til Viðareiði:
    20180913_123225-kopi.jpg

    Vi synst at turen til Múli var perfekt for ein kort rusletur utan bakkar. Vi hadde jo trass alt vore og kjempa med Villingadalsfjall like før. Dessutan er det ikkje rare køyreturen frå Viðareiði heller:
    0000000007.jpg
     
  3. democomputer

    democomputer Senior Medlem

    Innlegg:
    1,289
    Likes mottatt:
    5,614
    Bonuspoeng:
    183
    Flotte beskrivelser. Var selv på Færøyene i sommer og hadde fantastiske opplevelser der. Vårt fokus var mat og Torshavn, men var på sightseeing og hadde bil og to dager med Klaksvik som utgangspunkt. Klaksvik var kanskje det minst imponerende stedet i hele landet... Er enig i at Muli var en perfekt liten utfart og fint å få med seg nordspissen. Glemte dere å få innom Roykstovan i Klaksvik? Makan til lokalpub på landet skal man leite lenge etter. Her konkurrerte de lokale heltene om å være fullest og mest innpåsliten og ubehagelig med damene:) Eneste møte med befolkningen som ikke var heeelt tipp topp il vår uke på Færøyene.

    K
     
    Stuttfeiten, alexfins and Kristian like this.
  4. Henrik

    Henrik Hellas-sympatisør

    Innlegg:
    2,316
    Likes mottatt:
    9,196
    Bonuspoeng:
    183
    Spotted in Klaksvík.

    F726E143-6143-44C7-8F1C-7B23FF2A9556.jpeg

    Flott reisebrev hittil!!
     
  5. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,364
    Likes mottatt:
    12,513
    Bonuspoeng:
    183
    Fantastisk skildret hittill!
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det :)

    Verken junior- eller seniorinspektøren var heilt modne for publivet, så Roykstovan i Klaksvik kom vi oss ikkje innom. Utifrå skildringa di, var det kanskje ikkje eit tap :rolleyes:

    Heilt einig i at Tórshavn har fleire perler når det kjem til mat. Vi fekk prøvd eit par, men begge synst vi at det var heilt hinsides mykje trafikk og slikt i Tórshavn, så vi flykta ut av byen og fekk roa nervene i nabobygda der vi igjen fekk ro i sjela :)
     
    democomputer liker dette
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for følgjet så langt :)

    Oh, artig dasspapir! Dersom motivet ikkje berre er på innpakninga, men òg på sjølve papiret, er det vel slik at ein faktisk tørker seg bak med trutmunnen til galningen og det er litt forstyrrande :confused:o_O
     
    Stuttfeiten and Eddie47 like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk :) Forhåpentlegvis dabbar ikkje kvaliteten altfor mykje av utover i reisebrevet. Det kjem meir – plutseleg :)
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Sjølv takk for at du heng med – så langt :) Hels eksforloveden!

    No veit eg ikkje om kva for resultat du fekk på denne kompetansetesten som vart lufta i ein annan tråd for ei stund sidan, men kanskje FAE er ein mogleg testdestinasjon. Merk at det finst opptil fleire stader på øygruppa som ikkje fungerer som helsebot for dei med stoffproblem (og ting i slekt med stoff og tylleri). Seniorinspektøren var vill i blikket til ein god nøstepose var fylt. Deretter gjekk det bra :)
     
    Last edited: 25. sept 2018
    Berlioz liker dette
  10. alexfins

    alexfins Medlem

    Innlegg:
    59
    Likes mottatt:
    45
    Bonuspoeng:
    18
    Tror ikke jeg har smilt og ledd så mye av et reisebrev før! Gleder meg til fortsettelsen :)
     
    Kristian and Travellingalf like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Berre triveleg å kunne bistå med litt underhaldning :)
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Del 4: Kunoy
    20180913_183004-kopi.jpg

    Berre ein knapp halvtime utanfor Klaksvík ligg bygda Kunoy. Ho ligg på øya med same namn. Igjen tok vi guidebokas utfluktsforslag for god fisk og det var fint å rusle rundt i bygda.

    20180913_191226-kopi.jpg
    Kunoy bygd med Kalsoyarfjorður og Kalsoy

    Det er noko med det å nyte naturens ro. Her, sjølv såpass nært folk, var ikkje det noko problem. Og det er no ganske fint, då:
    20180913_182255-kopi.jpg

    20180913_190015-kopi.jpg

    Ved bygda finst det ein liten skog. Dei to ferierande inspektørande plasserte seg på benken ved innfallsporten til skogen og kosta på seg ein frekk sjokolade:
    20180913_192429-kopi.jpg

    Ein fin kveldstur frå Klaksvík, synst vi.

