Reisebrev: Ti dagar i Sør-Afrika (Kappstaden og Krugerparken)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. jan 2021.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    25/11-19: Overtenning på kveldssafari
    Køyreturen frå Hoedspruit lufthamn til Hamilton teltleir tok drygt to timar. Allereie i løpet av denne køyreturen fekk vi sjå både sjiraffar, bøflar og andre dyr som vi kjenner frå eit utal naturprogram frå det afrikanske kontinentet.

    Vi kom fram og fekk sjekka inn akkurat i tide til å nå ettermiddagssafarien. Køyretøyet vi brukte var ein slags open jeep med plass til rundt ti personar. På denne dagen var det fire andre, så det var god plass.

    Her må eg innrømma at eg var så ivrig at eg fekk full overtenning allereie då vi var på tur ut av leiren. Eg nærmast ropte ut «Sjå!». Dei andre vendte kjapt blikket i same retning som peikefingeren min. Kva gøymde seg der? Ein impala. Eit svært vanleg dyr å sjå. Safarifølgjet, inkludert guiden, verka ikkje spesielt imponert… Etter det heldt eg klokeleg kjeft – ei stund.

    00230.jpg
    Impala
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Det neste dyret vi såg var av ein slik art at sjølv feinschmeckerane stoppa opp og drog fram fotografiapparatet. Pandionkatten heime i Aust-Finnmark hadde neppe vorte imponert over det vi fekk sjå, men oppglødde sukk og stille ovundring gjekk gjennom gruppa då vi kom over dette nurket:
    00231.jpg
    Leopard

    00232.jpg
    I treet ligg ein leopard, like ved står to safaribilar
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Som den observante lesar ser, så var verken eg eller reisefølgjet utstyrt med telelinse eller anna superavansert fotoutstyr. Vi var utstyrt med to mobiltelefonar som visstnok skal ha ganske høg IQ. Med andre ord var vi stort sett svært nær dyra. Ei heilt makelaus oppleving!

    Deretter gjekk det slag i slag. Vi såg «nesten alt» allereie første safarikvelden. Mange har som mål å sjå «dei fem store»: Bøffel, elefant, leopard, løve og nashorn. Vi fekk kryssa av fire av fem. Nashorna var litt sjenerte, men det var ingen festbrems for oss.

    Av praten med dei andre gjestane var det tydeleg det var viktig å få sett «dei fem store». Det liknar litt på praten som til tider kan oppstå på Turistforeningens hytter der det er om å gjera å visa til dei høgste toppane eller dei lengste vandrerutene.

    Samstundes var både reisefølgjet og eg særs nøgde berre med safariopplevinga der guiden vår verkeleg hadde eit auga for detaljar. Med tanke på at vi berre var nokre få personar var det fullt mogleg å stilla spørsmål, be om at vi stoppa då vi såg dyr osv. Det heile var svært fleksibelt.

    00233.jpg
    Sebra i Krugerparken

    00234.jpg
    Solnedgang over Krugerparken
     
    Upsaker, funkenstein, Lnbre and 7 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    00235.jpg
    Enkel servering av tørt og vått i felt

    00236.jpg
    Nattsafari tilbake til leiren

    Vel tilbake i leiren fekk vi servert ein betre middag – trerettars, sjølvsagt – og etter eit par glas med styrkedropar var det på tide å finna loppekassa. Inntrykka hadde vore mange, så eg sovna ganske fort.

    Neste episode: Jakt på både dette og hint!
     
    Upsaker, Lnbre, Gullars and 6 others like this.
  5. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Jepp, hadde glemt jeg tok bilde av den. Frisk, kald og god, de kunne det med å blande GT ;)
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Det hadde vore fint å nippa til ein slik ein og lytta til alle nattelydane frå dei sørafrikanske savannane... Sukk... :)
     
    Earl and Eddie47 like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    26/11-19: Ei resultatrik jakt
    Neste morgon vart vi vekt av lett banking på døra. Klokka var like over fem om morgonen og om ein times tid skulle sola stå opp. Vanlegvis ville eg ha dytta i meg litt skikkeleg frukost, men her var det berre lett servering av kaffibrød og slikt. Vel, utanfor teltleiren venta naturen – og for eit syn som skulle møta oss!

    Å sjå andre fiksa seg frukost
    Allereie like over klokka seks skulle vi oppleva eit av fleire høgdepunkt denne dagen.

