Reisebrev: Ti dagar i Sør-Afrika (Kappstaden og Krugerparken)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. jan 2021.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Boulders beach
    Neste stopp på programmet var Boulders beach. Denne stranda er heim til den einaste pingvinen som hekkar på det afrikanske kontinentet: kappingvinen. Det var ikkje fritt for folk i området her, men vi fann oss ein plass og fekk gløtta litt på desse sjøfuglane:
    00029.jpg

    00028.jpg
    Kappingvinar på Boulders beach

    00030.jpg
    Kappingvinar på Boulders beach
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    22/11-19: Kapphalvøya rundt – del 2
    Fram til no hadde tempoet på turen vore litt heseblesande, dette som nemnd fordi guiden vår Matthew ønskte å koma fram til dei ulike destinasjonane før hordane av turistbussar og alle dei andre kom seg ut av loppekassa.

    Vi hadde heller ikkje vore ein plass som vi ikkje kunne ha køyrd til sjølv. Eg hadde ikkje vore framand for å leggja av garde frå Kappstaden endå tidlegare på morgonen enn 0900 som var det som var avtalt. Det hadde gitt oss meir tid og meir fleksibilitet.

    Samstundes var Matthew ein person som delte av eigne erfaringar og tankar om livet i landet vi gjesta. Det har etter mitt ringe syn ein stor verdi.
     
    Last edited: 24. jan 2021
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Lønsj på Harbour house
    Vel, etter å sjekka at kappingvinane hadde det bra, gjekk turen til eit lite krypinn i Kalk bay som tilbyr lønsj. Guiden vår losa oss inn på Harbour house. Her gjekk reisefølgjet for ein lokal fisk av type kingklip. Sjølv gjekk eg for rå fisk. Ingen av oss angra, snarare tvert om!

    00031.jpg

    00032.jpg
    Ein betre lønsj på Harbour house i Kalk bay, Kapphalvøya
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    «På druen»
    Sør-Afrika er kjent for sine gode vinar. Som ein del av vår runde rundt Kapphalvøya var det sett av tid til å ta turen innom to av produsentane for vindruedrikk. Den eine, Steenberg, var inkludert i pakka som guide Matthew leverte. Vi hadde vore effektive og hadde òg tid til å ta turen innom Groot Constantia, rett nok mot betaling av eiga lomme.

    Her er det på tide med ei lite sitat frå mine personlege notat notert same dag som vi var på desse to vingardane: «For ein som er fullstendig idiot på vin var dette litt sånn «Ja-ja», men heilt klårt ei oppleving.» Misforstå meg rett: Eg ville ha gjort det igjen, men eg anar ikkje kva eg drakk.

    00033.jpg

    00034.jpg
    Steenberg
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00035.jpg

    00036.jpg
    Groot Constantia

    Det er mange fleire vingardar på Kapphalvøya, men Steenberg og Groot Constantia er dei eldste. Her kan du stikka innom berre for å smaka eller du kan kjøpa det du treng av vin til festen du skal arrangera komande helg.

    For vår det var det veldig kjekt med ein sjåfør fordi etter kvart som vi smakte oss gjennom «druesafta». Rundt kl. 1730 vart vi trygt levert ved døra til hotellet etter ein ålreit dag der vi hadde lært og sett både dette og hint.
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Uvanleg bilforsikring
    I løpet av vår tur rundt Kapphalvøya med guide Matthew stifta vi kjennskap med ein type forsikring som det ikkje er så vanleg med her i Noreg. Matthew hadde fått inn ein ny doning til stallen og han måtte ha forsikring. Innimellom å prata med oss og visa oss Kapphalvøya måtte han ta nokre telefonar om forsikring. Det var ikkje verken delkasko eller heilkasko Matthew ville ha på plass, men han ville forvissa seg om at forsikringa inkluderte vern mot bilkapring.

    Ein ting er at dette i norske øyra er litt spesielt, men telefonsamtalane verka for min del å omtala bilkapring som ein del av forsikringa som noko nokså daglegdags. Dette gav oss eit utgangspunkt for å snakka om tryggleiken generelt i Kappstaden.

    Matthew meinte at med sunn fornuft og å ta forholdsreglar som er normale å ta i ein storby, så var ikkje heimbyen hans spesielt farleg. Ifølgje Matthew er det ikkje fleire gateran i Kappstaden enn i andre storbyar, men problemet er at mange av desse rana blir utført med våpen eller vald.

    Vi vart vel litt mindre bekymra for å reka gatelangs etter denne praten, men vi synst likevel at det var grunn til å vera litt ekstra på vakt all den tid det tydelegvis var vanleg å forsikra seg mot bilkapring…

    00038.jpg
    Kongeprotea, Sør-Afrikas nasjonalblome, fotografert ved Groot Constantia

    Etter ein fin dag på Kapphalvøya inntok vi eit ålreit måltid på hotellet, med dessert sjølvsagt. Utover det vart planane for den påfølgjande dagen vart via nokre tankar for vi gjekk til ro – etter ein liten dessert på hotellet:
    00039.jpg
    Iskrem og sjokoladekake m.m.

    Neste episode: Ein tur til Mandela-universitetet.
     
    Last edited: 24. jan 2021
    kjeeli, Sonictravel, Kalsnes and 11 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    23/11-19: Universitetsfangeøya
    Fleire veker før vi reiste til Sør-Afrika bestilte vi ein tur til Robben island. For oss var det viktig å få plass på den første turen om morgonen slik at vi hadde tid til å gjera andre ting utover dagen. Etter ein liten båttur var vi framme på det som i dag er mest kjent som fengselet for ANC-fangar.
     
    Last edited: 24. jan 2021
    Sonictravel, Earl, paron and 5 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00040.jpg
    Robben island: «We serve with pride»

    På portane til konsentrasjonsleiren Auschwitz stod det «Arbeid macht frei». Ved inngangen til Robben island står det «We serve with pride». To plassar, to løgner. Kva ville ein oppnå med desse usanne orda?

    I historia om Robben island slik øya møter oss i dag er minst eitt namn sentralt: André Odendaal. Han samla inn gjenstandar som restane av alle dei sensurerte breva der «tvilsame» setningar var klipt ut, musikkinstrument som fangane hadde fått tilgang til.
     
    Last edited: 24. jan 2021
    Sonictravel, Earl, paron and 7 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00041.jpg
    Guiden vår, dømt til 20 år på Robben island for høgforræderi

    Vel framme på fangeøya vart vi delt opp i mindre grupper og sendt til ulike delar av øya. Vi fekk så møta guiden vår. 25 år gamal vart han fengsla og sendt til Robben island. Han fekk ein dom på 20 år for høgforræderi. Dette var ein typisk dom mot ANC som av apartheidregimet vart sett på som ein terrororganisasjon. Guiden vår rakk å sona fem år før han vart lauslate i 1990. Det var veldig spesielt å bli losa rundt på Robben island av ein eks-fange. Absolutt ei oppleving!

    00042.jpg
    Daglege matrasjonar: For farga fangar til venstre, for svarte fangar til høgre
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00043.jpg
    Kalksteinsbrotet, ein årestad for politiske diskusjonar

    Den kanskje mest kjende fangen på Robben island er Nelson Mandela, mannen som i 1994 vart president i Sør-Afrika etter at apartheidregimet hamna på den historiske søppeldynga. Han sat på øya frå 1963 til 1982, men vart lauslate først i 1990. Mandela vart av apartheidregimet sett på som den farlegaste personen i Sør-Afrika. Mandela måtte aldri sleppa ut.

    Robben island byrja etter kvart å bli ein stad for politiske diskusjonar. Tilnamn som «Mandela-universitetet» eller «Universitetet på Robben island» er brukt. Her diskuterte Mandela og medfangane frå ANC politikk og slik fekk nye fangar kunnskap og tankar om frigjeringskampen.

    00044.jpg
    Pleddet på golvet var av og til det einaste fangar hadde å varma seg med
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Samstundes, frå det norske generalkonsulatet i Kappstaden, utøver generalkonsul Bjarne Lindstrøm sitt oppdrag. Vi skriv andre halvdel av 1980-talet:
    Den bannlyste organisasjonen er Den afrikanske nasjonalkongressen, ANC. Heime i Noreg er det byråsjef i Utanriksdepartementet, Knut Vollebæk, som sørgjer for at Lindstrøm i Kappstaden har pengar å gi til ANC.
     
    Sonictravel, Earl, paron and 6 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00045.jpg
    Ein godt inngjerda idrettsbane på Robben island

    André Odendaal samla ikkje berre inn gjenstandar frå tidlegare fangar, men han var òg mannen som fekk overtalt dei riktige folka til å gjera heile Robben island om til museum. Hadde det ikkje vore for Odendaal, hadde kanskje apartheidregimet greidd å omgjera Robben island til ei...
     
    Sonictravel, Earl, paron and 5 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    00046.jpg
    Fangane kunne sjå Kappstaden frå Robben island

    I NRKs podkastserie «Tomms afrikanske fortellinger» finn du historia Da Nelson Mandela skulle settes fri. NRK-korrespondent i Afrika gjennom mange år, Tomm Kristiansen, står bak denne fascinerande samlinga av forteljingar. Historia om lauslating av Mandela burde vera pensum for alle – ung som gamal.

    Neste episode: I vasskanten hos Alfred og Victoria.
     
    Last edited: 25. jan 2021
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    23/11-19: Hos Alfred og Victoria
    Rundt kl. 1300 var vi tilbake på land. Før vi reiste til Kappstaden hadde vi tenkt at vi kunne ta turen opp på Taffelberget etter å ha vore på Robben island, men som den observante lesaren du er, har du nok fått med deg at skydekket hang tungt nedover fjellet, så i staden bestemte vi oss for å ta turen til bydelen Victoria and Alfred waterfront i staden.