    0000000008.jpg
     
    Upsaker, RoadKing, OttoL and 4 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det nærma seg etter kvart natt nummer to i Klaksvík. Så langt hadde vi vore heldige med vêret utan altfor mange eller spesielt kraftige regnskurer. Når ein er mykje ute, er det eit stort pluss.

    Aksjonsradiusen vår ut frå Klaksvík var ved nærmare ettersyn ikkje spesielt stor, men vi synst at vi fekk med oss ganske så mykje. Det er jo ein av fordelane med Færøyane at distansane er korte.

    0000000009.jpg
    Kart over stader besøkt med base i Klaksvík
     
  14. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,025
    Likes mottatt:
    875,505
    Bonuspoeng:
    293
    Fantastisk @Kristian et lite hopp unna verdens vakreste by ...
    til og med mor ler og koser seg med skildringene dine ...og det skal litt til! Hun sier til og med at vi bør ta en tur til Færøyene.

    Litt politikk hører vel med i blant, men det er da ikke så langt i Finnmark/Troms? Da vi bodde ytterst på Senja og vi hadde en kompis i Alta mente jo mange (her sør) at vi nesten hadde flyttet i lag ....
    Vel vi kjørte til hverandre i helger ...
     
    Kristian and OttoL like this.
  15. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,305
    Likes mottatt:
    33,876
    Bonuspoeng:
    293
    Strålende @Kristian , jeg har en liten drøm om å kunne tatt en Harley tur på Færøyene, Orknøyene og Shetland, ser at det visuelt ville vært et eventyr, men bortsett fra logistikken med å få sykkelen med mellom øyene ser jeg også at det antagelig ville blitt en våt opplevelse. Nei Harley passer nok bedre for en dusty desert road in California :)
     
    Kristian liker dette
  16. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,168
    Likes mottatt:
    15,473
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for tipset, FAE er behørig notert. Ellers er også LWK av og til oppe til vurdering. Det forrige testen måtte dessverre kanselleres pga vedlikehold av venstre motor. Neste forsøk på take-off går mot LPA, og da lar vi stoffproblemene bli hjemme!
    Eks-forloveden hilser!
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for trivelig tilbakemelding. Kjekt at et lite skriveri som dette kan bidra med smil og glede :) Ja, Atlantic Airways har fortsatt direktefly et par dager i uka fra BGO, selv om det da gir súlubonus og ikke eurobonus.

    Apropos avstander: Folk i Øst-Finnmark går jo ikke av vegen for en helgetur til Ikea i Haparanda, drøyt 700 km sørover. Noen kombinerer dette med en fuktig aften på byen i Luleå eller Rovaniemi. Ingen rynker på nesen over avstandene i disse tilfellene...
     
    Last edited: 26. sept 2018
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg skal skrive litt mer om de færøyske veiene seinere, men de er svært gode. De er brede og nesten overalt er det fast dekke. Slik sett kan jeg forestille meg at motorsykkellivet på Færøyene hadde vært brillefint, dog vanntett dress er vel en forutsetning.

    Når det gjelder frakt mellom øyene ser jeg at Smyril Line kun tilbyr ferje mellom Hirtshals, Tórshavn og Seyðisfjørður. Det er dårlig med frakt mellom Shetland/Orknøyene/Skotland og Færøyene. Så et mulig alternativ, i fall ørkenveien i California av uforståelige grunner ikke skulle friste likevel, er å først gjøre Orknøyene og Shetland på én tur og så på en annen tur gjort unna Færøyene og kanskje til og med Island. Det blir en del logistikk, ja...

    Eller tusen takk for trivelig tilbakemelding :)
     
    Last edited: 26. sept 2018
    RoadKing liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    LWK står også på listen her i gården, men som herren kanskje har erfart, blir denne listen sjelden kortere til tross for at man 'stadig vekk' er ute og snuser på verden og dermed får krysset av et og annet reisemål på den listen. Vel, det er kanskje ikke det verste man kan ha å bale med :)
     
  20. Avixlo

    Avixlo Veteran

    Innlegg:
    1,789
    Likes mottatt:
    8,644
    Bonuspoeng:
    183
    Smyril Line reiser vel fra Hirtshals på Nord Jylland. Har sett dem der når jeg har vært der etter å ha blitt fraktet over av Superspeed fra Larvik eller når jeg venter på Superspeed skal ta med meg hjem til Kongeriket.

    Men ellers er dette et fantastisk reisebrev. Spennende destinasjon. Ser ut som du hadde en fin tur der. Får lyst å dra ditt selv, men som mange andre er det så mange andre plasser jeg vil dra til også.
     
    RoadKing and Kristian like this.

Del denne siden