Reisebrev: Eit møte med Gluntan på Færøyane

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. sept 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Del 5: Fra Klaksvík til Tórshavn – via, via, via...
    Vi kom til Færøyane på ein onsdag og så langt har eg skrive om det vi såg og opplevde onsdag og torsdag. No er vi kome til fredag og denne dagen skulle vi bytte overnattingsstad. Tórshavn neste! Vi valde å ikkje ta kortaste veg:
    0000000010.jpg
     
    Eddie47, alexfins, SAJblue and 4 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Javisst, Hirtshals, ikkje København... Du har heilt rett! :)

    Elles takk for triveleg tilbakemelding! Ja, det er mange fine stader i verda. Lykke til med å velje frå lista :)
     
    Avixlo liker dette
  3. democomputer

    democomputer Senior Medlem

    Innlegg:
    1,219
    Likes mottatt:
    5,395
    Bonuspoeng:
    183
    Veldig stas å gjenoppleve sommeren. Tror vi har lest i samme boken:) Gjogj, Eidi og Tjørnuvik var alle staselige plasser som jeg regner med vi straks får knallgode beskrivelser av. Mens vi venter; her er jeg i Gjogv.
    Gjogv_selfie_crop.png

    K
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Fuglafjørður: Eit triveleg møte
    Ein liten halvtime frå Klaksvík ligg Fuglafjørður på øya Eysturoy. Her ligg laksemerdane på rad og rekke:
    Eigentleg var vi litt i tvil om vi skulle ta turen innom denne bygda (som er ganske stor i færøysk målestokk), men vi svingte likevel innom for å sjå om vi ikkje skulle gå oss ein tur. Eit møte med ein triveleg kar saboterte alle planene våre og vi vart ståande å prate med gamleordføraren i byen i godt over ein time.

    20180914_093017-kopi.jpg
    Fuglafjørður stadion

    Karen vi møtte kom, ifølgje seg sjølv, inn som eit friskt pust inn i ordførarjobben på 80-talet. Vi fekk fortalt at lakseoppdrett på Færøyane ikkje er plaga med lus som i Noreg grunna den store gjennomstrøyminga av sjøvatn i fjordane og sunda, altså stadig tilførsel av friskt sjøvatn frå Atlanteren.

    Vidare fekk vi høyre litt om oppveksten til mannen. Under krigen hadde dei ikkje hatt mykje å leve av og fiske var nødvendig. Diverre var farane store både ved at tyske ubåter stadig vekk var på tokt, men òg fordi britane hadde minelagt store delar av farvatnet rundt Færøyane. Mannens far mista truleg livet i møte med ei britisk sjømine...

    At vi var norske, fekk vår ven i svært godt humør. Han sa 'Jeg holder meget av nordmenn!' og fortalde vidare om alle nordmennene som kom til Færøyane som flyktingar under andre verdskrigen. Mange reiste heim etterpå, men det finst den dag i dag etterkomarar av flyktingane som valde å slå seg ned på øygruppa.

    20180914_103827.jpg
    Fuglafjørður ligg fint til

    Her skal eg ikkje gjengi heile samtalen, men det var utruleg interessant å høyre om lokale tilhøve fortalt av ein kar som hadde vore med i styre og stell.

    La oss ta med tre moment til frå samtalen: Først det faktum at kraftleidningar over dei siste åra har vorte flytta frå å gå over vêrharde fjell til å gå i bakken langsmed bilvegane. Dette hadde gjort el-forsyninga sikrare, vart vi fortald.

    Det andre var at vår pratsame ven kunne fortelje at då det skulle byggjast vegar i bygda Fuglafjørður, valde partiet han representerte å tilby betre bustader til dei som måtte flytte for å gi plass til vegane, men i staden for å berre sende eit brev om det, hadde ein tatt seg tid til å prate med kvar og ein av dei som vart råka av vegbygginga for å høyre kva dei ville og kva som kunne vere ei god løysing i kvart tilfelle.