    00240.jpg
    Leopard har henta frukost!
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    00241.jpg
    Allereie på relativt kloss hald er leoparden godt kamuflert

    00242.jpg
    Leopardmor har funne seg ein plass med rom for oversikt

    00243.jpg
    Etter å ha sett oss mette på leoparden var det tid for te – eit lite stykke unna
     
    Upsaker, funkenstein, Liza and 6 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    700 drepne på to veker
    Vi såg mange dyr denne dagen, men vi har fleire safaridagar framom oss, så det er ingen grunn til å fyra av alt krutet med ein gong – sa impalaoppdagaren… Under ettermiddagssafarien skulle vi møta på nok eit høgdepunkt.

    00245.jpg Nashornmor med unge på slep

    I løpet av dei to vekene i forkant av vårt opphald i Krugerparken hadde det vorte skote meir enn 700 nashorn i denne nasjonalparken. Altså: 700 nashorn drepne. Av krypskyttarar. Det er sjølvsagt hornet dei går etter. Av hornet blir det framstilt eit pulver som i Vietnam blir seld for 500 amerikanske dollar per gram. Per gram! Eitt nashornhorn kan ha ein marknadsverdi på rundt 60 000 euro.

    Den store mengda krypskyttarar i Krugerparken gjorde at turoperatøren vår ikkje kunne arrangera jungelturar til fots. Dette rett og slett fordi at krypskyttarane plaffar ned alt som rører på seg. Som mottiltak mot den ulovlege jakta brukar nasjonalparken FBI-trena blodhundar, dronar m.m., men området er så enormt at full oversikt truleg er umogleg.

    00246.jpg Ingen levande bøflar viste seg denne morgonen
     
    Upsaker, funkenstein, paron and 3 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Fortrenginga av dei innfødde
    I dag er det altså mennesket som fortrenger dyr. Vi skal nokre år tilbake i tid.

    Hollendaren Jan van Riebeeck gjekk altså i land på Kapphalvøya i 1652. Den ståande ordren han hadde frå Det nederlandske austindiakompaniet, verdas største handelsselskap på den tida, var å ikkje blanda seg med dei lokale, men heller driva handel. Mykje kan seiast om mannen, men han var den første som prøvde seg på vindruedyrking. I dag er Sør-Afrika ein storprodusent av vin.

    Etter kvart som åra gjekk fekk van Riebeeck fleire og fleire tilsette. Dei var til slutt 163, men det var altfor mange samanlikna med arbeidsmengda og ikkje minst innteninga. Det nederlandske austindiakompaniet bestemte at staben skulle kuttast ned til 100 mann.

    Dei som mista jobben sin i handelskompaniet hadde ingenting heime i Holland å gjera. Dei vart i staden bønder i områda rundt handelsstasjonen. Dei tenkte ikkje på at jorda der vart brukt som beitemarkar for khoikhoiane.

    Det vart etter kvart fleire slike bønder. Dei hadde bruk for meir plass. For europearane var det utenkjeleg at jorda dei såg rundt seg på Kapphalvøya kunne tilhøyra nokon andre enn ein kvit mann. Det var berre å ta føre seg. Bøndene kalla seg boarar.

    Etter kvart som bøndene trekte lenger vekk frå kysten – og dytta khoikhoiane framføre seg – møtte dei på stadig nye folkegrupper. Etter dei første bøndene følgde nye frå Holland. Dette medførte at dei ulike sørafrikanske folkegruppene og stammane vart trengt inn på områda til kvarandre. Det enda i bitre stammefeidar, vondskap og blodige kampar.
    Dette var på 1600-talet. Nokre år seinare kom britane. Det skulle ikkje nødvendigvis bli betre.

    Neste episode: Kjærleik på savannen.
     
    Upsaker, paron, Insomnia4u and 5 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    27/11-19: «Heilt porno!»
    Igjen vart vi vekt av forsiktig banking på døra i femtida. Eg hadde vore vaken ei lita stund fordi apekattane hadde vore svært høglytte på morgonkvisten der. Prøvde dei å kommunisera med oss fjellaper? Det gjekk vel berre sånn passe…

    00258.jpg
    Apekattar ruslar rundt
     
    Upsaker, paron, RoadKing and 2 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit mekka for store dyr
    00252.jpg

    Sjiraffar er nydelege

    Heilt sidan eg i 2005 var på safari i Masai Mara i Kenya har eg likt sjiraffar. Det finst vel dei som spør om halsen deira blir lang berre når dei er opphissa og at dei elles ser ut som vanlege hestar. Fine er dei no i alle fall. Det var òg rørande å få sjå ein daggammal springbukk.

