Reisebrev: Midtlivskriseegotur til Slovenia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 25. mai 2024.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter slektstreffet sjekka eg inn på neste overnattingsplass og tok ein høneblund før eg tok til på nye eventyr.

    Det skal seiast at det hadde byrja å regna og det var blygrått ute. I tillegg buldra og braka det på himmelkvelvingen og det blinka stadig til frå lyna. Eg bestemte meg for å køyra ned til kysten og valde meg Portorož.

    På eit tidspunkt regna det så mykje at vindaugeviskarane ikkje greidde å ta unna. Og sikten langsetter vegen var tilnærma null innimellom. Det var full konsing på køyringa og eg låg i knappe 60 km/t i 130-sonen...

    Screenshot_20240601_173051_Gallery.jpg
    Portorož

    Ved besøk til Piran er det gjerne enklast å finna parkering i Portorož og så ta bussen eller gå dei fire kilometrane bort til Piran. Med tanke på faren for nye skybrot, valde eg å ikkje vera så langt unna tak denne kvelden.

    Screenshot_20240601_173115_Gallery.jpg
    Bading var ikkje aktuelt

    Det vart pizza hos Nakala denne kvelden, og det smakte godt:
    Screenshot_20240601_173123_Gallery.jpg
     
    kjeeli, EndreD, NKA_Pls and 11 others like this.
  2. Spielhaug

    Spielhaug Veteran

    Innlegg:
    3,261
    Likes mottatt:
    8,230
    Bonuspoeng:
    183
    Det der slottet ligner mistenkelig på noe jeg har sett i Netflixserien «The Witcher»!
     
    Kristian liker dette
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting i Lokev
    Tanken var å ha litt tid ved kysten, men då eg bestilte, så kosta det både skjorta, nyrene, irisen og eit trillebårlass med pengar å bu t.d. i Piran. Difor enda eg opp med Lokev som ligg litt i ingenmannsland, men likevel i køyreavstand til Piran. To netter på Muha gostilna kosta 1 700 kr. Det var heilt ålreit og eg sov godt.

    20240530_155110.jpg

    20240530_155214.jpg

    20240530_155138.jpg
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Ein fredag i Slovenia
    Etter å ha vorte bortskjemt med stor frukostkorg i Tržič, så var det litt meir spartansk i Lokev, men maten smakte:
    20240531_082907.jpg
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Kl. 1000 hadde eg oppstart av ei omvisning i Škocjangrottene (Škocjanske jame) eit kvarters tid frå Lokev. Det var litt av ei oppleving. Her blir ein tatt med inn i det mogleg nest største grottesystemet i Europa og får ein guide som forklårer det du ser.

    Det var fotoforbod i grottene, men eg sneik meg til å ta eit par bilete likevel, spesielt sidan det gjekk ein fyr ved sidan av guiden som knipsa i eitt køyr...

    Screenshot_20240601_190056_Gallery.jpg

    I delar av grotta rinn elva Reka som lagar eit valdsamt bråk der ho dundrar gjennom grottesystemet. Elva var såpass kraftig at det tidvis nær sagt dirra i bakken under føtene på oss.

    Screenshot_20240601_190112_Gallery.jpg

    I 2019 var det flaum i elva, då stod ho 10 meter over brua. Andre flaumar har gitt langt høgare vassføring... Og elva stig fleire titals meter omtrent over natta!

    Screenshot_20240601_190127_Gallery.jpg
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Det er rart korleis du inne i ei grotte kan sjå så mykje ulikt. Somme plassar såg eg orkar frå Tolkiens univers. Andre plassar såg eg hundehovud. Fantasien løp nesten løpsk, men det var fascinerande.

    Screenshot_20240601_190004_Gallery.jpg
    Eit nytt minislektstreff: Mø!
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter grottevandringa tok eg turen til Piran, ein av Slovenias kystbyar. Her vandra eg langsmed stranda og litt på måfå i dei trange mellomalderveitene. Målet var eigentleg berre å tusla litt rundt fram til middagstid. Det heile starta sjølvsagt med ein iskrem:
    Screenshot_20240601_190143_Gallery.jpg

    Piran var ein triveleg liten by og eg skulle gjerne ha budd i byen, men slik vart det ikkje denne gongen.

    Screenshot_20240601_191518_Gallery.jpg
    Langs strandpromenaden mellom Portorož og Piran

    Screenshot_20240601_191526_Gallery.jpg
    Torget i Piran

    Screenshot_20240601_191606_Gallery.jpg
    Ei av mange veiter i byen

    Screenshot_20240601_191554_Gallery.jpg
    Maritim servering
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Så vart det middagstid og eg tusla innom Pavel. Her åt eg ein krabbesalat og tagliatelle med trøflar. Det var kjempegodt! Til dessert vart det gibanica.

    Screenshot_20240601_192257_Gallery.jpg

    Screenshot_20240601_192302_Gallery.jpg
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Hos Pavel vart eg sitjande i nesten tre timar for eg såg torevêr var på veg:
    Screenshot_20240601_192309_Gallery.jpg

    Eg var ikkje interessert i å vera ute då dette braut ut i 'full blomst':
    Screenshot_20240601_192315_Gallery.jpg

    Etter ein times tid letta det:
    Screenshot_20240601_192325_Gallery.jpg
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Etter dette tok eg farvel med Piran og køyrte tilbake til Lokev for å sova. Det var berre tre kvarter med bil, men eg tok eit par små omvegar og brukte kanskje ein dryg time.