    Siste punkt var fordelinga av kongsjorda. Mykje av jorda både i Danmark og på Færøyane hadde vore i kongens eige, men på 1930-talet vart det delvis slutt på dette. Jorda vart delt ut til husmannsplassane for at dei skulle drive jorda vidare. Tanken var at dersom du eig noko, vil du ta meir vare på det enn om du ikkje eig det. Mange jordlappar på Færøyane er i dag i privat eige som følgje av denne kongsjordfordelinga og utifrå det vi kunne sjå var dei godt ivaretekne.

    Vel, etter rundt ein time med prat og lærdom, fann vi ut at vi kanskje skulle kome oss vidare. Eg har ikkje faktasjekka alt dette, men det var okke som eit interessant og triveleg møte :)
     
    Eddie47, Earl, SAJblue and 6 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Gjógv: Ei spesiell naturhamn
    Namnet på bygda Gjógv må vel vera i slekt med det norske ordet 'juv'. Noko anna kan eg ikkje tenkja meg, men eg er ingen ekspert på nordisk. Kanskje andre veit?

    Her skal eg la bileta gjere det meste av jobben, for i Gjógv var det fint. Dessutan vart førre innlegg altfor teksttungt. Vi tar en runde i bygda.

    20180914_122655-kopi.jpg
    Gjógv sett frå havet og innover land

    20180914_114235-kopi.jpg
    Gjógv sett frå land ut mot havet

    20180914_113141-kopi.jpg
    Leigebilen, ein Toyota Auris hybrid, på ein typisk færøysk bygdeveg

    Vi tok oss ein lønsj på hotellet i Gjógv, Gjáargarður. Herifrå er det fin utsikt utover bygda og dei tilbyr òg ein betre middag for dei som skulle ha behov for det.

    Etter lønsjen rusla vi litt opp i fjellsida for å få eit overblikk. Stien var bratt og litt sleip grunna regnet som stadig vasker Færøyane. Om Vårherre meinte at han hadde skapt ein flott by på Vestlandet som trenger jamt med reingjering, så må han ha vore minst like fornøgd med denne øygruppa uti Atlanterhavet. Vel, tilbake til stien: Det er i motbakke at ein kjenner det går oppover:
    20180914_123242-kopi.jpg

    Vi kunne berre førestille oss alt livet som fuglefjella har kunne ha bydd på i hekkesesongen:
    20180914_123642-kopi.jpg

    Det einaste overraskande var at det stod ei postkasse som bad oss putte nedpå ein 50-lapp for å gå på stien. Det skal seiast at stien går på dyrka mark, så kanskje er det årsaka.

    Vel nede i bygda gløtta vi litt på kyrkja:
    20180914_131438-kopi.jpg

    I tillegg var vi bortom minnesmerket over dei frå Gjógv som har mista livet på havet. Rundt statuen stod det plakatar med ei lang rekke namn. Havet gir og havet tar:
    20180914_131446-kopi.jpg

    Eg mistenkjer at herren har spegla fotografiet – eller at nokon har ommøblert i landskapet – fordi då dei to ferierande inspektørane såg ned i Gjógvin såg der slik ut:
    20180914_122124-kopi.jpg

    I alle høve, Gjógv var fint og vel verdt visitten.

    To be continued :)
     
    Last edited: 26. sept 2018
    Eddie47, alexfins, Earl and 11 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eiði: Tur til Eiðiskollur
    20180914_164901-kopi.jpg
    De 18 øyene det er snakk om er sjølvsagt Færøyane. Han Risin (Risen eller Kjempen) står lengst ute i vatnet og er 75 meter høg. Ho Kellingin (Heksa eller Trollkjerringa) står nærare land og er 73 meter høg. Dei står like ved Eiðiskollur som er 343 m. høgt:
    20180914_173555-kopi.jpg
     
    Last edited: 26. sept 2018
    Eddie47, RoadKing, SAJblue and 2 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ein dryg halvtimes køyring frå Gjógv ligg bygda Eiði. På vegen dit var planen om å rusle litt oppover mot toppen av Færøyanes høgste fjell, Slættaratindur, men vi droppa det då det 882 m. høge fjellet ikkje viste seg frå si beste side:
    20180914_141109-kopi.jpg

    Så då vi fem minutt seinare såg dette, fann vi ut at Eiðiskollur er eit bra alternativ ti Slættaratindur. Sjå på dette, då:
    20180914_142408-kopi.jpg

    Som alltid var det ein aldri så liten bakke vi måtte forsere for å kome opp til toppen av Eiðiskollur, 343 m.o.h. Det gjekk fint:
    20180914_163950-kopi.jpg

    Utsikten på veg opp var strålande:
    20180914_145303-kopi.jpg

    Det var rett og slett ein fin dag for fjelltur og sjølv om regnskurene kjem ofte på Færøyane, så var vi heldige denne dagen. På eit tidspunkt gjekk det ei regnskur på kvar side av Eiðiskollur, men vi heldt oss tørre og fine.

    20180914_152056-kopi.jpg
    Nordspissen av Streymoy

    20180914_162103-kopi.jpg
    Slættaratindur i det fjerne – inne i regnskura

    20180914_165005-kopi.jpg
    Utsikt frå Eiðiskollur i retning Gjógv
     
    Eddie47, RoadKing, SAJblue and 6 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tjørnuvik: Ein kort visitt
    Guideboka, Politikens serie 'Turen går til', er på dansk, skriven av ein danske. Begge inspektørane er svake for høgder og var veldig spente på denne vegen. Det viste seg at nordmenn med høgdeskrekk tydelegvis ikkje har høgdeskrekk samanlikna med danskar. Vegen til Tjørnuvik var heilt fin og gav ikkje noko sus i magen.

    20180914_174657-kopi.jpg
    Risin, Kellingin, Eiðiskollur, stranda og vegen til Tjørnuvik

    Nemnde guidebok er stort sett nøktern og god. Dessutan er det ikkje ein diger koloss slik som Lonley Planet kan vere. Når det gjeld Tjørnuvik, kan det tenkjast at skildringane i Politikens Turen går til Færøerne ikkje samsvarte heilt med våre inntrykk.

    Ingen salme av herr Thomas Kingo nådde øyro våre, men misforstå meg rett: Tjørnuvik er ei lita perle. Her var det fint og det er noko med det å sjå utover sjøen. Det skal seiast at vi hadde starta dagen i Klaksvík og hadde framleis nokre mil framom oss før vi kom fram til Tórshavn, så Tjørnuvik fekk kanskje ikkje den merksemda frå oss som bygda truleg fortener.

    20180914_173811-kopi.jpg
    Det er rundt 60 innbyggjarar i Tjørnuvik

    20180914_174226-kopi.jpg
    Det har budd folk i Tjørnuvik sidan vikingtida

    20180914_174950-kopi.jpg
    Kyrkja i Tjørnuvik

    Guideboka omtaler ein liten butikk i Tjørnuvik som m.a. sel sjal, armband og andre ting. Vi var der etter opningstid, så vi reiste tomhendte derifrå. Same kva guideboka la opp til av førestillingar, så var det fint å bruke litt tid i Tjørnuvik.
     
    Last edited: 26. sept 2018
    Eddie47, MilageRune, RoadKing and 6 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Tjørnuvik til Tórshavn
    Klokka tikka og gjekk. Ho har ikkje så mykje anna å gjere, men kvelden byrja å nærme seg. Vi hadde sett og gjort mykje:
    0000000011.jpg

    Det var med andre ord på tide å køyre til Tórshavn:
    0000000012.jpg

    Vi brukte rundt ein time til den færøyske hovudstaden og vegane var fine. Vårt inntrykk er at vegane generelt sett er kjempefine. Dei er betre enn mange vestlandsvegar eller finnmarksvegar, så kanskje Statens vegvesen eller Samferdsledepartementet burde ta seg ein studietur til Færøyane.

    Både her og der står det om all den fine maten ein kan ete i Tórshavn. Vel framme surra vi lenge for å finne hotellet (hadde ikkje GPS) og då vi var vel installerte, gjekk vi for det enkle:
    20180914_211424-kopi.jpg

    For alle som lurer, så har dei Burger King i Tórshavn, men vi gjekk for den litt meir ukjente Pizza King. Der fiksa dei ein nydeleg pizza til oss og vi ramla mette og fornøgde opp i senga etterpå.
     
    Eddie47, RoadKing, SAJblue and 7 others like this.
  10. democomputer

    democomputer Senior Medlem

    Innlegg:
    1,219
    Likes mottatt:
    5,395
    Bonuspoeng:
    183
    Jeg likte også Tjørnuvik veldig godt. Utrolig fascinerende med svart strand av lavastein og utsikten til Risin og Kellingin. Da vi var der badet de lokale familiene, det var tross alt sol og 18 grader og sikkert tosifret i havet på en av årets varmeste dager..

    Vi konkluderte med at frostmangel nok skal ha sin del av æren for veistandarden. Ingen telehiv.

    K
     
    Avixlo, alexfins, SAJblue and 3 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Del 6: Tórshavn – den færøyske hovudstaden
    Det med tett trafikk fekk dei to ferierande inspektørane verkeleg merke. Det var bilar overalt og vi ante sjølvsagt ikkje kvar hotellet vårt låg i dette mylderet av trafikk og trange, einvegskøyrde gater, veiter og smug. På eit tidspunkt var vi i eit veit så smal at sidespeglane nærmast skrapte opp husveggane. Heldigvis kom det ingen imot...

    20180915_170158-kopi.jpg

    Dei neste par innlegga er planlagt å handle om Tórshavn, hovudstaden på Færøyane, og klårt største by med sine rundt 20 000 innbyggjarar. Først eit kort historisk tilbakeblikk:
     
    Last edited: 30. sept 2018
    Eddie47, RoadKing, Avixlo and 5 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tórshavn: Bládjupi gjestehus
    Kortversjonen: Dette var eit hostell. Standarden er enkel. Ligg unna om du kan. Drivast i lag med Hotel Havn. Ikkje noko å rope hurra for. Ikkje uventa var NRK1 tilgjengeleg på fjernsynet:
    20180914_233359-kopi.jpg
     
    Last edited: 01. okt 2018
    Eddie47, Upsaker, Avixlo and 2 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tórshavn: Fisk og anna mat
    Det er mange stader å ete i Tórshavn. Sidan dei to ferierande inspektørane er nært i slekt med fiskemåsene, gjekk vi for havprodukter. Det har litt å gjere med at fleire av matplassane vi var innom rett og slett var smekkfulle.

    Etika sushi var kanskje høgdepunktet:
    20180915_152912-kopi.jpg

    Frukostsalen til Hotel Havn blir om kvelden omgjort til ein resturant. Her serverer dei lokal mat servert innafor sjangeren som guideboka kaller 'nynordisk'. Marinert torsk gjekk ned på høgkant:
    20180915_205908-kopi.jpg

    Eit par tips:
    – Fredag og laurdag er det nok smart å bestille bord.
    – Opningstider for restaurantane er typisk 1800–2200.

    Når det gjeld opningstid er det dei som opnar før og held ope lenger. Det står tydelege oppslag på døra, så dettte finn ein ut av.
     
    Last edited: 30. sept 2018
    Eddie47, Upsaker, RoadKing and 5 others like this.
  14. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Selv om Torshavn er den største byen dere besøkte så er det jo litt imponerende å kjøre seg fast ;) Fort gjort tydeligvis, og guideboken sa jo at trafikken var tett så det stemte tydeligvis...

    Maten ser veldig allright ut der da, så godt dere ikke led noen nød i matveien når dere fant frem :)
     
    Kristian liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tórshavn: Tjoðsavn Føroya
    Cirka 30 minutt frå sentrum å gå ligg nasjonalmuséet. I Tórshavn er det gratis bybussar, så ein må ikkje gå. I tillegg er det fullt mogleg å køyre, men vi tusla bortover.

    Muséet består av to delar. Vi kom til friluftsdelen først. Denne delen presenterer Hoyvíksgarður som skal vise korleis eit gardsbruk såg ut på 1920-talet.

