Reisebrev: Midtlivskriseegotur til Slovenia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 25. mai 2024.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Neste stopp på programmet vart Slap Savica. Sidan eg er ein fossekall må eg jo sjå på fossefall. Eller? Frå Vintgar ved Bled til fossen ved Bohinj var det ikkje lange køyreturen. Aller først unna eg meg ein lønsj, salat og ostefylt 'pasta', ved staden der fosseturen starta:
    20240527_144042.jpg
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Internett sa at turen til og frå Slap Savica skulle ta ein time eller så, men eg brukte vel eit kvarter opp og ti minutt ned. Stien byr på eit par punkt på fin utsikt utover dalen og innsjøen Bohinj kan her skimtast i det fjerne:
    Screenshot_20240528_074414_Gallery.jpg

    Fossen var i seg sjølv så imponerande, men den største snøsmeltinga er nok ferdig for i år. Likevel var det ein ålreit liten tur å ta:
    Screenshot_20240528_074435_Gallery.jpg

    Etterpå køyrte eg langsmed Bohinj tilbake i retning Bled. Bohinj-sjøen er ikkje så verst pittoresk. Og landskapet rundt er nesten litt skandinsvisk:
    Screenshot_20240528_074457_Gallery.jpg
    Screenshot_20240528_074511_Gallery.jpg
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Sidan ting tok litt kortare tid enn eg hadde tenkt på førehand, bestemte eg meg for å ta turen til Korita Mostnica, eit dalføre som var omtalt i reklamen. Eg brukte sjukt lang tid på å finna parkeringsplassen og køyrte vel ulovleg minst éin gong, samt rota meg oppi eit asfalteringsarbeid med meir.

    Etter ein halvtimes tid vurderte eg å gi opp, men sidan eg er sta, så prøvde eg å koma forbi asfaltarbeidet igjen og no vart eg vinka forbi. 300 meter seinare kunne eg parkera. Herleg!

    Mostnica-dalføret var ein tur som skulle ta rundt tre timar, sa Internett. Det viste seg at avstanden tur/retur kom på cirka 11 km. Det tok meg halvannan time, men det var ein del jogging involvert (som var planen frå mi side).

    Screenshot_20240528_075534_Gallery.jpg
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Turen følgjer Mostnica oppover til Voje. Turen er lettgått i mine auge, men eit par høgdemeter legg ein jo bak seg, rundt 180 av dei ifølgje telefonen. Grunna tidspress (innsjekk på overnattinga i Tržič) måtte eg snu før eg kom heilt fram, men eg var, i etterkant, kanskje ti minutt unna sluttpunktet. Det var fint langsmed elva og i dalføret rundt Voje. Rett nok ganske likt Sør-Noreg?

    Screenshot_20240528_075544_Gallery.jpg

    Screenshot_20240528_075619_Gallery.jpg

    Screenshot_20240528_075600_Gallery.jpg

    Det høljregna like før eg parkerte bilen, men undervegs på turen var det knapt ein drope i lufta. Sånn sett flaks, men det meinte vel Severin Suveren at vi skal lita på, var det ikkje så?

    Screenshot_20240528_075633_Gallery.jpg

    Screenshot_20240528_075645_Gallery.jpg
    Klårt vatn i Mostnica
     
  5. benair

    benair Medlem

    Innlegg:
    142
    Likes mottatt:
    224
    Bonuspoeng:
    43
    Utrolig artig å følge deg på reisen.
    Dersom du har god tid når du skal hjemover etterhvert vil jeg anbefale å ha litt ekstra tid på flyplassen. Det er en liten flyplass, men med en kjempehyggelig utekafe på utsiden av inngangen med utsikt til fjellene bak flyplassen. Og loungen har en flott uteterrasse med utsikt til flystripen.
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Det skal seiast at leigebilen hadde det ganske fint der han stod, med god utsikt. Alle skal få!

    Screenshot_20240528_084700_Gallery.jpg
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, frukosten i går vart inntatt på den utecaféen (sidan eg ikkje fann frukost inne i Ljubljana), men loungen og uteterrassen skal eg få testa før avreise. Takk for tips :)
     
    Flymunda, Spielhaug and Eddie47 like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting i Tržič
    Då eg leita etter sengeplass heimafrå, synst eg mykje var dyrt, spesielt i området rundt Bled. Litt tilfeldig ramla eg over Fairy Mountain Glamping i Tržič. Avstandane er likevel såpass korte at eg måtte ikkje bu i Bled, fann eg ut.

    Ja, prisen var på 4 700 kr for tre netter, men eg ville heller ha noko litt spesielt litt utanfor Bled, heller enn noko svinedyrt og heilt straumlinjeforma nærmare området eg trudde eg ville vitja, Triglavski narodni park (Triglav nasjonalpark).

    Frå Korita Mostnice var det tre kvarter i bil til Tržič, som gjekk heilt utan problem. Eg svingte inn på parkeringa tjue minutt før resepsjonen tok kvelden, altså kl. 1940.

    Resepsjonisten var kjempetriveleg og forklårte heile konseptet og viste meg korleis alt fungerte og det var veldig triveleg. Kort sagt kjempebra!

