Reisebrev: Midtlivskriseegotur til Slovenia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 25. mai 2024.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for helsingar!

    Leif Juster omtalte i sketsjen 'Mot normalt' statistiske meldingar som 'notoriske usannheter'. Når Leif har sagt det, så må det vera sant!
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Vi unnar oss ei avsporing (bokstavleg talt!) til Železniški muzej Slovenskih železnic, eller Slovenias jarnbanemuseum, om du vil. Her fann eg mykje artig! Tog er skøy!

    Kva med eit splitter nytt lokomotiv til ei dertil passande jarnbanelinje heime? Les samferdsleministeren dette? Eg håpar det! Knallmykje lokomotiv for pengane her:
    20240526_163826.jpg

    Bergensbanen har altfor lite materiell. Her ser eg løysinga for framtida:
    20240526_163845.jpg

    Kva med ei ny passasjervogn på Nordlandsbanen? Denne kan vel illustrera kor mykje det blir satsa på jarnbane i Nord-Noreg:
    20240526_163907.jpg

    Sidan Bergensbanen for det meste går i tunnell så er det vel ikkje så farleg om nye vogner er litt ekstra luftige:
    Screenshot_20240526_165219_Gallery.jpg
     
    Mac76, kjeeli, EndreD and 12 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Dette er frå den delen av museet der det ikkje er gjort noko med materiellet.

    Museet har to bygningar der det blir vist fram materiell som ser nesten nytt ut, men det er mange gamle travarar der inne. Og billetten er snedig:
    20240526_162418.jpg

    20240526_161733.jpg

    20240526_162839.jpg

    20240526_160913.jpg

    Dressin hadde vore kult å ha!
     
    Last edited: 26. mai 2024
    kjeeli, EndreD, EgilSk and 12 others like this.
  4. Flyingdutchman

    Flyingdutchman Veteran

    Innlegg:
    3,472
    Likes mottatt:
    21,805
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for artig rapport! Gleder meg til fortsettelsen :)
    God tur videre!
     
    Kristian liker dette
  5. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,810
    Likes mottatt:
    32,869
    Bonuspoeng:
    293
    God tur :)
     
    Kristian liker dette
  6. Durek

    Durek Aktivt Medlem

    Innlegg:
    340
    Likes mottatt:
    431
    Bonuspoeng:
    63
    Det er vel ćevapčići som er korrekt skrivemåte.
    Du legger hardere trykk på č enn ć, så kan du bestille det mer korrekt ;)

    edit: ser det faktisk er med kun č på slovensk, har visst vært for mye i Kroatia..
     
    Last edited: 26. mai 2024
    Kristian liker dette
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter jarnbanemuseet tusla eg bort til Tivoli, som er ein park. Her rusla eg litt rundt for å la inntrykka frå tidlegare på dagen synka litt inn. No hadde eg håpa på å finna eit punkt som gav litt utsikt over Ljubljana, men det lukkast eg ikkje med. Likevel var det fint å rusla litt og eg var berre fem meter unna eit rådyr, så det var stas!

    20240526_182332.jpg
    Gode stiar å gå på i Tivoli

    20240526_185252.jpg
    Ei rose er utsprungen
     
    paron, Henrik, Spielhaug and 7 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Tivoli var det ein kort rusletur inn til sentrum igjen der eg tassa litt rundt. Kveldssola var varm og fin, så det var ålreit å vera til.

    20240526_191700.jpg
    Festningen tronar over byen

    20240526_194853.jpg
    Dei tre bruene

    20240526_192940.jpg
    Sentrum av Ljubljana
     
    kjeeli, EndreD, paron and 11 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    På ein av serveringsstadene vart det framført musikk. Ein artist var innom gamle svisker som 'Blueberry hill' (Fats Domino), 'Always on my mind' (Elvis Presley), 'Hotel California' (The Eagles), 'Another brick in the wall part II' (Pink Floyd) og mange andre. Det var ålreit å lytta til medan eg åt iskrem og skreiv postkort.

    20240526_200121.jpg

    Då klokka nærma seg ni, på det tidspunktet hadde eg vore ute på farta i 12 timar, labba eg dei få hundremetrane tilbake til hotellet og tok etter kvart kvelden etter ein fin dag i Ljubljana.
     
    kjeeli, EndreD, Berlioz and 9 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! Velkomen med vidare i skribleriet :)
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Haha, eg elskar språknerdinga!