    00050.jpg
    Hamnebassenget ved Victoria and Alfred waterfront
     
    Last edited: 25. jan 2021
    Sonictravel, Liza, NorFlight and 7 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Det første vi støytte på etter landgang var det lett kaotiske African Trading Port. På sett og vis kan ein få eit inntrykk av at dette er eit slags museum eller eit kunstgalleri, men så ser du at på absolutt alt står det ein prislapp. Sjølvsagt er det mykje der som er temmeleg aparte, men der er mykje brukande. Her trur eg alle finn noko dei vil ta med seg heim som eit minne.

    00051.jpg

    00052.jpg

    00053.jpg

    00054.jpg

    00055.jpg

    00056.jpg
    African trading port, Victoria and Alfred waterfront
     
    Last edited: 25. jan 2021
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Victoria and Alfred waterfront er oppkalla etter dronning Victoria av Storbritannia og Irland og etter hennar andre son, prins Alfred av Sachsen-Coburg-Gotha. Sistnemnde byrja hamneutbygginga på 1860-talet og passa på at området fekk eit godt namn. Overalt her var det livleg og mykje folk då vi gjesta området.

    Restaurantar og suvenirar er tilgjengeleg om kvarandre. Dette er ikkje ein veldig stor bydel, så det er greitt å få oversikt. Vi inntok ein betre lønsj på Karibu før vi utforska meir av Victoria and Alfred waterfront.

    Vi valde å ta turen innom Two oceans aquarium som låg eit lite steinkast frå lønsjplassen vår. Kapphalvøya er jo omtrentleg den plassen der Stillehavet møter Atlanterhavet – eller omvendt. Etter mitt syn var akvariet verdt eit besøk.

    00057.jpg
    Steikfisk eller kokfisk?

    00058.jpg
    Sjølvsagt var det pingvinar her, kappingvinar
     
    Last edited: 25. jan 2021
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Mange er nok kjent med at Sør-Afrika har ein del kvithai i sine farvatn. Det eksisterer fleire prosjekt som har som føremål å verna om den utrydningstrua haiarten. I tillegg er det ei rekkje firma som tilbyr haisafari på den eine eller andre måten. Vi valde den tørre måten å sjå på hai. Eg var nemleg ikkje spesielt fysen å opphalda meg i eit bur under vatn i påvente av at svolten kvithai skulle dukka opp…

    00059.jpg
    Hai og skate

    Av ein eller annan grunn er haiar svært populære å ta livet av:
    00060.jpg
    Kvar dag tar menneske livet av 11 416 haiar
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Kappstaden har sitt eige pariserhjul, Kapphjulet. Vi kjøpte sjølvsagt billett. Det var ikkje rare ventetida, så vi var snart på tur opp og rundt. Vi trudde det var snakk om eit par rundar, men neidå, ikkje mindre enn seks turar rundt fekk vi. I og med at skyene lette og sola titta fram så fekk vi eit ålreit syn på omgjevnadene.

    00061.jpg
    Pariserhjulet før skydekket letta

    00062.jpg
    Hamnebassenget ved Victoria and Alfred waterfront

    00063.jpg
    Ålreit utsikt frå Kappstadens pariserhjul

    00064.jpg
    Ålreit utsikt frå Kappstadens pariserhjul

    Som nemnd hadde hotellet vårt transport mellom Victoria and Alfred waterfront. Den siste varianten gjekk kl. 2000, men den nådde vi ikkje. Løysinga då vart å gå tilbake til hotellet. I mi naive verd burde ikkje det vera noko problem. Det gjekk heilt fint, òg. Flaks? Deretter vart slagplanen for neste dag lagt.

    Neste episode: Apartheidbotanikk.
     
    Last edited: 25. jan 2021
  19. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    En liten kommentar.
    Victoria var gift med Albert og i London har man et museum som heter Victoria and Albert, mens havneområdet er oppkalt etter sønnen hennes Alfred (det er riktig Wikipedia artikkel, men feil navn i linken). Du har brukt litt begge deler i teksten, men området heter altså Victoria and Alfred Waterfront ;)
     
    Kristian liker dette
  20. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD (Lifetime Gold), Strawberry Platinum Lifetime

    Innlegg:
    1,232
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    113
    Nei og nei.. Hvithaisafari har jeg vært med på 2 ganger med utgangspunkt i Cape Town og det var en utrolig kul opplevelse. Her gikk dere glipp av noe! :) (Ifølge guidene er haiene verdens snilleste dyr.. "De spiser ikke mennesker. Tar de en bit av deg, så er det bare for å smake.." ;))
     
    Earl, Kristian, Lnbre and 2 others like this.

Del denne siden