    20180915_121134-kopi.jpg
    Våningshuset

    Dette var eit heilt greitt besøk. Vi var heldige med vêret, så vi angra ikkje. Likevel var det besøket til hovudavdelinga, cirka 10 minutts gange unna, som kanskje best presenterer Færøyane.

    20180915_115639-kopi.jpg
    Når det piper i telefonen som en sjøsyk fiolin...

    I hovudavdelinga på muséet lærte vi litt meir om kampen for færøysk sjølvstende:
    800px-Flag_of_the_Faroe_Islands.svg.png

    20180915_114409-kopi.jpg
    Uthus og fjøset bak

    20180915_125859-kopi.jpg
    Runer

    [​IMG]
    Frå hovudutstillinga på nasjonalmuséet

    Det er vel verdt å ta turen til denne innandørsutstillinga.
     
    Last edited: 30. sept 2018
    Eddie47, Upsaker, RoadKing and 5 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Det er ikkje så lett å få oversikt i ein by som er så trang som Tórshavn. Hovudgata gjennom sentrum går på kvar side av det brune huset litt til høgre i biletet:
    20180915_163337-kopi.jpg

    Sett frå motsatt side:
    20180915_160800-kopi.jpg

    Árstova er forresten ein bra matplass, blir det sagt, men diverre var det smekkfullt der då vi banka på. Vel, neste gong!

    Tórshavn: Skansin og hamneområdet
    Ikkje langt unna desse bygningane ligg Skansin som er det gamle festningsverket frå 1580-talet. Dei første 200 åra fungerte festningen som vern mot dei mange sjørøvarane som tidvis herja Færøyane:
    20180915_161656-kopi.jpg

    Skansin ligg fint til med flott utsikt utover mot Nólsoy:
    20180915_161932-kopi.jpg
     
    Eddie47, Earl, Upsaker and 8 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vi vandra langsmed sjøen i Tórshavn:

    20180915_161502-kopi.jpg
    Konteinerhamna

    20180915_171726-kopi.jpg
    Kart over færøyske forlis ved Island

    20180915_163347-kopi.jpg
    Båthamn ikkje langt unna Tinganes

    20180915_171737-kopi.jpg
    Ein fin dag i hamnebassenget i Tórshavn

    20180915_171944-kopi.jpg
    Tørrdokka på det lokale skipsverftet
     
    Eddie47, Upsaker, RoadKing and 5 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tórshavn: Tinganes
    Om området skildra på lokalspråket (ganske forståeleg):
    Tinganes er både historisk og i dag eit maktsentrum. Vi fann både statsministerens kontor og finansdepartementet her:
    20180915_164612-kopi.jpg
    Finansdepartementet, Tinganes i Tórshavn

    20180915_164206-kopi.jpg

    Og ganske riktig: Å gå i dette området var verkeleg som å vere i ei anna verd. Her var det veldig roleg og fredeleg, ein fin atmosfære.

    20180915_164842-kopi.jpg

    Ikkje langt unna Tinganes ligg Havnar kirkja. Ho er frå 1788 og har sidan 1990 vore domkyrkje. Klokka 9, 12, 18 og 20 spelar klokkespelet ein salmemelodi og kvar dag klokka 15 toner denne melodien ut over byen, teksten er av vår eigen Petter Dass:


    20180915_165342-kopi.jpg

    20180915_165607-kopi.jpg
    Havnar kirkja, Tórshavn

    To be continued! :)
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Del 7: Eit lite intermesso: Om vegar og bilbruk
    Slik eg forstår det, er bil den beste måten å ta seg rundt på Færøyane. @RoadKing, tohjuling må vere herleg – så lenge ein held seg tørr, for landskapet rundt vegane er tidvis rett og slett storslått.

    Leigebil og tunellpasseringar:
    Vi leigde bil gjennom eit firma som heiter 62ºN og betalte litt i underkant av tusenlappen per dag for ein Toyota Auris.

    20180912_193323-kopi.jpg
    Inkludert i prisen var 300 DKK for fri tunnellpassering. Det er fleire undersjøiske tunnellar på Færøyane og det kostar 100 kroner per passering (som skal betalast på nærmaste bensinstasjon). Hos 62ºN kan ein altså sleppe unna dette styret ved å betale for fri passering. Brillefint, tenkte vi.