    Č er vel same lyden som 'tsj' (les: atsjo) og Ć er vel same lyden som i 'ts' (les: tsk-tsk-tsk). Slovenarane skriv vel den sistnemnde lyden som C utan pynt på toppen :)

    Slik har i alle fall eg oppfatta det, men eg langt frå nokon ekspert :rolleyes:
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Ein måndag i Slovenia
    Som vanleg vakna eg tidleg og tusla ut for å finna meg litt frukost. Viva rooms har ingen tilbod om dette. Håpet var å finna ein koseleg stad som var open rett i nærleiken, men dette lukkast eg ikkje med. Ingen plassar var opne så tidleg som klokka kvart over sju.

    Screenshot_20240527_093547_Gallery.jpg

    No kunne eg ha tatt det kuli, men med ein leigebilavtale kl. 1000 på flyplassen og ein inngangsbillett kl. 1100 i nærleiken av Bled, var eg litt pressa på tid. Og eg ville ta bussen til flyplassen tidleg nok til at eg ikkje hadde tid til litt feilnavigering langs landevegen.

    Litt slukøyra vendte eg tilbake til hotellet etter ei mislukka frukostjakt, pakka kofferten og tassa dei fem minutta bort til busshaldeplassen.

    Bussen skulle gå kl. 0830, men kom ikkje deisande inn på haldeplass 28 før kl. 0845. Det var greitt for meg, så eg betalte 3,70 € og ein halvtime seinare kunne eg eta frukost ute ved flyplassen før eg henta ut leigebilen.

    20240527_093843.jpg
    Nesten cowboyfrukost
     
    kjeeli, EndreD, paron and 10 others like this.
  13. btm

    btm Nytt Medlem

    Innlegg:
    38
    Likes mottatt:
    142
    Bonuspoeng:
    33
    En aldri så liten drømmetur dette her! Og for et vær! Hvis du finner en parkeringsplass i Bled, og er i spaseringshumør, kan jeg anbefale en tur rundt Lake Bled. Her går det en natursti nede langs vannet som jeg husker som en fin jogge/-rusletur.
     
    Kristian liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for tips! Dei tre neste dagane er via utandørsliv i det området, men vêret avgjer litt kva eg finn på. Låglandsaktivitetar er fine å ha i bakhand i tilfelle skodde og anna uhumskt vêr :)
     
    btm liker dette
  15. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,399
    Likes mottatt:
    870,751
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg synes både Ljubljana og Bled er flotte plasser.
    Parken i Bled er anlagt av den svenske landskapsarkitekten Carl Gustav Svensson i 1890 .... IMG_0230.jpeg IMG_0229.jpeg
    Det var i Bled at skiskytterne Bø-brødrene og Emil H. Svendsen tappet luft av bobilen til Ole Einar Bjørndalen i fylla og badet i Bled sjøen
    https://www.abcnyheter.no/nyheter/2014/04/11/197602/faen-hva-er-det-som-har-skjedd?nr=1
     
    Last edited: 27. mai 2024
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Eddie47 liker dette
  17. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,399
    Likes mottatt:
    870,751
    Bonuspoeng:
    293
    Tito hadde også sitt sommersted i Bled ..
     
    Kristian liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Og han var jo som meg: ein godgut :D
     
    Eddie47 liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter litt feilnavigering kom eg fram til Vintgar som er ei naturskjønn kløft, ifølgje reklamen. Eg, lettlurt som få, beit på og kjøpte tidsbestemt inngangsbillett til kl. 1100.

    Det viste seg at eg plotta inn feil Vintgar i navigasjonssystemet. Då eg til slutt fann ei parkering var denne 10 min. med buss unna starten av kløfta. Greitt nok, bussen gjekk ofte og var gratis.

    Då eg endeleg var framme var eg cirka 40 minutt for seint ute, men eg fekk koma inn, utdelt hjelm og så byrja traskinga.

    I reklamen stod det at dette var ei oppleving som skulle ta fleire timar. Eg brukte 55 minutt frå start til slutt og tilbake igjen...

    Og ja, det var køgåing... Hadde eg visst det eg veit no, hadde eg nok droppa denne vandringa, men det var no ganske sånn.

    Det var no ganske så fint!

    Screenshot_20240527_131521_Gallery.jpg
     
    Last edited: 30. mai 2024
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20240527_131529_Gallery.jpg

    Screenshot_20240527_131535_Gallery.jpg

    Screenshot_20240527_131543_Gallery.jpg

    Det var ein ålreit tur, men om det var verdt 10 € i inngangspengar pluss ytterlegare 5 € for parkering, sjå det er diskutabelt... Og som nordmann er køgåing ikkje heilt det ein drøymer om... Ja-ja, gjort er gjort. Og det var visuelt fint.

    Screenshot_20240527_131556_Gallery.jpg
     
    Last edited: 27. mai 2024

Del denne siden