God morgen frå Stockholm!
Eg gjekk til sengs 20 min etter @geddi i dag tidleg. Og det var ikkje akkurat enkelt å dra seg ut av køya for to timar sidan. Men ein god fyrstefrokost beståande av roastbeef og rødvin kan gjere underverk. Blingsa litt på avgangstida i ettermiddag og kjem ein time tidleg til Arlanda. Men det er trass alt betre å feilberekne på denne sida av take-off. Så kan eg heller førebyggje litt feber i loungen. 
Ha ein strålande søndag alle sammen!
Edit: Dead Ringer For Love med Meatloaf er forresten svært undervurdert som pendeltogmusikk på øyret.
Edit2: Det gjeld også Don't Go med Hothouse Flowers. Sollentuna, 20 min til ARN. Sukk!
Last edited: 08. april 2018