    Færøyske vegar – standardar
    Dei to ferierande inspektørane vart positivt overraska over kor god standarden er på færøyske vegar. Dei kan vel delast inn i tre kategoriar:
    – Tofeltsveg
    – Enkeltspor med møteplassar
    – Kjerreveg

    Kjerra vår takla alle kategoriane over :)

    Trass i ei mengde fjell og fjordar, så har færøyingane makta å få til eit vegnett som nok burde få vestlendingar (og andre her på fjellaperøysa som bur i fjord- og fjellnære strok) til å bli blå av misunning.

    Typisk tofeltsveg (bygdeversjonen):

    20180916_105620-kopi.jpg

    Tofeltsvegen på biletet er ikkje spesielt trafikkert og det finst tofeltsvegar som har langt meir vegskulder enn denne. Dei største vegane (inn/ut av Tórshavn) har rumlefelt i midten.

    Typisk tofeltsveg (urban versjon):
    20180915_112819-kopi.jpg

    20180915_161515-kopi.jpg

    Tórshavn kunne by på nokre lyskryss, men elles er det rundkøyringar eller rett og slett ordinære vegkryss – både med og utan høgreregel.

    Det var litt vanskeleg å forstå om ein var på ein forkøyrsveg eller ikkje, men eg såg etter om det stod eit vikepliktsskilt (opp-ned trekant) på sidevegane og unngjekk slik å få skraper i lakken.

    Enkeltspor (bygdeversjonen):
    20180914_113141-kopi.jpg

    På dei vegane der det er plass til berre éi bil i kvar retning, er det møteplassar kvart kjerringkast (ca. 100–200 m). Det fungerer fint.

    Merk òg at mange av dei gamle tunnellane (ikkje dei undersjøiske, men dei gjennom fjell) berre har éi fil. Der inne er det flust av møteplassar og den eine vegen har forkøyrsrett. Problemet oppstår i møte med buss, då må personbilen inn på møteplassen for der er det ikkje plass til store køyretøy.

    Enkeltspor (urban versjon):
    20180915_164842-kopi.jpg

    Ja, dette er ein bilveg inne i Tórshavn sentrum. Vi kom uforvarande inn på ein endå smalare veg enn dette. Eg er sikker på at vi instinktiv lente oss vegg frå husveggane på kvar side av oss...

    Færøyske vegar – trafikkreglar
    Som nemnd har Færøyane vegar der høgreregelen gjeld (vikeplikt for trafikk frå høgre), det er hovudsakleg i tettbygde strok, og forkøyrsvegar.

    Stort sett er det veldig lett å orientere seg i trafikkbiletet og det er ikkje så veldig mange vegar å ta feil av (Tórshavn er eit lite unnatak). Godt skilta er det òg.

    Elles er det danske trafikkreglar som gjeld. Dei skil seg vel knapt frå norske. Det er to generelle fartsgrenser: 50 km/t i tettbygde strok. Sjå etter bygdeskiltet og senk farta (det står ingen 50-soneskilt ved innkøyringa til byar og bygder):
    20180916_105412-kopi.jpg

    Når det kjem eit raudt strek på skrå over bygdeskiltet, betyr det at fartsgrensa er 80 km/t. Somme stader har dei montert opp andre fartsgrenser (60 km/t og 30 km/t).

    Når det er sagt: Dei fleste ligg eit stykke over fartsgrensa, spesielt i 80-sonane. Eg valde å ligggje i 85–90 km/t (utanfor tettbygde strok) for å unngå å skape kø bak meg og/eller for å halde følgje med trafikken foran meg.

    20180913_183209-kopi.jpg
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit lite tillegg om vegar:
    Dei aller fleste vegane har fast dekke. Det var nesten ikkje grus å oppdrive. Den einaste grusvegen vi kom over, er den som er bilen står på i førre innlegg.
     
    Earl, Avixlo, Stuttfeiten and 3 others like this.

Del denne siden