    Det mest fascinerande rundt Piran var FM-radioen. På eit tidspunkt trur eg at eg på same frekvens hadde italiensk, slovensk og kroatisk radio! Det var litt valdsamt!

    Screenshot_20240601_192817_Gallery.jpg
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Ein laurdag i Slovenia
    Så kom avreisens dag. Etter å ha pakka, køyrte eg den times lange turen til Ljubljana for å gå på museum. Det viste seg at eg hadde blingsa tidlegare på turen og gått på feil museum (og difor skrive feil her i reisebrevet), så no ville eg gå på riktig museum!

    Det var altså Muzej novejše in sodobne zgodovine Slovenije eg ville gjesta (Museet for nyare tid og fridomsåra i Slovenia). Museet byrjar med skotet i Sarajevo i 1914 og byggjer opp historia fram til sjølvstenda frå Jugoslavia i 1991. Eit godt museum og interessant! Mykje å lesa på!

    20240601_103340.jpg

    20240601_103400.jpg

    20240601_103501.jpg
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Slovenia til Noreg — det gjekk nesten galt!
    Etter museumsbesøket gjekk eg inn til sentrum av Ljubljana for å kjøpa dei siste postkorta. Deretter tilbake til bilen for å levera denne på flyplassen. Etter litt klabb og babb, m.a. for å finna ein bensinstasjon, leverte eg bilen kl. 1315, cirka 15 minutt for seint, men det var null stress.

    Etter å ha sjekka inn bagasjen måtte eg skriva åtte postkort på under 20 minutt. Det gjekk akkurat på håret. I det eg var gått gjennom tryggleikskontrollen vart det annonsert ombordstiging på LX2275, så lounge og takterrasse på LJU utgjekk...

    20240601_135901.jpg
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20240601_141845_Flightradar24.jpg

    Dagens første fugl var ein seksåring. Og med det var det berre å vinka adjø til Slovenia for denne gong:
    20240601_142611.jpg

    Serveringa hos Swiss på denne korte flyginga var ikkje imponerande, men likevel smakfull:
    20240601_144701.jpg

    Og etter ein knapp time i lufta var vi på Zürich lufthamn:
    20240601_153124.jpg

    Her gjekk eg rett i loungen, åt litt, og så flata eg ut i ein sofa i stilleavdelinga. Det var nydeleg!
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Kveldens neste fugl, LX1218, skulle ha gått kl. 2110, men er enn så lenge forseinka til 2140 fordi flyet tok av ein time forseinka frå Firenze... Ja-ja, det går vel, det...

    Screenshot_20240601_201511_Flightradar24.jpg
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Serveringa på flytinga til Oslo var ålreit. Eg valde meg ravioli som var vegetarvarianten. Det var godt. Kabinsjef var stadig bortom og spurde om eg ville ha meir å drikka eller noko anna. Det var ikkje måte på!

    20240601_223608.jpg
    Kveldsmåltid hos Swiss

    Vi landa på Gardermoen cirka ved midnatt og halvannan time seinare hadde eg parkert bilen heime og gjekk i gang med kveldsstellet.
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,463
    Likes mottatt:
    36,578
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre oppsummerande ord
    Slovenia er eit kjempefint ferieland med eit variert tilbod. Naturen byr på fjell, innsjøar, dalar, grotter, varme kjelder (desse besøkte eg ikkje), kyst og meir til. I tillegg er folk trivelege og ikkje påtrengande.

    Med tanke på kronekursen er Slovenia per no ikkje eit billig ferieland, akkurat, all den tid euroen kostar rundt 12 kroner stykket.

    Å reisa åleine har sine fordelar og ulempar. Fordelane går på logistikk og tidsbruk: eEn kan bruka så kort eller lang tid ein vil og ein treng ikkje å samkøyra oppmøteklokkeslett og ønske med ein annan person.

    Ulempane går på det å dela opplevingar og ansvar: Det er triveleg å eta i lag med nokon og dela opplevingar og det er kjekt å fordela ansvar som kartlesinga og sjåførpliktene når ein køyrer bil.

    Så denne midtlivskriseegoturen var i så måte litt rar, eller uvant, jfr. punkta over, men det har alt i alt vore ein fin-fin tur!

    Takk for følgjet, gode medforumistar! :)

    Screenshot_20240602_125738_Gallery.jpg
     
    Spielhaug, kjeeli, EndreD and 11 others like this.
  17. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,117
    Likes mottatt:
    58,859
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen! :)
     
    Kristian liker dette
  18. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,399
    Likes mottatt:
    870,751
    Bonuspoeng:
    293
    Takk!
    Med dine beretninger kan en brått få lyst å reise til Slovenia igjen .. og du, regnet på motorveien mellom Bled og Ljubljana kan være utrolig kraftig, selv for en bergenser
     
    Kristian liker dette
  19. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,810
    Likes mottatt:
    32,869
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen :)
     
    Kristian liker dette
  20. tfo

    tfo Aktivt Medlem

    Innlegg:
    324
    Likes mottatt:
    1,213
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for turen
     
    Kristian liker dette

Del denne siden