Vi får sjå kor brilliant valet var... Bussen skulle gå 1735, men han har køyrt seg bort mellom Bled og flyplassen ein stad... Ja-ja, dei lokale har kvilepuls og ventar tolmodig, så då får eg gjera det same. Drosjebil prøver eg alltid å unngå når eg reiser (fordi eg er gnien)...
Då er eg nok på rusletur i den slovenske fjellheimen, dersom planverket står seg slik det er per i dag
Overnatting i Ljubljana Bussen brukte 50 minutt frå flyplassen til Ljubljana sentrum. Den bussen som skulle ha brukt 30 minutt kom tydelegvis aldri. Ja-ja, pytt-pytt... Vel framme på Ljubljana busstasjon, like ved jarnbanestasjonen, var det berre ein kort rusletur bort til Viva Rooms og her skulle eg ha to netter. Ljubljana er ikkje superbillig og dette var noko av det billigste eg fann (minus vandreheimar og slikt) til 2 750 kr for to netter (inkludert turistskatt på cirka 70 kr). Senga er kanskje ikkje all verda, men staden er sentralt plassert med gangavstand til det aller meste. Eg skal vel greia å få sova litt her seinare i kveld, vil eg tru: Edit: Som forventa: Senga var i hardaste laget, men eg sov ganske greitt. Litt støy utanfor, men då eg lukka vindauga, vart det tyst.
Eit kjapt søk på Google gjorde meg ikkje klok på kva dette er, eigentleg. Kva for ein plass siktar du til?
Ein laurdagskveld i Slovenia Med tanke på lite søvn før avreise og den forseinkinga som oppstod i Zürich, så vart det ikkje gjort mykje sprell på laurdagskvelden. Eg rusla litt rundt i den slovenske hovudstadens gamlebydel og likte det eg såg. Ljubljanski grad, festningen Zmajski most, Drakebrua Tromostovje, Trippeltbruene Eit shoppingmekka for vårherre?
Ein sundag i Slovenia Dagen starta med ein frukost på Le Petit. Plassen hadde eg fått tips om frå resepsjonisten på Viva Rooms. Det vart ein grei frukost med brød og egg med hollandaisesaus og røykalaks og avokado. Som pappa ville ha sagt: Det va' etandes, ja! Frå drikkemenyen valde eg mjølk og smoothie:
Etter frukosten fann eg eit smug og så ei trapp. Den trappa gjekk over i ein grussti som tok meg oppover til ei ny trapp:
Oppturen førte meg til tårnet på Ljubljanski grad, Ljubljana-festningen. Inngang hit kostar 12 € og inkluderer òg inngang til eit par andre ting, herunder Muzej novejše zgodovine Slovenije, Museet for Slovenias nyare historie. I museet kan du læra om Slovenias utvikling frå første spor av menneske til tida etter lausrivinga frå Jugoslavia. Interessant, men mykje lesing. Utsikten frå festningstårnet var upåklageleg:
Etter å ha sett på byen frå tårnet, som om eg var ei prinsesse i nød, så tusla eg ned til byen og kom rett til Drakebrua. Eg synst detaljane er litt stilige, så det vart eit nærbilete:
Eg tusla så bort til Slovenski etnografski muzej, Slovenias etnografiske museum. Her får du hummer og kanari til 6 €. Museet tar føre seg Slovenia for det meste, men òg urfolk i alle verdsdelar. I tillegg kan du læra litt om det politiske kustnarkollekivet Neue Slowenische Kunst (NSK) som har etablert ein territorielaus stat du kan få pass frå... NSK tar føre seg politiske utopiar og er vel ei slags protestrørsle:
Etter å ha vore på museum, så kasta eg tilfeldigvis blikket mot høgre og kom inn i eit litt annleis verd enn det eg hadde sett før i Ljubljana. Metelkova har ein veldig annleis utsjånad enn det eg er vand med, så det var fascinerande å sjå: Ifølgje Internett er Metelkova eit slags sjølvstyrt samfunn som er lagt til bygningane der det jugoslaviske forsvaret hadde si innkvartering. Metelkova starta, mogleg overforenkla sagt, som ein husokkupasjon etter at Slovenia erklærte seg som sjølvstendig frå Jugoslavia i 1991.
Heimelaga ajvar har eg ete fleire gongar, utan at eg tenkte at det var sånn supergodt, men det gjekk ned, altså. Čevapčiči må eg få testa!
Utan mat og drikke dug visstnok helten ikkje. På resturanten Šestica, som eg fekk tips om frå hotellresepsjonisten, vart det fortært ein nydeleg salat og ei lun lagdelt eplekake. Atmosfæren var roleg i ein bakgard utan støy frå gata utanfor. Veldig triveleg! Og maten var, som pappa ville ha sagt, etandes: