Reisebrev: Ti dagar i Sør-Afrika (Kappstaden og Krugerparken)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. jan 2021.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    28/11-19: Safari på bestilling
    Ved fleire høve hadde guiden vår før safarien starta hadde eit ønske om å visa oss det eller det dyret. Vi hadde òg levert inn «bestillingar» på dyr vi ville sjå. Både nashorn, sjiraffar og meir til hadde kome som perler på ei snor. Siste morgonen bestilte vi hyene. To–tre hundre meter frå teltleiren vår fekk vi sjå denne luringen:
    00270.jpg
    Hyene i fullt firsprang

    00271.jpg
    Hyene – som bestilt
     
    Upsaker, funkenstein, Liza and 8 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Rett ut sagt vart eg litt fjetra over å få sjå ei hyene sånn like etter å ha ytra ønske overfor guiden vår om å få sjå eit slikt dyr. Sjølvsagt var guiden vår svært dyktig. Eg har tidlegare skildra korleis han i bekmørket medan vi var i fart oppdaga eit insekt som ser ut som eit lauv. Det er snakk om imponerande godt trena augo. Samstundes opplevde eg guiden vår som oppriktig interessert i alle dyra som han viste oss samt kunnskapsrik om dei ulike artanes veremåte og liv – jamvel ned på individnivå.

    For eit simpelt bleikandlet som meg sjølv hadde det sjølvsagt vore stas å køyra rundt i Krugerparken på eiga hand, noko som er fullt ut mogleg, men å ha med eit menneske som innehar kunnskap og eit velutvikla blikk for å oppdaga dyr er rett og slett gull verdt.

    Gong etter gong vart eg overraska over kor godt gøymd sjølv gigantiske dyr som elefantar eller sjiraffar kan vera. Det er nok med ein litt stor busk eller eit par tre og så er desse dyra bortimot totalkamuflert.
     
    Upsaker, paron, RoadKing and 3 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    00272.jpg
    Bilen vår

    00273.jpg
    Siste kaffirast ute i felt

    For å oppsummera heilt kort: Denne opplevinga kosta flesk, men eg synst ho var verdt kvar einaste krone. Eg vil jamvel gå så langt at dette bør alle prøva å få gjort ein eller annan gong i løpet av livet.
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Kruger – eit anna «fornemt» boarnamn
    Slaktaren ved Blood river, Andries Pretorius, gav sitt namn til hovudstaden, Pretoria. Kva med denne Kruger som nasjonalparken har namnet sitt etter. Kven var det? Døypenamnet var Stephanus Johannes Paulus, forkorta til Paul. Paul Kruger.

    Paul var boar og deltok i det store trekket der boarar vandra austover og nordover frå Kapp-provinsen på 1830- og 1840-talet. Seinare vart han vald til president i boarprovinsen Transvaal. Paul stod steilt i mot britane som kravde politiske rettar. Ein strid som til slutt medverka til utbrotet av boarkrigen i 1899–1902.

    Dette er mannen som ein nydeleg nasjonalpark har namnet sitt etter.

    Neste episode: Om Rhodes, Churchill og Gandhi.
     
    paron, RoadKing, holmen and 2 others like this.
  5. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,147
    Likes mottatt:
    869,601
    Bonuspoeng:
    293
    Hyener er noen av de ekleste og feigeste dyrene jeg har sett i aksjon .... du verden!
    Takk for fantastisk tur så langt
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dersom vi tillegg dyr mennesklege eigenskapar kan nok hyenene skildrast som feige, men dei verkar å greia seg bra der på savannen -- jamvel heilt utan gin & tonic. Det er smått imponerande berre det...!
     
    paron liker dette
  7. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Du holder nivået @Kristian , en sann fornøyelse å følge innleggene dine!
     
    Kristian liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    28/11-19: Ei reise tilbake til Kappstaden
    Fulle av inntrykk og ein solid frukost var tida vår i Hamilton teltleir over. Det var nesten litt trist å reisa ut av nasjonalparken. Livet hadde vore godt, spennande, innsiktsfullt og avslappande, men likevel ei og anna stund med kjensla av adrenalin som pumpar gjennom kroppen ved synet av afrikanske villdyr.

    Flyturen tilbake til Kappstaden gjekk utan spesielle hendingar, men eg ønskjer likevel at du, kjære lesar, skal få eit par inntrykk av Hoedspruit lufthamn (HDS) og flyturen. Vi gjer det på enklaste måte: Ved hjelp av nokre bilete.

    00280.jpg
    Innsjekkingsskranken på HDS

    00281.jpg
    Den svært manuelle avgangs- og ankomsttavla på HDS
     
    Upsaker, Earl, funkenstein and 5 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    00282.jpg
    Flyet vårt stod pent og venta på oss

    00283.jpg
    Ingen kube servert! Hurra!

    I reisenotata står det følgjande å lesa: Ålreit flytur med matservering i krøtterklasse.
     
    Upsaker, Earl, paron and 4 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Rhodes, Churchill og Gandhi
    Medan reisebrevforfattaren flyg tilbake til storbyen, skal lesaren få bli med 140 år tilbake i tid. Boarane nekta altså å gi britane politiske rettar. På 1880-talet vart det funne funklande steinar i Sør-Afrika. På bakgrunn av m.a. dette oppstår boarkrigane mellom britar og boarar.
     
    paron, RoadKing, holmen and 1 other person like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Rhodes
    I gull- og diamantrushet som oppstår etter funnet av edelsteinar dukkar ein kjent person opp: Cecil Rhodes. Han var statsministeren i den britiske Kapp-provinsen, men vart òg etter kvart ein gruvemogul. I tillegg ville Rhodes byggja jarnbane frå Kappstaden til Kairo. Han kom langt på jarnbaneprosjektet og svillane var av teak og mahogni. På 1990-talet vart desse svillane erstatta av betong, dei gamle svillane vart brukt til…
    Imperialisten Rhodes vart i Europa sett på som for maktsjuk og for brutal. Britane vart oppfatta som for griske. Boarane får sympati m.a. frå dei nordiske landa, dei får tilgang til våpen i Europa. Boarane byrjar å yppa mot britane. Den britiske krigsmaskina set opp dampen og dronning Victoria sender ein halv million soldatar for å rydda opp i dette boartullet.
     
    Last edited: 16. febr 2021
    Upsaker, Earl, paron and 3 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Churchill
    Kven var journalisten som skreiv heim om kampane mellom britar og boarar? Han hadde base på Mount Nelson Hotel i Kappstaden. Rett nok var han ikkje berre her. Han var ved fronten, vart teken til fange, men kom seg unna og tilbake til hotellet.
     
    Last edited: 05. mars 2021
    Upsaker, Earl, paron and 2 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Gandhi
    Det er ikkje berre britar, boarar, zuluar, khozaar og eit utal andre folkegrupper som bur i Sør-Afrika på andre halvdel av 1800-talet. For å få arbeidskraft på plantasjane sine importerte britane indarar. Med dei kom indiske handelsmenn.

    I 1893 meiner eit indisk handelsselskap seg urettferdig handsama av styresmaktene. Selskapet hentar ein jurist heimanfrå, en advokat frå overklassen som kjem med skip til Durban og skal reisa vidare med tog på første klasse til Pretoria.
    Den indiske advokaten blir kasta av på første stasjon.

    Advokaten er ingen kven som helst. Namnet hans er Mahatma Gandhi. Etter rettsaka blir han overtalt til å bli verande i Sør-Afrika. Og han vart verande. Lenge. I 21 år. Gandhi organiserte massedemonstrasjonar, underskriftskampanjar og sivil motstand. Han kjempa for indarane. Massemotstand som eit politisk våpen såg verdas lys.
    I 1914 reiste Gandhi heim, då var Den afrikanske nasjonalkongressen, ANC, for lengst stifta. At ANC i over femti år var ei ikkje-valdsrørsle hadde neppe skjedd om ikkje var for arbeidet Gandhi gjorde for indarane i Sør-Afrika.

    Neste episode: Bydelen som vart jamna med jorda.
     
    Upsaker, Earl, paron and 5 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det! :) Det er ikkje heilt slutt enno, så det kjem meir :)
     
    Last edited: 16. febr 2021
    RoadKing liker dette
  15. Insomnia4u

    Insomnia4u Veteran

    Innlegg:
    2,833
    Likes mottatt:
    2,407
    Bonuspoeng:
    113
    @Kristian flott å lese historiske tilbakeblikk også :)
     
    Kristian liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takkar! Er litt svak for historie, så prøver alltid å finna rom for det i reisebrev (og andre stadar) :)
     
    Insomnia4u and RoadKing like this.
  17. ccurrahee

    ccurrahee Helt hekta

    Innlegg:
    9,627
    Likes mottatt:
    34,813
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at vi får være med. Jeg savner safari og Afrika igjen. Kjenner jeg.
     
    Kristian liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at du er med :) Ja, det er eit spennande kontinent!
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Det er på tide med eit bilete av fly:
    00350.jpg
    CPT
     
    Earl, Upsaker, paron and 2 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Folkens (soleklår vokativ!), det er ikkje mykje igjen no, så hald ut!
     
    Eddie47 liker dette

Del denne siden