    00253.jpg
    Tre springbukkar, den eine av dei er rundt éin dag gamal

     
    Upsaker, funkenstein, Liza and 4 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    00254.jpg
    Eit slags stoppskilt

    00255.jpg
    Elefantar er store!

     
    Upsaker, Liza, paron and 4 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Guiden prøvde sjølvsagt å gjera alt for at vi skulle bli fornøgde og få sjansen til å ta gode bilete av dyra som vi såg. Samstundes føler eg at «storviltjakta» skjedde på dyras premiss. Det slo meg fleire gongar kor lite dyra brydde seg om køyretøyet som vi rulla rundt i. Det gjorde at vi stort sett kom svært nær både store og små dyr. Somme gongar var det vi som oppsøkte dyra, andre gongar kom dei til oss, slik som denne kuduen:
    00256.jpg
    Ein kudu kryssar vegen framom oss
     
    Upsaker, paron, Eddie47 and 1 other person like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    00259.jpg
    Nok ein sjiraff

    00260.jpg
    Ein gnu

    00261.jpg
    Det var verken ein eledille eller krokofant…

     
    Upsaker, funkenstein, Liza and 5 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    00257.jpg
    Bøflar i lange banar

    Litt utpå ettermiddagen denne dagen oppsøkte vi ein bøffelflokk. Dette er ein av dyreartane som finst i hopetal på dei afrikanske savannane. Difor kan det jo verka litt trivielt og kanskje nesten bortkasta å bruka dyrebar safaritid på å sjå ein flokk bøflar. Likevel synst eg det var fint å vera i nærleiken av dei, høyra dei grynta og kjefta på kvarandre. Bøflar er av natur gretne. Og dei stinkar! Det var likevel litt triveleg. Kanskje eg har vore ein bøffel i eit tidlegare liv? Kven veit?
     
    Upsaker, paron, Insomnia4u and 4 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Savannekjærleik
    Jungelordet sa at berre nokre få hundre meter i luftline frå teltleiren vår låg det ei gruppe løver og slappa av. Desse skulle vi ta ein nærmare kikk på. Det var både spennande og litt skummelt å få vita at løver heldt til heilt i nærleiken av der vi hadde sove om natta.

    00250.jpg
    Løvemor og løvefar

    00251.jpg
    Innimellom skal det produserast arvingar
     
    Upsaker, funkenstein, paron and 3 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    00263.jpg
    Ein elefant forsvinn bak ein busk

    00262.jpg
    Starten på eit kveldsmåltid
     
    Upsaker, paron, RoadKing and 2 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Britar som vart narra opp i stry
    Som vi alle veit var britane ute på farta for å passa på at sola skein ein eller annan stad i imperiet. På første halvdel av 1800-talet vart fem tusen britar lova gratis reise og ti mål gratis land i Sør-Afrika.
    Kven var dei stridande partane? Det var boarar som var i stadig strid med khosaar eller zuluar. Britane kom i konflikt med khozaane. Britane som kom visste ikkje at landet dei var lova faktisk tilhøyrde ulike innfødde stammar. Boarane på si side kunne ikkje utstå at britane såg på dei innfødde som menneske – rett nok annanrangs. Etterkommarane av hollendarane meinte at dei innfødde knapt var meir høgareståande enn apekattar…
     
    Last edited: 15. febr 2021
    Upsaker, paron, RoadKing and 2 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Boarane legg ut på vandring
    Etter kvart meinte boarane at britane vart så pågåande at dei i all løyndom planla å flytta. Det store trekket er det kalla. I 1828 vart farga og kvite likestilte i Kapp-provinsen. Fem år seinare vart slaveriet oppheva. I 1835 startar boarane si vandring austover. Inn i det lova landet. Boarane visste ingenting om områda dei vandra inn i var zulu-land, at britane hadde nærma seg same område frå motsett side. Boarane hadde britar bak seg og framom seg.

    Midt i zulu-land oppstår eit slag. Boarar leia av Andries Pretorius møter ti tusen zuluar v Ncombe-elva. Boarmennene skyt. Boarkvinnene ladar. Elva blir farga raud. «Blood river». Tre tusen zuluar slakta ned.
    Neste episode: Safari på bestilling...
     
    Upsaker, paron, Insomnia4u and 4 others like this.

Del denne siden