    Screenshot_20240528_090721_Gallery.jpg
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Det vart fyrt opp ein stamp til eg kom. Eg hadde fått spørsmål per telefon og tenkte at det sikkert ville vera digg. Etter at eg hadde sjekka inn, fann eg ut at dette kosta pengar. Eg trur 40 € vart nemnd, men eg håpar eg høyrde feil! Same det, godt var det! Heilt til det kom eit tordenskur med lyn og anna moro som varte til langt på natt...

    Screenshot_20240528_090726_Gallery.jpg
    Livet kan gå litt i stampe...?

    Screenshot_20240528_090801_Gallery.jpg
    Utsikt mot fjellet Kriška Gora
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Og innvendig var hytta svært ålreit, veldig høveleg til ein person på midtlivskriseegotur:
    20240527_214406.jpg
    Kjøkenet

    20240527_214437.jpg
    Baderom

    20240527_214357.jpg
    Spisestova og soverommet
     
    kjeeli, EndreD, Flymunda and 10 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Tysdag i Slovenia
    Etter sju fine timar i snorkemodus, vakna eg til ein ny dag. Med P2 påskrudd hadde eg eit halvt øyra på nyhendebiletet og resten av fokuset gjekk med til å planleggja dagen. Det ligg an til fjelltur og konsentrasjonsleirtur. Vi får sjå kva det blir til.

    Klokka åtte kom frukosten levert i eit piknikkorg og der var det mykje rart. Heimelaga saft, kokt egg, brød og diverse pålegg, yoghurt med diverse attåt og alskens. Æ vart mætt!

    20240528_080459.jpg
    Korga med det rare i

    20240528_081119.jpg
    Dette var ikkje så verst

    No kan dagen berre koma!
     
    kjeeli, EndreD, Flymunda and 13 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter frukost tok eg turen til fjells. Rett ved Tržič ligg Kriškha gora så eg labba opp til toppen der, ein tur på cirka 5 km som tok rett i underkant av to timar — ein veg. Stien var godt merka heile vegen:
    Screenshot_20240528_115057_Gallery.jpg

    Screenshot_20240528_115128_Gallery.jpg
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Det er solid stigning opp frå Tržič på cirka 550 m.o.h. og opp til Kriška gora på 1 473 m.o.h. For dei som vil ta ein pust i bakken er det eit par benkar på veg opp:
    Screenshot_20240528_115105_Gallery.jpg
    Det er berre å koma med benkeforslag
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Vel framme på toppen tok eg meg eit eple og konstaterte at eg hadde gløymt å ta med drikke... Amatørmessig... Men, då blir det bælming når eg kjem ned igjen. Utsikten var ålreit på toppen, forresten:
    Screenshot_20240528_115140_Gallery.jpg

    Screenshot_20240528_115151_Gallery.jpg

    No kunne eg ha gått vidare oppover, men vêret er varsla å vera litt ustsbilt, så då kan eg heller finna på noko som ikkje er 100 % avhengig av godt vêr. Regn i 1 500 meters høgde blir fort kaldt. Så no skal eg ned og sjå om ikkje litt historienerding lar seg utføra.
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Halvvegs på tur ned kom dei første tòrevêrsskralla... Spørsmålet er vel ikkje om eg blir blaut på tur ned, men kor gjennomblaut eg blir...

    20240528_113601.jpg Turisthytte på toppen av Kriška gora
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Utruleg nok kom eg meg ned utan å bli blaut av regn! Det ville Severin Suveren ha kalla flaks! Utsikten på tur nedover var mest skog, men eg fekk sett Tržič frå fjellsida, som jo er fint:
    20240528_130553.jpg

    Elles tok turen litt over tre timar for min del. Det gjekk ikkje veldig fort — verken opp eller ned...

    Screenshot_20240528_134541_Samsung Health.jpg
    Oppturen til Kriška gora

    Screenshot_20240528_134614_Samsung Health.jpg
    Nedturen frå Kriška gora

    20240528_133715.jpg
    Kriška gora sett frå Tržič
     
    kjeeli, EndreD, Flymunda and 13 others like this.
  17. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,399
    Likes mottatt:
    870,751
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg er mektig imponert over hva du får med deg og alt du opplever!
     
    Kristian liker dette
  18. Henrik

    Henrik Hellas-sympatisør

    Innlegg:
    2,174
    Likes mottatt:
    8,056
    Bonuspoeng:
    183
    Strålende reisebrev! Skulle egentlig vært i Slovenia for noen år siden, men ble stoppet av et lite sykehusopphold. Tenkt deg videre bortover til Vršič pass og Magnart? De står på min liste, og forhåpentligvis får jeg kjørt dem i høst på motorsykkel.

    Masse god inspirasjon forøvrig til Slovenia - ser topp ut!
     
    Kristian liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Eg prøver etter beste evne :)
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Takk! Det blir litt meir kystnære strøk framfor fjellpass i denne omgangen, men eg håpar du finn vegen med din tohjuling :)
     

Del denne siden